Stordal trakk lengste strået
Ballen ville ikkje i mål
Det var en jamn kamp på Havila Stadion mot fjorårets seriemester Stordal. Bortelaget har blitt tippa divisjonsfavoritt også iår av dei som kjenner laga, og vi såg at gultrøyene blir et godt lag også i 2026. Dei er fysiske og store i duellane, men også tekniske og rolige med ball.

Men det er jo også Bergsøy, så det var lite som skillte laga. Bergsøy starta kampen med en spissduo som har U21 landskampar for både Kroatia og Norge i Franjo Tepuric og Magnus Myklebust. På benken sat blant andre Enrique Crespo som har 60 mål på 64 kampar og Daniel Jøsok Kvalsvik som har 81 mål på 201 kampar. Bergsøy er jo et lag som luktar mål, iallfall når alle er friske og raske.

Men denne kampen blei det berre nesten. Vi registrerte skudd i tverrlegger frå Elias Skogen Hauge. Frå kort avstand, og keeper hadde ingen mulighet til å reagere. Det burde vore mål, men marginane var mot Bergsøy der. Magnus hadde nokre skudd som gjekk rett på keeper fra litt skrå vinkel, mens Franjo hadde forsøk fra distanse. Men det blei berre sånn nesten. Og Stordal var også nærme. Busengdal fekk prøve skuddfoten på skudd som gjekk utanfor, og ei headding strauk stolpen.
Det var en jamn bikkekamp. Som kunne gå begge veiar. Og det var 0-0 til pause.

Bergsøy har spelarar som er gode med ball, men Stordal hadde også spelarar som var flinke å stoppe angrep. Så det blei vanskelig å kome til dei heilt store sjansane. Og så var det Stordal som kom til sin store sjanse etter 59 minutt. Rundt på kant, inn 45 grader og grei avsluttning med høgrefoten frå 7 meters avstand av Fredrik Busengdal. 0-1 til favoritten.


Status blir då at Stordal vann sin tredje kamp på rad i Fosnavåg, og for tredje kamp på rad så har ikkje Bergsøy klart å score mål mot dei på heimebane. Det positive var at det var nærmare denne gangen i forhold til 0-4 ifjor og 0-3 året før, og at Bergsøy ser solide ut. Men denne gangen gjekk ikkje ballen imål mot ett godt lag.
Og det til tross for at Franjo blei kåra til dagens bestemann. Krigaren vår på topp var et viktig oppspelspunkt, og er vanskelig for alle forsvar å håndtere. Han skapar uro og han skaper åpningar for dei andre, men kom ikkje sjølv til dei store sjansane denne gangen. Det var kjekt å sjå han som spiss igjen, der han har herja så mange sesongar for Bergsøy tidligare. Han tangerte klubbens første spisslegende Sigmund Paulsen på Adelskalenderen denne kampen, og begge står med 166 kampar for Bergsøy.
Imål gjorde Pedro Moreno ingen feil. Han hadde ei stor redning allereie i første minutta, og også han tangerte ei tidligare klubblegende i antall kampar denne gangen i Ola Goksøyr sine 93 kampar. Nils Erik Engen er oppe i 78 kampar, samme som Tom Beddari. Magnus Myklebust tangerer Eldar Zahl sine 69 kampar. Sander Bøe passerte Kjetil Goksøyr sine 59, mens Dani Rønnestad Hansen og Sander Vike har passert 50 kampar og klatrer oppover.
Neste kamp håper vi at spelarane også klatrar på målscorarlista.
Kampreferatet med meir statistikk og fleire bilder har vi her: Gå til kampreferatet Bergsøy - Stordal