Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Pederprisen

Pederprisen:




Kva er Pederprisen
 

Pederprisen - Peder Worren

Bergsøy oppretta Pederprisen som ei årlig påkjønning til ungdommar under 18 år som framhevar seg på ein positiv måte i idrettsmiljøet. Prisen er oppkalla etter klubbens første æresmedlem Peder Worren som gikk bort i 2000.

I samband med begravelsen gjorde familien det klart at ein heller kunne gi gaver til Bergsøy og Herøy Turlag enn å kjøpe blomster til grava, og Bergsøy-leiinga fekk då ideen om å hedre veteranen med ein eigen pris.

Les mer om Peder Worren




Liste over vinnere av Pederprisen
 
Øyvind Monsen


Pederprisen 2001

Øyvind Monsen blei den verdige vinneren av den aller første Pederprisen som han fekk utdelt av Ruth Worren og Terje Krogseth (Sparebanken Møre). Øyvind var aktiv på Bergsøy sitt juniorlag i fotball, og ein del av det aldersbestemte fotballmiljøet i åresvis. Han utmerka seg som ein glad og positiv idrettsgut.

Han har dei rette haldningane, og han skal være mykje sjuk om han ikkje møter opp på trening. Han er eit arbeidsjern på bana, fairspelande og ei positiv inspirasjonskilde som oppmuntrar sine lagkameratar.
 
Therese Igesund


Pederprisen 2002

På årsmøtet i Bergsøy Idrettslag fekk Therese Igesund overrekt Peder-prisen. 17 åringen fekk prisen for si positive innstilling, ikkje berre som aktive handballspelar, men også for at ho har teke trenaransvar mellom dei yngre. Prisen på 2500 kroner vart utdelt av Ruth Worren.

Prisen er ei påkjøning til idrettsungdom som gjer ein god innsats for Bergsøy IL, og er eit godt forbilde for andre i ekte "Peder Ånd".

 
Ruben Kvalsvik


Pederprisen 2003

Ruben Kvalsvik (17 år) blei utdelt Pederprisen under Bergsøy Idrettslag sitt årsmøte. Det er ikkje først og fremst sportslige kriterier som ligg til grunn for prisen, men at ein i idrettsmiljøet viser velvilje, er eit godt eksempel og viser positive handlingar overfor lagkamerater og andre. -"Og Ruben oppfyller alle disse kriteria", sa formann i hovedstyret Stig Vestnes.

Ruben har avslutta andre året på idrettslinja i Ulstein og har vore aktiv i friidrett heile livet. Han har hevda seg godt på krinsnivå både på 100 meter og 200 meter, og er ein aktiv og treningsvillig kar som likar å klatre og gå på telemarkski.

Han har ved fleire høve steppa inn som trenar for friidrettsutøvarar i alle aldre, og er omgjengelig og alltid blid. Ruben mottok prisen med trampeklapp.

 
Caroline Skar


Pederprisen 2004


Dette året gikk prisen til Caroline Skar som mottok prisen flankert av hovedstyreleiar Stig Vestnes og Ruth Worren (enke etter Peder Worren). Talentfulle Caroline er ein verdig vinner av prisen som har vist seg som ein allsidig og talentfull idrettsutøvar som har hevda seg sterkt både på fotball og handballbana.

I fotballen har ho vore ein nøkkelspelar på Bergsøy sine jentelag og utteken på fleire kretssamlingar og turneringar. Også i handballsammenheng har ho representert Bergsøy på krets og fylkeslag.


 
Camilla Moltu


Pederprisen 2005


Arnstein Selvåg hadde ilag med Ruth Worren æra av å overrekke prisen dette året til Camilla Moltu som hadde vore aktiv deltaker i Bergsøy Handball i mange år. Ho har hatt høgt treningsoppmøte, og har både under trening og kamp vore ein typisk lagspelar som har vore svært viktig for laget. Ho har teke initiativ og har hatt ei fin evne til å få medspelarar til å yte sitt beste. Ho er alltid blid og i godt humør, og i det heile et godt forbilde for anna ungdom både på og utanfor bana.

I tillegg har ho vore med på treningssamlingar på høgare nivå i krinssammenheng. Sist sesong blei desverre spolert på grunn av ei kneskade, men likevel stilte ho opp som medtrenar for handball jenter11-lag.

 
Kjetil Paulsen

Pederprisen 2006


Hovedstyreformann Arnstein Selvåg delte dette året ut Pederprisen til den verdige vinnaren Kjetil Paulsen. I tillegg til å være eit kjempetalent på fotballbana som midtbanegeneral på Bergsøy sine A og juniorlag i en alder av 18 år, er han i tillegg ein framifrå ambassadør for Bergsøy IL fotball. Han har sitt hjerte i Bergsøy og har i alle år vist haldningar og treningsinnsats utanom det vanlige. Både på trening og kamp er han en typisk lagspelar som også er flink til å oppmuntre sine lagkameratar.

Han er altid blid og i godt humør, og eit positivt forbilde for både med og motspelarar. Han har vore med på treningssamlingar og kampar på høgt nivå, og debuterte på A-laget som 16 åring. Ein overraska prisvinnar seier at pengesummen i si heilheit vil gå til å finansiere lappen.

 
Vegard Holmesland Slåttelid


Pederprisen 2007


18 åringen Vegard Holmesland Slåttelid blei årets vinner av Pederprisen. Han har spelt handball sidan han var fem år og har gjort ein stor innsats som trenar for yngre gutar. Sjølv har han spelt handball i alle klubbens gutelag frå 10års klassen og oppover, og var ein av dei som Bergsøy satsa på då herrelaget starta på nytt etter å ikkje hatt lag i fem år.

Handballen hindrar ikkje Vegard å dyrke andre interesser, og han er også med i ungdomsrådet og var Herøy sin representant under Ungdomens fylkesting i Geiranger.



kampreferat






Fotball





Ekstern Link fotball.no


Fotball




Ekstern Link fotball.no


handball



Ekstern Link handball.no


handball



Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt