Bergsøy IdrettslagJack Pettersen
- Kampar
- 250
- Mål
- 46
- Gule kort
-
JP
Skills-barometer
Teknikk:
Frispark:
Målscorer:
Bergsøylegende:
Fakta
Info |
Fakta |
Debut |
28.04.1968 - Bergsøy - Ørsta |
Alder ved debut |
17 år, 1 måned, 19 dager |
Antall kampar |
250 |
Antall mål |
46 |
Første mål |
09.06.1968 - Bergsøy - Brattvåg 3-2 |
Kort-statistikk |
|
Sist spelte kamp |
1989 |
Tid fra første til siste kamp |
21 år |
Annen Fakta |
|
Profil: Jack Pettersen |
Jack står oppført med 250 kampar og 46 mål for Bergsøy sitt A-lag. Han har dermed ein 6.plass på klubbens Adelskalender, og ein 12.plass på målscorarlista til klubben.
Den imponerande rekka med kampar for Bergsøy starta i 1968, og 21 år seinare i 1989 spelte han sin siste kamp for A-laget.
Det blei også 8 kamper og 2 mål i 1976 for Viking, 22 kampar (2 mål) for Hødd (10 av kampane i toppserien), samt 2 kampar for U18 landslaget.
|
Kampstatistikken
Statistikken
År |
Kampar |
Klubb |
1968 |
14 |
Bergsøy |
1969 |
22 |
Hødd |
1970 |
17 |
Bergsøy |
1971 |
12+ |
Bergsøy |
1972 |
16 |
Bergsøy |
1973 |
19 |
Bergsøy |
1974 |
17 |
Bergsøy |
1975 |
19 |
Bergsøy |
1976 |
15 |
Bergsøy |
1976 |
8 |
Viking |
1977 |
19 |
Bergsøy |
1978 |
6+ |
Bergsøy |
1979 |
16 |
Bergsøy |
1980 |
12 |
Bergsøy |
1981 |
14 |
Bergsøy |
1982 |
11 |
Bergsøy |
1983 |
|
|
1984 |
1 |
Bergsøy |
1985 |
222 hittil |
Bergsøy |
1986 |
9 |
Bergsøy |
1987 |
11 |
Bergsøy |
1988 |
6 |
Bergsøy |
1989 |
2 |
Bergsøy |
* Jack spelte 10 kampar i toppserien for Hødd. Han spelte også cup og treningskampar.
1961-1966: Utmerker seg tidlig
I desember 1961 er Jack ein av 19 gutespelarar i Bergsøy som mottek bronsjeballen. Dei andre var Audun Askimdal, Jon Inge Brevik, Jan Djupvik, Eldar Eilertsen, Nils Frantzen, Anders Per Grotle, Gustav Harsvik, Jan Harsvik, Knut Igesund,
Andreas Kvalsund, Asbjørn Myklebust, Erling Røren, Louis Røren, Perry Sævik, Knut Teige, Harald Thorseth, Per Worren og Jarl Waage. Knut Teige hadde også klart krava til sølvmerket.
Tre år seinare ser vi at Jack som 13 åring er best i klassene lengdehopp (4,45), kast med liten ball (47 meter) og kule (9,8 meter) under eit skulestemne for Bergsøy/Leinøy/Frøystad, og han viste seg også godt fram på fotballbana i denne unge alderen.
Bergsøy sitt guttelag vann dei fleste av kampane sine, og etter ein 5-0 siger mot Herd måtte ein trekke fram lagets yngstemann Jack Pettersen som frå høgrevingen utførte fornuftig spel med kloke pasningar.
I 1965 er det igjen en idrettsdag der Jack Pettersen utmerkar seg, og blir den beste eleven sammenlagt i øvelsane for Bergsøy Skule.
Han sprang 8,2 på 60 meter, hoppa 1,28 i høgde og kasta 25 meter med stor ball. Han vann alle øvelsane.
Når vi kjem til september i 1965 er det klart for Guttecup, og Jack blei i ein kamp mot Vigra omtalt som ein av turneringens stjernespillere hittil.
