Historikk

sq-sample19

FRAMSIDA
Historikk.com




Velkommen til Historikk.com

Vi har delt heimesida inn i kategorier.

Klubbhistorie (Hovedside)
Fotball spesifikke sider (Røde)
Handball spesifikke sider (Gule)
Friidrett og Øvrig sport (Grønne)

Oversikt: Historikk.com Sideoversikt

Statistikk : EXELFIL 2021 August (4 MB)

Heder og ære til ildsjelene

Historie:
Bildet: Bergsøy er 50 år i 1944 og tildeler Peder Worren (til venstre) klubbens første Æresmedlemsskap. Han sit ilag med Kåre Velsvik som også fekk heder for sin innsats. Bak står Leiar i Bergsøy Paul Lillebø. Bildet blei tatt av Per Moltu.


Av Steffen HK


Heilt ifra 1944 har det vore fleire personar som har ofra fritid og gjort stor innsats for Bergsøy. Men først 50 år etter klubben blei stifta - i 1994 - blei den første Æresprisen delt ut. Peder Worren blei (som bildet viser over) den første æresmedlemmen, mens Kåre Velsvik fekk god omtale og blomsterbukett for sin innsats. Idag er det 13 æresmedlemmar i Bergsøy. Men også fleire andre ildsjeler og flinke personar har opp gjennom tidene fått hederlig omtale eller blitt premiert for sin innsats. Vi tek ein titt på nokre av dei.


Går vi tilbake til Bergsøy sin 25års fest i 1969 var det Frantz G Frantzen som dirigerte festen som toastmaster på en elegant måte med dommerfløyte, og fleire fikk hederlig omtale for sin innsats gjennom klubbens første år.

-"Takk til Andreas Sævik som gjorde opptaket til laget og var svært aktiv som formann og instruktør (...)
Peder P Worren som gjennom de siste 25 år er den som har gjordt mest for Bergsøy idrettslag på det administrerende plan og som aktiv fotballspiller.
Eystein Botn har hatt ei lang formannsperiode, og lagt ned mykje arbeid (..)
Brødrene Kåre og Sverre Botn, Kåre som formann i mange år og Sverre som Fotballspiller og engasjert medlem.
Andreas Lied og Kåre Velsvik som var sterkt engasjert og la ned stort arbeid.
Finn Voldsnes som kom senere med som formann, ved siden av å vere keeper.
Norvald Vågsholm var formann ved siden av å vere aktiv fotbalspiller.
Sigmund Paulsen har vi nemt, den suverene veteran mellom de aktive."


Bildet: Mange pokalar blei delt ut på juileumsfesten i 1969. Den største gikk til Sigmund Paulsen som var den første spelaren i Bergsøy som nådde 150 A-kampar. 3 andre pokalar gikk til personar som hadde utmerka seg med viktig innsats gjennom klubbens første år, mens andre pokalar gikk til spelarar med 50 eller 100 kampar.


Andreas Sævik




Det er vanskelig å kome utenom klubbens stifter og første formann Andreas Sævik, som sammen med Andreas "Alla" Lied (nestformann) samla sammen det aller første møtet for å danne klubben. Det ble notert at om det kom krav om samarbeid med nazistisk ungdomsverksemd så skulle klubben avviklast. Ved eitt høve brasa tyskarane inn under ei treningsøkt på Bergshall og jaga alle untatt formann Andreas Sævik ut av lokala. Feldwebelen blei rasande, trakk opp pistolen og tok ladegrep og kjørte løpet med voldsom kraft i magen på Sævik slik at han datt om på golvet. Deretter gikk dei der ifrå. Andreas Sævik blei likevel ikkje skremd, og treningane fortsatte.

