Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Bergsøy Profiler

Bergsøy Profiler:


På denne sida vil vi ramse opp forskjellige profiler som vi meinar på ein eller annan måte har hatt ei sentral rolle i Bergsøy. Det kan være supporterar, lederar, trenarar, spelarlegender eller andre som har utpeika seg. Lista er på ingen måte komplett og blir stadig utvida. Kom gjerne med forslag til namn.

Enkelte av profilane har vi også laga utvida profilsider på. I tilfelle profilen har dette kan en gå vidare til profilsida ved å trykke på knappen "Les mer". Lista er alfabetisk etter fornamn. Bruk snarveiene under for å hoppe i alfabetet, og pilen til høgre for å komme tilbake til toppen.

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

BERGSØY PROFILER

A


Anders Helsem Hoff


Trenar og spelar


Som fotballspelar minnast han kanskje best langskotet han hadde mot Ålesund2 i 2003, eit flott skot som endte i vinkelen. Etter si aktive karriære på bana med 2 mål på ca 19 kampar har han vore delaktig som trenar for fleire lag. Han var hjelpetrenar for Hugo Vicente på A-laget i nokre år, og blei seinare A-trenar for Bergsøy sin naboklubb Larsnes/Gursken.


Andreas Sævik


Klubbens første leiar


Andreas Sævik gikk i spissen ilag med Andreas Lied for å danne eit idrettslag, og kalla inn til møtet 4.oktober 1944. Den dagen blei Bergsøy Turn og Atletforening danna i forsamlingshuset Bergshall som tilhørte Bergsøy Arbeidarforening.

Andreas Sævik blei valgt som klubbens første formann, og han var både første leiar samt instruktør for dei idrettsaktivitetane klubben hadde. Han var god skiløpar og boksar. Han var også pådrivar for at Herøy skulle få basseng slik at det kunne bli symjeopplæring.

Les mer




Anlaug Varhaugvik


Første kvinnelige formann - Handball - Trim


Anlaug var ein viktig spelar på Bergsøy sitt damelag i handball, og ho fortsatte å være svært aktiv i klubben også etter ho gav seg som handballspelar. I november 1981 blei ho valgt som hovedstyreformann, ei stiling ho hadde også dei til november 1984.

I 1979 blei gruppa Bergsøy Trim oppretta, som Anlaug seinare skulle være svært så delaktig i. Ho var leiar og instruktør i fleire år i gruppa og arrangerte Romjulsmarsj, Rundemarsj og Jubileumsmarsj (Bergsøy sitt 50 års jubileum sidan fredsmasrsjen). Rundemarsjen blei arrangert i 17 strake år fram til 2001. Trimgruppa i Bergsøy var nedlagt i 1998, og da fortsatte Hovedstyret i Bergsøy som arrangør av Rundemarsjen. Etter 2000 gav Bergsøy opp å arrangere meir, og foreldreutvalget på Runde arrangerte marsjen i 2001. I 2002 blei Rundemarsjen nedlagt.



Anniken Rønnestad


Solid handballspelar


På vår liste står ho oppført med 205 kampar og 210 mål i perioden fra 1990 til ho passerte 200 kampar i 2017/2018 sesongen, noko som beviser ei ganske lang fartstid i klubben. Ho blei årets damespelar i 1994/95 sesongen samt i 2012/13-sesongen og i 2013/14 sesongen.



Arild Kvalsund


Toppscorar Bergsøy A-lag


Arild Kvalsund spelte 142 A-kampar i tidsrommet 1991 til 2003. Han scora 71 mål på desse kampane. Han blei toppscorar for Bergsøy i sesongane 1994, 1995 og 1996. Dei 23 måla han scora i 1995 sesongen var viktige bidrag til opprykket til 3.divisjon det året. Arild sine styrker som spiss var forruten eit tungt skudd, også hurtighet, teknikk og hodestyrke.



Arne Arnesen


Lang tids supporter


1929 - 09.09.2008


Arne Arnesen var Fosnavåg sitt stolte Bybod. Han var nesten aldri sjuk, og var alltid til å stole på idet butikkane både ville sende og motta posten sin. Like engasjert var han for fotballen i Bergsøy og følgte god med.

Les mer


Arthur Westbø


Formann Handball og grunnlegger Volleyball


11.05.1945 - 28.10.2015


Arthur Westbø var formann for handballgruppa fra 1969, og initiativtaker for å starte volleyballgruppa i Bergsøy i 1972. Han var utdanna frå Idrettshøgskulen med volleyball som hovedidrett. I 1992, 20 år etter at volleyball starta i klubben, sponsa Arthur Westbø laget nye drakter i ei tid der klubben hadde økonomiske vanskar.

Les om Bergsøy Volleyball


Asbjørn Myklebust


Æresmedlem


Asbjørn Myklebust var tidlig et fotballtalent, og var med å vinne Sunnmørscuppen i fotball alt i 1962. Mange år seinare, i 1979 var han eldstemann på A-laget og kunne sjå tilbake på mange sesongar som toppscorar for laget. I 1979 kom kanskje ett av dei mest minnerike måla også, nemlig mot Rosenborg i NM-cupkamp.

For Bergsøy står han pr 12.02.2021 oppført med 159 kampar, 61 seriemål, 11 cupmål og 1 KM mål. Han er dermed på 5.plass på toppscorarlista i klubben.

I nokre år var også Asbjørn Myklebust den einaste norske fotballproffen i tysk fotball.

Les mer


Asbjørn Almestad


Stor innsats blant anna for klubbhuset


Asbjørn Almestad var dugnadsleiar i 1988 ilag med Kåre Botn for det nye klubbhuset i Huldalen. Før han tok tak i dette arbeidet hadde han allereie våre mange år aktiv i Bergsøy.


Asmund "Assi" Myklebust


Lang aktiv fotballkarriære


Asmund Myklebust var ein av dei lokale spelarane med den lengste aktive karrieren i serien oppover i divisjonane. Han debuterte som 16 åring i 1951 for Heid, og etter solid trening i militærtjenesta kom han til Bergsøy i 1958 og blei ein trofast og solid midtbanespelar i mange år. Få har slite ut så mange motspelarar og fotballsko på Huldalsgrusen som Assi.

I vår statistikk står han med 100 kampar og 4 mål i perioden 1957-1968. I 1963-1967 var han styremedlem i styret. I 1977 blei han valgt som varamann i Friidrett.

B


Beate Myklebust


Mestscorande på damelaget


Med 1121 mål (pr 2021) toppar Beate toppscorerlista til damelaget i handball. Ho starta å spele damekampar i 2001/2002 sesongen og nærmar seg 20 aktive år på laget.




Bjarne Pettersen


Mangeårig trener i Handball


Som handballspelar står han oppført med 101 mål på 106 kampar for Bergsøy i tidsrommet frå sesongen 1977/78 til 1989/90. Han var trenar for damelaget i handball åra 1988/89-1989/90 og 2002/2003-2005/2006.




Bjørg Leikanger


Tidlig viktig for Bergsøy Handball


Allereie i 1951 var ho med i handballstyret, i 1953-1955 var ho nestformann, og i 1956 blei ho formann. Ho var nestformann igjen 1957 og 1958, og var med vidare i styret også seinare. Ho var tidlig ute å trente og spelte handball, blant anna på Skuleplassen. Vi finner henne på lagbilder frå og med 1951 sesongen, og ho blei i 1956 tatt ut til kretslaget i handball.




Bjørn Prytz


Trenarlegende med god spelarkarriære


Bjørn Prytz har kanskje ikkje spelt så mange kampar for Bergsøy, men han har ei imponerande fotballkarriære bak seg i klubben likevel. Han har trent blant andre Hødd, Volda, Haddal og Åram, men har stadig vendt tilbake til Bergsøy. Bjørn Prytz har våre skulesjef i Herøy Kommune, men for oss som bryr oss om fotball så er dei merittane minst like imponerande. Han bidro som keeper til at Hødd gikk opp til det høgste nivået, og som trener for Bergsøy førte han laget opp til det nest høgste nivået. Tiltross for sine gode Bergsøy-karrære, såt han oppført kun med 2 spelte kampar.

Les mer


Bodil Notøy


Mor for handballungdommen


Var i ei årrekke rekna for å være som ei mor for handballungdommen i Herøy. Tok på seg leiaransvar i ei årrekke for handballstyret og hovudstyret, samt at ho var leiar i fritidsklubbar. Ho var også oppmann for herrelaget i handball i mange år, samt at ho var marsarrangør for Rundemarsjen.

I 2000 fekk ho utdelt Kulturprisen i Herøy Kommune for sitt årelange engasjement for lokalidretten, og spesielt handballen.

Les mer

D


Daniel "Jøsse" Kvalsvik


Lang fartstid på A-laget


I skrivende stund er ennå ikkje hans periode på A-laget over, men hans imponerande 69 mål på 155 kampar har ført han høgt opp på både scoringslister og Adelskalender. Han debuterte 17.04.2008 mot Ørskog, og endte opp med å score totalt 9 mål den sesongen - kun slått av toppscorar Frank Skorpen. Deretter har det gått slag i slag for den sympatiske kapteinen, som om det ikkje hadde vore for pandemien 2020/21 ganske sikkert hadde skote seg inn i topp 5 lista over Bergsøyscorarar gjennom tidene i løpet av dei sesongane.


E


Egil Leikanger


Æresmedlem

Egil Leikanger var eit tidlig idrettstalent. I tidlig alder reiste han til Ålesund på eget initiativ og erobra 1. og 2.plassar i forskjellige øvelsar, og skulle i fleire år dominere årsklasser innenfor friidrett. I 1952 stilte han som 13 åring i klasse 14 år sidan det var den yngste klassa i KM, og blei nummer 2 i øvelsane 60 meter, høgde, lengde og kule. Året etter vann han øvelsane høgde og lengde uten tilløp. 2,67 i stille lengde var eit godt resultat for den yngre klassa.

Les mer




Egil Vike


Fotballspelar

Egil Vike spelte frå 1974 til 1979 og står notert med 26 kampar - og 2 seriemål scåra i 1979. Eine målet borte mot Valder i eit 4-3 tap der han snappa opp eit dårlig tilbakespel, og det andre målet scora han da Bergsøy tok revansje på heimebane mot Valder - og punkterte kampen med 5-1 etter ein corner.


Eivind Rødal


Handballgeneralen

Eivind Rødal stilte seg i spissen for arbeidet med å få istand/gjennopplive handballgruppa i Bergsøy rundt 1968. Med seg fekk han Harald Lied og Ludvig Lulle Hansen i styret.

Det blei straks ein ny giv med aktivitet med Rødal som motivator. -"Der var ein flott gjeng eg då vart kjend med. Eivind Rødal, saman med andre, la ned eit stort og viktig arbeid", sa Anlaug Varhaugvik.


Erik Løfoll


Den første playmaker på Bergsøy

Erik var verkstadarbeidar, men for Bergsøy var han ein god midtbanespelar og angrepsspelar med eminent teknikk og speleforståelse. Han var ein dyktig playmaker. Ofte var han ein av to spelarar som blei omtalt som av dei beste spelarane i kampen på slutten av 1940 tallet.

Les mer


Eystein Botn


Lang fartstid som formann

På årsmøtet i 1968 kunne Eystein Botn sjå tilbake på 8 år som formann der han hadde lagt ned eit stort arbeid. Men også utover på 1970 tallet var han med i ledande roller i blant anna fotballgruppa.

F


Finn Voldnes


Mangeårig leiar i Bergsøy


Finn Voldnes spelte kampar som keeper på Bergsøy alt i 1950 åra og blei kretsmester med laget i debutsesongen 1952/53 etter å ha stått imål dei fleste av kampane. Fra hausten 1953 blei han formann i klubben, og var formann heilt til 1960.

Han var flink og lytte og la gode strategiar på både kort og lang sikt.




Franjo Tepuric


Solid spiss med landslagsbakgrunn


Franjo Tepuric ble født 10.02.1990 i Jajce, Jogoslavia. Han står oppført som spiss, foretrukket høgrefot, med høgde 1,88 m. Han har tidligere spilt 49 kamper på øverste nivå i Kroatia, for klubben Slaven Belupo. Han har også kamper for U19-, U20- og U21-landslaget til Kroatia. Sterk, rask og målfarlig. På rekordtid - i løpet av berre 5 sesongar - skøt Franjo seg oppover både på målscorerlisten og Adelskalenderen. På sine første 111 kampar frå 2015-2019 hade han scora 100 mål. Denne prestasjonen har foreløbig ført han til ein 3.plass på målscorarlista.

Les mer


Frank Sverre Kopperstad Skorpen


Topper Adelskalender og målscorarlista


Frank Sverre ble født 08.06.1977, og fekk sin debut på Bergsøy A-lag i 1994, og har holdt det gåande sidan. Etter sesongen 2018 har han passert 400 kampar og 200 mål med god margin - og toppar dei fleste statistikkar i klubben.