Bergsøy spelte med prima kamphumør og var oppfinnsomme i spelestilen. Vigra var gode, men Bergsøy var rett og slett bedre.
Etter sigeren mot Skudoz fra Sykkylven roses Jack for sine eminente pasningar som avslørte et avansert blikk for spelet.
Det blei tilslutt finale mot Ørstingen der Bergsøy i A-lagets tidligare grønne drakter vann med 4-3 i straffespark-konkurranse.
Agnar Vike var kaptein og fekk motta pokal fra Borchen.
Bildet: Bergsøy Gutteklubb 1965. Reidar Leine, Jack Pettersen, Fred Frantzen, Ronald Karlsen, Johannes Pettersen, Roger Nærø. Framme ser vi Per-Alsel Myklebust, Sigurd Teige, John Tellefsen, Johs Nørvåg, Rolf Harsvik og Agnar Vike
-" Sunnmørscuppen var igrunnen ganske stort på den tida. Vi spelte jo bra. Vi på gutte og junior så spelte vi mot Hødd mykje, og då slo vi dei alltid.
Kan ikkje huske at vi tapte nokongong mot dei. Og då blei vi kjende med Hødd-spelarane også. "
(Jack Pettersen)
Jack spelar fortsatt i gutteserien i 1966, og scorar blant anna dei to måla idet laget vann 2-0 mot Haramsøy. Jack hadde i tillegg to skudd i tverrleggaren.
I 1966 blei Langevåg kretsmester ved å spele 1-1 mot Bergsøy, det var Jack som scoret dette målet også: Et langskudd frå 40 meter!
Og Jack er ikkje mindre målfarlig i 1967 idet han scorar 3 mål mot Volda i ein 7-0 siger.
1968: Debuterte for Bergsøy
I april 1968 gjer Bergsøy seg klar til sesongstart. Knut Teige hadde gått til Hødd, mens Jostein Myklebust hadde kome til Bergsøy fra Hovdebygda.
Elles var det stilt store forventningar til Jack Pettersen som no var klar for A-lags nivået.
17-åringen Jack Pettersen spelte alle Bergsøy sine 14 kampar i 1968-sesongen, mykje på venstrevingen. Den første kampen for sesongen, (og dermed det vi reknar for å være debuten til Jack)
var heime mot Ørsta. Bergsøy tapte 1-2, og Bergsøy sin målscorer var Kjartan Fagerlund. Laget var som følger:
Kjetil Reite, Ronald Moen, Gunnar Kjellstadli, Knut Igesund (Agnar Vike), Asbjørn Røsås, Oskar Waage, Kjell Almestad, Jack Pettersen (Asmund Myklebust), Jostein Myklebust, Kjartan Fagerlund, Asbjørn Myklebust.
Borte mot Rollon i den neste kampen fekk Bergsøy skryt for sine midtbanespelarar som satte igang angrep uten brems. En gang blei Jack Pettersen revet ned av ein back i siste sekund på vei igjennom.
Men dette stoppa ikkje Jack som var med på å avgjere kampen. Idet stilinga var 1-1 forserte han foran mål og droppa sin eigen 80% sjanse og sentra heller til Asbjørn Myklebust som ikkje misbrukte serveringa.
Asbjørn Myklebust scora to mål og Bergsøy vann 2-1, men Jack Pettersen blei omtalt som den beste med sin finslepne teknikk og medfødte lukeblikk.
Og godt spel skulle etterkvart belønne seg. I juni 1968 spelar Jack på juniorkretslaget på Aksla Stadion og imponerte. Berre nokre dagar seinare scorar Jack sitt første mål for Bergsøy i ein
3-2 siger mot Brattvåg.
Han blei matchvinnar med et susande skudd frå spiss vinkel etter godt samarbeid med Kjartan Fagerlund på et indirekte frispark.
-" Apropos Jack Pettersen. Han er ung, men rask og effektiv. Kunne han nytte sin skytekunst litt oftare ville nok sifra etter kampen sett annerleis ut. Men en bra kamp av unge Jack Pettersen."