Han var ein initiativtakar og var ein god idrettsleiar, og hadde spesiell kompetanse innen turn og boksing som gjorde at dette var noko av det første klubben dreiv på med. Det blei boksing på Bergshall med Andreas Sævik som dommar, og hans motto var at ein skulle tape og vinne med samme sinn. Konkurranseinstinktet var likevel såpass på plass at han blei nord-norsk mester i boksing i lettvektklassen. Han var også ein god skiløpar og vann klubbens første langrennsløp.

30.oktober 1964 blei det nedskrevet i styremøte i Bergsøy at klubben hadde fått brev fra Norges Idrettsforbund om at lagets stifter og første formann Andreas Sævik skulle motta Idrettsstatuetten. Hele 312 herrer og 73 damer hadde klart fordringene til mosjonsidrettens gjeveste trofe, og var samla i Oslo for tidenes premiedryss. Billedhugger Gunnar Janson hadde laga statuetten.

Andreas Sævik

Andreas Sævik mottek Idrettsstatuetten i Oslo i 1964

Andreas Sævik

Statuett-vinnerne fra Telemark. Andreas Sævik ned til venstre

Andreas Sævik

Sølvpokalar i 1969



Bergsøy Idrettslag nemnte Andreas Sævik slik under 25 års festen i 1969:
-"Takk til Andreas Sævik som gjorde opptaket til laget og var svært aktiv som formann og instruktør (...)

Under 25 årsfesten fekk Andreas Sævik, som ein av tre, utdelt ein vakker sølvpokal som takk for sin innsats i Bergsøy. Året tidligare hadde Eystein botn fått det samme.

Om ein ser tilbake på det: Er det mulig for ein klubb å ha eit stort større forbilde av ein grunnleggar enn ein som trossa nazistane for å gi idrettsglede til Herøy?


Botn



Kåre Botn, Eystein Botn, Sverre Botn


Per Botn er æresmedlem i Bergsøy, men før den tid har det vore fleire i Botn-familia som har utmerka seg med sitt engasjement i Bergsøy.

-"Eystein Botn har hatt ei lang formannsperiode, og lagt ned mykje arbeid (..) Brødrene Kåre og Sverre Botn, Kåre som formann i mange år og Sverre som Fotballspiller og engasjert medlem.(..)

Idet den kjente Bergsøysupporter Petter "Pit" Pettersen blei spurt om kven som hadde vore blant klubbens viktigaste bidragsyterar i klubbens første tid svarte han slik:
-"Tre mann! Som jeg personlig synes kommer svært høyt: Brødrene Kåre og Eystein Botn, sammen med Ola Goksøyr."

(Pit nemner dei han meinar var dei tre viktigste i BIL's første 32 år)
Kåre Botn var i styret fleire år, og formann blant anna idet Bergsøy spelar sine første fotballkampar i seriesystemet i 1952. Idet Bergsøy spelte åpningskampen 10.august 1952 mottok Kåre Botn blomster for innsatsen hans, og det gjorde også Sverre Botn for takk for at laget hadde stilt opp i dugnadsarbeidet med å få ferdig bana.

Sverre Botn var aktiv fotballspelar som venstre ving, indreløpar og angrepsspelar frå 1952-1966 og gjekk i krigen på bana. Han var også aktiv i utviklinga av unge spelarar gjennom ferdighetsmerket (Bronsje, Sølv og gullballen), som var et viktig tiltak for å heve det tekniske nivået. Sverre Botn la i alle år vekt på å drive eigentrening og å få med seg spelarar på meir systematisk trening.
Kåre Botn til høgre mottek blomster på vegne av det kommunale idrettsrådet


Eystein Botn kunne i 1968 sjå tilbake på 8 aktive år som formann der han hadde lagt ned eit stort arbeid. Ikkje minst for dei yngre utøvarane i klubben. Under årsmøtet i 1968 fekk Eystein både stor takk og ein vakker blomsterbukett for sin innsats fra det nystarta handballaget

-"Han Eystein var eit fantastisk menneske. Han gjorde mykje. Det var utrulig kva han sto på". (Ingvald Stenersen)

Mot slutten av årsmøtet fekk Eystein Botn overrekt ein vakker sølvpokal som symbol på det han hadde stått for som idrettsleiar, og alt det han hadde gjort for Bergsøy.

Klubbhuset

Primus motorar for dugnadsarbeidet med å få opp klubbhuset i Huldalen i 1988 var Kåre Botn og Asbjørn Almestad. Begge med mange år i aktiv tjeneste for Bergsøy IL.

Sølvpokal

Eystein Botn får sølvpokal i 1968



Pettersen



Petter "Pit" Pettersen og Per Pettersen


"Pit" var ein velkjent person i Bergsøymiljøet. Dei fleste historikk.com spør, smiler når namnet Pit blir nemnt. For han var så engasjert, og det var mykje liv rundt han. Men i tillegg til sitt engasjement var han også delaktig som styremedlem fra 1956/57-1957/59, og i banenemda fra 1958/59-1964/65.
Pit var ofte avbilda i avisa, og blei ofte intervjua om si meining om fotball og Bergsøy. Her frå ein artikkel der Pit og Peder Worren er innfelt i Huldalen, med Kolbjørn Wickstrøm under som viser sine ballkunster til nokre ungodmmar.


14.oktober 1953 står det skrevet i referatet til styremøtet:

-"Det ble så enstemmig vedtatt at Petter Pedersen blir oppført som livsvarig medlem i BIL, og likeså at Per E. Pettersen skal skal gå gratis på alle lagets tilstellinger for ettertiden". "

(Bergsøy Styremøte 14.10.1953)
Det var mange Pettersen i Fosnavåg, men med "Petter Pedersen" trur vi det meinast Petter "Pit" Pettersen. Om vi har feil så rett oss gjerne på dette. Dette skjedde like etter at Bergsøy hadde hatt sin første fotballsesong i Huldalen. Huldalen som Petter "Pit" Pettersen omtrent gav i gave til Bergsøy IL i 1947. Det hørest derfor kanskje litt naturlig ut å la dei tidligare tomteeigarane få lov å komme gratis inn. "Pit" solgte seinare også klubbhus-tomta i Huldalen til Bergsøy. (Les meir om Petter "Pit Pettersen her.)

Mange år seinare nemnast Petter Pettersen og Per E. Pettersen igjen med gode ord i styremøtet. Her blir nemlig dei to Pettersen omtalt som æresmedlemmer. I et styremøte 5.april i 1970 skriver nemlig Rolleiv Moen følgande:


Omtalen av begge Pettersen som æresmedlemmer skjer 24 år før Bergsøy i 1994 starter sin praksis med dagens Æresmedlemsprisar.

Voldnes




Når en tenker Voldnes i Bergsøysammenheng tenker en på Finn Voldnes, men også Voldnesbedrifta hadde ei stor rolle i starten da ein skulle lage bane i Huldalen. Peder Worren var ein av pådrivarane for å skaffe tak i alt utstyret i bedrifta han (og fleire andre i Bergsøysammenheng seinare) hadde som arbeidsplass.
-"Det var lastebil fra Voldnes. Trille frå na Voldnes. Utstyr frå Voldnes. Gratis bil. Slagg til fyllmasse frå Voldnes."

(Ingvald Stenersen fekk fram at hjelpa frå Voldnesbedrifta var eit viktig bidrag)
Finn Voldnes tok utdannelse i utlandet og kom tilbake til Fosnavåg, og blei tidlig aktiv i Bergsøy. Han blei sekretær i klubben frå hausten 1951 og starta å arbeide i familiebedrifta i Ura frå 1952. Han var en habil keeper og spelte dei fleste kampane i klubbens debutsesong i seriespelet i 1952/53, og i 1953 blei han også formann i Bergsøy. Denne rolla hadde han heilt til 1960.

I teksta for 25års-jubileumsfesten i 1969 (sjå bilde) står det omtrent slik:

-"Ein hadde valgt å plukke ut 3 personar som fikk minnepokalar for sin innsats i laget. Det var Kåre Botn som sto for utdeling av desse. Andreas Sævik, stiftaren av laget fekk takk og ros for sin innsats. Det samme fikk Finn Voldnes, som har den lengste formannsperioden i Bergsøy Idrettslag. Forutan dette var Finn Voldnes i mange år aktiv med som keeper på laget. Den tredje som fikk pokal var Peder Worren som blei karakterisert som den personen av alle som har gjort mest for laget."



Arvid Kvalsund




Av litt nyare tid: Arvid Kvalsund fekk i 2010 Sparebanken1 sin Ærespris, også kjent som Drivkraft-prisen, for sin innsats i Bergsøy Idrettslag gjennom 30 år, blant anna som oppmann i ei årrekke og materialforvaltar. Ein sum pengar og ein statuett blei overrekt av Svein Nærø.
-"Arvid har alltid vore her, anten bana skal gjødslast, klippast eller merkast. Han er den som ordnar med ballar og utstyr, og er den første som kjem på dugnad og av dei siste som går."

(Mathias Pettersen om Arvid Kvalsund)
Sjølv ønskte Arvid å takke Bergsøy som hjalp han å kome seg tilbake på beina etter ei alvorlig trafikkulykke. Klubben og fellesskapet blei redninga etter ei vanskelig tid.

Sparebank1 pris

Arvid Kvalsund

Sparebank1 pris

Arvid Kvalsund



Fleire med heder og god omtale


Det har vore mange i klubbens 77-årige historie som har fått heder og god omtale, og trulig ennå fleire som kanskje burde fått det. Vi klarer ikkje nemne alle, men kan nemne nokre til.

Vi nemnde Frantz G Frantzen var toastmaster på jubileumsfesten i 1969, og han fekk sjølv stor takk den gang. Eivind Rødal gav han eit flott bilde som takk for den gode PR-jobben han hadde utført for gruppa. Rødal (seinare omtalt som Handballgeneralen i Bergsøy) og Kjartan Fagerlund fekk også skryt den gang. Begge fekk også veldig god omtale i Johs Wike si bok "Idrett i Havgapet" for sin innsats i Bergsøy.
-"(..) Kjartan sin innsats stopper ikkje med det. I perioden 1966-1969 var han sekretær i styret for BIL før han tok på seg ulike trenaroppdrag for laget utover i 1970- og 80 åra. Få BIL-medlemmar har hatt større betydning for det fotballøftet som tok til i 1960-åra enn Kjartan Fagerlund."

(Boka Idrett i Havgapet om Kjartan Fagerlund.)
Harald Arnesen har også hatt fått skryt i årsberetningane til Bergsøy:
-"-Primus motor i alle desse tiltaka har vore Harald Arnesen, som formann i arrangementskomiteen har han hatt mang ein stri tørn med å få til desse tilstelningane."

(Årsberetning 1962/63.)


Tilslutt nokre bilder som viser litt premiering, god stemning og god omtale:

Frantz Frantzen

Frantz Frantzen

Bergsøydikt

1973-Dikt

Bergsøy

God stemning i 1969

Bergsøy

Årets Ildsjeler 2019, familien Hide

Bergsøy

Årets supportere 2019, Kjell Myklebust og Arnulf Haugen

Bergsøy

Årets ildsjel i 2018, Sigurd Helsem Sævik

Bergsøy

Årets supportere 2018, Mannskapet

Bergsøy

Årets supporter 2015, Oddbjørn Åkerøy

Bergsøy

Årets supporter 2011, Lulle

Bergsøy

Årets ildsjel 2017, Stig Vestnes

Bergsøy

Årets publikummer 2017, Helen Sævik




Fotball kampreferat

Kampreferat og statistikk

1415 kampreferat

Serie/Cup/KM

1952-2021









Snarveier