Litauarar til Bergsøy Tilbake

Litauarar til Bergsøy

🕒 2009-01-01 00:00
🏷️ Fotball

Bergsøy forsterkar laget med den litauiske duoen Andrius Petreikis og Kestutis Deveika. Begge er allereie på plass i Norge.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

Den litauiske duoen er allereie på plass i Norge. Gjennom samarbeidet med Marine Harvest har Bergsøy fått moglegheita til å hente spelarar frå Litauen.

Sponsoren vår Marine Harvest hentar arbeidskraft frå Litauen. I staden for at dei skal hente «vanlege» arbeidstakarar, har vi ein avtale som gjer at dei kan hente folk som spelar for oss. Det kostar oss ingenting.

Lars Petter Rønnestad

Sjølv om det er Marine Harvest som hentar litauarane til Norge, har Bergsøy ein stor finger med i spelet på kven dette skal vere.

Vi har ein agent i Litauen som jobbar for oss. Etter opprykket i år gav vi beskjed om at vi ønska ein stoppar og ein midtbanespelar. No har han valt ut desse to for oss.

Lars Petter Rønnestad

Rønnestad legg til at agenten er ein person Bergsøy har stor tiltru til.

Andrius Petreikis

Av dei to er det Andrius Petreikis som er midtbanespelaren.

27-åringen kjem frå Atlantas Klaipeda, som blei tvangsflytta til nivå to før årets sesong grunna dårleg økonomi. Dei ni føregåande åra hadde Petreikis spelt på toppnivå i Litauen.

Det hadde resultert i ei rekkje aldersbestemte landskampar, i tillegg til tre A-landskampar. Den siste kom mot Island i VM-kvalifiseringa i 2006.

Det verkar som ein klok fotballspelar med gode basisferdigheiter.

Lars Petter Rønnestad

Kestutis Deveika

Den andre litauaren er 29 år gamle Kestutis Deveika. Han kjem frå toppserieklubben Tauras Taurage og skal også ha erfaring frå spel i Europa.

Begge har imponert på trening. Midtstopparen er ein veldig spelande type.

Lars Petter Rønnestad

Kurseth også klar

Bergsøy kan samtidig juble for ei tredje signering. Andreas Kurseth har meldt overgang frå Hareid.

Andreas har signert ei treårskontrakt. Håpet vårt er at han skal kome tilbake på det nivået som han var på for tre-fire år sidan.

Lars Petter Rønnestad

Kurseth har tidlegare spelt for Hødd.

Vil bevare den lokale profilen

Sjølv om Bergsøy no går ut og hentar spelarar utanfrå, garanterer Rønnestad at klubben ikkje skal forsøme sine eigne talent.

For oss er det viktig å bevare den lokale profilen vår. Det er ingen tvil om at Bergsøy skal ha spelarar frå Herøy. Men dei siste åra har vi dessverre ikkje vore gode nok på å utvikle spelarar. Dermed er det ikkje mange nok av dei som kjem opp som er gode nok til å spele i 3. divisjon.

Lars Petter Rønnestad

Men vi skal jobbe knallhardt med aldersbestemt fotball i åra som kjem. Det er der vi skal ha fokuset vårt.

Lars Petter Rønnestad

Målet er å lage eit godt fundament med A-laget i åra som kjem. Bergsøy har tidlegare ikkje lagt skjul på at klubben på sikt ønsker å bli eitt av Sunnmøres tre beste fotballag.

Førebels er likevel ambisjonen for neste sesong meir nøktern.

For oss som nyopprykka lag er det eit naturleg mål.

Lars Petter Rønnestad

I tillegg til dei tre som er signerte, jobbar Bergsøy med å forsterke laget ytterlegare.

Vi har skrive til nokre lokale klubbar, det har vi. Men vi skal ikkje ha inn for mange heller. Målet vårt er først og fremst å utvikle eigne talent.

Lars Petter Rønnestad
Trykk for å gi saka ein tommel opp.