Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Bergsøy Volleyball 1972-1995

Historie:
Bergsøy Starta med volleyball i 1972. På bildet over er herrelaget og damelaget fotografert ilag i 1983.

Idag består Bergsøy Idrettslag av Fotball, Friidrett og Handball - men opp igjennom tidene har idrettslaget hatt fleire idretter å halde styr på. Det er i desse dager 50 år sidan Bergsøy Volleyball så smått hadde starta å kome igang med sine første treningar. Volleyballgruppa heldt deretter koken i godt over 20 år; frå starten i oktober 1972 til oppløysinga av volleyballgruppa blei ei sak på årsmøte i 1995.


Etter at brusambanda kom på plass i kommuna førte dette til aukande aktivitet og fleire medlemmar i klubben på tampen av 1960-tallet. Klubben hadde hatt fleire år med trang økonomi, og hadde blant anna måtte legge ned handballen i klubben i 1966 ettersom det kun var to medlemmar igjen som betalte kontigent. Eivind Rødal fekk så i sving igjen handballgruppa i 1968, og vidare undersøkte klubben om det var mulig å starte symje og friidrettsgruppe under leiing av lærarane Arne Reed og Arthur Westbø. Det største problemet var at det var vanskelige treningsforhold med alt for liten kapasitet på gymsalar.

Arthur Westbø og Volleyball i 1972

Arthur Westbø blei formann handballgruppa i 1969, og var dermed godt kjent med klubbens manglande fasiliteter for innandørs-trening. Handballen blei for det meste utandørs, og Bergsøy hadde i 1970 meldt på 4 lag til seriestart i utandørs-serien. Enda meir kamp om treningstidene i gymsalane blei det etter at Westbø sa seg villig til å starte ei volleyballgruppe for herrer og damer i 1972.

Westbø, som var lærar ved Ytre Herøy Ungdomsskule, var nemlig utdanna frå Idrettshøgskulen med volleyball som hovedidrett, der han også var aktiv på skolen sitt lag. I oktboer 1972 måtte intresserte melde seg i Bergsøy skule sin gymsal, der det i første omgang var snakk om å etablere herrelag. Volleyballgruppa skulle bli tillagt Bergsøy Idrettslag, men med eit eige økonomisk styre.

- Arthur Westbø var formann for handballgruppa fra 1969, og initiativtaker for å starte volleyballgruppa i Bergsøy i 1972. Han var utdanna frå Idrettshøgskulen med volleyball som hovedidrett. I 1992, 20 år etter at volleyball starta i klubben, sponsa Arthur Westbø laget nye drakter i ei tid der klubben hadde økonomiske vanskar.

31.oktober kunne Vestlandnsytt melde at det var påmeldt både herre og damelag i serien. Damelaget skulle spele i 2.divisjon medan herrelaget var påmeldt 3.divisjon.

1973

I november 1973 hadde to herrelag frå Herøy meldt seg inn i volleyballserien, dette var Bergsøy Volleyballklubb og Ytre Herøy Ungdomsskole. Desse laga møtte også på Bergsøy Skule i den første kampen, som Bergsøy Vbk vann med 3-1 etter settsiffer 15-2, 15-5, 13-15 og 15-12. Ennå var det for liten interesse for damevolleyball.

I novembner 1973 hadde volleyballserien starta med 2 lag frå Herøy i 3.divisjon. Laga var Bergsøy Volleyballklubb og Ytre Herøy Ungdomsskole. Sjølv om Volleyball var ganske nystarta så var Sunnmøre sitt distrikt i landemålestokk eit av dei beste distrikta, med KFUM Volda som det beste laget i området i 1.divisjon

Bergsøy sin første kamp på Bergsøy Skule mellom nettopp Bergsøy volleyballklubb og Ytre Herøy Ungdomsskule, der førstnemnte var det beste laget. Laget var jamnare og bedre, men det var ingen god kamp. BVbk vann tilslutt med 3-1 etter settsiffer 15-2, 15-5, 13-15 og 15-12.

1974

1974 september, startar treningane. Serien startar i månedsskiftet oktober/november. Jentene startar sine treningar også iår, men det blir ikkje ennå aktuelt å melde på serielag her.

1.november: Bergsøy er med i 3.divisjon for herrer.

1974 desember, slo Valderøy med 3-1. Sist dei møttest tapte Bergsøy 0-3. Kjell Vike, Alf Terje Bjerkvik og Jan Olav Sandnes spelte godt. Trenar var no Alf Terje Bjerkvik som har fått sving på laget, han spelte tidligare på KFUM Ulsteinvik.

1975

1975 januar, slår SUSI 15-13. 15-5, 15-4.

Bak frå venstre Karl Bjarte Vike, Knut Berge, Johs Nørvåg, trenar Alf Bjerkvik. Framme Jan Olav Sandnes, Per Botn og Johan Moltu.

1975 februar Bergsøy Volleyballklubb gjer stadig framgang og vann 3-1 mot LVK (Lærarenes Volleyballklubb) fra Ålesund. Bergsøy enda då midt på tabellen i 3.divisjon og satsar for fullt mot neste år. Laget var Karl Bjarte Vike, Knut Berge, Johs Nørvåg og trenar Alf Bjerkvik. Jan Olav Sandnes, Per Botn og Johan Moltu.

