Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Bergsøy Cup 1978-1995

Historie:
Turneringens beste spelar i 1978 Magne Lundamo skyt mot Bergsøykeeper Arve Løken

Bergsøy Cup i Handball blei for første gang arrangert i 1978 på Bergsøy Skule ein laurdag og søndag, og godt over 100 spelarar totalt var i aksjon den helga.

Turneringa pågikk fram til 1995, med unntak av i 1993 - totalt 17 ganger arrangert.



Oppsummering

Vinnere av Bergsøycup
Årstall Herreklasse Dameklasse
1978 Brattvåg Stranda
1979 Stranda Stranda
1980 Stranda Stranda
Vandrepokal
1981 Brattvåg Mauseidvåg
1982 Stranda
Vandrepokal
Stranda
1983 Rollon Mauseidvåg
1984 Rollon Mauseidvåg
Vandrepokal
1985 Rollon
Vandrepokal
Mauseidvåg
1986 Rollon Ørsta
1987 Bergsøy Stranda1
1988 Bergsøy Spjelkavik
1989 Volda Spjelkavik
1990 Spjelkavik Spjelkavik
Vandrepokal
1991 Rollon Spjelkavik
1992 HK-1 Molde Volda
1993 - -
1994 Bergsøy
Vandrepokal?
Skarbøvik
1995 Rollon Spjelkavik



1978



Det deltok 6 damelag og 5 herrelag i 1978, og vandrepokalar var på plass for å vise at dette var tenkt å være ei ny årlig turnering. I dameklassa blei det på Bergsøy Skuleplass spelt innleiande kampar på laurdagen der laga var delt inn i to puljer. Det førte til følgande resultat:
Pulje A
Lag Resultat
Stranda - Bergsøy 4-5
Fiskarstrand - Stranda 7-13
Bergsøy - Fiskarstrand 9-11
Pulje B
Lag Resultat
Godøy - Hødd 2-4
Hildre - Hødd 5-12
Godøy - Hildre 0-0

Dei beste laga skulle så søndag spele om dei fire første plassane og om retten til å spele seg til finale, mens dei to andre laga kjempa om 5.plassen. Resultata på søndagen blei følgande:

Stranda - Godøy 13-3, Bergsøy - Hødd 4-5, Fiskerstrand - Hildre 15-1, Godøy - Bergsøy 2-8

Det blei dermed Hødd og Stranda som møttast i finalen, og her blei det spelt fulle omgangar i motsetning til tidligare omgangar på 15 minutter. Finalen blei prega av høgt tempo og hardt spel. Hødd kom best igang og gikk til pause med 5-4, mens Stranda reduserte like etter pause og laga følgte kvarandre godt resten av kampen. Mot slutten av kampen var Stranda best og vann kampen 13-10. Dermed blei den endelige rekkefølga på laga:

1. Stranda, 2. Hødd, 3. Bergsøy, 4. Godøy, 5. Fiskerstrand , 6. Hildre.
Turneringens beste damespelar Ragnhild Fausa frå Stranda scorar eit av måla i finalen.


Herrelaget sitt oppsett skulle være på samme måte, men Mauseidvåg måtte melde forfall. Dermed blei det poeng og målforskjell som avgjorde i herreklassa. Det blei spelt med følgande resultater:

Brattvåg - Blindheim 5-4, Bergsøy - Langevåg 11-5, Ørsta - Brattvåg 8-15, Blindheim - Bergsøy 5-4, Langevåg - Ørsta 14-17, Langevåg - Blindheim 10-6, Ørsta - Bergsøy 13-9, Brattvåg - Langevåg 24-6, Blindheim - Ørsta 9-7, Brattvåg - Bergsøy 20-2

Brattvåg gikk igjennom uten tap og sto igjen som det beste laget, mens Ørsta kom på andreplass med lik målforskjell som Blindheim men med fleire scora mål. Det blei elles ein premie for beste spelar i både dameklasse og herreklasse, og det var Ragnhild Fausa frå Stranda og Magne Lundamo frå Brattvåg som gikk sigrande ut.

Det ferske herrelaget til Bergsøy har ennå ikkje delteke i noko seriespel, men likevel satsa dei friskt og hadde ingen respekt for sine meir rutinerte motstandarar. Elles ei fin turnering tiltross for at været laurdagen gjorde at det var litt lite publikum. I finværet på søndagen møtte det fleire opp.