(Vestlandsnytt etter sigeren mot Brattvåg.)
God spel belønner seg, og Jack fortsetter å bli tatt ut til juniorkretslagets kampar (
Sjå vedlegg), og har no også vist seg så god på A-laget til Bergsøy at han har fått ansvaret for straffesparka.
Han setter inn straffespark mot Spjelkavik, og scorar også på straffespark mot Sykkylven - og har dermed scora i tre A-kampar på rad.
Resultatmessig var det likevel ikkje bedre enn at Bergsøy kjempa mot nedrykk, men der var igjen Jack viktig for å få skuta på rett kjøl.
I den viktige kampen heime mot Volda setter Jack inn to mål tidlig og Bergsøy vinner 4-2. Det første målet lukta kanskje offside, mens det andre målet til Jack var eit nytt straffespark.
Også i den neste sigeren mot Spjelkavik setter Jack inn eit mål, og i 9-0 sigeren mot Brattvåg på bortebane satte han inn to nye.
Bergsøy beholdt plassen i divisjonen, og klatra faktisk heilt til 3.plass etter gode resultat mot slutten av sesongen. Jack Pettersen var sterkt delaktig i dette.
1969: Til Hødd
Godt spel for Bergsøy og kretslag gjorde at Jack snart var klar for ei ny utfordring.
(
Sjå overgang.)
-" Otto Sundgot og Inge Gjerde, spessielt Otto masa litt om ikkje eg ville kome til Hødd å prøve meg. Og sjølvsagt hadde eg lyst - for Hødd var jo stort på den tida.
Otto spelte på juniorlandslaget, og lokka vel litt med det også da. Hødd var kortare vei til landslaget."
(Jack Pettersen)
Det tok imidlertid litt tid å få igang overgangen fra Bergsøy til Hødd. Det blei et stopp i overgangen på grunn av en misforståelse om at Jack skylda kontigent til Bergsøy.
Grunnen tilat overgangen ikkje var i orden var at han ikkje hadde levert inn
diverse treningsutstyr som idrettslaget eigde. Dette treningsutstyret blei levert inn 15.desember 1968, og
11.januar 1969 var
Jack speleklar for Hødd.
Hødds trener Einar Aas snakker med Jack Pettersen og Knut Teige
Hødd hadde gjennomført opprykk i 1968 og var klare for 1.divisjon (datidens eliteserie).
Den store stjerna på Hødd var sjølvsagt Kjetil Hasund.
Å gå frå Bergsøy til Hødd til 1969 sesongen må seie å være eit bra sprang: Bergsøy låg foran 1969-sesongen på det fjerde nivået i ligasystemet mens Hødd
var klare for det aller øverste nivået. Da snakkar vi landets beste motstand i Brann, Rosenborg, Viking, og Start - og et Høddvoll som hadde fleire tusen tilskuarar på tribuna.
Den første kampen i serien var der 5100 mot Strømtsgodset, og mot Rosenborg var det 6000.
Jack starta ganske bra for Hødd, og 18 åringen hadde fine forseringar på høgrekanten og scora 1-0 i sin debutkamp - ein treningskamp der Hødd vann 6-0 mot Langevåg. Knut Teige kom også på scoringslista.
Etter kampen blir Jack avbilda at
Knut Hasund løfter han opp og forteller at dette er en kar laget får bruk for seinare i sesongen.
Fotograf var VG sin reporter Oddbjørn Monsen.
I mai 1969 får Jack sin debut i hovudserien mot Fredrikstad. Bortelaget var best i det meste på Høddvoll denne kampen, og berre tre minutt ut i kampen måtte keeper Bjørn Prytz plukke ballen ut av nettet.
Knut Teige var nærme redusering, men bortelaget scora snart to mål til. Jack Pettersen skulle likevel få bidra litt med reduseringa minuttet før slutt, idet han slo ein corner som endte hos Hallbjørn før Ulfstein satte inn 1-3.