1976

1976 januar, Bergsøy sitt volleyballag skal spele to kampar i Fagerlihallen, mot SUSI og Lærarenes Volleyballklubb. Bergsøy ligg nest sist på tabellen. BIL vann overraskande 3-1 mot Volda Gymnas og er oppe i 8 poeng med tre heimekampar igjen. Bergsøy har gjort det skarpt med 2 sigrar på dei tre siste bortekampane. Skal møte topplaget Valder i gymnastikksalen på Bergsøy Skule.

28.januar skriver Vestlandnsytt at Johan Moltu og Johs Nørvåg gjorde seg best bemerket på laget i kampane mot LVK. Frå venstre Johs Nørvåg, Gunnar Kvalsund, Ståle Berge, Alf Terje Bjerkvik, Per Botn og johan Moltu.

Tabell i april 1976
Serien starta på nytt 22.oktober 1976, Bergsøy møter Valder på Indre Herøy Ungdomsskule. Bergsøy vann 3-1. Det blei seinare ett tap 3-2 for Langevåg.
I november 1976 deltok Bergsøy i norgesmesterskapet i Volleyball i Fagerlihallen og var nære på å gå til finalen. Laget tapte knepent 2-1 mot vinnarane Teknisk skule. Bergsøy blei nummer 3 av 8 lag i si pulje.

1978

November 1978, Bergsøy vann 3-1 mot Ålesund tekniske skule og har en siger og ett tap hittil. Sigeren 3-1 over Ålesund tekniske skule blei utført med settresultat 15-2, 15-6, 11-15, 15-11. Førstesmasher Per Botn var Bergsøy sin nyttigaste mann og elles god kamp av Johs nørvåg.

1979

I oktober 1979 blir det spelt kamp mellom førstelaget og andrelaget til Bergsøy idet Herøyhallen blei teken i bruk. Bergsøy2 vann 28-14. Etter at BVK rykte ned til 4.divisjon ifjor så har Bergsøy påmeldt to lag i 4.divisjon.

1980

I februar 1980 var BVK2 så godt som sikra opprykk frå 4.divisjon til 3.divisjon etter at laget slo KFUM Volda med 3-2 i ein jamn og spennande "finalekamp". Bergsøy snudde kampen til sin favør etter fornuftige taktiske disposisjonar av sin rutinerte lagleiar Johan Moltu.

1982

I romjula 1982 hadde Bergsøy romjulsturnering 29.desember i Herøyhallen. Turneringa varte i 7 timar og det blei spelt kampar på fire baner samtidig. Tilslutt var det Volda1 som stakk av med sigeren der den dominerande spelaren var 1.divisjonsspelar Svein Berg Rusten.

1983

1983 Bergsøy spelar i toppen av 5.divisjon. 4.mars kunne Vestlandsnytt informere om at Bergsøy BVK kunne gratulerast med KM i 5.divisjon etter at laget slo Herd 3-1.

Oktober 1983: Gutelaget 16 år til Bergsøy Volleyballklubb, med trenar og formann Kjell Berge.

1984

Framme fra venstre Rønnaug Hjorthaug, Eva Kvalsund, Magnhild Kopperstad, Merete Myklebust, Tanja Ørnhaug. Bak fra ventre Torunn Moltumyr, Elin Torvholm, Inger Line Nærø, Gro Ingebrigtsen og Britt Inger Leinebø.

1984 oktober, herrelaget i 5.divisjon og damelaget i fjerde.

1987

Novmbbner 1987: Nytt lag KFUM/Fosnavåg. Dei siste åra har det nemlig ikkje vore volleyballag i Bergsøy bortsett frå skulelaget til Veteran frå Bergsøy volleyballklubb Gunnar Kvalsund er med på det nye laget. Trenar og strateg er Karsten Sævik, med erfaring frå 2.divisjon med NTHI i Trondheim. Bak frå venstre Gunnar Kvalsund, Roar Vikene, Øystein Nerland og Torbjørn Sævik. Framme frå venstre Oddgeir Husøy, Per Ove Skorpen, Karsten Sævik og Jan Vidar Hjelmeseth.

Laget låg nede lenge før Astrid B Roseth starta oppatt treningane i 1988. Berre Astrid, Torunn Torgersen og Linn Vasslag er med vidare frå den første tida.

1990-1992

1990, det er oppretta ny volleyballgruppe i Bergsøy, står det i avisa 7.12.1990. I 1991 er Astrid Roset leiar i Bergsøy Volleyball.

1992: Bergsøy jentene i 5.divisjon. Laget trenar i Herøyhallen to gangar i veka. Bak frå venstre trenar Arnstein Høydal, Marit Runde, Turid Remøy Myklebust, Torunn Torgersen, Astrid Roseth, Bodil Ljones Auestad og trenar Rune Nerbø. Framme frå venstre Linn Vasslag, Berit Eik Kvalsvund og Aina Kvalsund.

Økonomien har vore skral, men laget blei veldig takknemlige da Arthur Westbø sponsa laget drakter.

1993

03-09-1993: Det blir tatt initiativ til nytt herrelag. Det er no 7-8 år sidan sist Bergsøy var representert i herreserien og ein av initiativtakarane Børre Berstad meinar å ha registrert interesse for å bygge opp nytt lag.

Desember 1993: Etter at Bergsøy damelag blei nedlagt for ei tid sidan har det ikkje vore aktivitet i volleyballgruppa. Men en håpar å stille herrelag til neste sesong.

1995

I 1995 blir Volleyballgruppa oppløyst. Årsmøte om saka 30.november




kampreferat






Fotball





Ekstern Link fotball.no


Fotball




Ekstern Link fotball.no


handball



Ekstern Link handball.no


handball



Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt