Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Bergsøy Supportere

Historie:

Av Steffen Kvalsund


Det skal være gøy å halde på med idrett, men det blir straks meir gøy til meir engasjement ein klarer å få til. Til fleire som står på sidelinja og heiar, til artigare blir det for alle.


Bergsøy har alltid hatt supporterar, men korleis supporterane har sett ut og oppført seg har nok forandra seg ein heil del sidan klubben starta. Kampane gikk til tider på søndagar, og tilskodarane var ganske så fint kledde til kampane i Huldalen. Men engasjementet var det ikkje noko å seie på, og det kom mange spreke kommentarar frå sidelinja.

For å forklare patriotisma var det foreksempel nemnt at idet nabokolubben Heid skulle ha samling ein kveld på Høgtun så var det engasjert 3-4 politimenn for å passe på at det ikkje skulle kome Fosnavågarar (Bergsøy) som laga bruduljer. I kampane mellom Heid og Bergsøy sto tilskodarane på kvar si side av bana, og ropte forskjellig til kvarandre.
Bergsøysupporterar på tribuna i Huldalen på 1950-tallet


For å få samhold og klubbfølelse blei det etterkvart viktig å profilere seg og vise kven ein tilhører. Då må ein ha eit klubbsymbol, og i starten var klubben mest kjent som BIL. Forfatter av "Idrett i havgapet", Johs Wike, har sagt han gløymer ikkje då han såg Leif Pettersen stå med ei rar stang med vimpelen BIL på. Det må være denne stanga (bildet under) han meinar.
Ein Bergsøy-gjeng med BIL-flagg


Frå enkle "BIL" skilt eller flagg, til å lage eit felles design som supporterane kunne dele var ei utvikling som gjekk gjennom fleire år på samme måte som det tok tid før klubbfargane var endelig på plass. Mens Bergsøy sitt fotballag spelte i grøne drakter og blå shortsar var handballaget også i ei periode med gule drakter. Logoen på draktene gjennom 1960-tallet var ganske enkle, gjerne med raude striper delt midt på eller ut på sidene.

Dagens Bergsøylogo slik vi kjenner den blei tegna av Nils H Lied i 1975, og er meir avansert. Dette er fortsatt det viktigaste klubbsymbolet for supporterane idag, ilag med dei kvite og raude fargane. Men det tok tid før logoen kom på sjølve draktene. Damelaget hadde Bergsøylogoen på lagbilde frå 1995 , og artig her å sjå at dette ikkje gjelder for alle draktene på lagbildet. I fotballen finner vi Bergsøylogoen på overtrekksdraktene i 1980, men ikkje på sjølve fotballdrakta før 2009. Sidan den tid har logoen vår på plass. På bildet under ser vi litt av utviklinga til Bergsøylogoen.

Bergsøylogo i utvikling. Ei tid spelte herrelaget i handball med berre teksta "BIL" på draktene.

BIL-LOGOER

Tidlige Bergsøy-logoar i farge

BIL-FLAGG

Flaggskisse. På slutten av 1960-tallet fekk Eivind Rødal et tilbud frå ein flaggfabrikk om å lage vimpel til idrettslaget, med skrifta Bergsøy I.L. Stoffet skulle være av beste kvalitet i "supreme nylonforsterket"



Men ei treng ikkje avansert supporterutstyr for å være ein god tilhenger. Flagg, vimplar eller plakatar klarte supporterane godt å lage sjølv. Engasjementet viser seg kanskje best på bildet frå 1971 der det ser ut som publikum storma bana i glede i ein 2-1 siger mot Skarbøvik.

Bilde

Supportere 1970

BIL-Supportere

Bergsøy mot SIF i 1971. Supportere stormer bana i glede

BIL-Supportere

Bergsøysupporterne fekk skryt borte mot Åndalsnes i 1974. På den einaste haugen ved bana krydde det av BIL-supporterar og plakatar.



Klubben hadde supporterar, og engasjementet blei stadig bedre utover på 1970-tallet da Bergsøy spelte i 3.divisjon. Så kjem vi til 1975, og då blir det tatt nokre grep i å organisere supporterklubb på ein skikkelig måte.

1975: Bergsøy Supporterklubb

I 1975 blei det for første gang alvor rundt det å skape ein supporterklubb for Bergsøy. Aktive fotballspelarar med Asbjørn Myklebust som ein av initiativtakarane kalla inn til samrådingsmøte på Fosnaklubben, som var eit hyggelig lokale i Sigurd Moens forretningsbygg i Strandgata. Lokalet hadde ikkje vore i bruk på ei stund, og eigaren Frank Van Betten kunne tenke seg å leige bort eller selge. Litt av tanken var også her, at en ved arrangement kunne skaffe inntekter til fotballgruppa. Ved å filme fotballkampar til A-laget, kunne ein vise desse i lokala. Å kjøpe eit videokamera blei dermed ei av dei første sakene til supporterklubben som blei ein realitet i oktober 1975.

Avisutklipp

Vestlandsnytt 17.oktober 1975

Avisutklipp

Vestlandsnytt 24.oktober 1975

BIL-VIMPEL 1975

Peder Worren med modernisert BIL-Vimpel, logo teikna av Nils H Lied.



Det blei stor interesse for supporterklubb, og Kjell Vike blei vald som formann. 1.juli 1976 kalla Supporterklubben inn til årsmøte, og på nyttårssafta 1976 arrangerte Bergsøy Supporterklubb stordans på Herøy Kulturhus med Galaxy band.


1980: Ny Bergsøy Supporterklubb


Bergsøy Supporterklubb


Den første Bergsøy Supporterklubb må ha dødd noko ut, for vi finner ikkje mer om supporterklubb åra mellom 1976 og 1980. Den 2.mai 1980 kunne formann Kjell Sævik opplyse om at Bergsøy skulle selge skjerf i klubbens klubbfargar til 30 kroner stykke, og caps til 10 kroner stykke. Entusiasme på tribuna må ha gitt resultater også på bana, for 1980 sesongen skulle vise seg å bli Bergsøy historiens høgdepunkt med opprykk til 2.divisjon.

Med opprykk og entusiasme så samla supporterane seg igjen, og i desember 1980 blei det tatt nye initiativ til å danne ein ny supporterklubb. Klubben sitt formål var enkelt og greitt å støtte Bergsøy i tjukt og tynnt, men blant måla til klubben var (som den første klubben hadde hatt) å få på plass videoutstyr for å filme alle klubbens bortekampar. Vidare skulle handelsminister Sindre Notø være konsulent til stemmebruk på kampane, og dei skulle ruste seg godt opp til seriestart.

Utklipp

Supporterklubb skipa torsdag 11.desember 1980

BIL-Supportere

Bergsøy Supportere Børge Hansen og søster Lena

BIL-Supportere

Fotballformann Kjell Sævik og trenar Bjørn Prytz 1980



I 1981 kalla Bergsøy Supporterklubb inn til Supporterfest på Bergshall laurdag 16.mai, med middag og kåring av dagens spelar. Tidligare på dagen spelte Bergsøy 2.divisjonskamp mot Bodø/Glimt. Bergsøy Supporterklubb arrangerte også arrangement på kulturhuset i 1981, med blant anna gruppene "Free at last" og "Six-Pence" med dansemusikk.

I juli 1981 arrangerte også Bergsøy Supporterklubb supporterbuss til bortekamp mot Sunndal, og dette gjorde dei også i 1982 blant anna til bortekamp mot Kristiansund. Kva som skjedde med Bergsøy Supporterklubb vidare etter 1982 veit vi ikkje. Supportergjeng i raude og kvite fargar med caps og skjerf døde ut.

Bergsøy Supporterklubb 1

Skipa 1975


Ein supporterklubb for heile Bergsøy IL, og på arrangementer skal ein skaffe inntekter til idrettslaget.

Formann: Kjell Vike
Nestformann: Inger Pettersen
Kasserer: Jens Hansen
Sekretær: Sigurd Teige
Styremedlemmer: Tor Igesund, Gudmund Hopen, Mathias Pettersen
Varamenn: Hans Leine og Aud Nilsen

Bergsøy Supporterklubb 2

Skipa 1980


Denne klubben fekk ei sammensetning på følgande:

President Jonny Pettersen
Visepresident Torleif Torgersen
Finansminister Helge Pettersen
Førstesekretær Bodvar Kleiven
Handelsminister Sindre Notøy
Samferdselsminister Kåre Kleppe
Ministrar uten portefølge Kurt Lied, Hildegunn Igesund, og Endre Igesund.




Ei mørkeperiode for publikum?

Mens det på 1970-tallet og i 1980/81 var rekordantall med tillskodarar på Bergsøykampar, så var det minkande på tribuna etterkvart. Sju av klubbens topp10 beste publikumsoppmøte kom i åra mellom 1979 og 1981, med publikumsantall på over 1200. Under mi eiga Bergsøytid rundt perioden 1998-2008 var vi heldige om det var over 100 personar på tribuna. Det store høgdepunktet når det gjaldt publikumsinteresse kom idet Bergsøy skulle spele kvalifisering til opprykk til 2.divisjon i 2002 - da kom det 490 betalande til Bergsøy Stadion.

Med entusiasme kjem handling, på det var denne tida Bergsoy.com blei laga. Seinare kontakta vi leverandørar for å høyre kostnadar på å produsere Bergsøyskjerf, men ting skulle ikkje eksplodere før det på nytt blei tatt initiativ til ein ny Supporterklubb i Bergsøy mange år seinare.

2018: Mannskapet

- No har vi fått oss organisasjonsnummer og da er det offisielt, sa May Helen Hermansen til Vestlandsnytt 11.mai 2018. Supporterklubben blei starta i april. Fleire remediar med logo på har det også blitt, og supporterklubben tenker å selge fleire saker med Bergsøylogo på under kampane frammover. Caps, pledd, flagg og skjerf samt t-skjorte. Draumen er kanskje tilogmed ein buss.

Tanken var at det skulle bli meir sosialt på tribuna, og på facebook hadde gruppa allereie over 500 medlemmar i 2018. I 2022 har dette antallet passert 650 medlemmar.

Og entusiasmen på tribuna skapte nye store øyeblikk på bana, da Bergsøy seinare dette året slo ut sjølvaste Ålesund i cuppen. Igjen hadde Bergsøy fått på plass over 1000 personar på tribuna, og i neste cupkamp mot Kristiansund kom det over 1200 menneske. Glede og entusiasme på tribuna skaper også mer glede på bana og for klubben, og alle er vinnarar.
Bilde av Regine Sandhaug


Supporterklubben :

▫️ Vi ønskar å vær den 12 mann på bana å støtte Bergsøy både på heime-& bortebane
▫️ Vi bryr oss om BERGSØY ❤️
▫️ Fast plass på Havila stadion (framfor speakerbuda)
▫️ Vi ønskar å vær ein engasjert & sosial gjeng


Årets supportere og ildsjeler

Prisar
År
Årets Supporter
Info
2024
Årets supporter:
Mikael Makipera Vike

Årets Ildsjel:
Runar Olsen
Fotball

Årets supporter har kun gått glipp av 1 A-Lag Herre kamp denne sesongen. Han har reist Sunnmøre rundt og alltid stilt med godt humør!🤩 Årets Supporter har stilt opp om det skulle være noko, blandt anna dommarsjef under årets HAV CUP! Han er også lagleiar rundt årets G16 lag og vi har med andre ord sett mykje av Årets Supporter både på heime og bortebane!

Årets ildsjel er primus motor for det meste som skjer rundt om på stadion, frå dugnader til vedlikehold og draktansvarlig! Han har fleire verv i klubben og har gjennom fleire år våre lagleiar for vårt A-Lag Herre🤩 Årets ildsjel møter alltid med ein spøk på lur og har bidrege til økt dugnadsånd i klubben!😄 Vi er ekstremt heldige som har han i klubben og som saman med fleire andre legg tilrette for at ungdomen vår har så gode fasilitetar som mulig!

I tillegg fekk Ingrid Beate Smådal Hide og Magnus Myklebust takk for sine gode innsats gjennom et vanskelig administrativt år, samt at Steffen Kvalsund fekk blomster under Årets fotballavsluttning som takk for sin frivillige innsats.

Handball

2019
Kjell Myklebust og Arnulf Haugen
Årets Ildsjel:
Familien Smådal Hide
Fotball

Det blei to personar denne gangen som stakk av som årets supporterar, det blei Kjell Myklebust og Arnulf Haugen. Arnulf Haugen vann også denne prisen i 2010. I tillegg blei det denne gangen familien Smådal Hide som vart årets eldsjeler.

Handball

Renate Roseth blei kåra til årets publikummar
2018

Supporterklubben Mannskapet
Årets Ildsjel:
Sigurd Helsem Sævik
Det var supporterklubben Mannskapet som blei årets supportere dette året, og Årets Ildsjel blei Sigurd Helsem Sævik for sitt arbeid med å realisere Fiskarhallen.
2017

Årets eldsjel Handball: Stig Vestnes
For handballgruppa blei Stig Vestnes årets eldsjel. Han har vore spelar, trenar for 4.divisjonslaget og også tatt på seg å være trenar for Bergsøy United. Årets publikummar for handball blei Helen Sævik.
2016

Ingrid Beate Smådal Hide
Ingrid Beate fekk pris både som årets eldsjel og årets supporter fordi ho alltid stiller opp med eit smil. Ho er på dei fleste kampane til alle lag, og held mange oppdatert over Facebook. Ho har vore garderobevakt, kampvert og trenar samtidig som ho har vore spelar.

-"Det er kjekt å vinne eldsjelprisen i en alder av 17 år. Eg er stolt over å vinne denne prisen som fyrste jente.
2015

Oddbjørn Åkerøy
Oddbjørn Emil Åkerøy tok imot velfortjent heider etter å ha brukt mykje av si fritid på Bergsøy.
2014

Arild Nerland
Arild Nerland er å finne på stadionområdet nesten kvar einaste dag året igjennom. Med fire søner som er aktive i aldersbestemt fotball har han teke utallige turar Kvalsvik-Havila Stadion. I tillegg til å følge opp sønane er han ein ja-mann, og har kome inn på anleggsida i klubben og syner for at ting er på stell når A-laget skal spele sine kampar.
2013

Ronald Moen
Fotball

Ronald Moen har vore fast på treningane på både aldersbestemte lag og A-laget, og vist ei levande interesse og engasjement rundt det som foregår i klubben.