Jack spelte 6 minutt i bortesigeren 1-2 mot Viking foran 7500 tilskuere. I den neste kampen mot Lyn var det venta at Jack skulle starte og spele mot den tidligare landslagsbacken Tor Børrehaug.
Jack skulle starte til fordel for Terje Urke, ettersom begge to var 18 år og blei vurdert jamngode. Debuten fra start gikk godt, og kampen endte 2-2 på Høddvoll. Et drømmemål av Kjetil Hasund etter pasning av Jack blei desverre annulert da Jack blei dømt tvilsomt offside.
Bildet: Hødd sine juniorar blei KM vinnarar i 1969. Bak frå venstre Terje Urke, Jack Pettersen, Åge Hareide, Otto Sundgot, Olav Hatlemark og Svein Inge Urke.
Framme frå venstre Agnar Vike, Per Dimmen, Egil Åkervik, Oddvar Dimmen og Kjell Rud. Bildet er tatt av Sunnmørsposten.
Ifølge statistikken blei det 10 kampar på Jack i toppserien for Hødd. På laget var også to lagkameratar som til 1970 sesongen skulle være med til Bergsøy; Bjørn Prytz spelte 12 kampar og Knut Teige 18 kampar for Hødd i hovedserien sesongen 1969.
Det blei ingen mål i hovudserien på Jack, men det blei mål i treningskampar - blant anna mot Kongsvinger i ein 5-0 siger.
-" Jack er bare ein junior, men virkelig noko å satse på. Det såg vi blant anna i kampen mot Stramsgodset."
(Aftenposten 9.august 1969)
Utklipp
Hødd i 1969. Framme fra venstre Knut Teige, Hans Gisle Holstad, Tor Meinseth, Bjørn Prytz, Jon Gjerde, Reidar Vikebakk.
Bak frå venstre Hallbjørn Hasund, Martin Roald, Jack Pettersen, Kjetil Hasund og Jan Ulfstein
Utklipp
Jack spelar mot Strømtsgodset i eit 2-1 tap på bortebane, her avbilda i duell med Thor Alsaker Nøstdahl. I denne kampen var det kun Jack som fekk skryt for å skape farligheter framover for Hødd.
Utklipp
Jack jublar etter at Hødd har tatt ledelsen 1-0 mot Greåker i 4.runde av cupen
Utklipp
Det blei beskrevet som Hødds største drama gjennom 50 år idet Hødd slo Sarpsborg med 3-1 i den siste kampen og alle lurte på om laget hadde berga plassen i divisjonen eller ikkje.
Jack Pettersen jubler idet Hødd held seg i hovudserien. Det var drama til siste sekund
1969: Juniorlandslaget
Tegneassistent ved ulstein Mekaniske verksted og landslagsspelar i fotball.
I september 1969 meldes det at Jack Pettersen er tatt ut til juniorlandslagets kamp mot Danmark, og Otto Sundgot er også tatt ut til kampen.
Det var to debutanter til denne kampen, den eine var Ståle Bjørkly fra Molde og den andre Jack Pettersen fra Hødd. "Pettersen vet å finne veien til mål" var det sagt av landslagets UK-sjef Øivind Johannesen.
-" Kunne jeg velge ville jeg helst spille inne i midten, men det er klart at jeg er glad bare for å sleppe til. Det betyr også mye at Otto Sundgot er med. Jeg håper på godt samarbeid med han.."
(Jack Pettersen om å spele ytre høgre på landslaget)
Norge spelte 1-1 mot Danmark, og Jack Pettersen fekk to gode sjanser til å score uten å få uttelling. Han leverte mykje bra, men bommane trakk sjølvsagt litt ned.
-"Jack Pettersen bor det mye godt i, han har tæl og innsats i seg og kan mer enn det han viste idag.
Han skulle forresten avgjort kampen da han kom alene med keeper og bommet, avslutter Øivind Johannessen.
I oktober er Jack igjen med i ein landslagstropp, denne gangen til kamp mot Øst-Tyskland. Fra området er Otto Sundgot og Anders Farstad (Rollon) også tatt ut i troppa.
Kampen ender 0-0 - et godt resultat for Norge. Igjen får Jack Petteren en mulighet til å score, denne gangen var det ei headding etter corner som gikk rett på keeper.
Kunt Teige og Bjørn Prytz hadde snart blitt meldt klare for Bergsøy, og etterkvart blei det også klart at Jack følgde samme vei.
1970: Bergsøy i 3.divisjon
Det blei fotballfeber i Bergsøy. Etter opprykk til 3.divisjon og forsterkning av
tre spelarar frå det øverste nivået så er det ikkje rart at det var optimisme i klubben.
Det var feststeming da Bergsøy tok imot Molde til serieåpninga. Bergsøy gjer ein god sesong, og Jack spelar 17 kampar og scorar 4 mål.
Bak fra venstre: Knut Teige, Asbjørn Myklebust, Jack Pettersen, Sveinung Frøystad, Oskar Waage, Kjartan Fagerlund.
Framme fra venstre: Jostein Myklebust, Odd Berge, Ronald Moen, Bjørn Prytz, Knut Igesund, Andreas Kvalsund
1970: Bergsøy-vippen
Nokre kampar ut i sesongen spelar Bergsøy borte mot Skarbøvik.
Bergsøy får frispark, og Skarbøvik setter opp en mur like utanfor 16.meteren. Jack Pettersen og Kjartan fagerlund har planlagt eit trekk, og utfører det perfekt. Kjartan vipper ballen opp til Jack, og han smeller til. Ballen går i perfekt bue inn i mål. Det var en suser som gikk inn like under tverrleggeren. 1-0 til Bergsøy til full jubel hos gjestene, og fullt fortjent.
På Skarbøvik sitt lag spiller Helge Skuseth. Han blir noen år seinare Start-spelar, der dette trekket blir kjent som "start-vippen".
Kjartan Fagerlund vipper opp ballen, og Jack Pettersen smeller til. Bergsøy-vippen er født.
Diskusjonane har sjølvsagt vore store i ettertid. I Start er "Start-vippen" hellig, og legenden Sven Mathisen står som "oppfinneren" av trekket.
Ifølge Mathisen har Start scora ved bruk av dette trekket ei 10-15 gangar, og han har sagt at han fann opp trekket på 1970-tallet etter at Karsten Johannessen bad spelarane bruke kreativitet. -"Jeg måtte vippe til blant annet Helge Skuseth, for jeg kunne jo ikke gjøre begge deler", har han blant anna sagt.
Uansett: Vi i Bergsøy veit at trekket blei benytta i Bergsøy før Skuseth gikk til Start.
1971-1975: Mange gode år
Jack spelar godt i 1971 sesongen.
I 1972 spelte Bergsøy ein treningskamp mot Hødd som endte 5-5 og det blei skrevet at Jack Pettersen virkar å være i sitt livs form idet han scora to av måla.
Han gikk sigrande ut av dei fleste duellar med Hallbjørn Hasund.
Lagbilde 1973
I 1973 blir Jack ofte nemnd som ein av lagets beste spelarar i dei fleste kampane, og i august skrives det rett ut at Jack kanskje var lagets nyttigaste spelar denne sesongen.
Han spelar 19 kampar i 1973, 17 kampar i 1974 og 19 kampar i 1975 for Bergsøy.
-" Best på Bergsøy var igjen Jack Pettersen som var overalt på banen".
(Vestlandsnytt i mai 1973 etter en kamp mot Sunndal)
-"Jack Pettersen og Kjartan Fagerlund må betegnes som Bergsøylagets organisatorer, mens Frantzen omsetter sjansene til scoringer"
"
(Sunnmøre Arbeideravis i desember 1973)
1976: Viking
I november 1975 startar spekulasjonane; Vil Jack Pettersen melde overgang til Viking?
Viking var Norges beste lag, og hadde vunnet den øverste divisjonen tre år på rad. Seriegull 1972, 1973, og 1974.
Ambisjonane var ikkje mindre for 1975.
Jack seier at ingenting er endelig avgjort. Om Jack går til Viking vil han bli gjenforent med Otto Sundgot som han spelte ilag med på både Hødd og landslag.
Det tek ikkje mange dagane før det blir bekrefta at Jack vil prøve lykken i Viking. Samtidig er Asbjørn Myklebust også i tenkeboksa, kanskje går han til Brann.
28.januar melder Stavanger Aftenblad at Jack blir lagets nye medlem som skal få spele kamp mot SIF.
Jack Pettersen er Viking-spelar og har spelt sin første kamp. SIF slo Viking med 2-1 Fra venstre Øystein Wilhelmsen, Finn Krogh, Eirik Thorsen og Jack Pettersen..
-" Jack Pettersen er 25 år, tidligere juniorlandslagsspiller, som kommer fra Bergsøy. Han har vært innom Hødd. Spilt både i løperrekka og på midtbanen, men Viking vil satse på hansom vingløper på venstresiden hvor han skal erstatte Arvid Knutsen som er lagets nye trener.
Jack får sin ilddåp mot Lillestrøm i søndagens treningskamp."
"
(Dagbladet 24.mars 1976.)
Mot Lillestrøm spelar Viking følgande lag: Erik Johannessen, Kristian Vesttun, Reidar Goa, Otto Sundgot, Sigbjørn Slinning, Inge Valen, Svein Kvia, Gunnar Berland, Torbjørn Svendsen, Trygve Johannessen, Jack Pettersen.
Jack Pettersen spelte mot Tom Lund, og kom godt fra det i ein 0-0 kamp. Han spelte på ytre venstre og blei sett på som Vikings mest intressante og positive spelar. Han var rask og klarte seg godt mot vanskelige Rune Hansen. "Det er avgjort gode sjanser for at Viking får to faste sunnmøringer på serielaget" står det i Sunnmørsposten etter kampen.
I april spelar Jack igjen idet Viking slår Haugar med 4-0, og gjorde det igjen godt, og idet Viking slår Ulf med 2-0 scorar Jack det eine målet. Jack snappa opp eit tilbakespel og scora med eit skudd i motsatt stolpe.
Så er det klart for siste generalprøve før seriestart, Viking møter Start 2.påskedag på Stavanger Stadion. Jack Pettersen er i startoppstillinga. Kmapen ender 1-1 etter mål av Reidar Goa og Sven Mathisen, og 1625 tilskuerar får sjå en kamp som ikkje varma særlig i det kalde været.
Jack Pettersen fekk en vanskelig kamp mot Start sin back Trond Pedersen, og fekk lite til i løpet av den timen han spelte.
Jack Pettersen er nærme på å score i den siste kampen for Viking før seriestart, men det blir berre nesten.
Til serieåpninga meldes det at Jack vil bli plassert på benken, men Jack tek ei ny vending og tek turen tilbake til Bergsøy.
Avtalen mellom Viking og Bergsøy var at han kunne gå like lett og gratis tilbake til Bergsøy som han hadde kome til Viking, og dette skjedde.
Iogmed at han ikkje rakk å spele noko obligatorisk kamp for Viking i serien så håpte Bergsøy å få han raskt kampklar til sin eigen seriestart mot Clausenenga.
Det skulle vise seg at Jack fekk ein månads karantene, og måtte dermed stå over fire Bergsøykampar.
Viking klarer seg etterkvart uten venstrevingen og tek sitt fjerde seriemesterskap på rad, denne gang foran Brann og Start.
1976-1980: Bergsøy
Det blir 15 Bergsøykampar for Jack i 1976.
I 1977 spelar Jack 19 kampar for Bergsøy, og spelar såpass at han kjem med på Pit (Petter K Pettersen) sitt drøymelag for sunnmøre.
-"Bjørn Nilsen i mål. Backrekka Reidar Vikebakk, Martin Roald, Knut Igesund, Steinar Nedregård. Midtbane Kallen Johannessen, Jack Pettersen, Otto Sundgot. Spisser Arnfinn Espeseth, Fred Frantzen og Kjetil Hasund."
(Pit sitt drømmelag i 1977)
I april 1978 var det usikkert om Jack skulle legge opp eller ikkje, han hadde ikkje trent på ei stund. I august skrives det fortsatt at Jack delvis hadde lagt opp, og A-laget har blitt noko forynga.
Idet sesongen er over skrives det at A-laget har benytta 5 juniorspelarar, og at Trond Paulsen og Øyvind Møller har spela mest alle obligatoriske kampane. Det er det yngste A-laget på lang tid.
På Adelskalenderen står no Knut Igesund på toppen med 217 kampar, Fred Frantzen med 173 og Jack Pettersen med 162, Asbjørn Myklebust 148 og Knut Teige 134.
Men Jack si karriære var ikkje over - det viste han også i ei five-a-side turnering i Ulsteinhallen. I ein 6-4 kamp mot Hareid scora Jack fire av måla.
Jack er snart tilbake på A-laget og hjelper laget slik han kan. Han scorar borte mot VRF i seriens andre runde, og var sitt lags beste spelar.
Han scorar også målet i den neste kampen der Bergsøy spelar 1-1 mot Ørsta. Jack spelar 16 kampar og scorar 5 mål i løpet av sesongen.
Bergsøy rykker opp etter 1980-sesongen, og gratuleres av Kjetil Hasund
1981: Bergsøy på nivå 2
I boka "Idrett i havgapet" skriv Johs Wike at Jack var den fødte fotballspelar med teknikk, fotballforståing og kreativitet på midtbana og i angrep.
Dette skildrar han blant anna gjennom 2-0 målet mot KFK som viste laget frå si beste side. Det var veggspel mellom Fred Frantzen og Jack Pettersen der Fred tilslutt fekk sentre Jack heilt fri - og ballen blei plassert i nettet frå kort hald.
2-0 blei også sluttresultatet.
Bildet: Jack setter inn 2-0 mot Kristiansund.
Jack scorar 4 mål i løpet av denne stor-sesongen for Bergsøy. Blant anna scorar han 2-0 målet mot Nessegutten og 1-1 målet mot Varegg.
1982-1989: Veteranen
Lagbilde 1985: Bak fra venstre: Bjørn Prytz, Kjetil Goksøyr, Kurt Voldsund, Runar Igesund, Asbjørn Prytz, Trond Paulsen, Frank Otto Frøystadvåg, Palmar Kopperstad, Tom Beddari, Fred Frantzen, Gullik Kjelstadli, Nils Roger Paulsen, Knut Teige, Jack Pettersen, Rolv Bakke, Kjell Rønnestad.
Framme: Perry Kopperstad, Kjartan Paulsen, Jarle Gunnarstein, Kenneth Pettersen, Jarl Remøy, Trond Vike, Ivan Myklebust, Ståle Voldsund, Tonny Pettersen, Lloyd Kleppe, Martin Pettersen
Starten på 1987-sesongen var god for ein målglad Jack Pettersen. 36 åringen scora to mål mot Brattvåg, ett mot Vartdal og ett mot Volda i løpet av dei seks første kampane.
Men laget fekk ikkje den store poengmessige uttellinga. Jack endar på 11 kampar og 4 mål denne sesongen. Målet mot Volda blir hans siste for Bergsøy.
Utklipp
2 mål mot Brattvåg i 1987
Utklipp
Jack scorer 1-0 mot Volda i mai 1987, det siste målet vi finner at Jack scora for Bergsøy sitt A-lag.
Jack spelar 6 kampar for Bergsøy i 1988 og 2 kampar i 1989.
1991: Moltu
Jack Pettersen blir etterkvart 40 år, men held koken og spelar ilag med blant andre Rolf Bakke, Kenneth Pettersen, Trond Myking og Børge Hansen på Moltu.
-"Kampens store spelar var 41 årige Jack Pettersen som i si offansive midtbanerolle dirigerte i stor stil"
"
(Vestlandsnytt juni 1992)