Frank Sverre har spelt ca 480 kampar, og har 236 mål i sin Bergsøy karriære. Da teller vi som alltid ikkje treningskampar, slik tildømes Hødd brukar å gjere. Minst to gonga har han blitt kåra til årets spelar, og 11 gongar har han våre toppscårer i klubben. En imponerande prestasjon. Toppscårer i Bergsøy årene: 2000, 2001, 2002, 2003, 2007, 2008, 2009, 2011, 2012, 2013, 2014.

Les mer


Fred Frantzen


Storscårer frykta av alle lag


Lenge den spelaren i Bergsøy med flest rekordar. Flest kampar, flest mål, raskast mål, flest mål i en kamp og muligens raskast hattrick. I Fosnavåg tenker en kanskje først og fremst to ting om Fred Frantzen. Det ene er lokalavisen Vestlandsnytt, det andre er at Fred var en av de beste spillerne som har vært fra vårt distrikt. Og da tenker vi ikke nødvendigvis bare distriktet Herøy, for talentet til Fred Frantsen var noe som var godt kjent utenfor kommunegrensene ute i havgapet. Det sies, at hadde han ikkje vært så heimkjær så kunne Fred vært en landslagsspiller.

Les mer

G


Geir Grimstad


A-lagets første fotballtrenar


Den første trenaren engasjert av Bergsøy IL (1968/1969) - spelte også på laget. Ifølge notater var han busatt i Fosnavåg, men pendla også til Hareid for å trene dei i 1968. Under intervju i 2020 huska Geir godt tida frå Bergsøy. Denne tida var det ikkje trenaren som tok ut laget, men eit UK beståande av 3 mann.


Geir Johan Bakke


Æresmedlem 2019


Bergsøy IL utvikla seg svært mykje på dei åra Geir Johan Bakke var styreformann i klubben fram til Lars Conradi tok over stillinga i november 2018. I 2010 var han offansiv på at kunstgraset på den nye bana skulle kome igang året etter, og sidan den gong har Bergsøy sitt baneområde forandra seg til det uigjennkjennelige.

Fotballformann Geir Johan Bakke var stolt da han i 2013 kunne åpne Bergsøy sitt nye klubbhus ved sidan av Havila Stadion.

Både på drift og anleggsida blei det store utviklingar, der Fiskarhallen var det siste tilskuddet. Geir Johan var styreleiar i Bergsøy i 10 år.


Geir Sandnes


Teknisk vidunder


Han fekk sin debut i 1990 heime mot Haddal i ein 4-2 siger, idet han erstatta Trond Paulsen som spiss. Den vesle tida han fekk på bana viste han at han er ein mann for framtida. Dei neste åra 1991 til 1996 var han ein viktig brikke på laget, som blant anna rykte opp i 1995 til 3.divisjon.

Geir er kanskje ein av dei mest talentfulle fotballspelarane Bergsøy har hatt gleden av å ha i klubben. Ein Zidane, sterk i kroppen, stålkondisjon og teknisk slepen med målinnstinkt. Full pakke av ein sentral midtbanespelar. Han er også kjent for kallenamnet "svela", og har vore noko skadeplaga til tider.

Geir spelte vidare for Ørsta, Kidderminster i England, Ålesund og Sarpsborg Sparta fotballklubb, men gjorde også comeback i Bergsøy i 2001 og 2001 samt i 2007. Totalt 121 kampar for Bergsøy, 23 mål.


Gisle Vike


Den eldste av trioen


Alt i 1969 gjorde brødrene Rune og Gisle seg bemerka på fotballbana, da for guttelaget. I ein kamp mot Hareid scora dei kvart sitt mål i ein 2-2 kamp.

I ein juniorkamp mellom Bergsøy og Hødd samme år får Gisle skryt for å ha hatt god kontroll på Hødds gode spelar Jack Pettersen. Resultatet blei 1-1. I 1970 blir Gisle Vike og Kjell Nørvåg tatt opp i A-stallen idet Bergsøy skal spele 3.divisjon. Seinare på året blir Gisle og Johs Nørvåg uttatt til kretssamling i Langevåg for juniorspelarar.

I løpet av 1970 sesongen spelte både Gisle og Rune 7 kampar for juniorlaget. Rune scora 6 mål og blei toppscorar. Gisle spelte også 2 A-kampar dette året.

Gisle Vike spelte frå 1970 til 1977, mest på backposisjon, og står notert med 80 kampar, men det nøyaktige tallet er trulig rundt 85. Grunnen til usikkerheten er mangelen på sikre tall i 1971, men i aviser står det at han passerte 25 kampar etter 1972-sesongen, noko som hjelper på vår kamp-telling.


Grete Solbakk


Viktig for handballen på 1950-tallet


Grete Solbakk var viktig for handballen i dei vanskelige åra på 1950tallet. Fra 1952 var ho med i styret, og ho blei formann åra 1954 og 1955. I 1956 blei ho sjølv tatt ut til å spele kretslagskamp. Som formann var ho med å halde laget på sporet i kretsserien, rekruttere nye spelarar og ta seg av instruksjon i laget.


Gudmund Hopen


Trenar og hjelpetrenar


13.02.1950 - 01.08.2009

Gudmund Hopen var godt likt av alle, og engasjerte seg i frivillige lag og organisasjonar. I 1970 gikk han inn i styret i Bergsøy Frilynde Ungdomslag og blåste nytt liv i aktivitetane på Høgtun. Seinare var det Bergsøy Idrettslag og fotballen, der han var med i styre og utvalg og var med på starte jentefotball i klubben. Han blei damelagstrenar, og der viste han nok ein gong sine menneskelege kvalitetar og oppnådde fort god kontakt med dei aktive.

Han var også involvert i A-trenarteamet til fotball herrer i 1988 ilag med Trond Paulsen, og var hjelpetrenar for samme mann også i 2002.


Gunnar Kjellstadli


Klippen i forsvaret


Han starta som fotballspelar for laget Heid, men blei etterkvart klippen i forsvaret til Bergsøy. Han står oppført med 131 A-kampar og 5 seriemål i perioden 1959-1969. Han gjorde i mange år ein stor innsats både på bana og i den vidare oppbygginga av laget. Etter at han la opp som fotballspelar tok han trenaransvar for rekrutteringslag som gjorde det godt i både kretsserien og i cupar.

Åra 1962-1966 var han nestformann i styret. I 1982 var han også nestformann i handballstyret.

H


Hans Gisle Holstad


Fotballtrenar A-lag fotball 1977 og 1978


For Bergsøy var han hovedtrenar for A-laget i 1977 og 1978.

Andre meritter var han ein god spiler på Hødd, og starta si karriære på Hareid som 15-16 åring. Spillende trener for Kongsvinger 1973. Vært instruktør på C og D kurs over heile landet. Trener for U-15 landslaget i 1986, U-16 landslaget i 1987, juniorlandslaget i 1988. U-15 landslaget blei nordiske mestre, U-16 kvalifiserte seg til EM.


Harald Arnesen


Fotballspelar, leiar og engasjert


I 1962 var han leiar i arrangemtkomiteen som var svært viktig for Bergsøy med tanke på å innskaffe inntakter. I samme tidsperiode var han ein målfarlig venstreving på Bergsøy sitt fotballag, og han var oppmann for gute og juniorlag i Bergsøy. I 1970 var han med i 3 manns-UK (Utvelgelseskomiteen) som tok ut laget ilag med Bjørn Prytz og Egil leikanger.

Harald Arnesen hadde også ei sentral rolle i det kjente "Frispark 81", som var ein fest-revy satt i gang for å feire Bergsøy sitt opprykk til 2.divisjon. På Årsmøtet 1963 ble Harald Arnesen spessielt trekt fram som primus motor for dei arrangement klubben hadde utført dette året.


Harald Barstad


Fotballtrenar A-laget 1971 og 1972


Tidligare aktiv 2.divisjonsspelar, med avlagt trenarkurs.


Harald Lied


Sentral skikkelse i viktig samlingspunkt


Harald Lied førte tradisjonen vidare frå Nils H Lied. Nils hadde vore med å bygge opp Bergsøy som styremedlem, og Harald førte tradisjonen vidare med å halde butikken som et samlingspunkt i lokalmiljøet.

Harald var med å ta tak og gjennopplive handballinteressa i 1968 ilag med Eivind Rødal, og var seinare med i hovedstyret til Bergsøy.


Harald Thorseth


Historisk formidler


Harald spelte keeper på Bergsøy sitt A-lag, og spelte blant anna i ein spennande cupkamp i 1971 mot Hødd som endte 5-2 etter at det var 2-2 til fulltid.

Harald har som fotograf, journalist og forfatter formidla Bergsøyhistorie gjennom mange år, og har ofte historiske tilbakeblikk og historier publisert i Vestlandsnytt.


Hugo Vicente


A-trenar fotball og sportslig leiar


Hugo Vicente hadde hovedtrenaransvaret for Bergsøy A-lag fotball åra 2013, 2014 og 2015, og gikk også direkte inn som sportslig leiar i klubben. Han kom frå jobben som assisterande leder av akademiet til Braga i Portugal.

Hugo hadde efaring fra seniorlag på lavere nivå i Portugal, og for aldersbestemte lag i Braga opp til U19. Han hadde ved ankomst UEFA B-trenerlisens og var i ferd med å fullføre utdanning for A-lisens.

I


Ingrid Beate Smådal Hide


Historisk trenar


Ho blei i 2021 historisk som klubbens første kvinnelige assistenttrener på A-lag herrer. Ho har tidligare erfaring som spelar, og tok steget opp som trenar for Damelaget i fotball desember 2019. Som 20 åring hadde ho alt vore trenar i 8 år for eit jentelag som starta som 6 åringar.

I 2019 blei også familien Smådal Hide kåra til årets ildsjeler i Bergsøy. Ingrid Beate tok Uefa-B lisens som trenar i 2020.

J


Jan Olav Sandnes


Pådrivar for Bergsøy Friidrett


Jan Olav Sandnes gikk i spissen for å bygge opp friidretten i Bergsøy på midten av 1970-tallet. På årsmøtet i 1974 blei han valgt som formann i den nyoppretta gruppa, og han var formann også i 1975.


Jack Pettersen


Midtbanespiller


Spelte dei fleste kampane for Bergsøy som 17 åring på venstrevingen i 1968 før han meldte overgang til Hødd 11.01.1969. Mens han spelte for Hødd (22 kampar, 3 mål) fekk han 2 kampar for Norge sitt U18 landslag. Han meldte overgang tilbake til Bergsøy til 1970 sesongen og var speleberettiga frå 16.01.1970. Han spelte også ei stund for Viking, der han i 1976 står oppført med 8 kampar og 2 mål.

Jack var ein fotballspelar med kombinasjonen teknikk, fotballforståelse og kreativitet. Han spelte for det meste på midtbana, men var offansivt anlagt og scora fleire mål. For Bergsøy har vi notert oss at han har 250 kampar og 46 mål. 3 av måla kom i cupkampar.

Les mer


Johannes Nørvåg


Legendarisk Bergsøykeeper


Johannes Nørvåg står oppført med 156 A-kampar for Bergsøy sitt herrelag. Debuten kom i 1969, og han spelte våre siste registrerte kampar i 1977. (Vi mangler info for 1978 sesongen) Johannes blei i lengre tid rekna som ein av Sunnmøres beste keeperar, om ikkje den beste.


Johs Wike


Æresmedlem 2011


Johs Wike var eit friidrettstalent som tok førsteplass i juniorklassa i både høgde og lengde Etter å ha deltatt i instruktørkurs i regi av Norges Idrettsforbund fekk Johs Wike på 1950 tallet ilag med Egil Leikanger og Sigmund Emhjellen ansvar for instruktøroppgåver i Bergsøy. Så tidlig som i 1955/56 var han med dugnadsnemnda for banearbeid. I 1960 debuterte han på Bergsøy sitt A-lag fotball, og spelte blant anna i debutkampen i 3.divisjon. I 1974 var han styremedlem i friidretten.

Johs Wike har gjort eit uvurderlig arbeid for Bergsøy Idrettslag ved å dokumentere historia til klubben gjennom si bok "Idrett i havgapet". Han står også bak "oversettelsen" av den første møteboka til klubben - boka vi kaller Bergsøy sitt gamle testament - som du finner her.


Jon Ertesvåg


En bauta i forsvaret


Allereie frå første kamp i 1952 var Jon Ertesvåg på plass i forsvaret til Bergsøy, og i fleire sesongar var han ein av få namn som blei nemnt i kampreferata. Han var ofte kampens beste spelar. Han vaks opp på Haddal og kom til Fosnavåg som bankfunksjonær. Han var ein komplett spelar med ei eiga evne til å lese kva motspelarane skulle til å gjere, samt vinne hodeduellar og sette igang spel frammover.

Kjartan Fagerlund mintest at det var stort å ha ein slik god spelar, kanskje sunnmørets beste spelar, på Bergsøy. Det var stort å få kome på treningar å prøve seg mot han. Ertesvåg spelte kretskampar i blant anna 1956, og spelte seinare for Hødd resten av si karriære.