Handball

For handballgruppa blei Mats Utseth Stave årets eldsjel og Morten Digerne årets publikumar.
2012

Arild Smådal
Han har sett dei fleste A-kamapne til A-laga, og er ein ivrig supporter når barnebarna er i sving endten det er trening eller kamp. Han blir oftare observert på sykkel enn i bil, og svinger ofte innom stadion for å sjå om det er noko som skjer der. Firmaet hans har også bidratt til å hjelpe til med småreperasjonar på fotballaga sine fotballmål.
2011

Ludvig "Lulle" Hansen
Fotball

Hansen var ein gjest på stadion i alle år, og fraværet på kampane kunne tellast på ei hand. Han fekk også med seg mange bortekampar. Heilt sidan han busette seg i Fosnavåg blei han ein stor BIL-patriot, og på eit tidspunkt var han også leiar i fotballgruppa. Han hadde alltid med seg eigen stol og var alltid nærme plassert kiosken.

Les mer om Ludvig

Handball

Bjørn Ove Endresen tok prisen som årets eldsjel sesongen 2010/2011
2010

Årets publikummer:
Arnulf Haugen
Årets publikummer blei Arnulf Haugen. Han har fylgt laget både under heime og bortekampar. Det har ikkje betydd noko forskjell om kampen har vore på Stranda eller i Ålesund, for Arnulf har vore der.
2009

Johannes Bakke
Lenge sidan sist denne kåringa blei utført, men Johannes Bakke har vore supporter gjennom kanskje 40 år og fortjener denne prisen. Han var også ein ivrig supporter i Bergsøy si storhetstid, og hans draum er at laget kjem tilbake til gamle høgder. Johannes fryder seg over at barna og ungdommen får utfalde seg gjennom meiningsfulle fritidstilbod.
2003

Paul Bø
Trufast gjest på BIL sine kampar for 20-30 år sidan og har vore fast gjest på eksperthaugen. Kjent som svært engasjerrt og aldri redd for å gi utrykk for sine meiningar på godt og vondt.
2002

Trond Myklebust
1999

Årets publikummar Handball: Rolf Sivertsen. Årets goodwillpris gikk til Tore Djupvik


Handball

Det var ikkje uventa at det blei Rolf Sivertsen som blei årets publikummar. Vaktmesteren stiller alltid positivt opp når noko må ordnast, og på vakta er han alltid intressert i korleis det går på handballbana.

Ein ny pris blei også utdelt, ein "Goodwill-pris". Han er ein aktiv spelar og veldig positiv når det skal gjerast eit tak. Dessutan er det han som fører bussen når BIL skal på bortekamp.
1997

Årets publikummar Handball: Arnulf Haugen
1991

Handball


Handball

Familien Kjell Nørvåg og Marvin Skuggen fekk publikumspris, mens årets supporterpris gikk til Otto Ristesund.
1990

Handball


Handball

Søndag 01.april 1990 fekk Leidulf Håheim prisen som årets BIL-supporter under handballfesten i Herøyhallen. Dette var første gang Handballen hadde slik kåring.



Diverse bilder

Bilde

Bilde av Regine Sandhaug

Utklipp

1975

Utklipp

1975

Avisutklipp

Vestlandsnytt 16.mai 1981

Utklipp

2019: Årets handball-supporter Renate Roseth

Utklipp

2019: Årets ildsjeler Familien Hide

Utklipp

2019: Årets Supportere Kjell Myklebust og Arnulf Haugen

Utklipp

2018: Årets Supportere Mannskapet - Bilde Bjørnar Sævik

Utklipp

2018: Årets ildsjel Sigurd Helsem Sævik - Bilde Bjørnar Sævik

Utklipp

2016: Årets supporter og ildsjel Ingrid Beate Smådal Hide

Utklipp

2015: Årets supporter Oddbjørn Emil Åkerøy

Utklipp

2014: Årets supporter Arild Nerland

Utklipp

2013: Årets supporter Ronald Moen

Utklipp

2012: Årets supporter Arild Smådal

Utklipp

2011: Årets supporter Ludvig Holberg Hansen

Utklipp

2010: Årets publikummer Handball: Arnulf Haugen

Utklipp

2009: Årets supporter Johannes Bakke

Utklipp

Mannskapet

Utklipp

Mannskapet

Maskot Bulle

Mannskapets Maskot "Bulle"

Maskot Rambo

Maskoten "Rambo" til Bergsøy Fotball Heimeside (2002-2009)





FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt