Ei Bergsøy-legende og ei Fosnavåg-legende. Arne Arnesen var ein av dei mest trufaste tilskodarane på Bergsøy-kampane.
Arne Arnesen var Fosnavåg sitt stolte bybod – og ei svært kjent skikkelse rundt Bergsøy. Han var ein av dei verkeleg trufaste tilskodarane, og såg utallige kampar både heime og borte.
Arne var nesten aldri sjuk og alltid til å stole på når butikkane skulle sende og motta posten sin.
Etter å ha arbeidd på Remo Elektronikk i halvanna år fekk eg sjølv sjå på nært hald korleis Arne stod på og jobba. Det kunne regne sidelengs i stormfull vind, men Arne var likevel på plass.
Nokre gongar såg det nesten ut som han skulle lette og bli tatt av vinden – men Arne SKULLE fram med posten.
Fotballen betydde mykje
Arne var aktiv og interessert i mykje, men fotballen stod spesielt sterkt. Han såg utallige Bergsøy-kampar, både på heimebane og bortebane.
Bortekampane mot Stranda var ekstra spesielle. Då ville Arne gjerne være med spelarbussen, slik at han samtidig kunne møte broren sin.
Til neste helg spelar Bergsøy nettopp borte mot Stranda i ein toppkamp om opprykk. Denne gongen blir ikkje Arne med på turen.
Bergsøy har hatt mange trufaste sjeler på kampane. Arne var så definitivt ein av dei.
«Kampen måtte vi vinne»
Alle visste kven Arne Arnesen var, og Arne sjølv var godt oppdatert på det som skjedde rundt han.
Og så var det fotballen. Kampane måtte vi vinne.
Det skulle ikkje vere noko «slappestell». Arne var tydeleg på at laget måtte gjere alt for å slå motstandarane.
Det blei ikkje opprykk året før, men Arne var likevel positiv. Då fekk laget berre prøve å rykke opp neste år. Arne var ikkje typen som gav opp så lett. Han stod på.
Han var fødd i 1929 og arbeidde for fullt heilt til det siste.
Arne Arnesen på Bergsøy Stadion.
Etter at Bergsøy hadde tapt mot Vigra, slo Bergsøy sin Mathias Pettersen av ein prat med Arne.
Det siste Arne sa til Mathias var at Bergsøy måtte vinne neste kamp.
Det var ofte det siste eg sjølv høyrde frå Arne også, både på kampdagar og andre dagar. Kampen måtte vi vinne, og han skulle kome og sjå.
Bergsøy måtte «oppatt». Klubben skulle ikkje ligge nede i 4. divisjon.
Ein trufast Bergsøy-supporter
Arne Arnesen – alltid med eit smil og godt humør.
Ei Bergsøy-legende og ei Fosnavåg-legende kan no kvile i fred.
Fosnavåg og Bergsøy Stadion blir fattigare utan Arne Arnesen.