Stjerneprofil Ludvig Hansen
Trofast supporter
|
|
|
Bergsøy supporterlegende -
22. september 2017 gjennomførte Bergsøy A-lag eitt minutts stillhet før kampen mot Nordborg til minne om den trufaste Bergsøysupporteren. I 2011 blei Lulle kåra til Årets Bergsøysupporter. Vi kan godt seie at det var ei utdeling som var vel fortent, og som mange nok hadde venta lenge på.
Få har opplevd så mange Bergsøykampar som Lulle gjorde. Bildet under er frå ein Bergsøy 2-kamp borte mot Moltu på Moltu Stadion, og det seier nok det meste om at Ludvig Hansen var ein dedikert supporter. Bergsøy vann kampen for øvrig 8-0.
|