Historikk
Bergsøy A-lag keeperar:
KEEPERGUIDEN

Historie:
Bildet: Keeperar tidlig epoke. Nokre av dei som spelte kampar som keeper i Bergsøy sine første år. Følgande perioder: Nils Nilsen (1952/53-1956/57 ), Leif Pettersen (1953/54-1954/55), Kristian Østensen (1955/56-1958/59), Edmund Wiik (Fra 1957/58-1960), Bjørn Ukkelberg (1958/59), Kjetil Reite (1961-1968), Egil Leikanger (1955/56-1965), Sverre Botn (1953/54-1962). Sjå større bilde


Av Steffen HK


Bruk gjerne snarveiene (linkene) i venstre og høgremarg for å komme raskt til den keeperen du vil lese om. Du kan trykke på gul pil for å komme raskt tilbake til toppen av sida.

Trykk her for Informasjon om keepere:
Kommer snart




Debut 1950-Åra

Nils P Nilsen

Nils P Nilsen
(f. 07.07.1934)
Aktiv keeper 1952-1956/57

Han fekk æra av å bli den historiske første keeper benytta av Bergsøy i seriesammenheng 3.august 1952 borte mot Brattvåg. Han var også den mest benytta keeperen den påfølgande sesongen i 1953/54 med 8 kampar, og vidare blei det 5 kampar i 1955/56 og 8 kampar sesongen 1956/57. Vi har notert ned 23 kampar på han, men vi veit han hadde over 25. Med mange kampar spessielt i 4 av dei 5 første sesongene til Bergsøy, er det rett å seie at han var den mest benytta keeperen i Bergsøy si tidligste epoke.

Nils P Nilsen var intressert i motorlære, og var i mange år lærar ved Herøy Vidaregåande skule. Han gifta seg med Hilma Thomassen (1933-2008) fra Brønnøy, og deira to barn busette seg i Stavanger. I 1954 solgte han tomta som då inneholdt Fosnavåg trevarefabrikk - idag Thon hotell.

Lagbilde

Nils P Nilsen som keeper i 1952/53

Lagbilde

20.05.1956 etter 1-9 tap mot SIF

Lagbilde

Bergsøy - Vartdal 8-0, 29.august 1953. Nils Nilsen i mål.



Finn Voldnes

Finn Voldnes
(07.11.1926-27.03.2012)
Aktiv keeper 1952/53

Han var aktiv fotballspelar frå guttedagane og deltok også i skisport, slalom og hopprenn. Han studerte i Oslo og Bergen før han kom tilbake til Fosnavåg i 1952 for å starte livet i familiebedrifta i Nørvågen. Dermed blei det også tid til å være keeper på Bergsøy.

Finn Voldnes var ikkje den første benytta keeperen, men han var likevel den mest benytta keeperen i bergsøy sin debutsesong 1952/53. Det er dermed ikkje feil å seie at Finn Voldnes var den første faste keeper på A-laget, men etter det vi kjenner til så spelte han kampar kun denne eine sesongen. Finn Voldnes var også formann fra 1953 til 1960.

Leiv Pettersen

Leiv Pettersen
(19.03.1925-09.10.2021)
Aktiv keeper 1953/54-1954/55

Han var tidlig aktiv i Bergsøy (sidan 1945), og spelte venstreback i treningskampar allereie i 1949. Det var sjeldant spelarar blei nemnde i avisa, men Leiv Pettersen "var ein spelar som vi kan vente mykje av". Samme året sto det i treningskampen mot Moltu Sildoljefabrikk at "som vanlig var Leiv Pettersen den beste".

Ettersom vi ikkje har lagoppstillinger i 1952/53 sesongen så er den første kampen vi ser Leiv Pettersen spele keeper heime mot Sæbø 9.august 1953. Det vil seie den andre kampen i lagets andre sesong. Bergsøy vann kampen 5-3. Nils Nilsen spelte keeper dei fleste kampane denne sesongen, men Pettersen spelte også keeper dei tre siste kampane. Han må ha spelt bra, for sesongen etter (1954/55) var han fast keeper og spelte 9 kampar i mål. Den sesongen var det kun kampen mot Heid heime han ikkje spelte, då sto Egil Leikanger i mål.

Lagbilde

Leiv Pettersen som keeper i 1953/54

-"Når eg begynde å spele fotball så var det frampå skulen (Skuleplassen ved kirka), og hadde det moro der. Steinete, holete og mykje grus. Mykje skade på knenå. Måla laga vi etterkvart som vi brukte bana. (..) Eg huska godt en gong eg hadde et utkast og såg han (Frank/Frantz) Frantzen sto so godt til. Eg sende avgårde ballen til hånå, og jammen laga han mål. Det var oppå heid. (..) Og no har eg ein som er like god som meg, Daniel.. (Debuterte 2021)"



(Leiv Pettersen i 2019 - Forsvarer og keeper.)

Sverre Botn

Sverre Botn
(f. 07.07.1934)
Keeper 1953/54, 1961-1962

Sverre Botn er blant anna ein av få spelarar for Bergsøy som har scora 4 mål i ein og samme kamp. Han er altså ikkje først og fremst kjend i Bergsøy som keeper, men det har likevel skjedd fleire sesongar at han har vore burvoktar.

Den første kampen vi ser at Sverre Botn sto i mål var 9.mai 1954 mot Guard, ein kamp Bergsøy tapte 1-2. Den neste kampen han står i mål er 20.august 1961 mot Rollon, og også denne endte 1-2. Det første baklengsmålet kom etter møljespel, og det andre kom som følge av eit dårlig utspel fra mål. Men Sverre sto også imål i fire av dei fem neste kampane denne sesongen. I kampen 2.september 1961 heime mot Volda var han av sitt lags beste spillere.

Gunnar Johansen

Gunnar "Ballangen" Johansen
Keeper 1953/54

2.mai 1954 står Gunnar "Ballangen" Johansen ført opp som keeper i bortekamp mot Sæbø. Det blei ein spennande kamp som Sæbø tilslutt vann 5-4. Totalt står han oppførd med 3 kampar i vår adelskalender, han var blant anna utespelar da Bergsøy slo Heid med 11-1 i ein seriekamp i Huldalen. Han var også ei tid slaktar hos Moen. Bildet: Bortekamp mot Sæbø 1954.

Egil Leikanger

Egil Leikanger
Keeper 1954-1965

Egil Leikanger var eit stort friidrettstalent, og han står i vårt rekordregister med Bergsøyrekorder i 60 meter, diskos, kulekast, og lengdehopp uten tilløp. Kanskje ikkje så rart at han prøvde seg imål, men det var ikkje så mykje på fast basis. Sjølv har han sagt han ikkje var noko stort talent i fotball, men at han rakk å spele litt i feriane. Han sto blant anna i mål 29.08.1954 da Bergsøy slo Heid med 11-1 i Huldalen. Vi har vidare notert oss ned 1 kamp i 1956/57, 4 i 1964 og 1 i 1965.
-"Eg fekk schlatters-kne og det var så utprega låkt ei tid at eg sto imål treningar og sånn. Og når vi seinare avogtil mangla keeper så kom jo spørsmålet kven som skulle stå imål. Elles spelte eg midtstoppar. Men eg huska ein kamp på Aksla, då avtalte eg og Olamann Harsvik at vi skulle spele kvar sin omgang i mål. Men han var så snyta god i 1.omgang at det ikkje blei aktuelt å skifte."

Andre gongar hadde vi for monge keeperar. Wiik var der, og Øystein Østensen Goksøyr (f.15.09.1925) var ein kjempekeeper. Men dei reiste vekk.


(Egil Leikanger)


Kristian Østensen

Kristian Østensen
(04.10.1937-02.03.2018)
Aktiv keeper 1955/56-1958/59

Han var keeper i fire sesongar frå 1955/56 til 1958/59, men opplevde å måtte dele ansvaret mellom stengrene med andre i alle sesongane. Han konkurrerte i hovedsak om keeperplassen med Nils P Nilsen, og Edmund Wiik. Han var den mest benytta keeperen i 1955/56 med 8 kampar, og spelte dei neste sesongane 1, 4 og 5 kampar som keeper. Totalt har vi notert ned at han har spelt 20 kampar for Bergsøy.

Kristian Østensen i mål 1955

Kristian Østensen keeper mot Heid

Lagbilde

Kristian Østensen som keeper





Edmund Wiik

Edmund Wiik
Aktiv keeper 1957/58-1960

Edmund var fiskar ombord i remøybåten "Packing", og hadde spelt fleire sesongar for Åndalsnes før han flytta til Fosnavåg. Han har blitt omtala som ein framifrå målvakt av Harald Thorseth. Han var liten av vekst men hadde ei stor rekkevidde og var Bergsøy sin faste keeper i 1957/58 (8 kampar) og 1958/59 (7 kampar).

Debuten meinar vi kom i serieåpninga 11.august 1957 borte mot Moltu (tap 3-1). Han er også den keeper vi har notert ned som vi ser spelte mest i 1960, med 4 kampar.
-"Eg huska en kamp Bergsøy skulle spele utpå Valderøya, eg var nok med som tilskuar. Laget mangla keeper. Men så viste det seg at han som var keeper, Edmund Wiik frå Åndalsnes, var på sjøen. Og dinna båten som han var med på var på vei til lands så dei ropte opp den. Vi som reiste med båt til kamp møtte då den båten utanfor Flø og avtalte at Edmund skulle være med derifrå. Det var spesielt. "



(Kjartan Fagerlund fortalte i 2019.)


Edmund Wiik

Edmund Wiik (Fargelagt av historikk.com)

Lagbilde

Edmund Wiik keeper 1958





Bjørn Ukkelberg

Bjørn Ukkelberg
Aktiv keeper 1958/59

Det er berre to kampar vi har notert ned Bjørn Ukkelberg som keeper, nemlig dei to siste kampana i sesongen 1958/59. Kampane var 24.mai 1959 mot Rollon og 1.juni mot Ørsta, begge kampar i Huldalen. Det blei ein overraskande 3-2 siger mot Rollon etter to mål av Kolbjørn Wickstrøm og eitt mål av ytre venstre. Ukkelberg var av sitt lags beste spillere ilag med senterhalf Kjelstadli og senterløpar Wickstrøm.

God var han også i neste kamp mot Ørsta. Kampen endte 3-3 og best på Bergsøy var keeperen som hadde fleire fine redningar.

Ukkelberg sprang også terrengløp for Bergsøy i 1958 og i 1962 spilte han for fotballklubben Rival.
Bjørn Ukkelberg som keeper for Bergsøy


Harald Arnesen

Harald Arnesen
Keeper 1959

I likhet med Sverre Botn var ikkje Harald Arnesen først og fremst keeper, men i lagoppstillinga heime mot Moltustranda 16.august 1959 står Harald Arnesen ført opp som keeper. Det blei trulig ein rolig dag på jobben ettersom Bergsøy vann kampen 5-0.



Debut 1960-Åra

Olav Harsvik

Olav "Olamann" Harsvik
(13.07.1943-30.04.2020)
Keeper 1961-1962

Det blei ikkje mange kampar som keeper for Harsvik, men så var det heller ikkje keeper han var. Han debuterte på A-laget i 1960, og var eigentlig ein offansiv midtbanespelar. Vi har notert ned kampar som keeper i 1961 og 1962.

I august 1961 hadde ikkje Bergsøy med keeper til bortekampen mot Herd, og da var det Olav "Olamann" Harsvik som måtte trå til mellom stengrene. Om ikkje grasbane var vanskelig nok, så blei det verre uten keeper. Men Olamann bidrog til at det ikkje blei meir enn 3-1 til heimelaget.

Han hadde valgt ein annan taktikk en å halde på den sleipe ballen, og boksa høge ballar ut eller til side for mål. Lave ballar sparka han raskt vekk. I Sunnmørsposten var overskrifta "Bokseoppvisning på Aksla Stadion" og i teksta var det omtale om den "nye Ingo fra Bergsøya". Ingo var tilnamnet itil den svenske storboksaren Ingemar Johansson.
-" Olav Harsvik måtte i mål, to av spelarane m.a keeperen møtte ikkje. Og veit du kva han Hågensen sa då vi fortalde at keeperen vår ikkje kom, så vi måtte ta en av spelarene våre til målmann?". -"Nei?" -"Jøu farr, han Hågensen ville vite korr keeperen vår såg ut når dette var en reservekeeper. Han Olamann var god."

(Petter "Pit" Pettersen )


Kjetil Reite

Kjetil Reite
Aktiv keeper 1961-1968

Han spelte kampar som keeper i kvar sesong mellom 1961 til 1968 og står med 28 kampar i vår statistikk.

Han blei tidlig lagt merke til, og sto som ein tiger i mål i Sunnmørscupen i ein kamp mot Ålesund. Han kom dermed tidlig opp på A-laget, og første kampen var trulig ein fartsfyllt kamp mot Ørsta som endte 2-2 sesongen 1961/62. Det blei likevel ikkje poeng til Bergsøy fordi Ørsta protesterte på at Bergsøy sin unge keeper Kjetil Reite ikkje hadde søkt dispensasjon grunna sin unge alder.

I 1968 blei det litt dramatikk da det tok eit kvarter før han nådde fram til kampen mot Volda, nokon som førte til at Ronald Moen måtte stå i mål. I denne perioden klarte Volda å score, og kampen endte 1-0 til Volda.

Lagbilde

Kjetil Reite som keeper i 1963

Avis

Kamp mot Stranda juni 1965



B.Jensen
Tor Johan Stenersen
Bjarne Leikanger

B.Jensen - Tor Johan Stenersen - Bjarne Leikanger
Keepere sesongen 1961/1962

Denne sesongen var det tydeligvis ikkje lett å finne stabil keeper, og følgande spelte kvar sin kamp (i tillegg til dei meir faste keepere).

Bjarne Leikanger sto imål 10.september 1961 borte mot Aksla, i eit 8-1 tap.

B.Jensen sto imål ein kamp 29.april 1962 heime mot Spjelkavik idet Bergsøy tapte 0-6. I neste kamp spelte han høgreback idet Bergsøy tapte 9-0 mot Sykkylven, og etter det blei det aldri fleire kampar.

Tor Johan Stenersen sto imål 20.mai 1962 borte mot VRF, i eit 9-1 tap.

Kjell Almestad

Kjell Almestad
Aktiv keeper 1962-1966

5.august 1962 var Kjell Almestad lagets bestemann ilag med Kjelstadli idet Volda vann 5-2.

I 1963 var han av dei beste i ein 6-3 siger mot Emblem. I ein kamp mot Mauseidvåg i 1965 fekk Kjell Almestad skryt for å arbeide i stor stil og halde buret reint. Han gjorde ein meget god kamp.

Roger Larsen

Roger M Larsen
Aktiv keeper 1963-1964

Roger Larsen var ein av dalarampane som blei omtala i Harald Thorseth si bok "Fosnavåg før i tida". 6.november 1957 står det i avisa at Bergsøy har fått ein ny bronsjeballgutt, og det med namn Roger larsen. Han fekk sin debut på A-laget i 1962, trulig heime mot Spjelkavik 29.april 1962. Seinare spelte han ytterligare tre kampar dette året, blant anna som innbytter for Kjartan Fagerlund i ein 3-1 siger mot Stordal. Han scora også det siste målet i denne kampen, og det var med andre ord som utespelar han starta å spele kampar.

Den første kampen vi ser han spelte keeper var 4.august 1963 heime mot Sykkylven i eit 0-1 tap. Sykkylven var storfavoritt, men Bergsøy holdt unda til det oppsto ei mølje foran Bergsøymålet der keeperen mista ballen. Neste gang er 21.juni 1964 borte mot Emblem i ein 1-5 siger.

Han blei seinare budsett i Thailand. Bildet: Ca 1964. Harald Arnesen, Kolbjørn Wickstrøm, Kjartan Fagerlund, Kjell Almestad, Jon Helge Kvalsvik, Sverre Botn, Eldar Eilertsen. Framme: Gunnar Kjelstadli, Sigmund Paulsen, Roger M Larsen, Kjell Karlsen og Odd Berge

Stål Lie

Stål Lie
Keeper 1964

Stål Lie er oppførd som keeper i 3 kampar i 1964, derav debuten i serieåpninga 10.mai borte mot volda som endte i 7-2 tap. Neste kamp var 24.mai mot Hareid heime som endte 2-0 til Bergsøy, og den siste kampen var 31.mai borte mot Stordal som endte i 3-1 tap.

Det einaste vi veit om Stål Lie var at han var student frå Mosjøen ved Herøy Yrkesskule i 1964, tegneassistentlinje.

Tor Pettersen

Tor Pettersen
Keeper 1965

Vi har nednotert kun en kamp for Tor Pettersen, og det er heime mot Skarbøvik 8.august 1965. Bergsøy vann denne toppkampen 2-1 og passerte dermed SIF på tabellen for å innta førsteplassen.

Sigleif Karlsen

Sigleif Karlsen
Aktiv keeper 1965-1967

Siglef Karlsen var fast keeper sesongane 1965, 1966 og 1967. Men dei to førstnemnte sesongane var det også endel andre som prøvde seg mellom stengrene. Jan Dypvik, Tor Pettersen, Håkon Harsvik, Kjell Almestad, Egil Leikanger og Kjetil Reite hadde også kampar denne perioden.

Sigleif sto blant anna imål da Bergsøy tok ny klubbrekord i 1966, da Bergsøy slo Sykkylven 11-0, men var også med på å oppleve 1-10 mot Skarbøvik året etter.

Lagbilde

Sunnmørscup 1962. Bergsøy gutteklubb vann med Sigleif Karlsen som keeper (Svart midt nede)

Avis

Kamp mot Volda april 1967

Avis

10-1 tap mot SIF i 1967



Håkon Harsvik

Håkon Harsvik
Keeper 1966

Håkon Harsvik har vi notert ned spilte to kampar for Bergsøy A-lag, begge i august 1966. Den første var SIF - Bergsøy 9-0 og den andre var Bergsøy - Stordal 5-0.