Les Jon Ertesvåg sin Stjerneprofil




Jørn Magnussen


Mangeårig trenar


Han har hatt ulike verv i klubben samt vore trenar for aldersbestemte lag i ei årrekke. Han blei hovedtrenar for Bergsøy A-lag sesongen 2001, og har også vore trenar for Damelaget til Bergsøy. I mars 2021 gjorde han comeback som damelagets hovedtrenar.

K


Kjartan Fagerlund


Bergsøylegende med lang fartstid


En naturlig ledarskikkelse på fotballbana med sterk arbeidsmoral og fin teknikk. Nr 10 på Adelskalenderen etter 15 års tjeneste på A-laget. Scåringar både via frispark og spelemål gjer at han står som nr 11 på målscorarlista. Han var kapteinen som førte Bergsøy til 3.divisjon foran 1970 sesongen. Han var første målscorer for Bergsøy nokongong i ein NM-cupkamp. Og ikkje minst, han var Bergsøy A-lags trenar i tre perioder og også trenar for aldersbestemte lag.

Les mer


Knut Erik Håheim


Handball og fotball keeper


Knut Erik Håheim har klart å kombinere handball og fotball, og vore ein solid og sympatisk keeper på begge arenaene. Debuten for Bergsøy kom borte mot Sunnylven i 1995. Frå 1999 til 2004 spelte han nokre kampar kvar sesong, men flest kampar blei det sesongen 2001 da han spelte minst 14 kampar. Av eget utsagn: -"Trur ej må være den spelaren med flest kampa på benken for Bergsøy?"

21.april i 2002 var han eit offer for eit av dei merkeligaste baklengsmåla Bergsøy har hatt, som også blei nemnt i VG. I andre ekstraomgang borte mot VRF tok heimelagets keeper eit utspel som stussa i bakken og gikk rett imål over ein utmanuvrert Håheim.. Knut Erik spelte seinare også for Herd i 2007 og for Stordal i 2010.

Til sammen har vi notert ned 31 kampar på Knut Erik Håheim i fotballdrakta til Bergsøy. Som handballkeeper fekk han 214 kampar frå 1994/95 til 2011/12. Han blei kåra til årets herrespelar 3 gongar, i sesongen 1995/96, 1999/00 og 2006/07.

Du finner Knut Erik Håheim også i Keeperguiden.



Knut Igesund


Ruvande kaptein i forsvaret


Med 300 spelte kampar for Bergsøy er han på vår liste på 4.plass over spelarar med mest kampar for klubben. Knut Igesund var ein ruvande midtstoppar med juniorkretskampar, som også Rosenborgtrenar Nils Arne Eggen roste opp i skyene etter cupkampen i Fosnavåg i 1979. Knut var også kaptein på laget under Bergsøys storhetstid, da laget spelte på nivå 2 mot lag som Molde og Bodø/Glimt.

I 1976 var han også trenarassistent til Kjartan Fagerlund da spelarane tok på seg trenaransvaret. Han var også innom banenemnda og klubbhusnemnda i 1966/67.

Les mer


Knut Nilsen


Viktig spelar i debutsesongen 1952


Knut Nilsen var som enkelte andre på fiskar. Som senterløpar viste han god evne til å finne gode posisjonar for å ta imot pasningar som han ofte avslutta med fine scoringar. Med sine avsluttningar var Knut ein spesielt viktig spelar for å sikre Bergsøy sitt første KM i fotball.


Knut Teige


Scorscåraren frå havet


Teige var offansiv midtbanespelar, løper og angrepsspelar. Høg og sterk og med teft for mål. I vår adelskalender står han med 174 Bergsøykampar. Frå slutten av 1960 åra til midten av 1980 åra tenkte mange på fotball når kraftblokksnurparen Teigenes vart nemnt. Dette kom av at Knut Teige var ombord. Han spelte seg blant anna fast på laget til Hødd når fotballaget fra Ulsteinvik var i landets øverste divisjon, og han var Bergsøy sin første "profilerte" mannlige handballspelar. En lagspiller av de sjeldne. En elegant midtbanespiller. En dyktig handballspiller. En stor og sterk målscårer. Mykje har blitt sagt om Knut Teige, blant anna har Hødd spelaren Knut Ertesvåg nemnt at Knut Teige var eitt av hans forbilder.

Les mer


Kolbjørn Wickstrøm


Allsidig fotballspelar


Han starta som forsvarsspelar på gutelaget, men blei ein viktig angrepsspelar på junior og A-lag til Bergsøy. Han var med frå midten av 1950-tallet, og spelte blant anna gutekamp mot Gjerdsvika i 1955 i det som blei ein tosifra siger i Huldalen.

I 1960/61 sesongen presterte Kolbjørn det få spelarar for Bergsøy A-lag har klart, nemlig å score 5 mål i ein seriekamp. Dette gjorde han i 6-0 kampen mot Hareid. I 1965 meldte Kolbjørn overgang til idrettslaget Giv Akt.



Konstanse Torgersen Nærø


Ulike roller i Bergsøy


Konstanse er kjent som ein fysisk trener, og har i tillegg til fotballtrenerutdanning en allsidig trenerkompetanse. Ho har erfaring som operative leder for jentefotballen, og har således god kunnskap og innsikt i klubbens situasjon rundt jentefotballen. I mars 2021 blei ho presantert som trenar for Damelaget ilag med Jørn Magnussen. Ho var også med i trenarteamet til Bergsøy A-lag herrer 2020 og 2021.




Kåre Botn


Formann i Bergsøy


Alt i 1948 var han sekretær i Bergsøy før han i 1950 blei formann, noko som han var i nokre år.



L


Lars Conradi Andersen


Spelar og styreledar


Som spelar på A-laget var Lars Conradi ein midtstoppar som spelte 110 kampar frå og med debuten i cupkampen mot VRF i 2002. Han scora totalt 4 mål for Bergsøy. I november 2018 tok han over som ny styreleiar i Bergsøy IL etter Geir Johan Bakke.


Lars Ivar Moldskred


Solid keeper


Den 194 cm høge keeperen står med 46 A-kampar for Bergsøy etter sesongane 1998 og 1999, men gjorde eit solidt inntrykk før han gikk vidare til større utfordringar. Han kom ifra klubben Tjørvåg, mens han etter Bergsøy spelte for klubbane Hødd (2000-2004, 142 kampar), Molde (2004-2007 22 kampar), Lillestrøm (2007-2009 8 kampar), Strømtsgodset (2009 26 kampar) og KR Reykjavik (2010 25 kampar). Deretter gikk karriæra tilbake til start og nedtrapping i moderklubben Tjørvåg. Seinare år har han vore innom trenarteam, også aldersbestemte landslag.

I 2001 blei han den store helten da Hødd slo ut Rosenborg i NM på Høddvoll. Etter 2-2 ordinær tid vann Hødd totalt 6-3 etter straffespark-konkurransa. Frode Johnsen og Christer George klarte ikkje å score på Lars Ivar, mens Hødd scora på sine 4 straffer. 16.juni 2002 scora Lars Ivar på eit utspark i 7-0 sigeren mot Lørenskog på Høddvoll.


Lars Ove Almestad


Spelar, trenar og engasjert


Med 285 kampar for A-laget og 57 mål er han godt inne på topp 10 listene i begge kategorier. Han var også hjelpetrenar for A-laget i 2004. Han var også svært delaktig i å få tribunen på Bergsøy Stadion på plass.


Lars Petter Rønnestad


Trener og Daglig leder


Lars Petter Rønnestad var første mann i Bergsøy si historie som blei ansatt på heiltidskontrakt. Frå 1.desember 2008 tok han på seg jobben som daglig leiar (2/3 av stillinga) samt A-trenarjobben (1/3 av stillinga) i Bergsøy dei neste tre åra.

Lars Petter var hovedtrenar for A-laget i 2009 og 2010, samt halve 2016 sesongen.


Leif K Pettersen


Tidlig ein av dei beste


Da Bergsøy tok til å spele fotball på slutten av 1940 tallet var det to spelarar som peika seg ut, og den eine var Leif Pettersen. Leif spelte somregel back og stoppa motspelarane på ein lynrask måte og satte igong kjappe framspel. Han var fiskar, men hadde eit naturlig talent for fotball og var i fleire år ein av nøkkelspelarane til Bergsøy.

Leif var også med på den berømte bokseturneringa Bergsøy hadde heilt i oppstarten av klubbens historie. Historikk.com har intervjua Leif, og han mintest denne tida med veldig kjekke minner.


Liv Igesund


Tidlig viktig i Bergsøy handball


Liv Igesund var formann i damegruppa i perioden 1953 til 1955. Ho var ein svært dyktig handballspelar som sto for mange av Bergsøy sine mål i desse åra. Det var også ein inspirasjon for Bergsøyhandballen da ho blei lagets første representant for kretslaget for Sunnmøre.


Ludvik Hansen


Lang tids supporter


21.05.1937 - 14.09.2017


I Bergsøymiljøet var han ein kjend supporter gjennom fleire tiår. Han var med på bortekampar, og såg også gjerne en Bergsøy B-kamp. Ludvik var også med i slutten på 1960 tallet å gjennreise handballmiljøet i Bergsøy ilag med Eivind Rødal. I 1968 var han oppmann i handballgruppa, i 1973 formann i fotballgruppa, og i 1975 var han utsending til fotballtinget.

Det merkast når en som alltid var på plass på tribuna, ikkje lengre er det.

Les mer

M


Marie Strand


Fotball-leiar


Blant anna fotballeiar i Bergsøy i 1995.

Margot (Roksvåg) Ramstad


Handball og friidrettstalent


Som 13 åring i 1954 var ho på damelaget til Bergsøy i handball. Handballaget hadde denne tida gule drakter. Johs Wike har sagt at ho Margot var så stort friidrettstalent at det nesten var urettferdig, for ho hoppa nesten inn til målet før ho scora. I 1960 skrev Formann i Bergsøy Finn Voldnes at Margot var primus motor i handballaget, som ofte var med kretslag og at hun var av dei største talent på Sunnmøre. Dei siste åra hadde ho også vore formann for handballgruppa.

Ho var første dame i Norge som tok B-trener kurs i 1973, og da Norge fekk damelandslag i fotball for første gang i 1978, var Margot med i troppa. Det blei to landskamper (mot Danmark og Finland), cupfinaler på Bislett og utallige mål av det store idrettstalentet.

Martin Slåttelid


Æresmedlem 1995


I 2012 fekk handballentusiasten Martin Slåttelid utdelt frivillighetsprisen, og det altså ganske mange år etter at han blei æresmedlem i Bergsøy IL. Martin starta tidlig som keeper på handballaget, og har sidan den tid vore ei ildsjel. Innanfor handballen har han hatt ulike verv med like stort engasjement. Han har blant anna vore leiar i Handballgruppa. Han har vore eit forbilde for mange som motivator, og arbeidde blant anna for å få fram idrettsparken. Han har vore leiar for idrettsrådet i Herøy og blei også kåra til åres leiar av Norges Handballforbund.

Han har gjort ein formidabel innsats for barn og unge i Herøy.


Marvin Arnesen


Spelte seg opp i divisjonane


Marvin Arnesen (født 6. mars 1963) spelte i sin aktive karriere toppfotball for Molde, Vålerengen og Ham-Kam. Han fekk tilnamnet "Propell" under sin tid i Molde fordi han var så ernergisk på midtbanen ilag med Kjetil Rekdal. Han starta karrieren i moderklubben Bergsøy Idrettslag på Sunnmøre, før han spelte halvannen sesong for Harstad under verneplikten i 1983 da Harstad rykket opp til 1 divisjon. Arnsen spilte også i Harstad første halvdel av 1984 sesongen. I 1987 blei det sølv i eliteseria for Molde, så blei det Vålerenga i tre år før han gikk til Ham-Kam i 1990 og opplevde opprykk til Eliteserien.

Han har også vore spelande trenar for både Nordstrand og Grorud

Les mer

 
Mathias Pettersen


Æresmedlem 2011


Gjennom heile sitt liv hadde fotballen ei stor betydning for Mathias. Frå han var ungdom spelte han aldersbestemt fotball, og fram til det siste var han med å administrere Bergsøy IL som klubbkoordinator.

På 1970 tallet stilte han opp på det som var av dugnadar i klubbens regi, og stilte velvillig opp om nokon trengte ei hjelpande hand. På 1980 tallet blei han tillitsvalgt i fotballgruppa. Mathias har vore annleggsansvarlig, marerialforvaltar, og arbeidde med kampoppsett og treningstider. Som arrangement og kampansvarlig var han nøyaktig.

Hovedstyreformann Mathias Pettersen sto i spissen for festkomiteen som sørga for den hjertelige velkomsten til laget som i 1980 kom tilbake til Fosnavåg etter å ha sikra opprykket til det nest høgste nivået i Norge.

Mathias Pettersen (08.11.1952-10.01.2011)

Han var det meste i Bergsøy.

