Spelarane tok i eit tak på Bergsøy Stadion, der mold og grus skulle jamne ut banekantane. Under arbeidet dukka det også opp eit høgst uventa «arkeologisk funn».
På denne sida får du eit tilbakeblikk på dugnadsarbeid og anna arbeid som blei gjort på Bergsøy Stadion i perioden 2004–2006.
Dugnad på stadion 19. juli 2006
I år som i fjor var det litt for få trillebårer, men så var det også større oppmøte i år enn det var året før.
I 2005 hadde Bergsøy ein vellukka dugnad 12. juli. Det gjekk også bra denne gongen, og oppmøtet var ganske godt.
Det enda sjølvsagt med mange arbeidslause sjeler utan reiskap, men det gjekk fint å fylle opp banekanten med mold og grus.
Bana hadde sige ein del ute ved sidelinjene, og dermed måtte spelarane prøve å dekke mold over desse områda. Sementkantane som stod litt opp utanfor bana hadde ført til skade tidlegare, og etter dagens arbeid var håpet å redusere denne faren.
Eit vikingskip blei funne!
Det var eit lite mirakel som skjedde denne dagen, for få hadde nok trudd at spelarane skulle finne anna enn gamle kvistar inne i molddungen.
Etter å ha skrapa bort litt av toppen kom det etter kvart tydeleg fram at det var eit gammalt vikingskip langt der inne. Dermed tok dugnaden brått slutt, og arkeologane måtte tilkallast.
Truleg betyr dette at heile bana må gravast opp på jakt etter andre vikinggraver. Skipet har truleg kome opp gjennom den eine kummen i området, og deretter snike seg under molddungen ein av dei regnfylte dagane vi har hatt i det siste.
Så er det store spørsmålet kva anna som blir funne i området no som gravmaskinene herjar som verst...
Dugnad på stadion 12. juli 2005
Bergsøy Stadion hadde lenge blitt tatt vare på av Arvid Kvalsund, som klipte og stelte bana i det daglege. Denne dagen fekk han etterlengta hjelp, slik det burde vere mogleg å få til kvar sommar for å halde bana i så god stand som mogleg.
Halve bana blei tatt i denne omgangen, slik at det framleis var mogleg å trene på den andre halvdelen. Ein av dagane før avreise til Grimstad på treningsleir skulle den andre halvdelen takast.
Vi tok til og med lagbilde av dugnadsgjengen. Marvin Kopperstad kom nokre minutt seinare.
Storaksjon – dag 3, 9. juli 2004
Aksjonen sin siste dag blei ei skuffelse. Bana skulle djupluftast, noko som ville seie at ei maskin skulle lage hol ned til rundt 15 centimeters djupne. Dette blei avlyst på grunn av tilstanden til bana.
Bana hadde sokke ein heil del på dei åra ho hadde vore i drift, og stein rett under grasdekket gjorde at piggmaskina ikkje kunne brukast.
Det einaste som blei gjort denne dagen var dermed vatning av bana. Frøa som var strødde utover trong mykje vatn, og alt anna utstyr blei pakka saman.
Med full ro i rundt tre veker ville bana likevel bli betydeleg betre enn ho var før aksjonen.
Nye mål til Heid grus og Bergsøy Stadion
Det skjedde meir enn berre overhaling av grasbana. Bergsøy Stadion og Heid grus fekk to nye mål kvar av beste klasse.
Måla hadde hjul, så no slapp ein å bruke krefter på å bere dei rundt. Dersom dei likevel måtte berast, hadde dei også handtak. Måla var solide og skulle få fin, kvit netting.
Storaksjon – dag 2, 8. juli 2004
Denne dagen var det strålande vêr i Herøy, og arbeidet med bana gjekk svært bra. Over 30 kubikkmeter sand blei strødd utover med traktoren, og ved hjelp av ein kost som blei dratt av klipparen jamna sanden seg godt ned i bana.
Før dagen var omme var det nesten like mykje sand på bana som i Mulevika. Kommunearbeidarane var som vanleg på plass og hjelpte til. Dei kantklipte blant anna bana, noko som ikkje hadde skjedd så ofte tidlegare.
Dagen etter var det venta at pigginga skulle starte.
Storaksjon – dag 1, 7. juli 2004
Herøy kommune sette i gang ein skikkeleg storjobb med Bergsøy Stadion. Utstyr frå Molde, bemanna av Molde sin eigen banemann Øyvind Arnesen, var på plass for å få BIL si grasbane i den forma ho burde vere.
Dette var ein storaksjon som grasbana aldri tidlegare hadde gjennomgått, men som Molde Stadion gjekk gjennom to gonger årleg.
Arnesen, som faktisk spelte for Åndalsnes i laget sin 2–1-siger over Bergsøy i 1972 i grasbana sin opningskamp, brukte minitraktoren sin til å klippe bana ned på ei grashøgd som den vanlege klipparen ikkje hadde klart.
Grunnen til den kraftige klippinga var at han skulle kome betre til med det som blir kalla vertikalskjering. Det vil seie at det blir kutta ned i bana for å fjerne gammalt og dødt gras.
Deretter skulle bana piggast, såast, luftast og gjødslast. Til slutt skulle det køyrast på mellom 30 og 40 kubikkmeter sand.
Kommunearbeidarane var også på plass og såg til at alt gjekk som det skulle, og raka vekk gras som blei spruta ut frå den raske traktorklipparen frå Molde.
Leiar i Bergsøy Fotball Bjørn Otterlei og materialforvaltar Arvid Kvalsund var også på plass under arbeidet.