Turneringar sidan 1980
I 1979 starta ein å bruke hallen på Kulturhuset, sjølv om Kulturhuset ikkje blei offisielt åpna før november 1980.
Denne tida starta Bergsøy for fullt å spele innandørs-turneringar.
Bergsøy deltok i nokre turneringar i 1979, og laga også si eiga i november 1979.
Deretter var det Moltustranda som arrangerte det en kan kalle den først "ekte romjulsturneringa" i 1980, og derifrå var det 40 samanhengande turneringar frå 1980 til 2019.
Korona-pandemien gjorde at 2020 og 2021 gjekk uten turnering, men i 2022 var romjulsturneringa tilbake.
Vi oppsummerer alle Romjulsturneringane, før vi har mer informasjon om kvart enkelt år.
Benytt gjerne årstalla under som snarveiar.
SNARVEIER - GÅ TIL ÅRSTALL
Oppsummering
Antall sigerar
Antall sigerar - Lag |
Lag |
Årstall |
21 |
Bergsøy |
1980, 1981, 1983, 1984, 1985, 1986, 1987, 1988, 1989, 1992, 1994, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999, 2000, 2003, 2004, 2011, 2016 |
7 |
Gursken |
1991, 2005, 2006, 2009, 2013, 2015, 2017 |
2 |
Åram |
1990, 1993 |
2 |
Dalane/Toftestøda |
2019, 2022 |
1 |
MTG |
1982 |
1 |
Kremen |
2001 |
1 |
Team Fjørtoft |
2002 |
1 |
Team Full of Carraghers |
2007 |
1 |
Sacre Blanc |
2008 |
1 |
Oransj |
2010 |
1 |
Doice Misturadoen |
2012 |
1 |
Arisank |
2014 |
1 |
Z United |
2018 |
Antall sigerar - Spelarar
Antall sigerar |
Spelar |
Årstall |
13 |
Frank Sverre Skorpen |
1995, 1996, 1997, 1998, 1999, 2000, 2003, 2004, 2008, 2011, 2014, 2016, 2019 |
9 |
Rune Frantsen |
1992, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999, 2001, 2003, 2007 |
7 |
Anders Vaagen |
2004, 2005, 2006, 2009, 2013, 2015, 2017 |
6 |
Lasse Myrhol |
1992, 1994, 1995, 1996, 1997, 2001, |
Antall toppscorere
Antall ganger |
Spelar |
Årstall |
4 |
Preben Sætre |
2008 (10 mål), 2009 (8 mål), 2013 (13 mål), 2017 (9 mål) |
2 |
Oddmund Vågsholm |
2001 (15 mål), 2007 |
2 |
Eirik Heltne |
2014 (11 mål), 2016 (15 mål) |
Mest mål pr turnering
Antall mål |
Spelar |
Årstall |
21 |
Frantz Frantzen |
2010 |
15 |
Eirik Heltne |
2016 |
15 |
Oddmund Vågsholm |
2001 |
14 |
Andreas Mulelid Kvam |
2018 |
13 |
Aleksander Dahle |
2015 |
13 |
Preben Sætre |
2013 |
Statistikken
Bildet: Oppsummering av Romjulscuppane. Sjå større bilde: Trykk HER
Rop gjerne ut om du har informasjon som vi manglar.
1979 - Dei første turneringane - Før Romjulscup
(Gå opp til snarveier)
Det sto at Bergsøy for første gang var med i ein innandørsturnering i Ulsteinhallen i februar 1979, der det blei tap mot Hødd i finalen 2-0 etter mål av Bjørn Seljeset og Stig Ulstein..
Bergsøy hadde då slått Hareid med 6-4, og tapt 2-1 mot Ørsta for å kome til finale. Det var seinare dette året at Bergsøy kunne starte å trene i sin eigen hall idet Kulturhuset starta å kome på plass.
Den første innandørsturneringa (five-a-side fotball) i Herøyhallen blei arrangert 24. og 25.november i 1979, og var såleis ikkje ei romjulsturnering.
Om ein velg å sjå på innandørs-turneringar som heilhet vil det være naturlig å ta den med i ein statistikk, men historikk.com velger å ikkje ta den med når det er snakk om Romjulsturneringar.
Det var fotballgruppa Bergsøy som arrangerte denne november-cupen i 1979 og fekk med seg laga Moltustranda, Tjørvåg, Gjerdsvika og Gursken.
Dette var så nytt at Vestlandsnytt måtte forklare grundig kva five-a-side var for noko. Kampane blei spelt 2x20 minutt, mens dei siste kampane skulle bli spelt 2x25 minutt, altså ganske heftige speletider.
Bildet: Vinnarar av første innandørsturnering i Herøyhallen i 1979. Lagleiar Asbjørn Myklebust, Gullik Kjelstadli, Tom Bøe, Trond Paulsen, Ivan Myklebust, Arthur Almestad, Arnvid Husøy, Kåre Igesund, Frode Wilhelmsen, Øyvind Møller.
Bergsøy gikk til topps i denne turneringa etter å ha spelt ei spennande finale mot Bergsøy2.
Frode Wilhelmsen gav Bergsøy1 1-0 og Tom Bøe gav laget 2-0 før pause, og med 3-0 like etterpå så virka det avgjort. Bergsøy2 kom imidlertid tilbake med 3 mål av Fred Frantzen.
Det var 3-3 til full tid, og kampen måtte avgjerast på straffespark. 250 tilskodarar såg finalen, som Bergsøy1 vann tilslutt.
1980 - Første "Ekte" romjulscupen
(Gå opp til snarveier)
Moltustranda arrangerte den første romjulscupen i Herøyhallen, altså ei turnering som foregikk i romjula, og denne turneringa gikk over to dagar der omtrent 200 tilskodarar møtte opp.
Bergsøy stilte med to lag (senior og junior)
Bildet: Trond Paulsen mottek pokal frå Moltustranda sin formann Norleif Sandvik.
Bergsøy 1 vann 2-0 mot Bergsøy2 i finalen etter mål av Trond Paulsen og Fred Frantzen.
1981 - Finale mellom Bergsøy og Gjerdsvika
(Gå opp til snarveier)
Bergsøy1 møtte Gjerdsvika til finale og det blei ei dramatisk finale som endte 1-1. Trond Vike hadde gitt Bergsøy leiinga, men Kjetil Hånes utlikna.
Etter 1-1 til full tid blei det straffesparkkonkurranse, og etter 10 straffer var det tilslutt Rolf Bakke som blei matchvinnar.
Bildet: Haldro Vattøy på Gjerdsvika fører ballen med Jonny Muren og Paulk Kurt Nerland på slep, mens Kjell Rønnestad står klar til å stoppe angrepet.
1982 - MTG til topps
(Gå opp til snarveier)
Om vi skal seie at Gjerdsvika nokongong har vunnet romjulsturneringa, så må vi seie det vari 1982 som ein del av MTG (Moltu, Tjørvåg, Gjerdsvika).
I finalen møtte MTG eit Bergsøylag som nok ein gang ønska å gå for seier, men dette blei første året at ikkje Bergsøy gjekk sigrande ut. Det sto 1-1 etter mål av Trond Paulsen (BIL) og Kjartan Fagerlund (MTG), og eit tvilsomt annulert straffepark var det som tilslutt skulle avgjere kampen til MTG sin fordel.
Bildet: vinnarane MTG. Bak frå venstre Jostein Storøy, Kjartan Fagerlund, Jack Pettersen, Jørn Larsen, Kjetil Hånes, Trond Myking og Idar Gjerde. Framme: Andre Rafteseth, Kurt Skogen, Nicolai Sandanger, Steinar Djupvik, Palmar Gjerde og Ståle Voldsund..
1983 - Bergsøy2 slo Gursken
(Gå opp til snarveier)
Åtte lag kjempa om å vinne turneringa som Moltu IL arrangerte, og det blei to underhaldande ettermiddagar i hallen. Gursken og Bergsøy2 ordna kvar sin avdelingssiger, og gikk dermed til finale.
I finalen gav Gursken god motstand med Johs Nørvåg i målet, men Fred Frantzen gav Bergsøylaget 1-0. Emil Kleppe utlikna etter pausen før Øyvind Møller avgjorde med eit velplassert skot i hjørnet.
Bildet:
Kåre Igesund mottek pokalen frå MIL-formann Kristian Eikrem
Kampar:
Bergsøy1 - Tjørvåg 2-0,
Haddal - Gursken 1-1, Hareid - Moltu 2-0, Bergsøy2 - Gjerdsvika 1-2, Bergsøy1 - Gursken 0-1, Tjørvåg - Haddal 1-0, Moltu - Bergsøy2 0-5, Hareid - Gjerdsvika 3-0,
Moltu - Gjerdsvika 0-3, Tjørvåg - Gursken 1-1, Bergsøy2 - Hareid 3-1, Haddal - Bergsøy 2-0
Bergsøy1 - Moltu 1-0 (Kamp om 7-8.plass)
Gjerdsvika - Tjørvåg 2-1 (Kamp om 5-6.plass)
Haddal - Hareid 1-0 (Kamp om 3-4.plass)
Bergsøy - Gursken 2-1 (Finale)
1984 - Bergsøy vann mot Gjerdsvika
(Gå opp til snarveier)
Dette året var turneringa satt til 28.desember og 30.desember, med inngangsbilett 15 kroner for vaksne og 5 kroner for barn.
Det blei mykje hardt spel og mindre finteknikk. Bergsøy stilte med tre lag, og det blei førsteplass, tredjeplass og femteplass på laga. Gjerdsvika hadde heime alle spelarane som har vore innom Hødd og var eit av topplaga, mens Moltu sleit med å få ballen i mål. Stort bedre målscoring blei det ikkje for Larsnes, Tjørvåg og Gursken.
Finalen mellom Bergsøy og Gjerdsvika var den mest underhaldande kampen i turneringa. Bergsøy hadde det finaste spelet, men kampen var også prega av en del stygt spel som blir huska. Det blei tre utvisningar til Bergsøy, men laget vann likevel 4-0 etter mål av Knut Teige 2, Trond paulsen og Knut Igesund.
Bildet:
Knut Igesund, Gullik Kjelstadli, Knut Teige, Trond Paulsen. Foran sitter Jarl Remøy, Tony Pettersen og Lloyd Kleppe.
1985 - BIL slo Gursken igjen
(Gå opp til snarveier)
Bergsøy sine to lag tok første og tredjeplassen i turneringa, og det var Gursken som var det hardaste laget å knekke. Bergsøy vann 3-2 i ei underhaldande finale.
For første gang i turneringa si historie blei det kun benytta fire utespelarar, og det skapte fleire målsjansar. Dersom en også skiftar ut handballmåla med miniputtmål så vil en nok få også fleire mål etterkvart.
Denne gangen var Moltu og Bergsøy arrangørlag, og begge stilte med to lag kvar. Bergsøy2 og Gursken vann kvar si pulje framfor Gjerdsvika og Bergsøy1. Laga Tjørvåg og Gurskøy makta ikkje å lage mål, mens Moltulaga endte nest sist i kvar pulje.
Bildet:
Bergsøy med Palmar Kopperstad som trenar og manager. Fra venstre: Trond paulsen, Asbjørn Prytz, Paul Kurt Nerland, Bård Ottesen, Jarl Remøy, Fred Frantzen og Jack pettersen.
Bergsøy tok tidlig leiinga 3-0 i bronsjekampen mot Gjerdsvika, Lloyd Kleppe (2) og Nils Roger Paulsen scora måla. Håvard Haanes og Monrad Hide klarte å redusere til 3-2.
Jack Pettersen scora heile 9 mål for eit godt BIL2 lag som satte inn 23 totalt. I Finalen fekk han hjelp av Palmar Kopperstad, mens Ronny Myklebust og Jan Åge Fjørtoft sto for Gursken sine mål.
Jan Åge Fjørtoft sitt mål var ein skikkelig vinkelsusar.
1986 - BIL vann på straffer
(Gå opp til snarveier)
Bildet:
Fotballformann Mathias Pettersen overrekker Trond Paulsen beviset på at han var turneringas beste spelar
Bergsøy IL er arrangør dette året, men tittelen iår er "Vestlandsnytt-cup". Turneringa består av 8 lag som blir delt i to puljer.
Pulje 1: Gurskøy, Moltustranda, Larsnes, Bergsøy1.
Pulje 2: Gursken, Tjørvåg, Gjerdsvika, Bergsøy2.
Ham Kam sin spiss Jan Åge Fjørtoft var på plass, og det var også Bergsøy sin spelar Trond Paulsen som blei kåra til turneringens beste spelar.
I bronsjefinalen vann BIL1 mot Gursken med 2-1, Toni Pettersen og Frode WIlhelmsen scora måla for heimelaget mens det flottaste målet sto Jan Åge Fjørtoft for.
Finalen blei dramatisk mellom Bergsøy og Larsnes. Bergsøy gikk opp i 2-0 etter mål av Are Blindheim og Børge Hansen, før Helge Tødenes reduserte. 2-1 til halvtid der altså.
Nils Roger Paulsen økte til 3-1 før Torbjørn Rekdal og Bård Dalen sikra 3-3 og ekstraomgangener.
Det måtte straffespark til for å avgjere kampen, og da blei stillinga 5-3 til Bergsøy.
1987 - To Bergsøylag i finale
(Gå opp til snarveier)
Bildet:
Vinnarlaget Bergsøy1: Framme fra venstre Nils Roger Paulsen, Marvin Arnesen og Henning Solem. Bak Tom Beddari, Are Blindheim, Tony Pettersen og keeper Frantsen.
Bergsøy1 måtte ut i finale mot Bergsøy2 for å avgjere vinnar av dette årets romjulsturnering. Tony Pettersen blei matchvinnar to minutt før full tid da stillinga blei 1-0.
Den største overraskinga i turneringa var at 7.divisjonslaget Gurskøy tok 3.plassen etter å ha slått Haddal med 1-0 i sin kamp. Gurskøy slo også vinnarlaget Bergsøy i den innleiande runda, men kom ikkje til finale grunna eit tap mot Hareid.
Det var mange fine kampar uten ufint spel, og gode dommarar var Per Worren og Frank Reite. Trond Paulsen på Bergsøy2 blei kåra til bestemann i turneringa.
1988 - Bergsøydominans igjen
(Gå opp til snarveier)
Bergsøy stilte dette laget med tre lag. Bergsøy1 besto av Kurt Ove Longva, Tom Beddari, Kurt Magne Berge, Nils Roger Paulsen, Lars Ove Almestad, Frank Ove Reite, Jan Helge Langberg, Endre Notøy, Vidar Eikrem og Jan Vidar Hjelmeseth. Lagleiar var Paul Kurt Nerland.
Bergsøy2 stilte med Olav Kvalsvik, Johs Nørvåg, Fred Frantzen, Jack Pettersen, Endre Tjervåg, Kjetil Goksøyr, Trond Paulsen, Gullik Kjelstadli, Kjell Rønnestad, Kristian Berge og lagleiar Gudmund Hopen.
Bergsøy3 stilte med Svein Gunnar Frantsen, Tony Pettersen, Kenneth Pettersen, Marvin Arnesen, Henning SOlem, Are Blindheim, Per Arne Årvik, Jostein Løvøy, Jarl Møller, Tor Arne Valø, og lagleiar Odd Rudolfsen.
Det var Bergsøy3 som vann etter å ha slått Bergsøy2 med 3-1 i finalen. Bergsøy3 blei for kjappe for "Old Boys laget" og sigeren var fortjent. Overraskelsen var nok denne gang at Moltu spelte seg fram til bronsjefinale, men tapte her 5-0 mot Bergsøy1.
Henning SOlem blei turneringens toppscorar med 9 mål, og blei også kåra til beste spelar.
1989 - Bergsøysiger for 7.gang på rad
(Gå opp til snarveier)
Bildet:
Vinnarlaget Bergsøy1: Det var 4.divisjonslaget Bergsøy som møtte 5.divisjonslaget Larsnes i finalen, og Bergsøy gjekk vinnande ut.
Larsnes var eit nyopprykka 5.divisjonslag og gav Bergsøy hard motstand denne gangen. Det blei ei spennande finale som Bergsøy avgjorde tilslutt ved scoring av Marvin Arnesen.
Larsnes pressa på for utlikning, men Bergsøykeeper Kurt Ove Longva sto godt i mål.
I kampen om 3.plassen var det Gjerdsvika som avgjorde mot Gursken etter ei scoring av Nick Sandanger. Dommaren dømte, mens Gursken meinte det burde vore hands.
Alt i alt ei vellykka turnering med dommarane Per Worren, Paul Gunnar Jarnes, Trond Paulsen, Bjørnar Rovde, Hogne Worren og Kurt Ove Longva.
1990 - Åram vann
(Gå opp til snarveier)
For første gang deltok Åram i Romjulsturneringa, og jammen gikk dei også heilt til topps noko overraskande. Ganske overbevisande også, med ein 3-0 siger over Bergsøy2 i finalen.
Åram gikk vidare etter tre sigrar og ein uavgjort i dei innledande kampane, mens Bergsøy1 kom på andre plassen i gruppa og dermed til bronsjefinale. I den andre gruppa var det jamnare, og måtte avgjerast mellom Bergsøy2 og Larsnes i den siste kampen.
Bergsøy vann 1-0 og gikk dermed til finalen.
Larsnes vann bronsjefinalen mot Bergsøy 1. Kampen endte 2-2 etter mål av Nils Roger Paulsen, Torbjørn Rekdal og Ådne Sandanger - men Larsnes vann 1-0 på straffekonken.
Finalen blei mindre spennande, og Ole Per Kragset satte inn et tidlig mål før samme mann og Oddvin Kragset kunne kontre inn dei avgjerande måla. Turneringa var elles god og med bra oppmte, og med dommarane Per Worren og Frank Ove Reite.
1991 - Gursken til topps
(Gå opp til snarveier)
Bildet:
Vinnarlaget Gursken
Turneringa var no eit samarbeid mellom Statoil Norge og Voldnes Bilservice, og det blei 10 timar med fotballunderholdning. Bergsøy stilte med A-lag og juniorlag, Moltu/Tjørvåg stilte med to lag, mens Gjerdsvika, Gursken, Gurskøy, Larsnes, Hasundgot og Åram var dei andre laga.
Gursken var eit forsterka lag denne gangen, og gikk rett til topps. Jan Åge Fjørtoft og ronny Myklebust var to stjernespelarar som satte farge på turneringa.
Og Gursken hadde grei kontroll også i finalen mot Bergsøy, tiltross for at heimelaget tok ledelsen 2-1. Tilslutt sto stillinga 8-6 etter at sandelaget hade levert ein ny sterk kamp.
Flest mål i turneringa var det Kjartan Kleppe som sto for, med 10 mål for Bergsøy. Dommarar denne gang var Per Worren og Per Gunnar Jarnes.
1992 - Bergsøy knuste Larsnes
(Gå opp til snarveier)
Bildet:
Vinnarlaget Bergsøy: Bak frå venstre Nils Roger Paulsen, Ronny Osnes, John Robert Moen, Lasse Myrhol, Arild Kvalsund, Henning Karlsen, Per Gunnar Djupvik, Kurt Magne Berge, Tony Pettersen. Framme Geir Sandnes, Frode Myrhol,
Rune Frantsen, Ronny Pål Kvalsvik, Kristian Berge og Marvin Arnesen.
Då var det klart for at Bergsøy var tilbake på tronen i si eiga turnering, og det etter å ha utklassa Larsnes med heile 6-0 i finalen. Tony Pettersen og Frode Myrhol hadde scora alt etter 4 minutt,
mens Kristian Berge scora to mål og Geir Sandnes samt Rune Frantsen økte ytterligare. Unge Rune er ein finslepen teknikar som laget trulig vil få mykje glede av frammover.
Av andre spelarar merka vi oss Preben Hestad som spelte for Tjørvåg, han spelar til daglig på Hødd. Også Stian Pettersen, tenåringen på Gjerdsvika viste tekniske tendenser langt utenom det vanlige.
Gursken vann kampen om 3.plassen med 4-1 mot Gurskøy.
Kampane blei dømt av Sigmund Nymark og Frank Ove Reite.
1993 - Åram vann for andre gang
(Gå opp til snarveier)
Bildet:
Åram vann. Bak frå venstre Jon Kåre Våge, Endre Vik, Roy Arve Eriksen, Helge Kvamme og Edvard Inge Rekdal. Framme frå venstre Runar Halsen, Ivar Krokvik, Petter Brandal, Karl Petter løvoll og Oddvin Kragset.
Så var det klart for Statoilcup 1igjen, og Åram viste seg fram som storebror i fotballdistriktet Sande og Herøy der dei utklassa Bergsøy med heile 6-0 i finalen.
Åram gikk igjennom heile turneringa med 6 strake sigrar og ein målforskjell på 36-2.
Sjølv om laget mangla sin storscårar Ole Per Kragset i finalen så hadde dei få problem mot et nok oredusert Bergsøylag.
Turneringa sitt andre overraskelselag var Gurskøy som tok tredjeplassen ved å slå Gjerdsvika med 5-3 i bronsjefinalen. Dommarar var Geir Tjervåg, Per Worren og Morten Digernes.
1994 - To Bergsøylag i finale
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Dei to Bergsøylaga som spelte i finalen. Vinnarlaget bakerst.
Det var det toppa Bergsøylaget til Tom Beddari som tilslutt vann 3-2 mot det andre Bergsøylaget med ringrev Gudmund Hopen som manager. Kmapen sto lenge å bikka på stillinga 2-2, men Lasse Myrhol avgjorde for favorittane like før full tid på eit skot frå langt hold.
Dei andre målscorarane var Arild Kvalsund og Tobben Leikanger for vinnarlaget, mens Frode Myrhol og Are Blindheim scora måla for dei tapande finalistane.
Tjørvåg slo Gjerdsvika 3-2 i i spennande bronsjefinale, mens forhåndsfavoritt Åram denne gangen havna heilt nede på 9.plass i turneringa.
1995 - BIL slo Moltu 3-2
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Bergsøy bak og Moltu foran
Bergsøy sitt yngste lag gikk til topps denne gangen etter ein 3-2 siger mot overraskelselaget Moltu. Lasse Myrhol, Rune Frantsen, Ronny Pål Kvalsvik og Frank Sverre Skorpen viste periodevis gode kombinasjonar og var også spelarane som var på bana idet alle måla blei scora for heimelaget i finalen.
Moltu hadde spelarar som Vidar Eikrem og Lars Petter Rønnestad ilag med Remi Helleseth, Vegard Ulstein og Kristian Lillestøl, men Bergsøy fekk ein pangstart da Rune Frantsen gav BIL leiinga 1-0 etter 14 sekunder. Lasse Myrhol la på til 2-0, og Lasse Myrhol avgjorde seinare til 3-1.
Tjørvåg vann ein sterk siger over Åram med 3-2 i bronsjefinalen. Gode dommarar var Geir Tjervåg, Geir Ivan Torvik og Morten Digernes.
1996 - Bergsøy mot Moltu igjen
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Vinnarlaget Bergsøy1
Det blei nok eit år med Bergsøysiger i romjulsturneringa etter at favoritten slo Moldtustranda med 4-0 i finalen. Moltustranda var på høgde tidlig i kampen, og berre ein god Trond Bøe i Bergsøymålet hindra baklengs, før Ronny Pål Kvalsvik ordna 1-0 og Erlend Eide Vike ordna 2-0.
Frank Sverre Skorpen og Rune Frantsen punkterte kampen med sine mål litt seinare.
I bronsjefinalen vann Bergsøy2 med 5-4 mot Gjerdsvika. I den kampen var Geir Sandnes ein god spelar, og han fekk også denne dagen statuett som bevis på at han blei året spelar i Bergsøy.
Ein anna god spelar som introduserte seg var Oddmund Vågsholm som viste seg fram i seniorsammenheng for første gang, og han viste også fram ei ny finte som ingen før hadde sett og som straks blei kalla "Oddmund-finta". Her har Bergsøy eit spennande talent.
1997 - Bergsøy mot Gjerdsvika i finale
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Bilde av vinnarlaget til Bergsøy etter at dei hadde slått Gjerdsvika med 10-3
Rune Frantsen kunne ta imot vinnarpokalen frå Mathias Pettersen etter at rekordmange 12 lag hadde spelt ferdig årets turnering. Dette året blei det også med eit studentlag med namnet "Cand Ha vårte" samansatt av Vegard Fiksdal.
Finalen blei derimot aldri spennande, og resultatet 10-3 mot Gjerdsvika seier nok sitt. Arild Kvalsund og Frank Sverre SKorpen laga raske scåringar før Vidar Gjerde reduserte, men Lasse Myrhol, Rune Frantsen, Frank Skorpen, Kristian Berge og Jon Robert Moen scåra alle fleire mål før Mads Andre Værnes scora Gjerdsvika sitt tredje.
Bronsjefinalen var meir spennande mellom Moltu og Gursken, her blei det ekstraomganger etter 2-2 i ordinærtid før det blei straffesparkkonkurranse som måtte avgjere kampen. Gursken bomma på ei straffe, mens Moltu scora på alle sine forsøk. Preben Hestad blei turneringens topscorar med 12 mål, mens Lasse Myrhol scora 11. Vidar Gjerde og Frank Sverre Skorpen scora 10 mål kvar.
1998 - Bergsøy slo Studentlaget
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Bak Jon Robert Moen, Rune Frantsen, Preben Hestad, Arild Kvalsund. Framme Vegard Sævik, Jarl Åge Vågsholm, Frode Myrhol, Frank Skorpen og fremst keeper Lars Ivar Moldskred.
Bergsøy vann 7-1 i finalen mot laget "Studentane" som besto av tidligare Bergsøyspelarar. Vinnarlaget Bergsøy1 var suverene gjennom heile turneringa, og etter innleiande kampar hadde dei full pott med målforskjell 25-5.
I finalen gav Frank Skorpen Bergsøy leiinga ganske tidlig, og det blei stort sett enveiskjøring resten av kampen. Berre storspel av keeper Ronny Reite hindra at ikkje finalesigeren blei større.
Lars Ivar Moldskred blei kåra til turneringens beste spelar, men også Rune Frantsen, Oddmund Vågsholm og Kevin Myklebust kjempa om den prisen. Morten Digernes og Geir Ivan Torvik var gode dommarar. Elles var det lenge jamnt i bronsjefinalen mellom BIL2 og Old Boys før dei eldste stivna til og tapte 1-6.
1999 - Jamn finale Bergsøy mot Gjerdsvika
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Vinnarlaget med Rune Frantsen, Frode Myrhol, John Robert Moen, Frank Skorpen, Karl Bjarte Vike, Tommy Ingebrigtsen. Framme Børge remøy, Ronny Pål Kvalsvik, Jim Johansen og Erlend Eide Vike.
Det blei igjen Bergsøy som viste at dei var beste laget, sjølv om Gjerdsvika denne gangen var nærme. Bergsøy vann 4-3 i ei dramatisk finale som måtte avgjerast på "Sudden death".
Bergsøy tok ledelsen i kampen 2-0 og var også seinare oppe i 3-1, men Stian Pettersen utlikna til 3-3 og gav dei grønne et håp om å vinne tuerneringa for første gang. Gjerdsvika brende også eit straffespark i kampen som keeper Jim Johansen redda, og dermed måtte det ekstraomganger til for å avgjere finala.
Det var Frode Myrhol som blei spelt fri av Frank Skorpen som tilslutt avgjorde då han dunka ballen opp i motsatt vinkel.
Også bronsjefinalen blei dramatisk etter at Cand Ha Vårte spelte 4-4 mot Moltu, og studentlaget avgjorde kampen først på "sudden death". Cand Ha Vårte sin keeper Ronny Reite blei kåra til turneringens beste spelar.
2000 - Bergsøy slo Kamel
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Vinnalaget Bergsøy 1 med Martin Molnberg, Karl Bjarte Vike, Knut Erik Håheim, Anders Hoff. Framme Frank Skorpen, Tommy Ingebrigtsen, Børge Remøy og Christoffer Nilsen.
Sjølv om kamelane imponerte i turneringa så hadde dei lite å stille opp med mot Bergsøy i finalen. Det blei ein 3-0 siger til Bergsøy over Oddmund Vågsholm sitt lag som hadde spelarar som Vegard Vik, Paul Johan Myklebust, Rune Frantsen (Hødd-spelar), Ronny Reite (Oppdal), Vegard Fiksdal, Jon Robert Moen og Anders Per Vågsholm.
Det var Frank Sverre Skorpen som satte inn kampens første mål, og det var han og Christoffer Nilsen som ordna dei to neste måla også.
Bronsjefinalen blei ein triller denne gangen mellom Moltu og Gjerdsvika. Etter 2-2 blei det straffesparkkonkurranse som herøyværingane vann 8-7.
2001 - Kremen slo Bergsøy
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Kremen med spelarane Eivind Sæter, Lasse Myrhol, Jon Robert Moen, Oddmund Vågsholm, Rune Frantsen, Lars Ivar Moldskred og Lennart Garnes.
Favorittane Bergsøy1 og Kremen møttast i finale og det var Kremen som tok kommando frå første spark på ballen. Etter mange fine kombinasjonar så sendte dei fem ballar bak Bergsøykeeper Knut Erik Håheim, der Rune Frantsen og Oddmund Vågsholm scåra to mål kvar og jon Robert Moen satte det femte målet. Keeper Lars Ivar Moldskred holdt buret reint heile kampen, og dermed var sigeren klar.
På Bergsøy sitt finalelag spelte Martin Molnberg, Anders Hoff, Frank Skorpen, Karl Bjarte Vike, Roy Igesund, Steffen Kvalsund, Christoffer Nilsen, Knut Erik Håheim og Geir Sandnes.
Oddmund Vågsholm blei turneringen toppscorar med 15 mål, mens Anders Vaagen imponerte mykje med sin teknikk og 14 mål.
2002 - Team Fjørtoft til topps
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Bak frå venstre Jan Åge Fjørtoft, Aadne Sandanger, Geir Fjørtof, Magnus Vik Myklebust og Karl Myklebust. Framme Oddvar Myklebust, Magnus Myklebust, Ronny Myklebust og maskotane Marcus Fjørtof og Oscar Sandanger samt Frank Myklebust.
Denne gang var det noko så sjeldant som to lag frå sande kommune som kom til finalen i romjulsturneringa. Team Fjørtoft med sitt familielag møtte Gjerdsvika som tilslutt måtte sjå seg slått med 4-2.
Les mer og sjå fleire bilder:
Romjulsturneringa 2002
2003 - Bergsøy vann mot Tjørvåg
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Bergsøy jublar, framme Kim Vågeskar, Jonny Moltubakk, Lars Conradi Andersen og Frank Haraldsvik. Bak Per Ståle Nykrem, Vegard Sævik, Frank Skorpen, Steffen Kvalsund og Rune Frantsen.
Det var ei jamn og spennand efinale som Bergsøy vann med den knepne marginen 1-0 etter at teknikaren Johnny Moltubakk satte ballen sikkert i hjørnet bak høddkeeper Lars Ivar Moldskred. Tjørvåg var også forsterka med spelarane Oddmund Vågsholm og Kristian Berge, og Oddmund som for tida spelar i Follo brillierte også i turneringa.
Den artigaste kampen i turneringa var nok kvartfinalen mellom Gursken og GJerdsvika, og det kokte på tribuna da Gjerdsvika utlikna til 3-3 like før slutt. Johnny Leikanger avgjorde i ekstraomgangane etter berre 20 sekunder da han klinka eit frispark opp i vinkelen.
Gjerdsvika rundspelte seinare Brandal i bronsjefinalen og vann 7-0.
Les mer og sjå fleire bilder:
Romjulsturneringa 2003
2004 - Bergsøy dominerte
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Mats Inge Teige, Steffen Moltu, Halvor Viken, Frank Sverre Skorpen og Pers Tåle Nykrem. Foran Anders Vaagen, Steffen Kvalsund, Johnny Moltubakk og Toni Sandanger.
I finalen vann Bergsøy a1 med 6-4 over Bergsøy 6.div. Anders Vaagen laga to mål og brillierte til tider. Steffen Moltu laga også to mål, medan Per Ståle Nykrem og Frank Sverre Skropen scåra kvar sitt mål. Børge Remøy scåra to for Bergsøy 6.div, mens Roy Igesund og Jan Ove Hansen scåra kvar sitt. Mons Arne Kvalsvik og Jan Ove Hansen samt Marvin Kopperstad var andre spelarar på dette laget.
I bronsjefinalen vann Marken 2-1 mot Gursken/Larsnes i ein jamn kamp som kunne gått begge veier. Marken hadde spelarar som Christoffer Nilsen, Vegard Sævik, Oddmund Vågsholm og Kim Vågeskar.
Les mer og sjå fleire bilder:
Romjulsturneringa 2004
2005 - Gursken var best
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Gursken vann årets turnering fortjent, og gjorde det ved teknisk fin fotball.
Johnny Moltubakk ordna Gursken finaleplassen med goalden goal mål etter at det sto 4-4 mot Bergsøy i ordinær tid. Det forsterka Gurskenlaget som på forhånd var favorittar klarte dermed å komme seg forbi kanskje det største hinderet på veien mot cupsiger.
Magnus Myklebust og Eivind Mikael Myklebust var gode spelarar for Gursken, og dei fekk møte laget Lokomotiv Oslo i finalen. Det var nettopp Magnus og Eivind som scåra måla til 2-0, før Arthur Garnes reduserte for Lokomotiv Oslo, men Magnus Myklebust avgjorde kampen til Gurskens fordel med si 3-1 scoring.
15 lag var med i turneringa der sacre Blanc slo Bergsøy med 6-4 i ei underhaldande bronsjefinale.
Les mer og sjå fleire bilder:
Romjulsturneringa 2005
2006 - Gursken vann igjen
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Anders Vaaagen med pokalen jublar for ein ny Gursken siger. Fra venstre Eivind Mikael Søvre Myklebust, Johnny Moltubakk, Tor Eirik Saure, Frode Moltubakk, Tor Erik Sande, Bjørn Åge Storegjerde, Thor Richard Isaksen, Steffen Moltu, Thomas Sætre Hauge, Leiv Sindre Muren og Kevin Myklebust.
For andre år på rad gikk Gursken til topps i Statoil-cup, og i finalen utklasse dei Team Full of Carraghers 5-1 etter ei effektiv oppvisning. Det var ikkje kven som helst dei slo i finalen, det var gode spelarar frå Hødd i Øystein Vik Myklebust, Oddmund Vågsholm, Ronny Jørgensen, Harald Åsland Riise og ikkje minst Ålesundspelar Dag Roar Ørsal.
I finalen gikk Gursken raskt opp i ledelsen etter mål av Johnny Moltubakk og Leif Sindre Muren før Oddmund Vågsholm reduserte, men Muren økte med to nye mål før turneringens beste spelar Johnny Moltubakk fastsatte til 5-1.
I bronsjefinalen vann Sacre Blanc 5-0 mot Ulstein, eit Ulsteinlag som nesten slo ut Gursken hadde det ikkje vore for at Johnny Moltubakk klinka et frispark i krysset ut i ekstraomgangane utakbart for keeper Kim Vågeskar.
Elles spelte David Molnberg, Preben Hestad, Per Ståle Nykrem og fleire andre profilar i ei god turnering der også publikumsfavoritten Gjerdsvika stilte med Mads Andre Værnes, Kjetil Haanes, Nicolai Sandanger og Audun Wingsternes for å nemne nokre.
Dommarar var Geir Ivan Torvik og Morten Digernes.
Les mer og sjå fleire bilder:
Romjulsturneringa 2006
2007 - Team Full of Carraghers
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Bak frå venstre Lars Ivar Moldskred, Sindre Eid, Oddmund Vågsholm og Rune Frantsen. Framme Andre Skotheim, Tor Arild Haddal, Dag Roar Ørsal og Lennart Garnes.
Det var eit heilprofft lag som vann årets turnering der dei tilslutt vann 5-2 mot Myrvåg i finalen. Myrvåg var kanskje ikkje fornøgde med dømminga i finalen, men spelarane Per Ståle Nykrem og Preben Hestad med resten av gjengen skal være fornøgde med sin innsats.
Jarl Åge Vågsholm gav Myrvåg ledelsen i kampen, men Oddmund Vågsholm både utlikna og satte laget sitt i føringa. Utover i kampen blei det Carraghers som tok kommandoen mer og mer.
Det var nok likevel Bergsøy A-lag som var Carraghers sitt største hinder, da laga møttest i semifinalen. Mål av Frank Sverre Skorpen samt Mats Inge Teige og i tillegg eit sjølvmål av Andre Skotheim gjorde at Bergsøy lenge hadde føringa i kampen, men Oddmund Vågsholm var ein av dei som bidrog sterkt til å snu kampen.
Bergsøy spelte også ein jamn kvartfinale der laget spelte 3-3 mot BergsøyB, og Steffen Kvalsund avgjorde på goalden Goal.
Les mer og sjå fleire bilder:
Romjulsturneringa 2007
2008 - Sacre Blanc vann
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Sacre Blanc med Daniel Sandvik, Knut Peter Sævik, Frank Sverre Skorpen, David Molnberg, Roy Igesund og Mats Inge Teige. Foran: Kjell Alfred Otterlei, Arve Kvalsvik, Bjørnar Gundersen og Daniel Jøsok Kvalsvik..
Det var Sacre Blanc som denne gangen gikk heilt til topps mot Larsnes i ei dramatisk finale. Det sto 4-4 til ordinær tid, og dermed blei det "sudden death". To minutter inn i ekstraomgangen så var det Daniel Sandvik som avgjorde kampen mot skuffa Larsnes som også hadde leia med 4-3 berre kort tid før kampen var over.
I finalen var det Daniel Sandvik (2), Daniel Kvalsvik (2) som scora ved full tid, før Sandvik scora sitt tredje i ekstraomgangane. For Larsnes var det Oskar Gunnarstein som først gav Larsnes både 1-0, 2-0 og 3-1 ledelse før Bendik Torset scora lagets fjerde mål.
Toppscorar i turneringa blei Preben Sætre og Lennar Garnes med 10 mål kvar, Frank Sverre SKorpen scora 8 mens Kjetil Paulsen, Thomas Søtre Hauge og Bendik Torset scora 7 mål kvar.
2009 - Gursken tilbake med siger
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Bak frå venstre Kevin Myklebust, Thomas Sætre Hauge, Johnny Moltubakk, Leif Sindre Muren, Preben Stre. Framme Anders Vaagen, Bjørn Åge Storegjerde, Tor Eirik Saure og Eivind Mikael Myklebust
Sacre Blanc kom seg til finalen også dette året, men denne gangen var det Gursken som skulle vise seg å være sterkast etter å ha vunne 2-1 i finalen.
Det var turneringens to beste lag som møttast, og Sacre Blanc tok ledelsen ved Daniel J Kvalsvik. Det såg ut til at Sacre skulle klare å ro iland sigeren, men to kjappe mål av Gursken mot slutten fra Anders Vaagen og Thomas Sætre Hauge gjorde at kampen blei snudd på hodet.
Denne gang var det også ei
jenteklasse (sjå bilde) med, der det blei siger til Bergsøy 95 som vann 2-0 mot Bergsøy 96. Måla blei scora av Veronica Erntsen og Veronica Madsen, mens toppscorar blei Runa Myklebust med 3 mål.
Det deltok også ei mosjonsklasse og ei guteklasse denne gangen, og det blei ein suksess med mange lag.
2010 - Oransj frå Volda
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Oransj med to "herøyværingar" i Isak Husøy framme til høgre og Hans Husøy bak til venstre.
Sacre Blanc har hatt til vane å kome til finale siste åra og også denne gangen, men dette året var det Oransj som skulle vinne finalen. Frank Sverre Skorpen gav Sacre Blanc ledelsen 1-0, men Hans Husøy utlikna kort tid etter.
Daniel Sandvik gav Blanc ledelsen på nytt, men laget frå Volda snudde til 3-2 med scoringar av Tobias Evenbø og Hans Husøy. Husøybrødrene er son av tidligare Bergsøykeeper Arnvid Husøy.
Frantz Frantzen blei turneringens toppscorar med heile 21 mål, mens det innimellom også blei spelt nokre showkampar i løpet av turneringa.
Det var også to jentelag som spelte denne gangen, og dei spelte 2-2 mot kvarandre etter mål av Runa Frantsen og Lovise Frøystadvåg samt Miriam og Hanne Johannessen. Lagnamna var "Heidi" og "Silje mot Andrea og Lovise".
2011 - Bergsøy vann mot Gursken
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Bak frå venstre Daniel Sandvik, Ole Magne Rotevatn, Frank Sverre Skorpen og Joakim Bakke Muren. Framme Kjetil Paulsen, Aleksander Dahle, Arve Kvalsvik og Fredrik Muren.
Det var Bergsøy som gikk til topps denne gangen mot Gursken i ei fartsfyllt finale som endte 4-3. Bergsøy gikk opp i 2-0 ledelse etter to mål av Fredrik Muren, og snart vart det også 4-0 etter at Kjetil Paulsen hadde scora to gangar.
Gursken blei frustrerte, og det kom også et rødt kort til Thomas Sætre Hauge. Likevel blei det spenning ettersom Anders Vaagen reduserte samt at Fredrik Muren måtte vokte Bergsøyburet etter at Arve Kvalsvik blei skada.
Preben Sætre og Anders Vaagen gjorde slik at stillinga blei 4-3 til Bergsøy, og fleire mål kom det ikkje.
Team 81 vann bronsjefinalen mot Doves Misturados med 4-3. Team 81 overraska stort, og tapte først på straffespark mot Bergsøy i semifinalen.
Toppscorar i turneringa blei Eivind Mikael Myklebust med 13 mål.
2012 - Dolce Misturadoen
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Bak frå venstre Isak Husøy, Bjørnar Liaskar, Ole Ringstad og Kristian Berge. Framme Kristoffer Sætrenes, Sander Håskjold Nyland, Christoffer Rekdal og manager Per Ivar Kvalsvik..
Manager Per Ivar Kvalsvik hadde satt sammen et slagkraftig lag fra fleire kommuner og Dolce Misturadoes slo også tilslutt Gursken med 2-1 etter "Sudden death" i finalen.
Preben Søtre gav Gursken leiinga, men Bjørnar Liaskar utlikna å frispark. Med 1-1 til full tid blei det ekstraomgangar, og der avgjorde turneringens beste spelar Christoffer Rekdal.
Rekdal brillierte på parketten denne gangen, og var avgjerande også for at laget kom til finalen.
Christoffer Christian Mork blei toppscorar i turneringa med 12 mål, mens Christoffer Rekdal scora 11 sammen med Anders Vaagen og Preben Sætre. Frank Skorpen, Kjetil Paulsen og Henrik Grimstad scora ti mål kvar.
2013 - Gursken
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Bak frå venstre Anders Vaagen, Thomas Sætre Hauge, Anders Rekdal og Jørn Olsen. Framme Leif SIndre Muren, Preben Sætre, Olav Rekdal og Tor Erik Saure.
Da var Gursken tilbake på tronen etter ha slått LT United med 4-1 i finalekampen i årets romjulsturnering. LT besto av litauske spelarar som arbiedde hos Marine Harvest, og dei imponerte tidvis i turneringa. Endel skader og tunge bein gjorde at dei ikkje makta å gi like mykje innsats i finalen.
Det hjalp heller ikkje at keeper Nerijus blei utvist, og Anders Vaagen og Jørn Olsen gav Gursken ledelsen 2-0. Mantas reduserte til 1-2, men Anders Vaagen og Tor Erik Sare avgjorde kampen.
Preben Sætre blei denne gang toppscorar med 13 mål, og Sami Zemichael blei av jurien kåra til spelaren som hadde størt betydning for sitt lag.
2014 - Arisank sank ikkje
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Bak frå venstre Roald Runde, Øystein Runde, Frantz Frantzen, Frank Sverre Skorpen. Framme Aleksander Dahle, Anders Kalland, Bjørnar Gundersen og Kjetil Paulsen..
Det Rundeinspirerte laget Arisank gikk til topps i årets turnering etter at det måtte ekstraomganger til i finalen. Arisank møtte der Gursken som måtte sjå seg slått med stillinga 3-2.
Frantz Frantzen scora det første målet før Preben Sætre utlikna til 1-1 for Gursken. Bjørnar Gundersen økte til 2-1 for Arisank før Jørn Olsen ordna 2-2 på eit frispark som Arisank protesterte stort på. Det var Aleksander Dahle som avgjorde finalen i ekstraomgangane, og han blei også toppscoraren på laget med 9 mål.
Begge semifinalene samt eine kvartfinala blei også avgjort i ekstraomganger dette året, og dermed kan vi konstantere at det blei spelt mange jamne kampar. Eirik Heltne blei toppscorar i turneringa med 11 mål.
2015 - Gursken
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Bak frå venstre Leif SIndre Muren, Jørn Olsen, Anders Vaagen, Tor Eirik Saure, Richard Andreassen Lynge. Framme Steffen Moltu, Johnny Moltubakk, Kurt Ove Longva, Preben Sætre og Magnus Myklebust.
Stjernelaget Gursken vann denne gangen etter å ha slått Doces Misturados med 4-3, der Preben Sætre satte inn det avgjerande målet like før slutt. Doces leia faktisk tre gangar etter scoringar av keeper Petter Aasen og to mål av Christan Mork, men Jørn Olsen, Ander sVaagen og Steffen Moltu ordna 3-3.
15 lag var påmelde, deriblant to lag frå Gjerdsvika. Gursken møtte Bergsøy i semifinale der Bergsøy gikk opp i 2-0 ledelse, men Anders Vaagen og Leiv Sindre Muren ordna balanse. Steffen Moltu laga sjølvmål, men Preben Sætre ordna 3-3, og det måtte straffespark konkurranse til for å avgjere kven som måtte gå vidare. Anders Vaagen ordna den avgjerande straffa til Gursken.
Aleksander Dahle scora 13 mål og blei toppscorar, mens Steffen Moltu blei kåra til turneringens beste spelar. Christian Mork og Eirik Heltne scora 12 mål kvar, mens Preben Sætre og Anders Vaagen hadde 9 mål kvar på samvittigheta.
2016 - Bergsøy vann mot Doces
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Bak frå venstre Thomas Sætre Hauge, Frank Sverre SKorpen, Franjo Tepuric og Eirik Heltne. Framme Daniel Jøsok Kvalsvik, Oliver Voldsund og Andrius Petreikis.
Bergsøy sitt A-lag utklassa Doces Mistrados med 8-3 i finalen, mens Gursken tok tredjeplassen etter ein 7-3 siger mot laget "X".
Den mest spennande kampen var nok kanskje Bergsøy mot nettopp Gursken då laga møttast i semifinalen, der Bergsøy vann 4-3.
I finalen scora Franjo Tepuric (2), Frank Skorpen (2), Eirik Heltne (2), Andrius Petreikis og Daniel Jøsok Kvalsvik. For laget Dos Misturados scora Kristoffer Sætrenes, Jørund Johansen og Bjørnar Liaskar.
Turneringas beste spelar blei Eirik Heltne som i tillegg scora 15 mål og blei toppscorar. Bak seg på mållista var Franjo Tepuric med 10 mål, mens Frank Skorpen, Andrius Petreikis, Preben Sætre, Fredrik Muren og Jonathan Mulelid scora 7 mål kvar.
2017 - Gursken vinner annakvart år
(Gå opp til snarveier)
Gursken vann denne gangen etter ein 4-2 siger i finalen mot Z United. Bergsøy sitt A-lag slo KG i bronsjefinalen. Toppscorer blei Preben Sætre med 8 mål, mens Sander Ulstein, Lasse Myrhol, Anders Vaagen og Robert Vik scora 6 mål kvar.
Preben Sætre blei også kåra til turneringens beste spelar.
2018 - Z United vann på straffespark
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Bildet er tatt av Stian Langlo Driveklepp. Spelarar bak frå venstre Ben Buntu, Gustav Bjørlykke, Markus Kristiansen, Martin Søvik Røren. Framme frå venstre: Andreas Mulelid Kvam, Sami Zemichael og Erik Sundgot Kristiansen. .
Z United blei årets vinnar etter ein finalesiger mot Geitmaren. Geitmaren scora til 1-0 etter mål av Daniel Sandvik, mens Mulelid Kvam ordna 1-1. Joachim Magnussen på Geitmaren ordna ny ledelse, før Martin Søvik Røren ordna 2-2 utlignelse like før slutt.
Dermed måtte finalen over til goalden goal, noko som ingen klarte å utnytte i ekstraomgangane. Dermed måtte finalen avgjerast på straffespark, og der gikk Z United sigrande ut.
Også bronsjefinalen måtte avgjerast på straffespark, der KG slo Bergsøy sitt A-lag. Gursken tapte denne gang mot Geitmaren i kvartfinale.
Toppscorar i turneringa blei Andreas Mulelid Kvam med sine 14 mål, to mål mer enn Martin Søvik Røren. Franjo Tepuric scora 10, mens Joachim Magnussen scora 8.
2019 - Dalane/Toftestøda til topps
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Bak frå venstre Kjetil Paulsen, Daniel Sandvik, Frank Sverre Skorpen, Ronny Pål Kvalsvik, Pijus Marcinkevicius. Framme frå venstre Markus Ihle, Kristoffer Dalstrøm, Vegard Håheim Elveseter og Markus Kvalsvik
Det var forhåndsfavorittane Dalane/Toftestøda og Gursken som møttes i finale denne gangen, og Dalane gikk faktisk opp i 4-0 ledelse etter to mål av Vegard Elveseter samt mål av Kristoffer Dalstrøm og Daniel Sandvik.
Ein skal likevel ikkje undervurdere Gursken, og snart hadde Robert Vik, Christoffer Rekdal og Preben Sætre scora kvart sitt mål. Det blei ein spennande slutt, men det endte altså 4-3 til Dalane.
Anders Helsem Hoff dømte med stødig hånd, og toppscorarar blei Vegard Håheim Elveseter og Christoffer Rekdal med ti mål kvar. Beste spelar var Daniel Sandvik.
2022 - Dalane/Toftestøda vann igjen
(Gå opp til snarveier)
Bildet: Dalane Toftestøda vann for andre gang på rad. Pijus som toppscorer og Daniel Sandvik som turneirngens beste spelar.
Gursken mot Bølandet var ei spennande semifinale, der Leiv Sindre Muren gav Gursken 1-0 og 2-1, men Sander Bøe, Fredrik Muren og Alexander Falkanger gjorde at Bølandet gikk vidare med 3-2.
Dermed måtte Anders Vaagen, Oddmund Vågsholm og dei andre tekniske spelarane på Gursken sjå at Bølandet skulle møte Dalane/Toftestøda i finalen.
Gursken tok tredjeplassen etter ein 6-3 siger mot Fosnavåg, der Andrius Petreikis og to mål av Frank Sverre Skorpen blei kun ei trøst for heimelaget.
Finalen blei ikkje noko spennande, og det blei 5-0 etter 3 mål av turneringas toppscorar Pijus samt at Daniel Sandvik og Younes Hansen scora kvart sitt.
Pijus som blei årets toppscorar for Bergsøy sitt A-lag runda dermed også året med å bli romjulscuppens toppscorar med 10 mål. Daniel Sandvik fekk bestemannsprisen.