1979



Den årlige turneringa var tilbake og Stranda og Brattvåg skulle også være tilbake for å prøve å få napp i vandrepokalen. I dameklassa Skal Stranda kjempe mot Ørsta, Fiskerstrand og Bergsøy samt to lag fra Elnesvåg. I Herreklassa skal Bergsøy stille to lag, samt at Stranda, Ørsta og Brattvåg stiller lag.

Formann i Bergsøy handballgruppe Ove Vinge melder at turneringa startar laurdag kl 10:30, og det vil bli dame og herrekampar annakvar kamp fram til 16:30 og i god tid før herrelaget i fotball møter Ørsta til kamp. På kvelden blir det samkome på Høgtun.
Bergsøyspelar Oddrun Leikanger går gjennom Elnesvågens forsvar og scorar.


Alle kampane blei spelt på banen ved Bergsøy Skule, og det var Stranda som tilslutt gikk til topps i både dame og herreklasse. Stranda-damene har dermed to napp i vandrepokalen. Bergshorn var også å spelte på søndagen. Bergsøy damelag var forøvrig ganske nærme på å gå til finalen, men tapte på straffesparkkonkurrane4-5 mot Fiskerstrand.

I dameklassen blei jumbofinalen mellom Bergsøy og Elnesvåg2 eit resultat 4-3 som Bergsøy vann. I finalen vann Stranda med 32-9 mot Fiskerstrand. Ragnhild Fausa blei toppscorar med 9 mål. Rekkefølga i dameklassa blei:

1. Stranda, 2. Fiskerstrand, 3. Bergsøy, 4- Elnesvåg2, 5. Elnesvåg1, 6. Ørsta.

Herrene spelte enkel serie der Stranda vann med 8 poeng. Rekkefølgen blei:
1.Stranda (8p), 2. Brattvåg (6p), 3. Ørsta (4p), 4- Bergsøy1 (2p), Bergsøy2 (0p).
Gunn Roksvåg i aksjon foran målet til Elnesvåg.


Resultater damer:


Bergsøy - Elnesvåg2 7-2
Ørsta - Bergsøy 2-4
Elnesvåg2 - Ørsta 14-8
Elnesvåg1 - Fiskerstrand 3-5
Fiskerstrand - Stranda 1-12
Elnesvåg - Stranda 7-11
Stranda - Elnesvåg2 8-6
Bergsøy - Fiskerstrand 4-5 (Straffer)
Ørsta - Elnesvåg 0-9
Bergsøy - Elnesvåg2 4-3
Finale: Fiskerstrand - Stranda 9-32

Resultater Herrer:


Bergsøy1 - Ørsta 9-10
Stranda - Brattvåg 12-9
Ørsta - Bergsøy2 8-3
Brattvåg - Bergsøy1 15-6
Bergsøy2 - Stranda 3-21
Ørsta - Brattvåg 2-13
Bergsøy1 - Stranda 3-16
Brattvåg - Bergsøy2 18-0
Stranda - Ørsta 14-6
Bergsøy2 - Bergsøy1 6-7




1980



Cupen arrangerast for tredje gang og har lag frå 2. 3. og 4.divisjon. Dei to tidligare turneringane har gått ved Bergsøy Skule, denne gang er det klart for innandørs turnering i idrettshallen. I dameklassa stiller Langevåg som favorittar, mens Stranda har to napp på vandrepokalen og er nok også ivrige på siger.
Nils Djupvik scorar på straffe.


Det endte desverre tilslutt med ei noko amputert turnering. I herreklassa blei det påmeldt berre to lag utanom Bergsøy, mens det også ende med at fleire ikkje stillte opp i dameklassa. Elnesvåg meldte forfall i siste liten, og Ørstadamene kom heller ikkje utan å seie ifrå. I tillegg stilte Langevåg nokså reduserte.

Den einaste sigeren til Bergsøy kom i ein 11-5 kamp mot sine egne, altså i eit innbyrdes oppgjør. Stranda som kom for å ta vandrepokalen klarte dette, og gikk gjennom turneringa utan tap. Også i herreklassen gikk Stranda til topps og tok sitt andre napp i pokalen. Bergsøy kom på isteplass, men var sjeldant sjanselause.

Resultater damer:


Bergsøy - Stranda 2-20
Langevåg - Stranda 9-13
Bergsøy2 - Langevåg 5-9
Bergsøy1 - Bergsøy2 5-11
Langevåg - Bergsøy2 28-4
Stranda - Bergsøy2 19-5

Resultater Herrer:


Bergsøy - Stranda 8-12
Stranda - Brattvåg 12-12
Brattvåg - Bergsøy 13-11
Bergsøy - Brattvåg 9-17
Stranda - Bergsøy 11-9
Brattvåg - Stranda 9-11

Dermed blei det sluttabell for damer Stranda med 6 poeng, Langevåg med 4, Bergsøy2 med 2 poeng og Bergsøy1 med 0 poeng. For herrene blei det Stranda med 7 poeng, Brattvåg med 5 poeng og Bergsøy med 0 poeng.


1981



Mange lag med i Bergsøycup fredag og laurdag i slutten av august, og på kvelden blir det cupdans med gruppa September

Bergsøy endte sist i både dame og herreklassa, mens det var Brattvåg (herreklasse) og Mauseidvåg (Dameklasse) som gikk til topps. Brattvåg vann si finale mot Stranda etter at det sto 8-8 til ordinær tid, og det sto også uavgjort etter ekstraomganger. Brattvåg vann 3-2 på straffekast.

Bergsøy både på herreside og dameside tapte alle sine kampar, og det var tildels variert kvalitet på det som blei vist i turneringa som ellers var flott avvikla.
Bergsøydamene i kvite drakter i kamp mot Hasundgot.



1982



Det var klart for den 5.Bergsøycup. Bergsøycup 1982, og deltakinga hadde aldri vore bedre. 10 damelag og 5 herrelag var klare for turnering, og Bratsberg IL var første laget frå utanfor fylket til å delta.
Handballformann Ove Vinge overrekker Strandakapteinen Stein Ivar Krohn vandrepokalen til odel og eige..


Ikkje uventa var det Stranda som gikk sigrande ut av både herreklasse og dameklasse.
Liv Ryan og Torill Zahl prøver å stoppe et Bratsberg-angrep. Bilde: Per Moltu.


I damefinalen vann Stranda 21-15 over Mauseidvåg. Herrefinalen mellom Stranda og Brattvåg var ganske jamn og var 18-18 heilt mot slutten før Stranda klarte å bikke kampen.
Hanne Kjelstadli, Gunn Igesund, Torill Zahl og June Pettersen prøver å stoppe trønderdamene. Bilde: Per Moltu.


Bergsøy sikra tredjeplassen idet Raymond Leine blei matchvinnar for Bergsøy med øredøvande jubel. Formannen Ove Vinge seier seg godt fornøgd med årets turnering, og også at Bergsøy no er den største klubben på Sunnmøre ilag med Rollon med 10 påmelde lag i serien.
Per Frøystad og raymond Leine mot Rollon i bronsjekampen. Bilde: Per Moltu.


Resultater frå Bergsøycup 1982 kan en sjå ved å trykke her.


1983



Det skulle være den største Bergsøyturneringa nokongong med 20 påmelde lag og gruppa "Nye Sixpence" som skulle spele til cupdans på kvelden.


1984



Heile Sunnmørseliten minus Langevåg blir med - Største turneringa i fylket!

Byneset og Klebu kjem frå Trondheimsområdet og turneringa er no veldig poppulær. Bergsøycup er no den største innandørsturneringa i fylket når ein reknar etter antall lag som deltek. Det blir 21 lag denne gangen, fordelt på 14 damelag og 7 herrelag, og det skal spelast 51 kampar. Laurdagskvelden skal bandet Septimus spele.

I siste liten melde tre lag i dameklassa at dei ikkje kunne kome, det var Byneset, Spjelkavik og Larsnes. Bergsøy sine resultater finner du her.
Bergsøy sitt herrelag tok ein 6.plass i turneringa.


Tilslutt var det Mauseidvåg sitt damelag og Rollon sitt herrelag som gikk til topps i turneringa. Mauseidvåg vann 22-19 i ei spennande damefinale, mens Rollon vann 30-23 over Klæbu i herrefinalen.

Rekkefølga i herreklassa blei da:
1. Rollon, 2.Klæbu, 3.Stranda, 4. Volda, 5.Brattvåg, 6.Bergsøy, 7.Ørsta

Fra damekampen mellom Rollon og Spjelkavik.


Rekkefølga i dameklassen blei:
1. Mauseidvåg, 2. Stranda, 3. Ringen, 4. Rollon, 5. Brattvåg, 6.Hødd, 7.Hovdebygda, 8. Godøy, 9.Norborg, 19. Bergsøy, 11. Hareid.
Tor Sindre Steinsvik scorar for Bergsøy.



1985



21 lag var med, 14 lag i dameklassa og 7 lag i herreklassa, og Bergsøy sto for eit gjennomført opplegg. Reint sportslig gjekk det ikkje så fantastisk, men heimelaget stilte med to herrelag og endte med dei to siste plasseringane. Av dei 14 damelaga sikra Bergsøydamene seg ein 9.plass. Bergsøy sine resultat finner du her.

Kretsformann Syversen gratulerer Nils Christian Nørvåg med KM 1984 og 1985 i 14års-klassa.


Vinnarar i herreklassa blei Rollon som vann 27-25 mot Stranda, mens Volda tok tredjeplassen etter 19-6 mot Brattvåg. Mauseidvåg vann dameklassa etter ein 20-18 siger mot Rollon. For damene kom Stranda på tredjeplass etter ein 12-5 siger mot Ørsta.
Formann i Sunnmøre handballkrets gratulerer Bergsøykaptein Ole Johnny Hjelmeseth med innsatsen.



1986



Bergsøycup for tiande gang, og 16 lag deltok i turneringa. I herreklassen gikk Rollon til topps for fjerde året på rad, og i dameklassen var det Ørsta som vann. Begge Bergsøylaga måtte nøye seg med ein 6.plass.
Eli Myklebust i skotet.


Dameresultata til Bergsøy var:
Bergsøy - Langevåg 3-10, Bergsøy - Ørsta 7-10, Bergsøy - Volda 8-7, Bergsøy - Midsund 6-5. I kampen mellom Bergsøy og Volda om 5.plassen var stillinga 8-8 etter at Trude Teige utlikna i sluttsekunda. Loddtrekning måtte til og der vann Volda. Bergsøy mangla denne gang både Gunn Igesund og Ruth Frøystad.
Anita Igesund Øyehol kjem seg fri, vi ser også Sissel Skjelsvik her mot Valder.


Herreresultat Bergsøy - Volda 9-9, Bergsøy - Brattvåg 5-8. I kampen om 5.plassn tapte Bergsøy 9-13 for Ørsta. I ei frisk finale vann Rollon 25-20, mens Volda vann 3.plasen med 10-9 over Spjelkavik.
Nils Christian Nørvåg i farta.



1987



Bergsøy-herrane til topps i Bergsøycup! For første gang var det et Bergsøylag som vann ein Bergsøycup. Finalen blei vunnet med minst mulig margin, ein 15-14 siger mot Stranda. Damelaget blei denne gang nummer 8 av 12 lag. Det var 18 lag med i dette årets Bergsøycup.

Bergsøy i kamp mot Ørsta i semifinalen.


Plasseringer damer:

1. Stranda1
2. Hovdebygda
3. Spjelkavik
4. Stranda 2
5. Ørsta
6. Hødd
7. Langevåg
8. Bergsøy1
9. Volda
10. Valder
11. Bergsøy 2
12. Norborg

Plasseringar Herrer:

1. Bergsøy
2. Stranda
3. Volda
4. Ørsta
5. Brattvåg
6. Valder




1988



14 damelag og 4 herrelag påmelde dette året. Det er 12.gang at Bergsøycup arrangerast, og dei fleste laga vil være frå sunnmøre med unntak av Midsund. Det skal spelast 40 kampar i løpet av laurdagen og søndagen.

Bergsøy etter finalesigeren mot Volda.


Bergsøy vann ei dramatisk finale mot Volda med 17-15. Trenar Asbjørn Kilsti har gitt Bergsøylaget god fasong og spelet virka meir systematisk enn på lenge. Publikum fekk servert endel lekkerbiskenar, og til pause i finalen leia Bergsøy med eitt mål. I midten av den andre omgangen var det Volda som hadde tomålsledelse, men på slutten klarte Bergsøy å snu til siger. Flott gjennomført kamp av Bergsøy der Nils Christian Nørvåg imponerte med stort register.

Tor Sindre Steinsvik og Stig Vestnes med pokalane.


I dameklassa var det Spjelkavik som gikk til topps som slo eit Strandalag som gjerne ville vinne vandrepokalen. Bergsøy gjennomførte også ei god turnering og fekk 5.plassen. Trenar Bjarne Pettersen seier seg godt fornøgd. Særlig nykomar Synnøve Nystøyl samt Gitte Nærø imponerte. Bergsøy slo Ørsta 10-3, tapte 3-8 for Stranda, vann 13-9 mot Misund, og tapte 12-4 mot Spjelkavik.
Herrelaget vann for andre år på rad. Fra venstre bak Per Frøystad, Bård Kvalsund, Marvin Nerland, Adolf Espeseth, Nils Nørvåg, Ronny Koteng og trenar Asbjørn Kilsti. Framme fra venstre Frode Myrhol, Roald Johansen, Terje Kvalsund, Per Arve Kvalsund, Tor Sindre Steinsvik, Stig Vestnes..





1989



200 tilskuerar såg at Volda vann herreturneringa, mens på damesida var det Spjelkavik som vann finalen mot Volda. Ti damelag og 8 herrelag deltok i turneringa der dei innleiande kampane varte 1x25 minutt mens finalene varte 2x30 minutt.




1990



Spjelkavik gjorde reint bord denne gang og vann både dameklasse og herreklasse under Bergsøycup. I herreklassen vann Spjelkavik med 13-11 over Ørsta i finalen, mens Molde tok tredjeplassen etter 17-11 mot Volda.

I dameklassen stilte Spjelkavik med eit B-lag men vann likevel finalen mot Volda med 23-14. Hødd tok bronsje med 17-9 mot Midsund.


1991



Ulsteinhallen blei benytta for å få kampprogrammet på plass, og Herøyhallen blei benytta søndagen. I herreklassen spelte Rollon og Bergsøy i finalen, der Rollon vann 17-10. BErgsøy med Nils Kristian på laget ytte god motstand, og keeper Per Arve Kvalsund spelte godt.

I dameklassen spelte Spjekavik mot Skarbøvik, og Spjelkavik tok etterkvart over og leia 11-6 til pause. Sluttresultat blei 20-11.


1992



HK-91 Molde vann herreklassen mens Volda sitt damelag vann dameklassen i Bergsøycupen som blei avvikla i Herøyhallen med ti deltakande lag. Bergsøy sitt herrelag kom til semifinale, men tapte her 18-16 for Rollon.


1993 - Ingen turnering



Det blei ikkje arrangert Bergsøycup i 1993.


1994



Bergsøyherrane vann årets turnering, mens damelaget tok ei andreplass. Ørsta trakk både sitt dame og herrelag før start, og turneringa blei dermed noko amputert.

Bergsøy sitt damelag tok andreplassen.


Herrelaget vann 22-13 i første kamp mot Øyar og slo Spjelkavik med 19-14 i andre kamp. Bergsøydamene tapte 22-26 for Skarbøvik og slo Spjelkavik med 26-24.

Herrelaget med siger i Bergsøycup.


Bergsøy har etterkvart fått bra erfaring som cuparrangør, men det er ikkje same interessa for cupen som det var for nokre år sidan. For en del år tilbake hadde turneringa 20 lag, og en måtte tilogmed benytte Ulsteinhallen for å få kampprogrammet avvikla. Bergsøytrenar Tor Sindre Steinsvik er trenar både for herrelag og damelag og benytta sjansen til å prøve ut endel yngre spelarar.


1995



Spjelkavik vann 17-13 i damefinalen mot Skarbøvik. Rollon vann i herreklassa. 7 damelag og 4 herrelag deltok i turneringa.På herresida var det laga Bergsøy, Rollon, Spjelkavik og Haram som stilte opp.

Bergsøydamene fekk laurdagen ein siger (18-10 mot Rollon) og eit tap (13-17 for SIF). I første kamp søndag vann Bergsøy med 20-15 mot Stranda, men tapte 21-14 mot Spjelkavik. Bergsøy spelte dermed om tredjeplassen mot Sula, og vann denne kampen 13-12.

To av klubbens unge dommarar, Morten Digernes og Tor Christian Holmesland dømte mange kampar.


kampreferat






Fotball





Ekstern Link fotball.no


Fotball




Ekstern Link fotball.no


handball



Ekstern Link handball.no


handball



Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt