Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com









Banestatistikk:
Huldal Festning?

Historie:
Bildet: Frå Huldalen

Eg huskar det var sagt at Bergsøy ikkje kunne tape i Huldalen, at Bergsøy på eige grus var noko alle frykta. Huldal festning var noko andre lag ikkje såg fram til å oppleve å spele kampar på. Vi går grundig inn i denne myta.
Av Steffen Kvalsund


Teller vi heimekampar i serien (663), Cupen (32), KM (2), Kvalik (2) så har Bergsøy spelt 699 obligatoriske heimekampar. Det vil seie at når Bergsøy sitt A-lag spelar neste heimekamp, så vil det være heimekamp nummer 700. Egentlig skulle kampen sist mot Ørsta være nummer 700, om ikkje kampen mot Emblem hadde blitt utsatt.


Historikk.com har prøvd så godt vi kan å kartlegge desse 699 heimekampane, og kva baner dei har blitt spelt på - for å få fram ein god statistikk. På denne måten kan vi endelig bekrefte eller avkrefte myta om Huldalen som ei uslåelig heimebane.

Før vi går inn på skikkelig tallknusing kan vi ta ei reise gjennom banenes historie og kva tidsperioder dei blei brukte.

Huldalens glansperiode


Huldalens glansperiode var 03.08.1952 til 02.07.1972 : 19 år, 10 månadar og 21 dagar.

Bergsøy starta som kjent med seriekampar i Huldalen i 1952, har spelt mange spennande heimekampar heilt sidan debutkampen satte standarden med 5-4 mot Heid 10.august 1952 for 70 år sidan. Det blei 20 år med gruskampar før grasbana skulle kome i 1972. Vestlandsnytt annonserte at den siste kampen i Huldalen skulle spelast 2.juli 1972 mot VRF, ein kamp Bergsøy skulle tape 0-2.

På desse 20 første åra i Huldalen spelte Bergsøy:

132 seriekampar, 1 KM-kamp og 1 cupkamp i Huldalen.
Av dei 132 seriekampane blei det 71 sigrar (54%), 22 uavgjort (17%) og 39 tap (29%).
Det blei siger i både Cupkampen (Bergsøy - Tornado 3-1 i 1969) og KM-kampen (Bergsøy - Stranda 2-1 i 1958).

Statistikk i seriekampar Huldalen 1952-1972

1972

1972



Sentralidrettsbana


Bergsøy jubla over grasbane, og den første kampen skulle bli spelt 20.august 1972 mot Åndalsnes. Fred Frantzen blei den første målscoraren på ny bane, men eit frispark skifta retning laga 1-1 og Roger Staurset ordna 2-1 siger til bortelaget. Dommar var Robert Iversen, og eine linjedommaren var Bjørn Prytz. Det blei tap i første kamp.

Avisutklipp

Fra album

Avisutklipp

Fra album

Avisutklipp

Fra album



Det blei altså ingen drømmestart på ny bane, sjølv om det blei 3-2 siger mot Ørsta i neste kamp så skulle en også tape 1-2 mot Skarbøvik på banas tredje forsøk. To tap på tre forsøk på gras - men så skjedde det noko:

3 år uten tap på heimebane

Etter dei tre første kampane, så hadde Bergsøy ein heimestatistikk frå den fjerde kampen på Bergsøy Stadion til den 29.kampen uten å tape i serien. Bergsøy var ubesigra i 25 kampar på rad på heimebane frå 6.mai 1973 til 24.august 1975, ei periode på 2 år, 4 månadar og 1 dag. Frå tap til tap 2 år, 11 månadar og 12 dager. Av desse 25 kampane var det 17 sigar og 8 uavgjort, og Bergsøy var på full vei mot opprykk i 1975 som ei følge av gode resultat.

Det slo dermed ned som ei bombe at det var nedrykksdømte Aksla, som denne sesongen berre klarte å vinne 2 av 18 kampar - som skulle få ein av sine to sigrar på nettopp Bergsøy Stadion for å ødelegge Bergsøy si ubesigra heimerekke. 800 tilskuerar måtte sjå at Aksla vann 1-2 på grasbana, noko som gjorde at tabelltopp Bergsøy slapp Clausenenga nærmare seg på tabellen.

Avisutklipp

Fra album

Avisutklipp

Fra album



Det var tilslutt Clausenenga som rykkte opp i 1975 på bedre målforskjell enn Bergsøy. Det var sjokk-kampen mot Aksla som øydela sesongen. Men Bergsøy sin statistikk på heimebane var ikkje noko å seie på. Kanskje var ikkje Bergsøy berre ein grus-spesialist likevel?

1984: Bergsøy må spele andre plassar


I 1984 skjer det at Stadion skal oppgraderast til å bli eit fullverdig Fylkes-Friidrettsanlegg. Det betyr to års anleggsperiode for å skifte kunststoffdekke, omlegging av drenering, utviding av svingane og langside. Ei kostnadsramme på rundt 4 millionar kroner der treningslys, lagerbygg i kombinasjon av tribune og eit bygg oppe på tribunene med kiosk og toalett skulle byggast.

Den siste kampen Bergsøy fekk spele på Bergsøy Stadion før bygginga tok til var 06.mai 1984 mot Sandviken. Bergsøy tapte 1-2 i eit ufyselig vær på ei blaut bane, og resten av sesongen blei spelt i Huldalen. Nesten 12 år etter at Huldalen blei "pensjonert", var altså laget tilbake på grusbana. Comebacket på grusbana var 16.mai 1984 mot Hareid, ein kamp Bergsøy vann 3-1 etter to mål av Frode Wilhelmsen og eitt av Paul Kurt Nerland. Huldalsbana var i glimrande forfatning.

Kampar på Moltu Stadion

To av desse seriekampane blei spelt på Moltu Stadion. Bergsøy mot Ny-Krohnborg og Bergsøy mot Os i september 1984 endte begge med tap..
-"Bergsøy forlater Moltubana med bøgde hovud etter at dei no ligg heilt nederst på tabellen."

(Etter kampen mot Os, og det andre tapet på rad på Moltu Stadion, ser det ut til at Bergsøy går mot nedrykk i 1984.)
Det blei ingen suksess å spele kampar i Huldalen eller på Moltu Stadion i 1984, det blei nedrykk. Bergsøy endte heilt nederst på tabellen i sesongen med seks sigrar på 22 kampar.

Også 16 år seinare skulle Bergsøy spele ein seriekamp på Moltu si grasbane på grunn av friidrettstemne på Bergsøy Stadion. Bergsøy møtte Ha/No i mai 2000, men heller ikkje den gangen blei det siger. Resultatet blei 4-4, etter to mål av Frank Sverre Skorpen samt eitt av Tommy Notøy og Jarl Åge Vågsholm. Men sum summarium kan vi seie at Bergsøy A-lag sine tre kampar på Moltu Stadion ikkje gav den beste statistikken.

1985: Nye Bergsøy Stadion


Det blei spelt 16 seriekampar og 1 cupkamp (Huldalen og Moltu Stadion) før Bergsøy skulle få kome tilbake til Bergsøy Stadion 09.august 1985 i kamp mot Ellingsøy. Det blei fotballåpning på "Nye Bergsøy stadion", men Ellingsøy stakk av med ein 1-2 siger med scoring av Dag Rune Skotte i det siste minuttet. Åpning på nye stadion gav altså samme resultat som den opprinnelige åpninga i 1972.

Avisutklipp

Vestlandsnytt

Avisutklipp

Vestlandsnytt

Avisutklipp

Vestlandsnytt





Huldalen overlevde til 2007


Den offisiele åpninga av Nye Bergsøy Stadion skjedde 14.september 1985 av ordførar Charles Remø. Etter dette blei Huldalen brukt berre sporadisk. To gangar i 1985, to gangar i 1986, ein gang i 1987, og slik fortsetter bruken av Huldalen heilt fram til 2007. Sjølv om Bergsøy i 1972 feira at tida med kampar på Huldalsgrusen var over - så skulle Huldalsbana altså fortsatt bli brukt til A-kampar i nesten heile 35 år til.

Etter at Huldalen "blei pensjonert i 1972", spelte Bergsøy 49 seriekampar og 8 cupkampar i Huldalen - heilt fram til den siste A-kampen i Huldalen i 2007.
-"En skal være glad for at det ikkje fins Lundefugl i Huldalen, for da hadde dei sikkert blitt nedskotne og utrydda av dei mange høge sparka."

(Skrevet i vårt kampreferat i 2007 frå den aller siste A-kampen spelt i Huldalen.)
Den siste A-kampen I Huldalen blei spelt 26.april 2007 mot Stordal. Bergsøy vann 2-1 etter mål av Harald Haugen og Håvard Remøy, og sistnemnte blei dermed den aller siste målscåraren på bana. Sigmund Paulsen var den første målscåraren i 1952.

Bana blei frå første til siste A-lagsskamp og mål på bana benytta i totalt:

54 år, 8 månadar og 16 dagar.
Bildet: Frå den siste kampen spelt i Huldalen i 2007
-"Håvard Remøy hadde ikkje vore lenge på bana da han klinka ballen i ein boge over keeper og inn under tverrleggaren. Bergsøy vann 2-1 og Håvard blei den siste til å score eit A-mål i Huldalen.."

(Kampreferatet Bergsøy - Stordal i 2007.)
Statistikken viser når Huldalen blei brukt til A-kampar


Her har vi følgande statistikk frå A-kampane i Huldalen
  • Dette viser at Bergsøy spelte 181 seriekampar i Huldalen, og vann 56,4% av dei.
  • Bergsøy scåra 62,7% av seriemåla som kom på Bergsøy Stadion
  • Pr kamp betyr dette at Bergsøy scåra 2,66 mål pr seriekamp og slapp inn 1,58 mål pr seriekamp.
  • I cupen var snitten 1,55 mål scåra pr kamp og 1,66 mål imot pr kamp.
  • Totalsnitten alle kampar var på 2,6 pr kamp og 1,58 imot.
  • Bergsøy var berre 2 mål ifrå å scåra 500 mål i Huldalen.
  • Totalt blei det scåra 801 mål i Huldalen.


  • Bergsøy Stadion 1988 til 2010


    Den siste seriekampen i 1987 blei også spelt i Huldalen, for til seriestart i 1988 hadde Bergsøy gjennomført nok ei oppgradering av Stadion. No var det 300 tribuneplassar klare. Bergsøy feira ny tribunefløy ved å slå Hessa 7-0.

    Også i 1996 serieåpna Bergsøy med oppgraderte tribuner. Denne gangen var det 250 nye meter med spennbetongelement, og tilsammen var det no omtrent 500 meter med tribune på plass ved bana. Men resultatet for gjennåpning av ny oppgradert stadion blei 1-2 heime mot Hødd2. Eit kjent resultat ved åpningar av Bergsøy Stadion.

    Avisutklipp

    Vestlandsnytt

    Avisutklipp

    Vestlandsnytt



    Statistikken viser når grasbana har blitt brukt til Seriekampar A-laget
    Det vi ser utifra dette er at Bergsøy hadde sin beste vinnarprosent frå 2010-2019 på grasbana (men det blei berre 6 kampar dette tiåret), men tapte minst på 1970-tallet. Tiåret 1980 gav ikkje dei beste resultata i form av sigerar, men flest tap på gras hadde Bergsøy faktisk mellom 2000-2009.

    Slutten for Bergsøy Stadion grasbane

    Det blei altså berre 6 kampar på gras i 2010 før det var slutt på graseventyret til Bergsøy. Den siste kampen gikk 20.08.2010 og Bergsøy vann 3-1 mot Spjelkavik. Gustav Pettersen scåra to mål, og også det siste målet som blei scåra på grasbana. Kim Rene Vågeskar blei kåra til dagens beste Bergsøyspelar.

    Dette betyr at grasbana levde frå 20.08.1972 til 20.08.2010 = Nøyaktig 38 år.


    Her har vi følgande statistikk frå A-kampane på Bergsøy Stadion grasbane
    Her ser vi at det blei spelt 333 seriekampar, 12 cupkampar og 1 kvalik-kamp. Totalt 346 kampar.

  • Bergsøy vann 54,65% av sine heimekampar på gras. I cupkampar blei det desverre 58,33% tap.
  • Det har blitt scåra 1218 mål i seriekampane på Bergsøy Stadion. Dette gir eit snitt på 3,657 mål pr kamp.
  • Bergsøy hadde ein målsnitt på 2,252 mål pr kamp i serien, og slapp inn 1,405 mål pr kamp.
  • I cupkampar hadde Bergsøy målsnitt på 1,666 og slapp inn 1,83 mål pr kamp.

  • Bergsøy Kunstgrasbane 2007-2012


    Det var Bergsøy Kunstgrasbane som tilslutt skulle ta knekken på Huldalen. Etter at den første kampen på kunstgras blei spelt 12.mai 2007, blei aldri Huldalen brukt igjen. Bergsøy vann 3-1 mot Ha/No etter tre mål av Frank Sverre Skorpen, og fekk ein flott start på nytt underlag. På dei neste 7 kampane på kunstgras blei det 6 sigar og 1 uavgjort,

    Bilde

    Lagar kunstgrasbana

    Bilde

    Frå åpninga av kunstgrasbana 24.juni 2007



    Det blei litt fram og tilbake mellom kunstgras og grasbane etterkvart, men heile 2011 sesongen blei tildømes spelt på kunsgrasbana. Den siste kampen på kunstgraset blei spelt 1.juni 2012 mot Hareid, ein kamp Bergsøy vann 2-1. Kjetil Paulsen avgjorde i siste speleminutt, og blei dermed den siste spelaren til å score på den bana.

    Totalt blei det 42 seriekampar på kunstgrasbana i perioda 12.05.2007 til 01.06.2012: Ei periode på 5 år og 17 dagar.

    Her har vi følgande statistikk frå A-kampane på Bergsøy Kunstgrasbane
  • Det blei altså spelt totalt 45 kampar på Bergsøy Kunstgrasbane
  • Målsnitt serie 2,95 mål pr seriekamp scåra og 1,47 mål imot pr kamp
  • Målsnitt i NM blei 3 mål pr kamp scåra og 1,33 mål imot pr kamp


  • Havila Stadion Fosnavåg


    23.desember 2011 annonserte Bergsøy at grasbana skal heite Havila Stadion dei neste 20 åra etter at Havila AS gikk inn med 2 millioner kroner for rettigheitene.

    Den første kampen på Havila Stadion var 16.06.2012 mot Sunndal. Sunndal sin spelar Erik Rudi blei bana sin første målscorar, mens Joakim Bakke Muren blei første Bergsøyspelar til å scåra på Bergsøy sin nye kunstgrasbane. Aleksander Dahle blei den første til å bli utvist, i ein kamp mot Herd.

    Her har vi følgande statistikk frå A-kampane på Havila Stadion Fosnavåg fram til 09.07.2022
  • Målsnitt hittil er 2,57 seriemål scåra pr kamp og 1,38 pr kamp sluppet inn

  • Ekstra info : Andre baner


    Vi har nemt at Bergsøy spelte 3 seriekampar på heimebane på Moltu grasbane, men det har skjedd også andre gangar at Bergsøy har spelt heimekampar på andre baner, samt tilogmed spelt bortekamp på heimebane.

    I 1969 skulle Bergsøy spele kvalifiseringskamp for opprykk til 3.divisjon, men fikk ikkje lov til å spele på grusbane i Huldalen. Bergsøy kunne også ved opprykk faktisk risikere å spele på bortebane heile sesongen 1970 om dei ikkje fekk dispensasjon for å bruke grusbane. Kretsen meinte dei andre laga hadde så god grasbane at det var slike baner som skulle benyttast i 3.divisjon. Det som skjedde var at Bergsøy spelte på "heimebane" mot Bryn på Rota Stadion på Vigra i opprykkskampen. Det blei 2-2 og Bergsøy klarte opprykk, samt fekk heldigvis dispensasjon til å bruke Huldalen i 1970.

    Bergsøy spelte også ein ekstra kamp mot Bryn for å avgjere kven som skulle bli KM mester. Dei fekk ikkje spele heime i Huldalen den heller, så den blei spelt på Vestnes. Vi har egentlig rekna dette som ein heimekamp, men kampar som dette skulle gå på nøytral bane og det var dermed lite Bergsøy kunne gjere for å endre kamp-plassen den gangen.

    Det er litt rart å tenke på at Bergsøy ikkje fekk bruke Huldalen i ein viktig kamp i 1969 når en går 33 år fram i tid til 2002 - og ser at Bergsøy då får lov å bruke grusbana i ein tilsvarande kamp. I ein viktig kamp i jakta på opprykk skulle Bergsøy i september 2002 spele borte mot Ålesund2, men laget frå Ålesund gikk med på at kampen likevel kunne spelast i Huldalen. Med ein 2-0 siger på "bortebane" i Huldalen sikra Bergsøy seg seriemesterskapet i 3.divisjon.

    Bilde

    1969 - Heimekamp på bortebane

    Bilde

    2002 - Bortekamp på heimebane




    70 år statistikk: 1952 til sommer 2022


    Då har vi kome oss igjennom bane-historikken om kva baner Bergsøy har benytta som heimebaner, og da er det på tide med tallknusing.

    Her visast statistikk frå Bergsøy sine 699 obligatoriske kampar på heimebane hittil: Talla viser at Bergsøy no har spelt 16% av sine heimekampar sidan 1952 på Havila Stadion, 49,50% på grasbana Bergsøy Stadion, mens 27% har blitt spelt i Huldalen, og ca 6% på kunsgrasbana.

    På desse bilda ser vi korleis dette er fordelt utifra seriespel og cupspel

    Bilde

    Seriespel

    Bilde

    Cupspel



    Prosentvis sammenligning - Alle 699 kampane

    For å sammenligne resultata mellom banene er kanskje neste bilde bedre, her viser vi prosentane med siger, uavgjort og tap for kvar bane. Då ser vi at Bergsøy har størst sigersprosent på kunsgrasbana (66,67%), mens det er ganske jamnt mellom dei andre sjølv om Havila Stadion kjem på ein god 2.plass. Huldalen har derimot ein klart større tapsprosent (om en ser vekk ifrå "andre baner") med 28,27%.

    Bedre til meir moderne

    Sett utifrå tapsprosentane s kan vi seie at til meir moderne bane Bergsøy spelar på, til færre tap har det blitt. På Huldalsbana blei det 28,27% tap. Når ein gikk over til Bergsøy Stadion (Gras) så blei det 25,43% tap, og når ein deretter har gått over til kunstgrasbane så har ein hatt 20% tap på Bergsøy Kunstgrasbane og 21,43% tap på Havila Stadion Kunstgrasbane.

    Å spele på heimebane på andre baner (Moltu Stadion/Vigra Stadion/Vestnes) har ikkje våre særlig lønnsomt og har aldri gitt seier.

    Oppsummering : Huldal festning?


    Var det ei myte at Bergsøy aldri tapte i Huldalen? Det vi kan seie er at resultata på grasbane og grusbane har vore nåkså likt i Bergsøy si historie, med veldig liten marginforskjell på sigerar ved speling av gras og grus. Men Bergsøy tapte faktisk meir i snitt pr kamp i Huldalen enn laget har gjort på Bergsøy si grasbane, så sånn sett kan vi egentlig slå fast at det reint resultatmessig er feil å seie at Bergsøy var uslåelige på grusen.

    Det som er sikkert er at Bergsøy hadde grusbane lengre enn mange andre klubbar, og at det var "ukomfortabelt" og uvant for mange klubbar å kome til Huldalen - og dermed skapte Bergsøy seg eit slags rykte som kongar av grusbane. Ved å sjå på tabellen under, og sjå sigersprosenten (76%) i Huldalen på 1990-tallet, så kan en forstå min følelse rundt år 2000 da jeg starta å spele på A-laget - at Bergsøy var svært gode på grus. Samtidig har eindel viktige kampar blitt spelt på grus oppigjennom åra - som forsterka følelsen av at Bergsøy var uslåelige på grus. Tildømes måtte Bergsøy vinne siste kampen i 2003 for å unngå nedrykk, og kampen blei då spelt i Huldalen (alle andre kampar hadde blitt spelt på gras) og Bergsøy berga seg til 1-0. Det samme skjedde da Bergsøy var i fare for å rykke ned i 2005, men klarte å unngå nedrykk ved å spele det to siste heimekampane i Huldalen som gav uavgjort og siger.

    En ting er sikkert: Bergsøy scåra meir i snitt pr kamp i Huldalen enn både Havila Stadion og Bergsøy Stadion, men slapp også inn meir mål enn alle dei nyare banene Bergsøy har hatt. Så målrikt var det iallfall i Huldalen.




    kampreferat

    Over 1500 kampreferat








    HIstorie






    Profiler