Lagbilde

Keeper Håkon Harsvik på Bergsøy sitt guttelag i 1963. Bak fra venstre: Geir Finn Goksøyr, Jan Dypvik, Knut Teige, Asbjørn Myklebust, Jan Torgersen, Eldar Eilertsen. Framme: Odd Berge, Nils Frantsen, Håkon Harsvik, Knut Igesund og Ronald Moen.



Harald Thorseth

Harald Thorseth
Aktiv keeper 1967-1971

17 årige Harald Thorseth fekk sin debut borte mot Rollon 27.05.1967 og klarte seg godt. Neste sjansen fikk han borte mot Valder 06.08.1967, og det ble skrevet at han var av sitt lags beste spillere. Det var likevel Sigleif Karlsen og Kjetil Reite som spelte dei fleste kampane.

Det tok nokre år før vi igjen ser at Thorset spelte kampar for Bergsøy, men i 1971 fekk han fire kampar med Bergsøydrakta. Kanskje mest minneverdig var kampen på Høddvoll i NM som ved fulltid endte 2-2, men som Hødd vann 5-2 etter ekstraomganger. Kjetil Hasund klarte å score 3 mål på Thorseth i den kampen.

Debuten

På Høddvoll i cupkamp mot Hødd

Lagbilde

Lagbilde 1972



Ronald Moen

Ronald Moen
Keeper 15 minutt i 1968

Ronald Moen har 169 kampar som solid utespelar for Bergsøy, men 25.mai 1968 borte mot Volda måtte han også være keeper. Det blei dramatikk da Kjetil Reite ikkje dukka opp til kampstart, og Ronald måtte trå til med keeperhanskane. Etter 12 minutt måtte han kapitulere for Hans Magnus Helset sitt skudd og 0-1. Kjetil Reite skulle seinare dukke opp, men det blei ikkje fleire mål i kampen.

Jan Karsten Myrhol

Jan Karsten Myrhol
Aktiv keeper 1968-1973

Junioren Jan Karsten Myrhol kom med på A-laget høsten 1968, og debuterte borte mot Spjelkavik 15.juni 1968 etter å ha blitt bytta inn for Kjetil Reite. Snart eigde Myrhol plassen, og han endte opp med å være keeperen som spelte flest kampar (8) denne sesongen. Året etter i sesongen 1969 spelte Jan Karsten 18 kampar idet laget klarte opprykk til 3.divisjon. I den første spennande kvalikkampen mot Sunndal endte han opp med å bli skada, og inn kom debutant Johannes Nørvåg som spelte resten av opprykkskampane.

I 1972 og 1973 var Jan Karsten Myrhol igjen fast keeper for Bergsøy med 16 og 19 kampar desse åra. Til 1974 sesongen blei det skrevet at Jan Karsten Myrhol tok seg eit friår, og Johannes Nørvåg ville ta over som keeper i konkurranse med junioren Martin Pettersen. Han endte totalt opp med 64 kampar for Bergsøy.

Lagbilde

Lagbilde 1973. Jan Karsten Myrhol fast keeper nede nr 2 fra venstre.

Lagbilde

Fred Frantzen, Jan Karsten Myrhol og Knut Teige 1972

Avis

Keeperane 1972 Myrhol og Thorseth



Johannes Nørvåg

Johannes Nørvåg
Aktiv keeper 1969-1982

17 åringen Johannes Nørvåg fekk ein knallstart på si A-lags karriære da han måtte tre inn for ein skada Jan Karsten Myrhol i opprykkskampane 1969. Mot Sunndal vann Bergsøy 1-0 og alt gikk Johannes Nørvåg sin vei: ein gong gikk ballen forbi men den gang stoppa den i ein sølepytt. Jubelen sto sjølvsagt i taket da laget klarte opprykk, og Nørvåg blei fast keeper denne sesongen kun avbrytt av at Bjørn Prytz starta dei to første kampane i serien, og at Jan Karsten Myrhol spelte ein kamp borte mot Molde. Også i 1971 spelte Johs dei fleste kampane, før han foran 1972 sesongen reiste i millitæret.

Han kom tiltake til 1974 sesongen og blei årets keeper i 3.divisjon. Han var vidare fast keeper tilogmed 1977 sesongen idet Bergsøy jakta opprykk til 2.divisjon, før det blei to nye "kvileår" 1978 og 1979. Nørvåg gikk nemlig til klubben Gursken og blei keeper der sjølv om han arbeidde og budde i Fosnavåg. I 1980 og 1981 var han imidlertid tilbake igjen - i dei to sesongane som ofte blir rekna som Bergsøyhistoriens største sesongar, opprykkssesongen og sesongen i 2.divisjon.

Med 156 kampar er det ingen keeper i Bergsøy som har fleire A-kampar enn han.

Debuten

Debuterte til feststemning. Her med Andreas Kvalsund og Kjartan Fagerlund etter 1-0 mot Sunndal i 1969

Avis

Skryt etter debut

Keeperane

Johs Nørvåg og Martin Pettersen 1974

Lagbilde

Johs Nørvåg nede nr 4 fra venstre vann Sunnmørscupen i 1965



Debut 1970-Åra

Bjørn Prytz

Bjørn Prytz
Aktiv keeper for Bergsøy 1970

Bjørn Prytz kom frå Åndalsnes til Hødd og spelte på A-laget i Ulsteinvik sesongane 1968 og 1969. Der opplevde han opprykk og gode kampar før han kom til Bergsøy som trenar i 1970 idet Bergsøy blei klare til 3.divisjon. Sportslig boost for Bergsøy å få tak i ein keeper frå det øverste nivået, men Prytz var bestemt på at dei unge keeperane i klubben skulle nyttast.

Dei to første kampane i 3.divisjon er det likevel Bjørn Prytz som står imål for Bergsøy. Heime mot Molde og borte mot Clausenenga.

Lagbilde

1970 mot Molde

Keeper

Bjørn Prytz

Avis

Knut Teige, Bjørn Prytz og Jack Pettersen

Bilde

Mot Molde i 1970



John Magne Johannessen

John Magne Johannessen
Aktiv A-lagskeeper 1977-1984

5.juni 1977 brakk Johannes Nørvåg ein finger i seriekamp mot Ørsta, og dermed har vi notert at det var duka for debut for den unge reservekeeperen John Magne Johannessen 3 dagar seinare. Debuten blei cupkamp heime mot Ålesund, ein kamp bortelaget vann 1-0 etter eit skot Johannessen var sjanselaus på. Han gjorde ein god kamp, og neste seriekamp heime mot Skarbøvik spelte han seg godt opp i den andre omgangen, og kampen endte 0-0.

Det blei 4 kampar i 1977 sesongen, to kampar i serien der han holdt nullen og 2 kampar mot Ålesund (cup og serie) som endte med tap. Den komande sesongen 1978 skulle 20 åringen med tittel gymnasiast bli førstekeeperen til Bergsøy i kamp mot Johnny Pettersen (19 år fryseriarbeidar) og Martin Pettersen (21 år anleggsarbeider). I ein kamp mot Sunndal måtte han kapitulere for to straffespark sjølv om han først redda det eine, i ein kamp Bergsøy tapte 2-4.

Vi har registrert 2 kampar på John Magne i 2.divisjon 1981, borte mot Sogndal (0-4) og heime mot Steinskjær (2-3). Bergsøy sleit i botnen av serien og måtte som kjent ta den tunge veien ned tilbake til 3.divisjon.

Kampbilde

Mot SIF 12.06.1977

Kampbilde

Mot Kristiansund 1977



Martin Pettersen

Martin Pettersen
Aktiv A-lagskeeper 1977-1989

I 1972 nemnes det at Martin Pettersen bør være god nok for guttekretslaget. I 1974 skulle juniorkeeper Martin Pettersen konkurrere med Johannes Nørvåg om keeperplassen, men vi har ikkje registrert nokon A-kamp på Pettersen før bortekampen mot Kristiansund 25.september 1977. Dette var siste serierunde for sesongen, og Johs Nørvåg var bortreist i bryllup. Med siger kunne Bergsøy ha muligheten for opprykk, men det blei eit 1-0 tap etter ein uheldig situasjon ved eit tilbakespel. Tilbakespelet blei vanskelig for Pettersen å halde, og returen blei satt inn av KFK sin spiss som dermed sikra seriemesterskapet til sitt lag.

I 1978 fikk han prøve seg i 2.omgang mot Sunndal, men kort tid før slutt fikk han et spark i beinet og trulig røk achillessen. Kvart lag fikk ein mann til sjukehus i den kampen. Gjennombruddet skal først kome som 22 åring i 1979: endelig førstekeeper og får 21 kampar i buret. Idet Nørvåg kom tilbake til Bergsøy i 1980 fekk klubben eit luksusproblem på keeperplassen. Pettersen spelte best av dei to i ein treningskamp mot Hødd, men sleit samtidig med ei håndskade.

I 1982 var Martin Pettersen igjen hovedkeeper. Han hadde satsa for fullt frå høsten av, mens Johs Nørvåg kom seint igang med trening og fikk ryggplager. Pettersen hadde likevel imponert såpass at ein Nørvåg i toppform skulle fått problem med å spele seg inn. Nørvåg fikk berre ein kamp denne sesongen, mens Pettersen no var fast keeper både 1982 og 1983 sesongen. Han spelte fleire kampar kvar sesong tilogmed 1989 sesongen, blant andre 19 kampar som fast keeper i 1988.

