Bergsøy er inne i eit generasjonsskifte, og den komande sesongen blir det mange nye og unge ansikt i A-stallen.
På bildet ovanfor ser vi kven som kom inn i A-stallen i fjor. I år er det dobbelt så mange nye ansikt som skal inn.
Å seie at Bergsøy er inne i eit generasjonsskifte er ikkje feil, sjølv om mannskapsskiftet i A-lagstroppa ikkje kjem på grunn av fråværande spelarar frå bestemte aldersgrupper.
Det er rett og slett mange som har valt annleis denne sesongen enn tidlegare, med tanke på skule, familie, jobb og satsing i andre klubbar. Det gjer at ungdommen får prøve seg, og at gjennomsnittsalderen på A-laget snart har same talet som ein gjennomsnittstemperatur ein sunnmørssommar.
"Nye Bergsøy" er ikkje noko nytt
Også i 2001 blei laget kalla «Nye Bergsøy», året då Jørn Magnussen tok over trenarjobben etter Per Rune Tødenes.
Ambisjonen til 2001-laget var å halde plassen, noko dei fleste tvilte på at laget skulle greie. Men det blei ein fin sesong på øvre halvdel.
Det var snakk om «Nye Bergsøy» også i fjor, og mange undra seg over dei mange spelarane som kom til klubben den gongen. Skulle ikkje Bergsøy vere ein klubb der dei lokale skulle få sjansen?
Vel, no har sjansen kome. Dei lokale juniorane får ta steget opp og vise at dei er gode nok. Og det er ikkje lang tid dei har på å bli klare for dei nye utfordringane, ettersom seriestarten nærmar seg.
24 år og plutseleg veteran
Som A-spelar er det spennande og skremmande på same tid. Det er namn som dukkar opp i dagens A-stall som eg ikkje hadde høyrt om, sjølv om det kanskje kan skrivast opp på ei distre-kvote.
Det er ikkje mange som ligg inne på telefonlista på mobiltelefonen, og hadde det ikkje vore for førre helgs tur til Gjerdsvika, hadde eg ikkje vore heime hos nokon av spelarane i dagens A-tropp.
24 år høyrest plutseleg skremmande gammalt ut i Bergsøy-garderoba.
Fleire kan spele seg inn
Det er likevel alltid spelarar som ikkje er tatt ut i den første troppa som vil vere med på å bidra i seriekampane.
Det er andre rutinerte 24-åringar som kan gjere ein god jobb om dei ønskjer å satse i Bergsøy, som Christoffer Nilsen, Roy Igesund og Per Ståle Nykrem.
Rutinerte 22–23-åringen Mats Inge Teige, gode gamle Børge Remøy, evigunge Arve Leine, Marvin Kopperstad og Rune Frantsen, samt Frantz Frantzen og veteran Mons Arne Kvalsvik, er også aktuelle. Vegard Sævik også, sjølvsagt.
Alle er hjarteleg velkomne til å prøve å spele seg inn på ein plass på laget.
Søndag 12. mars får vi nok ein gong sjå kvar laget ligg i løypa.
A-stallen
Andre Lima
Andreas Konningen
Anvar Dulic
Arve Kvalsvik
Bjørnar Gundersen
Daniel Hatløy
Egzon Abazi
Fillip Thorseth
Gustav Pettersen
Jonny Leikanger
Jostein Gotten
Jørn Kvalsvik
Kjell Alfred Otterlei
Kjetil Paulsen
Lars Henrik Hasund
Magne Havnen
Preben Hestad
Steffen Kvalsund
Steffen Moltu
Terje Teige
Tomas Voldsund
Toni Sandanger
Øyvind Paulsen