Tom Beddari har vore Bergsøytrenar fleire sesongar. Inne på vår Trenar-oversikt kan du sjå at Tom trente Bergsøy sitt A-lag sesongane 1994-1997 (blant anna opprykk frå 4.divisjon til 3.divisjon), og no sist frå 2004-2005. Merittane i 2004 og 2005 var 3.plass (2004) og 10.plass (2005) i 3.divisjon.
I annledning trenarens innmarsj og den komande sesongs forberedelsar så er det spelarmøte kl 1930 på klubbhuset torsdag.
En kan seie at Bergsøy gjer et trygt valg no som Tom Beddari kjem tilbake til skuta. Klubben og laget veit kva dei får ved Tom Beddari som styrmann (kaptein?).
Tom tenker fotball, og er engasjert i det han driv på med. Entusiasme ønsker vi.
(Bildet: Tom Beddari takkar for seg i avskjedstale etter sesongen 2005. No er han tilbake)