Med 122 kampar på Adelskalenderen er det kun Johannes Nørvåg som har fleire keeper-kampar enn Martin Pettersen.

Lagbilde

Lagbilde 1973

Lagbilde

Lagbilde 1983

Lagbilde

Måløycup 1979. Kjetil Hasund scorer på Martin Pettersen

Slenger seg 1980

Martin Pettersen. Foto av Harald Thorseth.



Sindre Ryssevik

Sindre Ryssevik
A-lagskeeper 1978

Sindre Ryssevik kom fra Moltustranda midt i 1978 sesongen og fekk 4 til 8 kampar. Debuten kom heime mot Skarbøvik i ein 1-0 siger. Også Bård Ottesen debuterte denne kampen.
-"Jeg var litt nervøs, men det gikk over så snart jeg ble varm i trøya.

(En strålende fornøgd Sindre Ryssevik etter debuten sin for Bergsøy. Han var nok den gladeste spilleren på stadion etter sin gode debut)
Ryssevik spelte gode kampar, men meldte etterkvart overgang til Os. Han tok nemlig politiutdannelse i Bergen, og ønska ikkje å pendle så langt for å spele kampar. Statistikken vår for 1978 sesongen er mangelfull.

Ryssevik

Sindre Ryssevik

Kampbilde

Sindre Ryssevik ligger på bakken mot SIF 1978



Arnvid Husøy

Arnvid Husøy
Aktiv A-lagskeeper 1979-1984

19.mai 1979 spelar Bergsøy heimekamp mot Ørsta. Martin Pettersen blir skada halvveis ut i den andre omgangen etter eit hardt sammenstøt med Stein aam, og fekk trulig hjernerystelse. Det er klart for debuten til 17 årige Arnvid Husøy i Bergsøymålet.

I juni 1980 kunne Husøy få meir speletid ettersom Johs Nørvåg fekk ei skade og Martin Pettersen var reist vekk på Inter Rail - men Arnvid hadde eit brote ribbebein. I 1983 ble Husøy dagens helt i ein kamp mot Kristiansund på Bergsøy Stadion. Martin Pettersen måtte trekke seg like før kampstart på grunn av skade, og Husøy hadde ein stor del av æra for at Bergsøy vann 1-0. Deretter spelte han fleire kampar og endte opp med 8 kampar i buret denne sesongen.

I 1984 reiste han til Bergen for å studere, men det blei ein heimekamp på han mot Jotun ettersom Jarl Remøy var og Martin Pettersen fortsatt var skadet. Han greidde seg imidlertid godt.

Slenger seg 1979

Sitt første baklengsmål i Bergsøydrakta, i debuten 1979.

1983

800 tillskuere såg at keeperne holdt nullen da Bergsøy og Hareid møttes i 1983

Bilde

Bergsøy Juniorlag 1978. Bak fra venstre Arnvid Husøy, Ivan Myklebust, Bård Ottesen, Kjetil Goksøyr, ØyvindMøller, Anders Almetad, Tom Bøe, trond paulsen og Frode Wilhelmsen. Framme Robert Hjelmeseth, Arthur Almestad, Tonny Pettersen, Gullik Kjelstadli, Per Jan Brekke, Geir Egil Olsen, Edvard Kvalsund og Trond Vike.



Debut 1980-Åra

Frank Otto Frøytadvåg

Frank Otto Frøytadvåg
Aktiv A-lagskeeper 1982-92


14.mai 1981 får Frank Otto Frøystadvåg skryt etter at juniorlaget slår Hødd 3-0. Marvin Arnesen scora alle tre måla og var ein spelar vi får høre meir om.

Året etter får Frank Otto Frøystadvåg sin Bergsøydebut borte mot Hareid den 31.mai 1982. Martin Pettersen skada seg, og inn kom debutanten Frøystadvåg. Det blir berre denne eine kampen dette året. I 1985 spelte Bergsøy i Huldalen i avvente på nytt grasdekke på stadion, og Frøystadvåg spelte ein feilfri kamp heime mot Hessa i juli - siste kampen før dei håpte grasbana blei tatt i bruk igjen.

-"Johs Nørvåg burde bli årets spelar i 3.divisjon fordi han er sikker og god i feltet og på streken og viser god lagånd. I hele sesongen har han vist glimrende spill."

(Frank Otto Frøystadvåg i 1980 )


Jarl Remøy

Jarl Remøy
Aktiv A-lagskeeper 1984-1988

I 1984 var det eit generasjonsskifte i Bergsøy, og det blei ein knallstart for den unge junioren Jarl Remøy i Bergsøyburet idet sesongstarten var borte mot Ålesund. Allereie etter to minutt var den første ballen imål bak debutanten. Kampen endte 5-0 til heimelaget, og Jarl Remøy var lagets bestemann. Bestemann var han også fleire andre kampar, blant anna mot Fyllingen tiltross 1-2 tap. Han var "utvilsomt dagens beste bergsøyspiller" sto det.

Jarl Remøy sto flest kampar i mål i 1984. I ein god kamp borte mot Ny-Kronborg skjedde det noko så sjeldant som at han fekk frispark mot seg fordi han tok for mange skritt under eit utspel. Heimelaget scora eit trøstemål på det påfølgande frisparket. Det står vidare i ein kamp mot Fyllingen at den unge 17 åringen Jarl Remøy blir sikrare for kvar kamp, og at nokre av redningane smakte det fugl av.

Bilde

Jarl Remøy i ein kamp mot Os i 1984



Johnny Pettersen

Johnny Pettersen
Aktiv A-lagskeeper 1984-1985

Han fekk sin debut 06.08.1984 i seriekamp heime mot Ålesund i ein kamp som endte med 0-2 tap. Dette var fjerde gang denne sesongen at Bergsøy hadde ny keeper i målet, 2 var til denne kampen skada og den tredje var utilgjengelig, men Johnny Petterse greidde seg etter måten bra, sto det i teksta. I den påfølgande seriekampen borte mot Sandviken 12.08.1984 står det at Johnny Pettersen spelte ein god kamp og ikkje kunne lastast for nokon av dei tre baklengsmåla.

Det var ein ustabil sesong for Bergsøy i 1984, og Johnny spelte sin fjerde kamp i den siste kampen for sesongen som endte med 5-4 tap mot Jotun og nedrykk. Bergsøy hadde ledelsen 4-1. Johnny spelte også kampar i for Bergsøy i det som heitte U-serien (Rekrutteringsserie) i 1984, blant anna borte mot Rosenborg i eit 10-0 tap. Han spelte også (minimum) 2 kampar i 1985, mot Sykkylven og Volda.

Kampbilde

Johnny Pettersen for Bergsøy mot Rosenborg i 1984. Bergsøy låg under 0-7 til pause.



Gullik Kjelstadli

Gullik Kjelstadli
En kamp i 1985

Gullik Kjelstadli i mål? Ja, i 1985 i ein kamp mot Brattvåg debuterte Gullik Kjelstadli som keeper ettersom keeper Frøystadvåg vrei kneet og innbytterkvota var brukt opp. Gullik sto bra i mål, men måtte kapitulere to gangar mot slutten i det Brattvåg vann kampen 6-1.

Kampbilde

Gullik er oppe i ein duell som keeper i kampen mot Brattvåg.



Nick Sandanger

Nick Sandanger
Aktiv A-lagskeeper 1987

Nick Sandanger kom frå Gjerdsvika og debuterte for Bergsøy mot Ørsta i serieåpninga i 1987, og det blei den beste serieåpninga Bergsøy hadde hatt på mange år, og Nick hadde ein rolig debut unntatt eit frispark frå 30 meter som suste imål.

Han var Bergsøys bestemann i kamp borte mot Vartdal, og han blei også helten i straffesparkkonkurranse da han redda skuddet til Arild Godø i seriekampen mot Aksla. redninga ordna Bergsøy eit ekstra poeng i serien, og Nick Sandanger er den einaste Bergsøykeeper som har opplevd å vinne ei straffesparkkonkurranse i offisiell A-kamp.

Vi har notert oss ned at Nick spelte 11 kampar i 1987. I august ser vi at han spelar kampar for Gjerdsvika, og scora blant anna eit mål mot Larsnes.

Bilde

Trenar Harald Møller og keeper Nick Sandanger 1987



Steinar Djupvik

Steinar Djupvik
Aktiv A-lagskeeper 1987

i 1986 spelte Steinar Djupvik frå Tjørvåg på Haddal. Vi meinar Bergsøydebuten til Steinar Djupvik kom 08.08.1987 borte mot Brattvåg. Martin Pettersen var skada og Steinar Djupvik steppa inn på kort varsel og gjorde eit solidt inntrykk i ein kamp Bergsøy tapte 2-4.

Steinar Djupvik gjorde også godt intrykk sin første heimekamp for Bergsøy den 14.august 1987 heime mot Mauseidvåg i 1987. Kampen endte 1-1, noko som dette året betydde straffesparkkonkurranse. Etter 4-4 i straffekonkurransen skaut Lars Ove Almestad høgt over på den siste straffa.

Djupvik står med 8 kampar for Bergsøy i 1987, deriblant eit trist 9-0 tap for Volda som suste mot opprykk.



Kurt Ove Longva

Kurt Ove Longva
Aktiv A-lagskeeper 1989-91

Kurt Ove Longva har ei lang rekke kampar for Larsnes/Gursken, men var også Bergsøy sin faste keeper sesongane 1989 (16) og 1990 (22). Det blei også tre kampar i 1991.

Tli 1989 sesongen hadde Martin Pettersen lagt keeperhanskane på hylla, og det blei ein pangstart for Kurt Ove Longva i Bergsøyburet. I cupkampen mot Ellingsøy holdt Bergsøy på å ryke ut like før slutt. Med stillinga 0-1 fekk Ellingsøy straffespark to minutt før full tid, men Kurt Ove Longva redda elegant skuddet frå Frank Thomassen. To minutt på overtid satte Tony Pettersen inn utlikninga som ordna ekstraomganger. Henning Solem ordna sigeren i ekstraomgangane.

1971 modellen fikk 41 kampar i Bergsøydrakta.

Bilde

Bergsøykeeper Kurt Ove Longva ilag med Ray Clements på keeperskule

Bilde

Lagbilde 1990



Lennart Markestig

Lennart Markestig
Aktiv A-lagskeeper 1989

Svenske Lennart Markestig fekk sin debut for Bergsøy heime mot Vartdal 3.juni 1989. Han gjorde eit såpass godt inntrykk i debuten at han blei kåra til Bergsøys bestemann.

-"Den samme Lennart gjorde forøvrig et godt inntrykk, og redda glimrande ved et par høve. Han skal imidlertid forlate Herøy om et par ukers tid, og da er det å åpe på at Kurt Ove Longva er tilbake etter skade".

Markestig fekk 3 kampar i Bergsøytrøya denne sesongen.

Debut 1990-Åra

Per Gunnar Djupvik

Per Gunnar Djupvik
Aktiv A-lagskeeper 1991-93

Ifølge vår statistikk fekk Per Gunnar Djupvik debuten sin heime mot Stordal 14.mai 1991 i sesongens fjerde kamp - og han beholdt plassen som førstekeeper ut resten av sesongen. I 1993 spelte Ronny Osnes den første kampen, men fra den andre kampen der "Peggy" parerte mesterlig en sjanse så spelte han 10 seriekampar den sesongen.

Bilde

Arild Kvalsund, Bjørnar Bendal, Geir Sandnes og keeper Per Gunnar Djupvik tilbake i 1991.

Bilde

Lagbilde 1991



Ronny Osnes

Ronny Osnes
Aktiv A-lagskeeper 1992-93


Ronny Osnes spelte for Hødd, blant anna i 1988 i 3.divisjonskamp mot Hareid med 1400 tillskuerar på Hareid Stadion. Den gang var han tredjekeeper og fekk spele fordi Arve Løset var skadd, og at andrekeeper Bård Ringstad skada seg tidlig i kampen. Osnes spelte på samme juniorlaget som Andre Nevstad, som blant anna vann si eiga juniorturnering i 1989 mot lag som Molde og Ålesund.

I 1990 prøvespelte han for Bergsøy og gjorde sine saker bra i ein kamp Bergsøy mot Sande, men turen gikk til Haddal i 4.divisjon, mens han melder overgang til Hareid i januar 1991. Til sesongen 1992 melder han overgang frå Hareid til Bergsøy og får Trond Paulsen som spelande trenar ilag med Asbjørn Myklebust. I Bergsøy blir han førstekeeper i 1992 sesongen og spelar 18 kampar i konkurranse med Frank Otto Frøystadvåg og Ronny Reite. Etter ein 3-3 kamp borte mot Langevåg måtte Osnes til sykehus for å sy ei åpe kutt etter ein stygg kollisjon med Ronny Fiskerstrand.

I kampen mot Langevåg på heimebane tok hanrevansje, og tittelen til kampen heiter Osnes berga Bergsøy. Han var banens beste og hadde fleire tiger-redningar. Ronny Osnes spelte totalt 19 kampar for Bergsøy før han i 1994 returnerte til Hareid. Dei siste 20 åra har han vore mest kjend som keepertrenar (Hødd og landslagets J19) og i det siste også trenar for damelag til Hødd.

Bilde

Lagbilde 1992

Bilde

Ronny Osnes og Kjartan Kleppe på prøvespel for Bergsøy i 1990



Ronny Reite

Ronny Reite
Aktiv A-lagskeeper 1992-93




Bilde

Lilleputter i Bergsøy 1985. Foran fra venstre Kennet Valø, Andre Woldsund John Bjørlykke, Ronny Reite, Rune Sævik og Eivind Sævik. Bak fra venstre: Fred Prytz, Henning karlsen, Sindre Hjorthaug, Hans Almestad, Sveinung Leine, Frode Remøy.

Bilde

Lilleputtlaget vann KM i 1985. Asbjørn Myklebust, Kennet Valø, Fred Prytz, Bjørnar bendal, Endre Rudolfsen, Sindre Hjorthaug, Henning Karlsen, Andre Voldsund, Jens Hjorthaug. Framme Martin Torvik, Per Hugo Torvik, Erling Sundal, Ronny reite, Jan Erik Bjørlykke, Rune Sævik, Per Odd Kvalsund og Eivind Sævik.



Roger Vollan

Roger Vollan
Aktiv A-lagskeeper 1994-1995


Roger Vollan var førstekeeper i sesongane 1994 og 1995. I 1995 hadde Bergsøy ein storsesong og presterte opprykk frå 4.divisjon. Keeperen som også hadde spelt for KIL/Hemne sto også imål under showkampen mot Fjørtoft og co foran VM 1994, og redda ei straffe fra Jan Åge Fjørtoft.



Bilde

God keeper Roger Vollan flankert av Arild Kvalsund og Tobben Leikanger



Trond Bø

Trond Bø
Aktiv A-lagskeeper 1995-1999

Trond Bø var keeper på Hødd ilag med blant andre Arild Sundgot, Stig Haugland og keeperkollega Thomas Vik Myklebust. I 1995 kom han til Bergsøy og fekk oppleve opprykk med Bergsøy, han spelte tre av dei siste kampane i sesongen. Debuten var heime mot Skodje i det som var ein av sesongens dårligste kampar. Det blei eit heimetap 0-1, men Pravda seier den nye keeperen gjorde eit godt inntrykk, spretten og rask med godt grep. Mot Hovdebygda hadde han ei trippelredning og fekk skryt for reaksjoner i klasse, og mot Harøy borte var han stødig og hadde etpar kjemperedningar.

Til sesongen 1996 blei han førstekeeper for laget og spelte 22 kampar den sesongen.

Bilde

Bergsøy 1996. Bak fra venstre: Arve Helsem leine, Lasse Myrhol, Arild Kvalsund, TorbjørnLeikanger, Stian Elvesæter, Willy Solvang, Vebjørn Sandvik, Olav Elias Torset, Lennar Garnes, Jon Robert Moen. Midten: Sigmund Nymark (Oppmann), Tom Baddari (Trenar), Fritz Longva, Arthur Solvåg, Tonny Pettersen, Lars Ove Almestad, Nils Roger Paulsen, Preben Hestad, Erlend Eide Vike. Framme: Ronny Pål Kvalsvik, Frank Sverre Skorpen, Trond Bø, Jarl Åge Vågsholm, Kristian Berge.



Geir Magne Haukås

Geir Haukås
Aktiv A-lagskeeper 1997-1998

Ifølge våre tall spilte han (minst) 8 kampar i 1997 og 1 kamp i 1998. Borte mot Brattvåg i 1997 var han uheldig og mista ein ball etter corner tidlig i kampen, og Roger Grytten ordna 1-0 etter 6 minutt. Han hadde ei nærvøs åpning, men kjempa seg stort opp og hadde ei fantomredning da Erlend Fjørtoft skaut frå kloss hold. Han skulle også redde eit straffespark fra Svein Åge Klokk seinare i kampen.

I ein kamp mot Stranda i 1997 blei det skrevet i kampreferatet at alle dei frammøtte på Stranda stadion fekk oppleve eit talk-show underveis i kampen. Keeper Geir haukås var svært snakketrengd da han fekk haustsola i augene, og heile den andre omgangen var det stadig dialog med publikum. Også mot Aksla samme sesongen sto det skrevet i Sunnmørsposten at keeper Haukås var banens suverent mest snakkesalige. Han "Hjalp" dommeren gjennom heile kampen og kommenterte hvert einaste spark på ballen. Geir Haukås er også blitt nasjonalt kjend etter sin opptreden i Farmen.

Lars Ivar Moldskred

Lars Ivar Moldskred
Aktiv A-lagskeeper 1998-1999

Den 194 centimeter høge keeperen fra Tjørvåg gjorde tidlig inntrykk på Bergsøytreningane. Det var ikkje lett å score på keeperen med den lange rekkevidda, og han var uredd idet han slengte seg fram i beina på angriparane med hodet først.

Lars Ivar gikk vidare til Hødd der han spelte 142 kampar og scåra eitt mål i perioden 2000 til 2004. Målet var 6-0 målet i ein 7-0 siger mot Lørenskog 16.juni 2002. Det store høgdepunktet kom idet han redda fleire straffer mot Rosenborg i NM-cupkamp på Høddvoll, som bidrog til at Hødd gikk seirande ut av straffesparkkonkurranse.

I perioden 2004 til 2007 spelte han 22 kampar for Molde (debuterte i Tippeliga for Molde i 2004) før han i 2007 til 2009 spelte 8 kampar for Lillestrøm. Debuten for Lillestrøm var borte mot Strømtsgodset 28.juni 2008, klubben han frå 2009 skulle spele 26 kampar for.

I 2010 trente Moldskred med Kongsvinger, men klubben endte opp med å ansette Thomas Myre. Turen gikk deretter vidare til utlandet, og han står oppført med 25 kampar for KR Reykjavik.

Bilde

Bergsøy 1999

Bilde

Team full of Carraghers deltok i Statoil Cup i Herøy 2008. Frå venstre bak Lars Ivar Moldskred, Sindre Eid, Oddmund Vågsholm, Rune Frantsen. Framme Andre Skotheim, Tor Arild Haddal, Dag Roar Ørsal og Lennart Garnes.



Morten Reite

Morten Reite
Aktiv A-lagskeeper 1999

Det blei med 2 A-kampar for Morten Reite, den eine seriekamp og den andre cupkamp i 1999. Det var ikkje lett å kome inn på laget når førstekeeperen heitte Lars Ivar Moldskred, men 8.mai 1999 blei Moldskred utvist etter 43 minutt i kamp borte mot Ellingsøy og Reite blei bytta inn. Morten fekk desverre eit uheldig mål mot seg tidlig, og blei noko prega av dette også resten av kampen.

Cupkampen Morten spelte var borte mot Åram. Denne gangen blei Lars Ivar Moldskred skada, og Morten kom inn i det som skulle bli ein spennande cupkamp. Etter 2-2 i ordinærtid var det Åram som trakk det lengste strået og vann 4-3 etter ekstraomganger.

Debut 2000-Åra

Frank Haraldsvik

Frank Haraldsvik
Aktiv A-lagskeeper 2000-2004

Til sesongen 2000 gikk Lars Ivar Moldskred og Rune Frantsen til Hødd, og keeper Frank Haraldsvik gikk motsatt vei. Han markerte seg tidlig og blei blant Bergsøy sine beste spelarar i fleire kampar. Heime mot Åram/vankam var det berre ein opplagt Haraldsvik som hindra større tap, og det blei 3 poeng på sumpens spelarbørs. Også borte mot Åram var han lagets bestemann, og det blei 18 kampar på keeperen denne sesongen.

I 2001 og 2003 har vi notert ned 1 kamp kvart år på Frank, mens han i 2004 var tilbake fra studier og spelte 11 kampar. I serieåpninga mot Spjelkavik i 2004 var igjen Haraldsvik lagets bestemann, og redda blant anna ei straffe fra Kristian Lie. Seinare spelte Haraldsvik for Lokomotiv Oslo, Flø og Hasundgot.

Bilde

Frank Haraldsvik og Rune Frantsen mot Spjelkavik i 2004

Bilde

Mot Spjelkavik i 2004

Bilde

Mot Åram i 2000



Alexander Goksøyr

Alexander Goksøyr
A-lagskeeper 2001

Til ein kamp borte mot Langevåg i 2001 mangla Bergsøy ein god del spelarar, deriblant begge sine to faste keeperar. Dette betydde at det var duka for ein ny debutant i mål, Alexander Goksøyr. Det gjekk ikkje så veldig bra resultatmessig ettersom det ble eit historisk stort 0-13 tap, men Goksøyr var ikkje blant lagets dårligste spelarar. Høgdepunktet i kampen var idet sluttsignalet kom.

Knut Erik Håheim

Knut Erik Håheim
Aktiv A-lagskeeper 1999-2004

Knut Erik Håheim har klart å kombinere handball og fotball, og vore ein solid og sympatisk keeper på begge arenaene. Den første kampen vi har notert ned Knut Erik spelte var heime mot Ha/No 7.juli 1999, og det blei kampar også dei neste 5 sesongane. 21.april i 2002 var han eit offer for eit av dei merkeligaste baklengsmåla Bergsøy har hatt, som også blei nemnt i VG. I andre ekstraomgang borte mot VRF tok heimelagets keeper eit utspel som stussa i bakken og gikk rett imål over Knut Erik.

Til sammen har vi notert ned 31 kampar på Knut Erik Håheim i Bergsøydrakta.

Bilde

Frå debutkampen 1999

Bilde

Lagbilde 2004



Martin Løseth

Martin Løseth
Aktiv A-lagskeeper 2001-2002

I år 2000 spelte ex-hødd spelaren Martin Løseth fotball for Carson-Newman collage i Tennessee. Debuten for Bergsøy meinar vi var 18.august 2001 borte mot Hareid, der Løseth ikkje kunne hindre at heimelaget vann 1-0 etter eit straffespark.

I 2002 opplevde Løseth og Bergsøy ein kjempesesong, og gikk gjennom 3.divisjon ubesigra. Spikeren i kista var det Martin Løseth som fekk æra å utføre, nemlig 4-0 målet mot tittelutfordrer Volda på heimebane i Huldalen. Målet kom etter 86.minutt på straffespark. Det gikk litt verre i kvalifiseringa for opprykk, der Averøykameratane blei for sterke spessielt på bortebane. Martin Løseth blei utvist etter

Bilde

Bergsøy 2002. Bak fra venstre: Raymond Leine, Kristian Berge, Rune Frantsen, Frode Myrhol, Roy Igesund, Martin Molnberg, Mons Arne Kvalsvik, Trond Paulsen, Arve Leine, Jarl Åge Vågsholm, Anders Per Vågsholm, Steffen Kvalsund og Gudmund Hopen. Framme: Karl Bjarte Vike, Martin Løseth, Børge Remøy, Christoffer Nilsen, Anders Helsem Hoff, Knut Erik Håheim, Lars Conradi Andersen, Vegard Sævik, Frank Sverre Skorpen, Arild Kvalsund og Arvid Kvalsund.

Bilde

Treningsleir i Danmark 2002.



Kim Vågeskar

Kim Vågeskar
Aktiv A-lagskeeper 2003-2010

Kim Vågeskar fekk sin Bergsøydebut heime mot Brattvåg i NM-cupkamp 21.april 2003, og han holdt nullen i ein 1-0 siger. Han var fast keeper heile sesongen, og spelte 23 kampar i sin debutsesong. Sesongen 2004 blei det 5 kampar. Vi finnar han så i eit innhopp i 2006, før han kommer tilbake for fullt i 2009.

Etter fleire år borte blei det eit ledelig gjensyn til sesongane 2009 og 2010 der han spelte 18 og 20 kampar. Tilsammen blei det 67 kampar i Bergsøydrakta.
Bergsøylaget 2010


Vebjørn Sjåstad

Vebjørn Sjåstad
Aktiv A-lagskeeper 2004-2015

Vebjørn Sjåstad fekk sin debut som keeper for Bergsøy heime mot Brattvåg 4.juni 2004. Frank Haraldsvik blei skada, og Vebjørn kom inn siste halvtimen og slapp å gjere dei store redningane i ein 3-0 siger.

Bilde

Vebjørn Sjåstad blir belønna med å bli dagens Bergsøyspelar av juryen, kamp mot Langevåg i 2004.



Toni Sandanger

Toni Sandanger
Aktiv A-lagskeeper 2005-2009

Toni Sandanger fekk sin Bergsøydebut borte mot Valder 15.april 2005. Dette var ein cupkamp som Bergsøy tapte 3-0. Toni var fast keeper og spelte 20 kampar denne sesongen, og 21 kampar i sesongen etter i 2006. Begge sesongane var ein kamp mot nedrykk, og i 2006 endte det med nedrykk i siste kamp tiltross storsiger mot Hareid. Toni Sandanger har ei stor vinnarvilje og tok nedrykket hardt.

I 2007 var Toni Spelande trenar for Gjerdsvika, men det blei 7 Bergsøykampar likevel. han var blant anna Bergsøys beste spelar i sesongavsluttninga mot Stordal. I 2008 var han tilbake for fullt og spelte 21 kampar, før det blei 2 kampar i 2009 og tilslutt ein siste kamp i 2011 borte mot Sunndal. Totalt 72 kampar som keeper for Bergsøy, og dermed på 3.plass i klubben på "keeper-adelskalenderen".
Lagbilde 2006


Arve Kvalsvik

Arve Kvalsvik
Aktiv A-lagskeeper 2006-2012

Den første kampen vi ser Arve Kvalsvik spele var borte mot Valder 12.mai 2006. Idet Toni Sandanger blei spelande trenar for Gjerdsvika i 2007 nytta Arve sjansen til å brilliere i mål, og han var tidlig i sesongen ledande på bergsoy.com sin spelarbørs. trygg i feltet og fleire feilfrie kampar. Det blei 15 kampar før han reiste på sjø.

Det blei litt spedt med kampar i andre sesongar, med 2 kampar i 2009 og 7 i 2011 samt 3 i 2012. Tilsammen står han med 28 kampar.

Bilde

Mot Valder 2006.

Bilde

Mot Larsnes/Gursken i 2007



Nerijus Marcinkevicius

Nerijus Marcinkevicius
Aktiv A-lagskeeper 2009-2021

Nerijus Marcinkevicius fekk sin debut i Bergsøytrøya heime mot Ørskog i 2009, ein kamp Bergsøy vann 6-0. Nerijus kom inn siste halvtimen for Arve Kvalsvik. 31 åringen kom ifrå Banga Gargzdai som få låg på 6.plass i toppserien i Litauen. Han hadde spelt 10 sesongar for ulike klubbar i A-ligaen i Litauen som tilsvarer Tippeliga i Norge.

Idet han kom til Bergsøy var han 188 cm høg og 90 kilo, og hadde flytta til Fosnavåg med kone og arbeidde hos Marine Harvest.

Det har blitt spredt med kampar for Nerijus, mest faktisk i 2021 11 år etter debuten. Han spelte 7 kampar i 2021 og står med 21 kampar totalt etter den sesongen. Han har likevel vore eit fast innslag på treningane i fleire år som keepertrenar.

Bilde

I august 2012 steppa Nerijus inn på kort varsel da to andre keeperar var skada, og Bergsøy slo Herd med 2-1. Han redda også eit straffespark denne kampen og blei kåra til dagens Bergsøyspelar.



Debut 2010-Åra

Robin Kvalsund

Robin Kvalsund
Aktiv A-lagskeeper 2010-2011

Født 04.09.93, favorittlag Manchester United og favorittspelarar Nani, Anderson, Bojan og Giovani dos Santos.

Han fekk sin A-lagesdebut 2.juli 2010 borte mot Valder i ein 2-0 siger.

2011 er eit vanskelig år å få statistikk over, men vi har notert ned at Robin spelte 3 kampar dette året. Han kom inn som innbytter 3.september 2011 mot Averøykam, og 24.september borte mot Eidsvåg.

Bilde

Debutanta borte mot Valder 2011: Sander Olsen, Robin Kvalsund, Joakim Muren. Til høgre Jim Kjelstadli. Bilde av Thomas Sporsheim.

Sigvald Lillestøl

Sigvald Lillestøl
Aktiv A-lagskeeper 2010-2011

Sigvald Lillestøl debuterte for Bergsøy 30.april 2010 heime mot Godøy, og spelte totalt 2 kampar denne sesongen. Mot Godøy var keeperane Kim Rene Vågeskar og Nerjius uaktuelle, og det gav fri bane til moltustrandingen som hadde vist gode takter på trening.

Det blei 3 kampar i 2011 for Lillestøl, blant anna eit innbytte for ein ryggplaga keeper Nerijus borte mot Larsnes/Gursken.

Bilde

Foto: Thomas Sporsheim

Bilde

Lagbilde 2011

Bilde

Lagbilde 2010



Sander H Nyland

Sander H Nyland
Aktiv A-lagskeeper 2011-2013

Han kom frå Hødd (først Volda), og 17 åringen debuterte for Bergsøy 21.mai 2011 mot Averøykameratane, og viste seg å være ein solid keeper. Han blei tidlig ein viktig spelar for laget og spelte 13 kampar for Bergsøy denne sesongen. Totalt står han med 49 kampar for Bergsøy etter 20 kampar i 2012 og 16 kampar i 2013.

Etterkvart gjorde skader at han satsa vidare på trenarkarriære, og har gjort det veldig godt. Han har Uefa A-trenarlisens. Etterkvart blei han trenar for Hødd2, og i 2019 blei det klart at Hødd satsa på 25 årige Håskjold som hovedtrenar for sitt A-lag. Fra januar 2020 har han vore assistenttrenar og toppspelarutviklar for Kristiansund i Eliteserien.

Bilde

Debut heime mot AK i 2011.

Bilde

Nok en gong kamp av keeper Nyland.



Marius Vangen Kvalsvik

Marius Vangen Kvalsvik
Aktiv A-lagskeeper 2012

Marius Vangen Kvalsvik fekk sin debut 17.august 2012 da han kom inn for Sander Nyland etter 80 minutt i ein heimekamp mot Skarbøvik. Nyland fekk seg ein trøkk etter kollisjon med lagkamerat Raymond Rachid, og då blei det duka for Marius Vangen.

Den andre og hittil siste kampen vi har registrert at Marius spelte kom så ein månad seinare, 17.september mot Hødd2. Igjen var Nyland uheldig, denne gang etter ei landing der han slo skuldra. Marius steppa inn etter 90 spelte minutter, og rakk å redde eit siste skuddforsøk frå Hødd før Bergsøy kunne juble for 3 poeng.

Bilde

Debut mot SIF 17.08.2012.



Fabio Oliveira

Fabio Ricardo Marques Oliveira
Aktiv A-lagskeeper 2013

Portugisiske Fabio (f.24.01.1987) hadde sin fortid i klubbane CD Cova Piedade, Paio Pires FC, Almada AC og Arrentela i Portugal. Han debuterte for Bergsøy heime mot Brattvåg 9.august 2013. Kampen blei prega av at Sander Leine Olsen fekk rødt kort etter 43 minutt, og Bergsøy tapte 2-5. Han kunne knapt få ein vanskeligare kamp å debutere i.

Fabio kom inn på Bergsøylaget idet keeper Sander Håskjold Nyland dro på studier i Oslo. Oliveira hadde vist gode takter på trening, og heimedebuterte samtidig som sin portugisiske lagkamerat Goncales. Fabio står oppført i vår statistikk med 10 kampar i 2013, det vil si resten av kampane denne sesongen med unntak av ein heimekamp mot Stranda der Jakob Nerland debuterte i mål.

I 2021/22 sto han oppført som trener for sin tidligere klubb Paio Pires FC i Portugal.

Bilde

Fabio Oliveira i sin debut i 2013.

Bilde

Fabio Oliveira mot Larsnes/Gursken.



Jakob Nerland

Jakob Nerland
Aktiv A-lagskeeper 2013-

Jakob Nerland spelte sin første kamp som keeper for Bergsøy heime mot Stranda 28.september 2013. Keepertalentet på 16 år sto ein prikkfri kamp. Det blei litt spedt med kampar dei neste åra, og seinare har det vist seg at Jakob er ein rask angrepsvillig spelar lengre framme på bana.

I 2016 fekk han "Fair-play" prisen på A-laget.

Bilde

Jakob Nerland debuterte i 2013.



Jake Francis Knight

Jake Francis Knight
Aktiv A-lagskeeper 2014, 2017

Idet han kom til Bergsøy i 2014 blei han presentert som en ung lovande keeper med god teknikk og god evne til å dirigere forsvaret. Han skulle ikkje skuffe, og blei årets spelar i klubben i 2014.

I sin første seriekamp 21.april 2014 mot Eid kom baklengsmålet i 1-1 kampen på kontroversielt vis. Dommaren dømte mål til store protestar da dei var sikre på at ballen aldri var inne. Også trenar hugo meinar ballen aldri var inne etter å ha sett videoopptak av situasjonen.

Han dro etter 22 kampar i 2014 sesongen men kom tilbake i 2017 og spelte 7 kampar. Han blei også trenar for damelaget og J14. Totalt altså 29 kampar i Bergsøydrakta. Fortid i klubbar som Nortwood FC og Stevenage FC.

Bilde

Velkomen til Bergsøy, Mars 2014.

Bilde

Velkomen tilbake til Bergsøy i 2017.



Joao Ribeiro

Joao Ribeiro
Aktiv A-lagskeeper 2015

Det vakte nasjonal oppsikt da Bergsøy fekk tak i ein 208 centimeter høg keeper fra Portugal til 2015 sesongen, og også Tv2 nyhetene var på saka. Keeperen fekk også nokre kroner av Bergsøy for å også fungere som trenar. Han hadde jobba som keepertrenar to sesongar for toppklubben Belenenses før han kom til Bergsøy.

Etterkvart når 2015 sesongen nærma seg slutten returnerte Joao tilbake til Portugal og klubben Tourizence på nivå tre.
-"Eg blei sjokkert når eg såg kor høg han var. Det er liten tvil om at han har eit stort nærvær på bana. Han har også solid keepertrenarutdannelse."

(Trenar Hugo Vicente)


Bilde

Keeper Joao Ricardo Costa Martins Ribeiro ønskast velkommen til Bergsøy av trenar Hugo Vicente.



Joseph Wollacott

Joseph Wollacott
Aktiv A-lagskeeper 2016

Wollacott var eit nytt spennande keeperlån av Bergsøy fra utlandet. Han blei født i Bristol og har fortid i fotballklubben Bristol City, det blei 10 år der uten ein einaste kamp før han gikk til Swindon. I 2021-22 har han spelt kampar for Swindon i league one og two. I november 2021 debuterte han som keeper for Ghana i en kamp mot Gabon i African Cup. Hans imponerande debut gjorde han til førstevalg som keeper, og har pr 12.02.2022 spelt 7 landskampar for Ghana. På landslaget er han lagkamerat med blant andre Arsenals Thomas Partey.

Bergsøy hadde mange nye signeringar i 2016, og "Nye Bergsøy" gjorde sine debutar borte mot Surnadal 9.april 2016. Wollacott holdt nullen i debuten og gjorde gode redningar.

Bilde

Nye Bergsøyspelarar 2016. Bak fra venstre: Scott Burgess, Joe Wollacott, Franjo Tepuric og Sveinn Óli Birgisson. Fremme fra v: Jordan Blinco og Steinar Logi Thordarson.

Bilde

Landslagskeeper for Ghana



Olav Rekdal

Olav Rekdal
Aktiv A-lagskeeper 2016

Olav Matias Hatlebrekke Rekdal fekk 12 kampar for Bergsøy i 2016. Han kom til Bergsøy frå Larsnes/Gursken som 17 åring, og hadde Liverpool som favorittklubb og Manuel Neuer som forbilde.

Debuten i cupkampen mot Volda 16.mars 2016 var dramatisk. Etter 2-2 i ordinær tid blei det 5-2 til Volda etter ekstraomganger. Kenneth Hole hos Volda gjorde det vanskelig for Rekdal, og med tre lobbar frå langt hold gjorde han dagen til eit lite mareritt på slutten.

Då huskar Rekdal kanskje lystigare bak på debuten i serien, som endte med 7-1 siger mot Surnadal. Han hadde hatt eit langt skadeopphald, og målet han slapp inn denne dagen ar eit straffespark. Etter 2016 sesongen gikk han tilbake til Larsnes/Gursken, ein klubb han står med 85 spelte kampar sidan 2013.

Bilde

Signerte for Bergsøy 2016

Bilde

God kamp for Bergsøy



Petter Meland Aasen

Petter Meland Aasen
Aktiv A-lagskeeper 2017-2019

Fra 2012 til 2016 spelte han 64 kampar for Volda. Han blei presantert som Bergsøyspelar i mars 1017 som ein keeper med sterke kvalitetar; dyktig i fotarbeidet og sterk 1 mot 1.

Da han kom til Bergsøy opplevde ein rolig debut i målet 12.mai 2017 heime mot Langevåg. Kampen endte med 7-0 til Bergsøy, og etter sin tredje kamp i mål hadde Bergsøy 3 sigerar og 18-0 i målforskjell. Ein god start som ikkje blei dårligare. Han endte opp med 8 seriekampar denne sesongen og alle kampane blei vunnet. Ved sesongavsluttninga endte han opp med prisen "Årets verst kledde".

Det tok 17 seriekampar i målet før han opplevde det første tapet, heime mot Ålesund2. I tillegg til den imponerande sigersrekka i serien opplevde han også store cuptriumfer: Å slå Ålesund ut av NM i 2018 var ein stor opplevelse.

Bilde

Foto: Thomas Sporsheim



Ståle Remøy Pettersen

Ståle Remøy Pettersen
Aktiv A-lagskeeper 2017

I august 2017 var Ståle Pettersen keeper på juniorlaget til Bergsøy som vann B-sluttspelet under Norway Cup. Ein månad seinare var han hovedkeeper på A-laget dei fem siste seriekampane sesongen 2017, og opplevde fire sigerar og ein uavgjort.

Debuten kom borte mot Skarbøvik 29.april, etter at Jake Knight måtte ut med skade.

I 2019 var han med som skuespelar i NRK seria "Heimebane", der han spelte den homofile keeperen Kasper på den fiktive klubben "Varg". Han har også spelt kampar for Hødd2, og har 27 kampar for Larsnes/Gursken.

Bilde

Vann B-sluttspel under Norway Cup i 2017: Framme fv: Håvard Hundsnes, Marius Sporstøl, Tobias Tjervåg, Jens Winsnes, Ståle Remøy Pettersen, Vegard Notøy Sævik, Thomas Leikanger Skar, Trym Rekkedal. Bak fv: Endre Tjervåg (ass.trenar), Alfred Gjelseth, Sander Ulfstein, Ruben Kvalsvik, Espen Langlo Driveklepp, Kristian Remøy Bakke, Tore Helleseth Nes, Martin Søvik Røren, Dani Rønnestad, Eirik Pettersen, Frank Sverre Skorpen (hovudtrenar). Foto: Ingrid Beate Smådal Hide



Ruben Bjørlykke Storøy

Ruben Bjørlykke Storøy
Aktiv A-lagskeeper 2019-2021

Seriedebuten til Ruben Storøy kom Heime mot Hareid 26.04.2019. Det blei ein imponerande første sesong i Bergsøydrakta, med 25 spelte kampar og tittelen "Årets Bergsøyspelar 2019".

Så kom korona og øydela 2020 sesongen, og 2021 sesongen endte kjedelig for den gode keeperen. Under
bortekampen mot Rollon 20.august 2021 opplevde han skrekken da Rollonspissen kom i stor fart med strak fot. Storøy fekk store smerter og måtte bli henta i ambulanse.

Bilde



Julius Zahl Jarnes

Julius Zahl Jarnes
Aktiv A-lagskeeper 2019

Han fekk sin debut dei siste 12 minutta heime mot Blindheim 16.mai 2019, Bergsøy vann 5-0. Han står vidare oppført med 9 kampar i 2019 av fotballen.no, men dette ser ikkje ut til å stemme. Pr 08.03.2022 meinar vi han kun har spelt 1 kamp.

Bilde

Debuten mot Blindheim 2019



Debut 2020-Åra

Daniel P Jøsok

Daniel P Jøsok
Aktiv A-lagskeeper 2021

Det blei 5 kampar på Daniel Jøsok frå Leikong i 2021 sesongen, og debuten kom heime mot Larsnes/Gursken 10.september. Det blei ikkje den lengste debuten, for han kom inn etter 89 minutt som følge av at Nerijus Marcinkevicius blei utvist.
-"Å debutere på A-laget var både kjempekjekt og veldig uforventa. Eg braut ankelen på ski i januar og opererte to gangar og var ikkje i trening før midten av april. Eg har blitt veldig godt tatt imot av alle på A-laget."

(Daniel Jøsok)
Daniel spelte så i dei neste fire kampane i serien.

Oversikt Keeperar
År Namn Kampa
1952/53 - 1956/57 Nils P Nilsen 25+
1952/53 Finn Voldnes Ca 10
1953/54 - 1954/55 Leiv Pettersen 25+
1953/54 - 1961/62 Sverre Botn 6
1953/54 Gunnar Johansen 1
1954 - 1965 Egil Leikanger 28
1955/56 - 1958/59 Kristian Østensen 20
1957/58 - 1960 Edmund Wiik 21+
1958/59 Bjørn Ukkelberg 2
1959 Harald Arnesen 1
1961 - 1962 Olav Harsvik 25+
1961 - 1968 Kjetil Reite 28
1961/62 B.Jensen 1
1961/62 Tor J Stenersen 1
1961/62 Bjarne Leikanger 1
1962 - 1965 Roger Larsen 7
1962 - 1966 Kjell Almestad 47
1965 Tor Pettersen 1
1965 - 1967 Sigleif Karlsen 22
1965 Håkon Harsvik 1
1967-1971 Harald Thorseth 6
1968 Ronald Moen 1
1968 - 1973 Jan Karsten Myrhol 64
1970 Johannes Nørvåg 156
1970 Bjørn Prytz 2
1977-1984 John Magne Johannessen 21
1977-1989 Martin Pettersen 122
1978 Sindre Ryssevik ca 8
1979 Arnvid Husøy 11
1982-92 Frank Otto Frøystadvåg 17
1984-1988 Jarl Remøy 24
1984-1985 Johnny Pettersen 4
1985 Gullik Kjelstadli 1
1987 Nick Sandanger 11
1987 Steinar Djupvik 8
1989-1991 Kurt Ove Longva 41
1989 Lennart Markestig 3
1991-1993 Per Gunnar Djupvik 33
1992-1993 Ronny Osnes 19
1992-1993 Ronny Reite 8
1994-1995 Roger Vollan 34
1996-1999 Trond Bø 34
1997-1998 Geir Magne Haukås 9
1998-1999 Lars Ivar Moldskred 46
1999 Morten Reite 2
2000-2004 Frank Haraldsvik 31
2001 Alexander Goksøyr 2
2001-2004 Knut Erik Håheim 31
2001-2002 Martin Løseth 30
2003-2010 Kim Vågeskar 66
2004-2015 Vebjørn Sjåstad 5
2005-2009 Toni Sandanger 72
2007-2012 Arve Kvalsvik 28
2009-2021 Nerijus Marcinkevicius 21
2010-2011 Robin Kvalsund 4
2010-2011 Sigvald Lillestøl 5
2011-2013 Sander H Nyland 49
2012 Marius Vangen Kvalsvik 2
2013 Fabio Oliveira 10
2013- Jakob Nerland 29
2014, 2017 Jake Knight 29
2015 Joao Ribeiro 24
2016 Joseph Wallacott 13
2016 Olav Rekdal 12
2017-2019 Petter Meland Aasen 46
2017 Ståle Remøy Pettersen 5
2019-2021 Ruben Bjørlykke Storøy 27
2019 Julius Zahl Jarnes 1
2021 Daniel P Jøsok 5


Snarveier