I klubbstyret som leiar, nestleiar og styremedlem. Han var anleggsansvarlig, arrangement og kampansvarlig, tillitsvalgt, hovedstyreformann, formann i fotballen, oppmann og så mykje meir. Men det var ikkje berre i Bergsøy han tok ansvaret for aktivitet, for Mathias tok ansvaret for å bedre aktiviteten til barn og unge veldig tidlig.

I 1958 står Mathias i fremste rekke idet Fosnavåg sin søndagsskule blir tatt bilde av. Han var nok aldri personen som gøymde seg vekk, og tok på seg mange roller i Fosnavåg dei komande åra. Mathias spelte fotball på gutte og juniornivå, og får skryt ilag med Sigurd Teige etter ein 1-1 kamp for juniorlaget mot Hødd i 1969. Samme året spelar også Mathias med på handballaget som er ganske nystarta. Men i tillegg til sin eigen aktivitet tek han ansvar for at andre også skal få kjenne på samhald.

I 1970 er han elevrådsformann ved Herøy Yrkesskule. Elevar frå yrkesskulen og realskulen arrangerte ein programkveld på Bergshall i protest mot at rektoren nettopp hadde forbudt å arrangere elevkveldar. Vestlandsnytt undra på om lærarane fekk invitasjon til å delta, men då svarar Mathias:

-” Nei, og dei får heller ikkje sleppe inn om dei møter fram. Ikkje på grunn av at det er dårlig forhold reint generelt mellom lærarar og elevar ved desse skolane, men vi vil gjerne vise at vi kan ordne oss sjølve og at vi kan oppføre oss”. Dette var eit poppulært tiltak, og det blei etterkvart fleire elevkveldar som dei arrangerte i privat regi slik at dei også kunne ha dans på programmet.

I mars 1970 marsjerte 70 elevar inn i kommunestyresalen midt under Herøy skulestyre sitt møte, med elevrådsformann Mathias Pettersen i spissen. Han gikk fram til styreformannens bord med eit brev han ba dei lese høgt. -”Vi syner til vår søknad om å få låne gymnastikksalen på Bergsøy skole til elevkveldar. 150 ungdomar gjorde seg så fri å søkje på ein ærleg måte, vaksne og viktige folk i Herøy Skolestyre om hjelp i ei sak der vi trudde at dei vaksne og utvalde var dei rette til å hjelpe. Etter det vi skjønar no, er truleg eit fleirtal av dei utvalde ikkje viljuge til det. (..) Vi skal i denne saka forsvinne like ærlig som vi kom. Vi skal greie oss sjølve. Vi trekker søknaden attende.

For elevlaget ved Herøy yrkesskole Mathias Pettersen.” Etter at brevet var opplese gjekk ungdomsflokken like stilt og rolig ut av salen som dei kom. Ein verdig måte å demonstrere på, noko skolestyreformannen Håberg rosa ungdommen for.

Mathias var på barna og ungdommen si side, og var ikkje redd for å gjere det han meinte var rett. Året etter, i 1971 , er Mathias ny formann i Bergsøy Frilynde ungdomslag, og tek stadig nye initiativ for ungdommen. Han meinar blant anna at det burde blitt oppretta skulepatrulje for å løyse endel av dei farlige trafikkproblema ved skulane i Herøy.

Og i 1972 er Høgtun åpe omtrent kvar kveld, med mulighet for ungdommen å kjøpe brus og anna godt. Målet var at ungdommen skulle ha ein plass å være, og delta i aktivitetar som tildømes pilkast og yatzy blant anna. Formannen Mathias Pettersen sa:

-”Vi vil først og fremst satse på å få ungdomen i ytre Herøy vekk frå gatehjørner og ut av bilane og samlast på Høgtun”. Ungdommen fekk ein plass å være, og snart blei det også diskotek. Diskotekarrangementa vart den største inntektskilda, men samtidig var det noko skuffelse over aktiviteten i 1973 da berre 50 av 650 medlemmar møtte opp på årsmøtet. På årsmøtet kom også Mathias med forslag om at dei forskjellige bygdelaga i Herøy burde få igang aktivitetar. Spel, teaterarbeid, studiearbeid osv.

Samtidig var Mathias i 1973 tydelig på at det burde byggast eit større kulturbygg i Fosnavåg. “-Skal den kulturelle framgang gå framover og ikkje stoppe opp treng vi eit nytt hus. Høgtun og Bergshall bygd i 1926 og 1939 tilfredsstiller ikkje dei krav som idag blir stilte”.

Dette var starten på hans flere årige kamp for å få på plass det som seinare skulle bli Herøy Kulturhus. Mathias blei snart valgt inn i styret for “Herøy samfunnshus” der tanken var å få bygd ein samlingsplass for møte,festar, kino og teater samt kafe og bibliotek.

Mathias Pettersen var formann og Gudmund Hopen nestformann i ungdomslaget i 1973, og sa ifrå seg attvalg seint på året, men Mathias var likevel aktiv i ungdomslaget mange år seinare likevel i tillegg til at han var svært aktiv i Bergsøy. Frå 1970 skriv han referat frå Bergsøykampar i Sunnmøre Arbeidaravis. Frå 1972 til 1973 var Mathias nestformann og økonomisjef i fotballgruppa. I tillegg blir han i 1974 med i forhandlingsutvalget og filmutvalget til Bergsøy Arbeidarforening. Og seinare i 1974 samarbaidar Bergsøy frilunde ungdomslag med Bergsøy idrettslag om å arrangere marknad der aktivitetane er pilkast, skytebane, roulette og tombola. Mathias Pettersen hadde jo ein fot i begge organisasjonane, og sto ilag med Kjell Vike i brodden for marknaden. BFUI (Bergsøy Frilunde Ungdomslag) hadde også kurs i folkeviseleik og gamaldans på hausten i 1974.

I 1975 er han festleiar når Bergsøy Arbeidarforening, det eldste faglaget i Herøy, hadde 40 års jubileumsfest – og frå 1976 er Mathias formann formann i Herøy Arbeiderparti. Mathias var rett og slett ein ledar som tok på seg mykje ansvar.

I 1978 er han med i hovedstyret til Bergsøy IL, og i 1979 blir han ny formann i Bergsøy etter at Kjell Vike sa fra seg attvalg. Samtidig er han også styremedlem og talsmann for Bussarbeidarforeninga. 1980 var eit storår. Kulturhuset, det store huset Mathias etterlyste så lenge og arbeidde for i mange år, blei no åpna. Samtidig var det et jubelår for Bergsøy med opprykk til 2.divisjon. Mathias var formann i hovedstyret og nervøs idet Bergsøy spelte den siste kampen mot Sverre.

-”Om eg ikkje beit naglar så dreiv sveitten av meg som om eg sjølv skulle vere med ute på bana”, sa han. Mathias Pettersen fekk det travelt med å arrangere fest idet opprykket var sikra, og han var i spissen for festkomiteen. Det blei søkt om løyve for å sende opp raketter idet A-laget kom tilbake til Fosnavåg. Som avsluttning på sesongen dro Bergsøy seinare til Geiranger og hadde sang med festleiar (og superkjendis) Bjørge Lillelien. Samtidig var planlegginga til 2.divisjon i 1981 i gang. Bergsøy hadde hatt 10 000 tilskodarar på tribuna i 1980, og forventa det dobble i 1981. Samtidig ville det merkast på økonomien at laget skulle starte å ha lange reiser til kamp.

I 1981 takka han også ja til utfordringa om at Bergsøy idrettslag kunne stå som teknisk arrangør for Sommarleikar for psykisk utviklingshemma i Møre og Romsdal på sentralidrettsbana. Mathias oppfordra alle til å møte opp og skape ei festlig ramme rundt arrangementet. I november 1981 sa Mathias frå seg gjennvalg som hovedstyreformann, men blei formann i fotballstyret. To år seinare er han fortsatt formann idet han gratulerer Knut Igesund med sine 300 spelte A-kampar, og i 1984 er nestformann idet Bergsøy har arbeid med å utbedre Huldalen.

I november 1985 er det leiarkrise i Bergsøy, som fører til at hovedstyreformann Mathias Pettersen må fungere vidare i vervet fram til dei fann andre kandidatar. Mathias gikk over som fotballformann igjen noko han fortsetter med i 1986 og fram til desember 1987. I 1988, 1989 og 1990 er det opppgitt at han i tillegg til å være administrerande leiar i fotballgruppa, også har roller som leiar i fotballgruppa sin basarkomitee og sekretær i fotballgruppa.

-”Vi føler at vi er på offensiven. Det er gledelig å konstantere at mange eldre spelarar og andre intresserte har engasjert seg sterkt på trenarsida. Nøkkelen til sukses er først og fremst å intensivere arbeidet i dei yngre årsklasser”, sa han. I desember 1990 blei Mathias igjen valgt som ny leiar i fotballgruppa til Bergsøy. I mars 1991 hadde han gjennomført fotballforbundet sitt toppleiarkurs, og hadde dermed alle kurs fotballforbundet hadde å tilby leiarar.

Han var ein av berre 184 personar i landet som hadde tatt dette kurset. I 1992 var han blant anna pådrivar for at Thomas Tivoli kom til Fosnavåg, i samarbeid med Bergsøy si fotballgruppe. Og i 1993 er Mathias Fylkeskontakt for kreftforeninga, og også med i Bergsøy sitt jubileumsutvalg for klubbens 50 års markering.

I 1996 er Mathias Pettersen tilsatt som dagleg leiar i Bergsøy, der klubben ønska å lage klart eit kontor til han i Huldalen. -”Mathias skulle ikkje trenge noko nærmare presentasjon. I Bergsøy IL har han vore aktiv i omlag 30 år, fyrst og fremst som gutte og juniorspelar. Sidan han i 1968 debuterte som oppmann for et gutelag har det gått slag i slag med ulike tillitsverv både i hovud og fotballstyre. Han har teke aktiv del på kurs i NFF og har der gjennomført det høgste leiarkurset forbundet har å tilby. Som 18 åring blei han formann i Bergsøy Frilynde ungdomslag og valgt inn tidig i interimstyret for Herøy Kulturhus. Han har dessutan lang røynsle frå det politiske livet i Herøy med fleire perioder bak seg i kommunestyret. (Vestlandsnytt 30.08.1996)

Han var sportslig ledar i 1997, oppmann for juniorlaget i 2004 og 2005. Lagledar for A-laget i 2006 til 2009, og turneringsleiar for Havyard-Cup iallfall i 2009 og 2010. Og mykje meir. Rollene til Mathias var mange, for mange til at vi klarer å ramse dei opp. Og han sto på til heilt det siste. På plass og engasjert.
Les mer

N


Nils Christian Nørvåg


Ildsjel, spelar og leiar for Bergsøy handball

Vi har notert oss 729 mål på 148 kampar i vår statistikk, i tidsrommet fra 1986/87 sesongen og fram til 2008/2009 sesongen. Med meir enn 20 års aktiv tjeneste som spelar for herrelaget kan han virkelig ta tittelen som handballveteran.

Nils Christian har også hatt rolla som leiar for Bergsøy handball, og styremedlem.

Ein mandag i august 1977 startar nokre gutar i klasse 1a på Bergsøy Skule. Her skulle fleire seinare bli gode handballspelarar på Bergsøy. Per Arve Kvalsund, Nils Christian Nørvåg, Ronny Koteng, Roald Johansen. Dagens juleluke er blitt ganske stor iogmed at vi skal sjå nærmare på to av dei ilag - rett og slett fordi dei lenge opplevde så mykje sammen. Den eine var keeper, den andre playmaker og storscårar. Vi snakkar om:

Per Arve “Pelle Kvalsund Og Nils Christian Nørvåg

Les Nils Christian sin Stjerneprofil




Nils Roger Paulsen


Lang fotballkarriære

I vår adelskalender har vi notert ned 249 kampar på Nils Roger, og han er dermed inne på Topp10 lista over mestspelande fotballspelarar i Bergsøy. Med 33 seriemål og 2 cupmål var han også ein målfarlig midtbanespelar.

O


Ola Goksøyr


Æresmedlem

Ola var ein av støttespelarane på Bergsøy det første tiåret i klubbens historie tiltross for at han måtte ta båt frå Runde til trening og kamp. Rundt konfirmasjonsalderen starta gutane på Goksøyr å stable på plass eit fotballag, og Ola var kaptein på laget.

-"Frå 1945 til 1965 var eg fast inventar på fotballaget til Bergsøy. Eg fekk spele både i dei grøne og dei raude og kvite draktene dei åra eg var med i klubben. Det var ei utrulig rik tid for meg".

Idet Bergsøy kom tilbake til Fosnavåg så var det fortsatt lenge til Ola kom seg heim, for da måtte han benytte snekka si for å komme seg vidare til Runde hamn. Så sykla han derifrå til Goksøyra. I dårlig vær var foreldra ofte bekymra heime mens dei venta.

Ola var tidlig aktiv også som friidrettsutøvar, og var med i fleire konkurransar. På det første friidrettsstemnet som Bergsøy arrangerte i 1957, var Ola Goksøyr med som deltaker og vann 1500 meter. Med åra blei det stadig fleire løp og premiar for sin deltakelse. Faktisk var Ola lengre aktiv som friidrettsutøvar enn han var fotballspelar i Bergsøy IL.

Les Ola Goksøyr sin Stjerneprofil

 
Olaf Brathaug

Æresmedlem 1995


Olaf Brathaug var nokre år på 1970tallet leiar i fotballgruppa og seinare var han også oppmann for A-laget i 1979.

Historikk.com kjenner han best for sitt årelange arbeid med kampreferat og statistikk som han utførte ved å følge med A-laget. For kvar kamp noterte han ned ei utgave av det som blei kalla "Pravda". Pravda er russisk og betyr "sannhet", og teksta Brathaug skreiv var sannheten om det som skjedde på fotballabana.



Les Olaf Brathaug sin stjerneprofil | Gå til dei scanna Pravda-utgavene




Oskar Waage


Teknisk god og drivande midtbanespelar

Han debuterte som 17 åring på Bergsøy sitt fotballag i 1962 etter at Bergsøy måtte søke dispensasjon. Han kom til å prege midtbana i mange år. Han var ein teknisk god og drivande midtbanespelar som kunne avgjere mange kampar med treffsikre skot. I vår statistikk står han med 150 kampar, 10 seriemål og 1 cupmål i perioden 1962-1975.

I mangel på moderne video-utstyr kom Oskar langt med å analysere kampar med ein penn og serviett på ferjer og kafeear. I 1993 og 1996 finn vi han som kasserar i styret.

P


Paul Bøe


Årets publikumar 2003

Paul Bøe var i mange år ein trufast supporter på eksperthaugen på Bergsøy Stadion under glansåra til klubben på 70/80 tallet. Han var svært engasjert, og ikkje redd for å dele sine meiningar.

I 1996 var han på plass i Huldalen som supporterleiar under ein Old boys kamp, som den gang endte med at han pådrog seg strekk i ryggen under «bølgen».

I 2003 fekk han tildelt prisen «Årets publikumar» under fotballens dag. Bildet er frå den anledninga.


Peder Worren


Æresmedlem 1994

Han var tilstede fra første dag, da Bergsøy blei skipa 4.oktober 1944, og han vann seniorklassa i skihopp under klubbens første arrangement. Han var med på det første lagbildet i fotball og var tidlig aktiv i det meste. Han var også kasserar i klubben. I 1946 overtok han som leiar i klubben da Andreas Sævik flytta. Da han blei bedt om å være instruktør for damegruppa takka han ja til dette, og det blei drevet gymnastikk på Høgtun. Vidare blei han instruktør for symjing, livredning, og handball.

Han var totalt sju år medlem av styret, og fira av dei som formann. Peder Worren var også en sterk pådrivar for arbeidet i Huldalen, samt friidretts og ungdomsgruppe i laget. Idet Huldalen blei åpna i 1952 fekk Peder Worren overrekt blomster, og blei spessielt takka for sitt arbeid i Bergsøy sidan klubben blei stifta.


Per Arve "Pelle" Kvalsund


En av Bergsøys beste handballspelarar

Han kombinerte handball gjerne med å spele fotball i tidlig alder. Pelle var ein ganske habil handballkeeper, og var lagkaptein på Bergsøy sitt lag mot slutten av 1980 tallet og til 1991 før det blei høgare nivå. På sju år i Eliteserien spelte han for Bergensklubbane Fylingen og Norrøna i tillegg til eit år i Stavanger. Handballen tok det meste av tida med 25 timar trening i uka på oppkjøringa, men likevel var det ingen av spelarane som levde av å spele handball. For Fyllingen opplevde han også å spele tv-sendt NM finale i Oslo Spektrum mot Sandefjord i 1993.

Etter at han gikk til Norrøna etter å ha vore i Stavanger knakk ankelen for tredje gang, og karriæren var over.

Les Per Arve sin Stjerneprofil


Per Moltu


Journalist

Han var lærar ved Ytre Herøy Ungdomsskule i 40 år, fram til han gikk av med pensjon. Han var også frilansjournalist i Vestlandsnytt i mange år, og mange forbinder han med Herøy Sogelag der han har skrevet tekstar for Folk og Fortid.

Som journalist og fotograf har han tatt mange kjente og gode bilder fra Bergøsy historie, og skrevet mange referat opp gjennom tida. Sjølv har hans glede over fysisk aktivitet tatt han med på mange fjellturar i distriktet, tross vanskar med polio.


Per Worren


Rutinert dommer

Den rutinerte fotballdommaren blei blant anna prosjektleiar da Bergsøy skulle fungere som ein av seks overbyggingsklubbar for dommarar i regi av Sunnmøre Fotballkrets. Han har også tid bak seg som leiar i DK Sunnmøre Fotballkrets, og pådrivar for dommarkurs i Bergsøy.


Per Botn


Æresmedlem 2003


Sidan 1978 var Per Botn med i Bergsøy i diverse ledarverv. Per Botn var i mange år fotballedar i Bergsøy, deriblant var han daglig leder i 2001.

Han var messegeneral i 1996 for Herøymessa som skulle vare i ni dagar, ei tilstelning som skulle føre til viktig bidrag til Bergsøy si pengekasse. Å skaffe pengar var også ei av utfordringane da Per Botn var oppmann i Bergsøy sin suksessesong 1981 da laget spelte på det nest høgste nivået i Norge. Det blei nærmast eit fast sentralbordfunksjon på lærarrommet ved Ytre Herøy ungdomsskule denne tida for å få alt til å henge sammen. Budsjettet den sesongen var på mellom 600 og 650 000 kroner for å dekke blant anna resiseutgifter. Det var mykje arbeid med reklame, program, danser og basarar i tillegg til å håpe at publikumsinntektene skulle stå for en god del av potten.


Per Rune Tødenes


Mangeårig A-trenar fotball


Per Rune var lenge aktiv fotballspelar i Ørsta og Hødd. Har 165 kampar i Hødd-drakta. Videre var han oppmann for Hødd i eliteserien i 1995 før larsnesingen tok over Bergsøy i 1998-2000. Han gjorde seinare comback som A-trenar for Bergsøy ut i 2011 sesongen, og var også hovedtrenar i 2012 sesongen.


Petter Homlong


Aktiv frå slutten av 1950 tallet


Petter Homlong var aktiv i Bergsøy både som fotballspelar og som friidrettsutøvar. Han spelte 44 A-kampar for Bergsøy fotball. Dessutan gjorde han i fleire år stor innsats både som friidrettsleiar og som medlem av styret i Bergsøy.

I 1956 var Petter Homlong med i fotballstyret som nestformann, samme år ser vi at han ønskte å melde overgang til Bergsøy frå Geiranger IL. Han var kasserar i 1957 og 1958, og blei sekretær i 1959. Han meldte overgang til Ørsta i 1960.


Petter J Pettersen


Første matchvinner for Bergsøy


Idet Bergsøy spelte sin første seriekamp på heimebane i Huldalen i 1952, var det Petter J Pettersen som ordna jubelen ut i den andre omgangen idet han satte inn vinnarmålet 5-4 til Bergsøy. Tidenes første Bergsøysiger.

Petter var fiskar og fekk av den grunn ikkje så god tid til trening, men hadde likevel ikkje problem med farta på høgrevingen og skotferdighetene idet han nærma seg mål.


Petter K Pettersen


Lang tids supporter


06.10.1923 - 1992

Var det noko Pit var, så var det engasjert. Og engasjementet smitta over på alle andre. Han jubla kanskje mest av alle, og i motsatt fall var han ikkje redd av å kritisere. Han bydde på seg sjølv. Og engasjementet viste seg også tydelig når Pit var med i UK, som fram til omtrent 1970 var der mykje av makta låg rundt Bergsøy A-lag. For mens trenaren leiia treningane, så var det dei tre medlemmane i UK som tok ut laget til kamp. Og det var denne lagoppstillinga som blei hengt opp på Lied-hjørnet til full spenning dagen før kamp.

Han var kjent for mange ting; gardsbrukar, fryseriarbeidar, ildsjel og engasjert. Og engasjementet smitta over på andre. Han var den som jubla mest i medgang, men var heller ikkje redd for å kritisere. Han bydde på seg sjølv. Han var son til "Knut-Petter" i Fosnavåg og mora var Anna Fylling som opprinnelig stamma frå Steinsvik. Pit blei derfor omtala som halvt Bergsøying og halvt gursking i Vestlandsnytt i 1950. Broren Leif blei ein god fotballspelar, rask og god forsvarsspelar, mens Petter ikkje hadde særlig fart. Kanskje ikkje idrettstalent i det heile. Men han var der og støtta broren sin og dei andre som var aktive, og blei kanskje over tid det største symbolet for kva det innebar å være supporter.

"-Fotballsporten er det største for meg. Det er faktisk den som gir livet meining. Sjølvsagt er eg Bergsøy-patriot. Her ute i det forblåste havgapet har eg fylgt laget sidan starten, og då er det klart at ein vert fylt med patriotisme." Trulig hadde Bergsøy si historie vore heilt anna om ikkje PIT og familien var så idrettsintresserte:

I juni 1947 fekk Bergsøy kjøpe tomt for å lage idrettsbana i Huldalen. Selgarar var Petter "Pit" Pettersen og Leif A Fosnavåg. Prisen var for tilsammen 9840 kroner, der "Pit" sin tomt utgjorde 2000 kroner av denne summen. Tomta Pit solgte hadde ein takst på 8000, men avslaget på 6000 kroner av verdien blei av Pit gitt i gave til Bergsøy. Det viste litt av idrettshjertet og samfunnsengasjementet Pit hadde. Bergsøy hadde ikkje god økonomi, og var mest trulig heilt avhengig av ei slik gave (i tillegg til mykje dugnadsarbeid) for å i det heile kunne klare å realisere sine bane-planar. Bergsøy ville gjerne også ha utvidingsmuligheter, og 10.desember 1948 signerte både Pit og Leif en vidare avtale om at Bergsøy hadde forskjøpsrett på ytterligare 800m2.

Når Pit seinare blei spurt om hvilke personer som hadde betydd mest for utviklinga av Bergsøy dei første 32 åra svarte han:

-"Tre mann! Som jeg personlig synes kommer svært høyt: Brødrene Kåre og Eystein Botn, sammen med Ola Goksøyr". Pit solgte ikkje berre tomta og gav seg med det - han var med å bidra videre. Var det kamp i Huldalen var Pit der på formiddagen og merka bana med den grønne merkevogna. Vogna var full av sagmask og med et hol i botnen som gjorde at sagmasken la seg fint ned på grusen. Om nokon starta å diskutere med Pit underveis i merkinga så blei han så engasjert at han kanskje måtte til å merke heilt på nytt. (Ref "Fosnavåg Før i tida, Harald Torseth).

Pit var varaoppmann for Bergsøy så tidlig som i 1950. Han kom inn som styremedlem år 1956-1959, og i banenemnda (Huldalen) frå 1958-1965. Han var også fleire år ein av tre i UK (Uttakningskomiteen), som sat med makta over kven som skulle starte kampane for A-laget. Mens trenaren leiia treningane, så var det dei tre medlemmane i UK som tok ut laget til kamp. Og det var denne lagoppstillinga som blei hengt opp på Lied-hjørnet til full spenning dagen før kamp. Pit hadde sterke meiningar og satte ikkje skjul på dei viss han var uenig i lagguttaket. Ein gong seiast det at dei to andre UK-medlemmane gav seg for Pit sitt press på laguttak, men at dei likevel endra laget til sin fordel rett før dei hengte opp plakaten med lagoppstillinga på Lied hjørnet. Når laget først var hengt opp var det ingen vei tilbake.

Med stort engasjement kunne det avogtil bli litt småkrangling, og i Huldalen hende det i 1962 at han blei nedstemt i UK. Pit var formann i UK, men denne gangen blei det ei anna lagoppstilling enn det Pit meinte var den beste. Idet bortelaget tok leiinga i Huldalen starta kranglinga mellom ein irritert Pit og fleire andre av gamlekarane på tribuna. Til slutt blanda fleire seg inn og trua med å jage han til fjells om han ikkje roa seg ned. Pit tok saken i egne føter, og stakk oppover fjellsida opp til bytesteinen der han sjølv var grunneigar. Der ropte han ut: "Her e det ej som eige, og her e det ingji som kan jage mej, og her ifrå kan ej seie ka ej vil!."

I 1980 var også Pit misfornøgd med mykje rundt A-laget. Dårlige treningar, dårlige kampar og feil lagoppstillingar. Det var så mykje feil med laget at han nesten ikkje orka å sjå kampar. Men ut i september kom Pit til kampen mot Ålesund med BIL-skjerf og hue i raudt og kvitt og erklærte at han hadde skifta meining. Han meinte då at alle hadde lytta til kritikken og hadde starta å spele bra fotball. Dermed var det full støtte til laget igjen. Det skulle vise seg at Pit gjorde rett i å kome på kamp og støtte laget, for i 1980 vart det full jubel og opprykk til 2.divisjon. Og ei opprykksfeiring uten like. Oddbjørn Blindheim laga ein revy som samla fire fulle hus på Kulturhuset. Han var leiar, og hadde også laga alle tekstane så nær som ein av vitsane. Han sto også for dei musikalske øvingane. Harald Arnesen var med som dyktig skodespelar, mens Pit visste også å by på seg sjølv i full kostyme.

Petter K Pettersen, alias "Pit", døde i 1992, nær 69 år gammel. Hans innsats for klubben og det smittande engasjementet for Bergsøy var nær utan sidestykke.
Les mer



Peter Sperre


Bakaren som var vaskeekte angrepsspelar


Petter var frå Ålesund der han hadde spelt for Herd, og kom i 1953 til fosnavåg som bakar. Han var det ein kalla ein "vaskeekte" angrepsspelar. Han ruva ikkje høgt over bakken, men til gjengjeld herja han på bakken i motstandarane sitt forsvarsfelt ved å gå i stor fart i overraskande retningar. Han leverte fikse pasningar eller ekspederte ballen sjølv i mål

Peter Sperre (06.12.1923 - 12.11.2016)

Har blei født 6.desember 1923 i Ålesund, og ville dermed akkurat passert 100 år i desse tider om han fortsatt hadde levd. Det er dermed ei fin anledning til å minnast ein som mange i dagens Bergsøy kanskje ikkje veit så mykje om.

Peter Sperre starta tidleg å spele fotball for Herd, og fekk 75 kampar for klubben. På juniorlagsbildet til Herd i 1937 ser vi at han rekk dei andre spelarane omtrent opp til skuldrane. (Legg bildet i kommentarfeltet)

Mange år seinare forklarer Sperre at høgda nok hadde litt å seie for alt han skulle få oppleve. Han skulle ikkje være dårlegare enn nokon andre berre på grunn av høgda, og han gav nok alltid litt ekstra. Dette har også Bergsøyspelarar sagt om Sperre: "Han gav seg aldri". Sperre starta å bake hos Jens Walderhaug i Ålesund i 1939, men snart kjem krigen. Han får etter kvart vite at tyskerane har begynt å mistenke at han leverte illegale aviser i Ålesund, og det beste var å rømme. Han var 17 år den 12.november 1941 idet han blei med ein båt frå Borgundfjorden i retning Ulsteinvik.

Det var ikkje ufarlig: "Skoten blir den som forlet landet” sto det tydelig i avisene. Under dekk var det 30 unge gutar som gøymde seg. Det tok ikkje lang tid før en tysk motorbåt stoppa dei i Hessafjorden, men heldigvis sjekka ikkje tyskerane lasta om bord. Utanfor Ulsteinvik gjekk dei ombord i båten Erkna som dro vidare til Lerwick. Her var dei totalt 60 ombord. Turen over gjekk bra, men Sperre hadde ein plan om å kome tilbake til landet. Han hadde ikkje sagt noko til foreldra heller før han dro.

Etter kvart blir han en del av brigaden i Skottland, og trener mykje på hopp i fallskjerm i det norske Fallskjermkompaniet der borte. Denne troppa var en forløpar til det som i dag er spesialstyrken av kommandosoldatar. Sperre og hans gjeng blei øyremerka oppdrag i Norge, men dei måtte vente lenge og utålmodig før dei endelig fekk klarsignal om eit oppdrag i mars 1945.

Dei fekk namnet "Operasjon Waxwing". Dei skulle sabotere og hindre tysk tilbaketrekking langs Nordlandsbana. 23.mars går tre til fire fly endelig frå england etter mange avlysingar grunna dårleg vær. Det var ein spent gjeng på 12 fallskjermjegarar som endelig var på vei - for dei fleste var det mange år sidan dei sist var i Norge. På natta etter midnatt starta dei å nærme seg. Snølandskapet kom fram i måneskinnet og karane følte på spenninga i kroppen idet federlandet endelig var å sjå . Tyske luftvern starta å skyte, men det var ufarlig i den høyden dei var i. Dei gjorde seg klar, og klokken fire var dei i 500-600 fots høgde på rett plass.

Grønt lys og hopp, først karane og deretter pakkane i flya – totalt 85 fallskjermar over Orvatnet i Nord-Trøndelag. Det tok gjengen tre dager å samle samen alt, og dei bodde i en blanding av snøhuler og tomannstelt mens maten blei kokt på primus. Så venta dei på oppdraget og forsterkningar. 9.april får dei beskjed om at forsterkningane ikkje ville kome; dei var aleine. Tyskerne i Nord-norge mangla togskinner, og oppdraget blei å sprenge. Det var ikkje ufarlig, og allerede tidlig var det en i følget som døde. Det hadde gått av et skudd som gikk igjennom lungen til sersjant Lund Siemensen, og livet var ikkje til å redde.

Da dei kom fram nord for Majavatnet delte dei seg i to grupper. Den ene gruppen gikk nordover og den andre sørover, og det blei plassert ut mange ladninger på et 200 meter langt strekke. Ei anna kilde seier 600 meter. På avtalt tid blei dei detonert for hånd, og det tok ti minutt før smella var over. Tyskerne kom etter et kvarter, men den mørke natta hjalp sabotørane å stikke av. Det blir nemnt at tyskerane skaut så villt at tretoppane datt rundt dei, men den norske gjengen fekk et forsprang etter en 12 timers uavbrutt marsj. Små sprengladninger ble etterlatt i sporet, og idet tyskerne starta å oppleve tap så gav dei opp. Det var mange harde tak i mange lange dager med tungt utstyr i skispora.

Sperre blei etterkvart sendt på eit nytt oppdrag, denne gangen for å spore av et tog nord for Grong 26.april 1945. Nye sprengladninger blei satt på plass, men denne gangen gjekk det ikkje heilt som planlagt. Ein dresin (slik manuell sak som en kjører på togbanene) kom med to tyskarar og stoppa akkurat der ladninga med eksplosiver var. Det blei bestemt at dei likevel skulle trekke av, og dresinen og tyskerane blei sprengt i lufta. Dette var ikkje einaste dødsfall korporal Sperre og troppa måtte oppleve. Tre tyskarar fann teltleiren deira ein gong, men blei tatt til fange. Den eine tyskaren hadde likevel gøymt en pistol og skulle til å trekke fram denne, men da var Sperre rask i reaksjonen og brente av heile magasinet sitt. Kulene sneia tyskeren slik at han datt om i sjokk. Fingeren til Sperre satt fast i avtrekkaren av reaksjonen.

Ei tid etter fekk dei beskjed frå London om at tyskerane skulle bli henretta. Dette omtalte Sperre seinare at det nok var lettare for dei som satt i London å gi denne ordren enn det var for dei som måtte utføre den. Krigen tok slutt i Norge kort tid etter desse hendelsane.

Det Peter opplevde under krigen skulle prege han vidare, men han gifta seg i 1948, fekk tre barn, og fortsatte etterkvart som han hadde starta før krigen: bakar. Slik var det han kom til Fosnavåg i 1953, og blir speleklar for Bergsøy i april.

På 1950-tallet er det omtrent berre Sigmund Paulsen, Jon Ertesvåg og Peter Sperre som blir nemnt i kampreferata. Det vitna om at Sperre var ein viktig offansiv spelar for laget. Han spelte mykje både kant og indreløpar. "Løperrekkens dyktige strateg". I 1957 scorar Sperre ein av dei første hattrickane vi har klart å registrere på Bergsøy sitt A-lag. Dette gjorde han i ein kamp mot Sæbø, der forøvrig Sverre Botn scora 4 mål.

Januar 1958 åpner Peter Sperre bakeriforretning i Jens Hansens hus, og mottek bestillinger på kake og brød. Han tek imot bestillinger på kake til konfirmasjonar, og laga alle typer kaker til jul. Så seint som i 1961 blir det skreve at savnet av Sperre på fotballbana var stort når han ikkje var med. Han beherska blant anna gras bedre enn dei fleste av sine lagkameratar, og han fekk ofte spelet til å gli i rotete kampar. Han spelte for Bergsøy heilt fram til august 1961, der den siste kampen var mot sin tidligare klubb Herd.

Bakeriet går konkurs. I september 1962 selger Sperre huset sitt på Myklebust til politibetjent wold som hadde plan om å lage arrestrom i kjellaren. Og slik ender historien om Sperre si tid i Fosnavåg og Bergsøy. Sperre blei 94 år.

-”Han viste mot, evne og vilje når vår nasjon ble angrepet. Det er egenskaper som fortjener den høyeste respekt”, skrev Rittmester Tomas Adam om Peter Sperre.


Preben Hestad


Eit naturlig målinnstinkt


På grunn av nokre års mangler på adelskalenderen veit vi ikkje nøyaktig kampantall, men det er nok passerte 100 kampar for spissen som står med registrerte 44 mål for Bergsøy A-lag. Han spelte i Bergsøy i tre toårs perioder frå 1996-1997, 1999-2000, og seinare 2005-2006. Dei to siste åra blei han toppscorar. Han blei også årets spelar i 2005.

Preben Hestad avslutta si Bergsøykarriære som spelar med et smell i sin siste kamp i 2006, med 4 mål i ein 7-2 siger mot Hareid. Seinare har Preben også vore delaktig som trenar.

R


Reidun Roksvåg


Sentral i handballens tidlige fase


Reidun Roksvåg var sentral i oppbygginga av handballen i Bergsøy Idrettslag. Ho var veldig dyktig som handballspelar og deltok på kretssamlingar på Sunnmøre.

Reidun var frå 1949 til 1952 formann i handballgruppa samtidig som ho var ein sjølvskreven kaptein på laget.


Roger Kvalsvik


Æresmedlem 2020


Roger Kvalsvik svinger seg opp med staven og vinner stavhoppkonkurransa med 1,85 i år 2000 i konkurranse mot blant andre Kjartan Paulsen og Bjørn Myklebust. Han leiar også heile heatet foran Paul Kurt Nerland da dei spring rundt bana og oppi vollgrava. Det er Tindeklubben Grei som arrangerer konkurransene.

Fysioterapeuten er opptatt av fysisk aktivitet. Når han deltek i treningstilbud for aktive menn i Herøy kirka kalla dei treningsgruppa for "Amen". Roger Kvalsvik var aktiv i Bergsøy IL Trimgruppa, men også som leiar i friidrett. Han var primus motor i Bergsøyleikane som var eit av dei største friidrettsarrangementa i Møre og Romsdal.

Tidlig var det nokre som dreiv litt allsidig i friidrett, som Ola Goksøyr, Johs Wike og Egil Leikanger. Dei hevda seg bra, var åresvis engasjert i Bergsøy og blei også etterkvart æresmedlemmar i klubben. I nyare tid har vi Roger Kvalsvik – som blei æresmedlem i 2020:

- “Engasjementet denne personen har hatt for Bergsøy strekker seg trulig over 50 år. Han var i sin ungdom aktiv i Bergsøy både i fotball og friidrett. I studietida hevda han seg i svært godt nivå i mellomdistanse, og var med på bygge opp friidretten i Bergsøy Idrettslag. Det er ei stor glede for Bergsøy Idrettslag å oppnevne Roger Kvalsvik til ny æresmedlem”. (Torbjørn Hide under 75års festen i 2020)

Roger kan med rette kallast ei Bergsøy-ildsjel. Sjølv var han inne på tanken om at han kanskje hadde for mange rollar ei periode, og at dette muligens gjorde det vanskelig for andre å ta over. For oss beviser berre dette hans engasjement.

-”Eg hadde treningar kvar torsdag i 22 år sammenhengande. Så torsdagane åt eg ikkje middag, då for eg rett på trening frå jobb. Det var fast regel." Har Roger sagt.

-”Talent er her i massevis. En må berre få tak i dei og engasjere dei. Og skal en finne tak i dei så må en skape et miljø”. Roger starta med med fotball i gutte og juniornivå før han starta med friidrett, men i dei tider var ikkje her en friidrettsklubb i Bergsøy. Då sprong han for KFUM Volda, blant andre ilag med Olaus Jon Kopperstad. Det var faktisk fleire herøyværingar også som sprong for Volda i dei tider.

I 1971 spring han 2 km på 7,10 i klassen 15-16 år. Han vinner også si klasse i terrengløp i Hovdebygda same året. På 400 meter hekk har han tida 66,1, og på 800 meteren får han tida 2,13,8. Olaus Jon som er to år eldre spring på 2.06.7. Roger sprang med gode resultat på 8000 meter blant anna i Ålesundleikane. -”Eg budde vekke i 10 år frå 1972 til 1982, og i den perioda starta dei nok å bygge opp friidrettsgruppa, med Jan Olav Sandnes som var eldsjela då. Han var motivatoren som fekk med seg monge i kommuna”.

I 1973 spring Roger 400 meter på 58.8 i KM i Kongstenhallen. Han fører også Askim IL til seier i terrengløp i Kulås i ei blaut og tung løype. Som 18 åring får han tida 2.45.6 på 1000 meter i et kretsstemne i Askim, og spring seinare på året 1,59,8 på 800 meter samt 400 meter på 54 sekunder. På distansen 1500 meter spring han i september mål på tida 4 minutt 23 sekund på Halden Stadion, ein suveren siger som gir Askim eit nytt KM å feire.

I 1974 satte Roger ny personlig rekord på 800 meter på Bislett med tida 1.56.7, og blir omtalt som ein lovande løpar. “Årets nye namn er Askimgutten Roger Kvalsvik” sto det i Indre Smaalenenes Avis. Ti år seinare var det fortsatt ingen i Askim som kunne nærme seg denne tida. Roger sprang 400 meter på 52.6 sekund, et resultat som nokre år seinare fortsatt sto på lista over Indre Østfolds topp 25 resultat gjennom tidene.

I 1975 er han medlem i KFUM, men i 1976 er han og Olaus Jon Kopperstad med for Bergsøy idet dei omtrent spring likt imål på 1500 meter på tida 4.11. Planen no var å stille lag til Holmenkollstafett året etter, i 1977. -”Vi fikk opp et bra lag - på kvinnesida spesielt. Vi hadde blant andre Liv Koppen, Kaia Hilde Husøy, Berit Kvalsvik og Anita Kvalsvik. Trur dei også sette kretsrekord på 4x400 meter. Liv Koppen hevda seg spesielt på lengre distansar og Hilde på 400 meter og lengde i den perioda da. Men der var monge som var med. Vi som var litt eldre eg og Olaus Jon kopperstad sprong stort sett for andre klubbar i den perioda. Men vi skrapa sammen et Holmenkoll-stafettlag i 1977, og det er 15 etapper og krever ganske mange løparar. Gjorde det ikkje så aller verst”.

Roger og Olaus John representerte KFUM Oslo vidare ei periode før begge flyttar heim i 1982. Friidrettsgruppa låg litt nede, og då starta dei ei seniorgruppe i Bergsøy som trenarar. Dei fekk til litt aktivitet og var med på endel stafettar. Blant anna fekk dei til ei løpegruppe som igjen deltok i Holmenkoll-stafetten.

Det skjedde ei utvikling i klubben, som starta opp med idrettsmerkeprøver for vaksne, la opp ein ny organisasjonsplan med eige økonomiutval, stevneutval, treningsutval, kurs- og utdanningsutval og merkeutval. Fleire var med, blant andre Jon Peter Føystad som trenar og aktiv. Per Pareliussen, Gunnar og Liv Ryan kom med samt Ola Goksøyr som var veldig ivrig. Så blei det en bra gjeng på gutte og jentesida. Sakte men sikkert var det fleire som kom med, der nokre kom heilt opp i landstoppen. Spesielt Lydia Iren Waage utmerka seg og vann stort sett det ho var med i si årsklasse. Ho var blant anna med på landslagssamlingar, og fekk invitasjonar til å bli med på samlingar i utlandet.

-”Enkelte vart ganske god. Foreksempel Bård Inge Bø hadde 2.07 i høgde, og det var fleire gode resultat. Vi stilte stafettlag rundtomkring, og den tida var det et bra miljø. Monge foreldre var med. Det var absolutt ikkje berre eg som var der, men eg vil seie at eg ilag med Jon Peter, Per Pareliussen, og Ola Goksøyr utgjorde kanskje kjerna av trenarar i mange år. Kanskje oss fire som var mest og delte imellom treningane”. I 1984 er dei igjen ein god gjeng som tek turen ilag til Holmenkollstafetten, sjølv om konfirmasjon gjorde at nokre måtte melde forfall. Bergsøy sitt lag besto av Oddvar Kvalsvik, Kjetil Nørvåg, Roger Kvalsvik, Helge Kvalsund, Olav Torvik, Anton Elvesæter, Jan Magne Berge, Ingve Forus, Per Storøy, Jack Louis Bostad, Nils Svenning Sævik, Bjørn Myklebust, Tor Berge, Øistein Øgaarden, Olaus Jon Kopperstad, Gunnar Davanger og Leif Lillebø.

I 1987 kom Roger Kvalsvik først i mål under Myklebustvatnet rundt med tida 16.27 i den 5 kilometer lange løypa. Han vinner si klasse også året etter. I 1989 mottek både Roger og Ola Goksøyr 5 års medaljen for løpet. I denne tida er han også hovudtrenar for Lydia Iren Waage som imponerar og oppnår resultat som gjer at ho blir best i landet i si årsklasse.

“Bergsøy er landets beste klubb” kan vi lese i Vestlandsnytt. På mellomdistanse for jenter 13 år. I 1992 gjekk det rykter om at Roger skulle være klar for landslaget, før det seinare blei presisert at det var snakk om trenar og ikkje utøvar. Samme året får Roger ta skjegget til Per Pareliussen som før eit stemne hadde sagt han skulle la skjegget falle om halvparten av deltakarane tok nye personlige rekordar.

Frå 1999 og utover 2000-tallet var Roger i fleire år leiar i friidrettsgruppa. Det var Bergsøyleikane og andre stemner, og det blir litt medieomtale idet landets raskaste mann Aham Okeke kjem til treningssamling i Fosnavåg. -"Eg skal bu heime hos Roger Kvalsvik. Det gjorde eg sist eg var her også, og der likte eg meg godt", sa Okeke i 2004.

I 2005 deltok Roger Kvalsvik i sitt første banestemne sidan 1982 ifølge Vestlandsnytt, og blei den fremste medaljesankaren idet Bergsøy arrangerte KM for seniorar og veteranar. Han vann både spyd og 200 meter. Roger har deltatt som utøvar, trenar og motivator for mykje meir enn det som er nemnt her, og har vore engasjert i friidretten i mange tiår.

-”Talent er todelt. Der er talent som åpenbart er talent og atletiske, men så er det et anna talent som treningstalentet. Som faktisk held ut. Friidrett krev mykje trening, og skal du bli god så må du trene mykje. Det held ikkje med fire gongar i uka. Skal en finne tak i dei talenta må en skape et miljø for å finne dei", har han sagt.


Ronald Moen


Solid spelar med resolutte tacklingar


Ronald Moen debuterte på Bergsøy A-lag i 1965 som midtbanespelar, men spelte seinare også midtstoppar på ein solid måte. Det blei sagt at han aldri spelte ein drålig kamp, og at han var kjent langt utanfor distriktet for sine resolutte sklitacklingar.

I vår statistikk står han med 5 seriemål og 1 cupmål på 169 kampar i perioden 1965-1977. I 1973 var han spelaren som hadde mest treningsoppmøte med sine 84 treningar under Kjartan Fagerlund si ledelse.


Rune Frantsen


Midtbanegeneral


Rune Frantsen står med 206 kampar og 36 mål for Bergsøy A-lag. Han presterte også kanskje ett av tidenes mål på Bergsøy Stadion, et susande brassespark, i en kamp mot Langevåg i 1999. Han fekk debuten heime mot Hasundgot i 1993 i backposisjon, og scora sitt første mål på bortebane mot Godøy i 1995.

Han spelte 23 kampar for Hødd i perioden 2000-2001, og spelte blant anna i ein minnerik 1-1 kamp mot Rosenborg der lagkamerat Lars Ivar Moldskred tilslutt blei den store helten på straffesparkkonkurransa. Ei duracellkanin. En fotballspelar som starta på A-laget som back før han blei satt fram på midtbanen. I Hødd var han både midtstopper, midtbane og ving, før han kom tilbake til Bergsøy og fekk prøve seg som spiss i kvalifisering til opprykk. Men vi kjenner han mest som midtbanesjef i Bergsøy.

Han var aldri den høgste på bana, men Rune Frantsen er ein av tidenes Bergsøyspelarar. En krigar og kaptein som gikk fram som et godt eksempel og trøkka til i duellane. En gang slengte historikk.com seg med armane først for å stoppe Rune i godt driv under ei grastrening. Grabba tak rundt beina så det blei ei god felling. Rune flirte og sa det var slik han ville sjå meir av. Innsats og vilje.

Han spelte på A-laget frå 1993 til 2009, og var såleis med på to opprykk (1995 og 2009) og er nummer 10 på A-lagets Adelskalender med sine 206 kampar. Han har scora 36 seriemål for klubben og er dermed på 17.plass blant lagets storscårarar gjennom tidene. Han opplevde opprykk også i 2000 med Hødd. I 1986 deltek Rune i Bergsøyløpet og blir i si årsklasse kun slått av Stian Elvesæter. I Valder-løpet året etterpå kjem han på ein 5.plass. Han hoppar 3,23 i lengde og kastar 6,08 i kulekast. Så imponerar han i Bergsøyleikane ei tid etterpå og får det lengste kulestøtet med lengda 6,67. Men det er på fotballbana han skal vise seg mest fram.

Ifrå 1988 spelar han i småguteserien der Bergsøy vann si avdeling etter fem sigerar og to uavgjorte og ein målforskjell på 40-6. Sigmund Nymark huskar Rune var to år yngre enn resten av laget, men han "var så knallgod og sprong heile tida" at han tok han med.

-"Han var så liten veit du, så til avsluttnigsfesten hadde eg kjøpt han en pitteliten pokal". Snart står det i avisa at det imponerande laget har 87-5 i målforskjell, og at laget har god teknikk og speleforståelse med Kjartan Fagerlund som trenar.

På smågutelaget i 1990 scora Rune, Lasse Myrhol og Frank Sverre Skorpen måla idet Åram blei slått med 5-1. I 1993 er Rune med og vinner Romjulscupen som lagets yngstemann. Avisa skulle få rett i sine spådommar når dei kom med denne:

-”Rune satte eit verdig punktum med briljant scoring like før slutt. Her ser BIL ut til å ha fått fram ein finslepen teknikar som laget trulig vil få mykje glede av”. Det er ifrå 1993 at han startar å spele på A-laget. Før seriestart imponerar Rune Frantsen på venstrebacken under Tor Meinseth som trenar. Både Rune og Lasse Myrhol er 16 år og blir omtala som tekniske gode spelarar med fin teknikk og overblikk. Rune Frantsen sin debut på A-laget blir i seriepremiæren mot Hasundgot, og Rune løyste sine oppgåver på høgrebacken på en fin måte. Idet Bergsøy taper 3-1 for Spjelkavik blir Rune og back-kollega Kenneth Pettersen omtala som lagets beste spelarar. I kampen etterpå idet Bergsøy spelar 2-2 mot Aksla, blir Rune igjen kåra til lagets beste spelar med sitt fornuftige backspel.

“Årets funn Rune Frantsen”, står det om Rune i det Bergsøy vinner 2-0 mot Vigra. Men snart blir han skada, og kjem ikkje tilbake på fotballbana og sin backposisjon før i mai 1994. Han kom tilbake med et smell idet han scora 4 mål for juniorlaget i ein 8-3 siger borte mot Hasundgot.

På A-laget er det fleire unge spelarar som no har kome meir og meir med. Vegard Fiksdal, Geir Sandnes og Arild Kvalsund stiller opp ilag med Rune Frantsen på et bilde med tittelen “sterk og ung firkløver”. Idet Bergsøy avsluttar vårsesongen 1994 ved å slå VRF med 2-1 blir Rune Frantsen igjen banens beste ved fornuftig backspel både offansivt og defansiv. Det blir no satt spørsmålstegn om ikkje Rune med sine kreative evner burde fått sjansen lengre framme på laget. Dette tek Vestlandsnytt igjen opp seinare på hausten idet laget ikkje lengre har muligheter til å rykke opp;

“Det hadde tildømes vore svært interresant å sjå konstruktive Rune Frantsen i ein sentral midtbaneposisjon”” Dette skjer i 1995 idet Bergsøy startar å spele 4-3-3 med Rune Frantsen, Lasse Myrhol og Geir Sandnes på midtbana og Vegard Fiksdal og Olav Elias Torset på flankane. Tom Bedari har overtatt trenarrolla og laget ser lovande ut.

Bergsøy vinner 3-2 mot Hareid i ein treningskamp og Rune er blant målscorarane. Han scorar også eit flott mål idet Bergsøy slår Godøy med 4-0, og Bergsøy startar å vise styrke i 4.divisjon. 1995 sesongen blir ein suksess, Rune scorar 4 mål idet Bergsøy sikrer opprykk til 3.divisjon. Idet Bergsøy blei kretsmester etter å ha utklassa Hasundgot med 4-1 blir Rune Frantsen kåra til banens bestemann. Han var no ein terrier på midtbana som knapt tapte ein einaste duell.

Brathaug omtalte Rune etter kampen som: -"Den lille faste pluggen. Vinner det meste i nærkamp. Hode av gullverdi."

Frå 1995 til 1999 spelar Rune det meste av kampar for Bergsøy. For kvart år blir han ein viktigare spelar.

Foran 1997 sesongen har Rune Frantsen viktig brikke på laget som den defansive midtbanespelaren. I fleire kampar utmerkar han seg som den mest markante spelaren med si utrettelige arbeidsmoral. I 1998 er Rune kaptein for laget, og han dirigerar sine tropper frå sin midtbaneposisjon. Han utmerkar seg også i Sunnmørspostens spelarbørs og får stadig poeng for sine prestasjonar på bana. I 1999 er han i storform.

-”Banens desidert beste spelar var Bergsøykaptein Rune Frantsen som leverte nok ein praktkamp. Sterk, teknisk god, fint overblikk og med herlig fightervilje. Rune ser ut til å være i sitt livs form (Mai 1999)

I Juni 1999 scorar han kanskje sitt livs mål, eit mål som blei omtala som tidenes mål på Bergsøy Stadion. Kampen mot Langevåg har blit spelt i 43 minutter. Bergsøy får corner. Frå straffefeltet og med ryggen mot mål satsar Rune maksimalt på eit brassespark og fekk stjernetreff. Ballen gikk som en prosjektil i nettet uten at keeper Roy Henriksen rekk å bevege en finger. Sjølv ikkje legendariske Zico kunne gjort det bedre sto det i Vestlandsnytt. Han blei omtalt som “Runaldo” i Sunnmørsposten. I august 1999 seier trenar Per Rune Tødenes at Rune er ein spelar som er undervurdert og moden for større oppgaver.

I oktober er det klart at Rune har blitt Årets spelar i 3.divisjon på Sunnmøre, etter at han gikk til topps i Sunnmørsposten sin spelarbørs. Han vann kåringa foran Robert Sogge og Kim Bjørge. Samtidig gikk han i samtaler med Hødd. Lars Ivar Moldskred var også Hødd-aktuell, og begge skreiv under for klubben i Ulsteinvik seinare i oktober 1999. Rune hadde no spelt seks seongar på Bergsøy sitt A-lag, og noko av det siste han gjorde før han gikk til Hødd var å score 3 mål i ein 6-0 siger mot Åheim i innandørs KM.

Rune blir også kåra til Årets Bergsøyspelar sesongen 1999.

-”Lysluggens store løpskapasitet og kondisjon kombinert med god teknikk og pasningsoverblikk har naturlig nok gjort han ettertraktet.” Hødd spelte i 2.divisjon, men hadde håp om å kome seg tilbake til 1.divisjon. Rune Frantsen såg ut til å bevege seg lengre bakover på bana igjen, og danna no midtstopparparet ilag med Øyvind Halkjelsvik. Si første scoring for Hødd skjedde i juni 2000 da Hødd slo Fyllingen med 3-2. Rune blei matchvinnar fem minutt før full tid. Han spelte på høgrekanten og headda knallhardt i mål eit innlegg frå Morten Moldskred.

-”Heia Bergsøy”, var det enkelte som ropte på tribuna. Hødd rykte opp til 1.divisjon med 12 poeng klaring ned til Fyllingen. I 2001 har Hødd mange gode spelarar. Sindre Eid, Geir Televik, Tommy Sylte og Andre Nevstad var nøkkelspelarar. Men laget sleit i serien og låg 3.sist idet dei fekk sjølvaste Rosenborg på besøk i cupens 3.runde. Andre Nevstad måtte stå over kampen, og Hødd måtte gjere forandringar på laget.

Istadenfor ein flat firar var Tommy Sylte trekt fram og Rune Frantsen var ein markert bakerste mann på midtbana i ein diamantformasjon. Endelig fekk han prøve seg i sin favorittposisjon, og han takka for tiliten ved å spele en kjempekamp. Hødd-RBK 2-2, 6-3 etter straffer. Geir Televik hadde utligna åtte minutter før slutt. Det blei uavgjort etter ekstraomganger. I straffespark-konkurransa bomma Frode Johnsen og Christer George, samtidig som vertene scoret på alle sine fire straffespark. Rosenborg ble slått ut av 3. runde i cupen. Ikkje minst Lars Ivar Moldskred fekk også vise seg fram idet han redda dei avgjerande straffesparka.

Rune blir ei potet som blir prøvd litt her og der. Han får spele ein kamp mot Raufoss på venstreback, men dette gjekk ikkje så bra. I november 2001 er det nok i Hødd. Rune skal bygge hus og returnerar til Fosnavåg. I desember viser han seg fram i Romjulsturneringa da han og Oddmund Vågsholm scorar to mål kvar i finalen. 5-0 over Bergsøy.

Forsterkninga Rune har mykje å seie for Bergsøylaget, og sesongen 2002 går laget ubesigra gjennom 3.divisjon. 22 kampar: 18 sigerar og 4 uavgjort. Etter 1-1 heime mot Averøykameratane i kvalifisering til 2.divisjon satsar Bergsøy defansivt på bortebane og setter Rune Frantsen opp som spiss. Laget får imidlertid ein skeiv start med utvisning og tapar etterkvart 0-5 for et bedre lag. 2003 sesongen var tøff for Bergsøy som lenge låg i nedrykkstrøbbel. Det heile skulle avgjerast heime mot Stordal i Huldalen i siste serierunde. Sjølv med siger var ikkje plassen i divisjonen sikra, men Bergsøy måtte vinne for å ha et håp. Dei andre resultata gikk etterkvart Bergsøy sin vei, men laget sleit med å få mål på Stordal som spelte klokt i forsvar. Det skulle gå 77 minutt før det vikitge Bergsøymålet kom, eit skudd frå Rune Frantsen som berga laget i 3.divisjon.

2004 er Rune spelande hjelpetrenar. Han var også før sesongstart prega av eit dårlig kne som gjer at han kanskje vurderar å legge opp. Men lagkapteinen scora årets første mål på eit stjernetreff frå 25 meter idet Bergsøy vann mot Spjelkavik i serieåpninga. Han gjennomfører ein ny god sesong, og i desember driv han restitusjonstrening etter operasjonar i kneet. Vidare har han starta å arbeide offshore, noko som uansett begrensar speletida. Men ein slik viktig spelar må en alltid prøve å få med seg.

Også i mai 2007 håpte ein at Rune skulle gjere nye comeback etter rygg-problem. Ein januardag kjem Rune på ei Bergsøytrening i Kulturhuset der laget tek ein 40 meters test og Pip-test for å teste hurtighet og kondisjon. Rune Frantsen kom opp på nivå 14,2 og slo med det resultatet 23 av dei andre spelarane. Han bekrefta dermed rykta om at han var ein lettrent spelar. Han blei kun slått av Paul Kåre Remøy, Kjetil Paulsen og Harald Haugen. Han spelar ikkje kampar i 2006 og 2007, men spelar 11 kampar i 2008 og 8 kampar i 2009.

I juni 2009 vann Bergsøy heile 5-0 mot opprykkskandidat Blindheim, faktisk etter å ha spelt 80 minutt med en mann mindre. Det vellykka trekket den kampen var at Rune kom inn som midtstoppar samt at spiss Frank Sverre Skorpen gikk ned som midtbanespelar, og dermed styrte Bergsøy kampen tross en mann mindre. Den siste kampen Rune deltek i på A-laget meinar vi er borte mot Åmdal i 2009. Rune Frantsen har også vunnet romjulsturneringa 9 gangar tilsammen, og er ein av turneringas konger.

Rune Vike


Løpssterk og god


Rune Vike debuterte i 1971 og står på vår liste med 117 kampar, 11 seriemål og 4 cupmål.

Rune var meir målfarlig, og scora blant anna 5 mål i ein 7-0 juniorkamp mot SIF i 1970. Han var løpssterk, hadde en voldsom kondisjon og blei dermed brukt i løparrolle. Han scora 8 mål i 1973 sesongen, og var lagets nest mestscorande spelar bak Fred Frantzen sine 16 scoringar den sesongen.

Ruth Frøystad


Æresmedlem 1995


Født i 1955, og er ei legende i Bergsøy IL for sitt engasjement innenfor handballen. Som handballkeeper sto ho i fleire år som ein levande mur, også når motstandarane fekk straffekast. Ho skulle kome tidlig inn på juniorkretslaget, og seinare være med på landslagssamling for junior og ungdom. I 1970/71 var ho med å vinne handball KM klassa 14-16 år, og det var berre det første av fleire. I ei kretsfinale 1971/72 redda ho fem av sju straffekast.

Seinare blei ho trenar for damelaget og fleire aldersbestemte klasser. Allereie i 1973 var ho sekretær i handballstyret.

S


Sigmund Nymark


Supporteren som engasjerer


Bergsøy har mange trofaste støttespelarar, trenarar, supporterar og medhjelparar. Det er mange kvardagsheltar som stiller opp på trening uke etter uke for at hjula skal gå rundt. Det er trenarane, spelarane og motivatorane som er hjertet i alle klubbar. Bak dagens luke har vi ein person som i åresvis har vore både spelar, trenar og motivator i tillegg til å være en livslang supporter. Ein person mange kanskje har høyrt på stadion, og som trulig har fått fleire enn meg til å smile med sitt engasjement. Uten engasjement er nemlig idrett ingenting. Derfor er det så viktig rundt eit idrettslag å ha personar som Sigmund Nymark.

Uavhengig av kva roller han har hatt og som vi vil ramse litt opp nedanfor, så har han alltid vore i Bergsøymiljøet - gjerne synlig i Bergsøyjakke og støtta laga på bana. Den raude tråden vi ser i hans roller heile veien, er at han engasjerar seg for at alle - uansett nivå og helsetilstand - skal få ha et tilbud å delta i.

-"Eg huskar Bergsøy ifrå 60-tallet. Det var kampar i Huldalen. Etterkvart når Bergsøy starta å gjere det bra så var eg også ei stund på alle bortekampane". I 1965 blei bedriftsidrettslaget til bedrifta Gerhard Voldnes As starta, og namnet til laget blei då forkorta til "Gevo". Første formannen i laget var Olaf Brathaug og første trenaren Peder Worren, to kjente karar som begge seinare blei æresmedlemmar i Bergsøy.

Snart blei Sigmund Nymark ikkje berre dyktig keeper og primus motor for organiseringa av Gevo, men også for heile bedriftsidretten idet han blei formann i Vestre Sunnmøre Bedrifts-idrettsutvalg. Han ville få med seg så mange som mulig da han i 1978 sa: -"Vonar at mange vil ta veg til stadion under bedriftidrettens dag. Her er det ikkje konkurransejaget som tel, men at alle trimmar litt så ein kan nå det mål ein arbeidar for: Ein idrett - ein idrett for alle".

Da hadde Sigmund allereie våre aktiv i mange år, ikkje berre som spelar og trenar i bedriftsidretten men også som oppmann og trenar for lilleputtlaget til Frøystad/leine som trente på Leine skule. På laget var blant anna Øyvind Møller og Frode Wilhelmsen som seinare skulle utmerke seg vidare på A-laget. Bedriftsidretten vaks kraftig i perioden Sigmund Nymark var formann i bedriftidrettsutvalget, og laget “Suprise” frå Fosnavåg blei i denne tida lag nummer 4000 registrert i Norges Bedriftsidrettsforbund. Sigmund representerte også snart distriktet i kretsstyret for Sunnmøre og Nordfjord Bedriftsidrettskrets.

I 1979 var det 10 års markering for bedriftsidrettens dag, og bedriftslaga Gevo, Smevik, Speed og Suprise i Herøy gjekk sammen og arrangerte blant anna sykkeltrim samt øvelsar på stadion som 60 meter, stafett og kulekast. Arrangørlaga sin talsmann Sigmund Nymark ønskte alle velkommen. Målet var å få flest mulig til å delta i ein eller anna aktivitet enten det var som bedriftsidrettsutøvarar eller ikkje. I trim-bingo rundt Myklebustvatnet hadde det møtt opp 100 deltakarar. Gevo hadde mange gode resultat i bedriftsserie på 1970 tallet, og seinare i 1981 gjekk dei også til topps i ei turnering i Herøyhallen. Året etter spelte Gevo turnering inne i Volda, der Sigmund var den dominerande spelaren i turneringa. Gevo var det beste laget, men Volda hadde flaks som vann 1-0 i finalen og scora dermed det einaste målet målvakta Sigmund slapp inn for heile turneringa.

Sigmund Nymark deltok snart ikkje berre som spelar og trenar, men også som dommar. I 1983 var det Sigmund Nymark, Per Worren og Endre Remøy som var Bergsøy sine tre dommarar som dømte i kretsserien. I tillegg hadde Sigmund tatt på seg rolle som formann i arrangementskomitteen til Bergsøy IL - og fortsatt var han primus motor for Five-a-side turneringa som bedriftsidrettslaga hadde i Herøyhallen. Der ønskte han alle hjertelig velkommen innom hallen.

I november 1983 blir Sigmund nestformann i fotballgruppa til Bergsøy. Men klubben fann ingen "hovudformann", så før månaden er over har Sigmund tatt på seg å bli den neste fotballformannen i klubben. Som fotballformann opplevde han blant anna i 1984 ei stor givarglede i Herøy da klubben var med å samle inn 400 sekkar med kle i ein aksjon til hjelp til Polen. Sigmund var overvelda over folket si store givarglede. Når det gjeld inntekt til Bergsøy så var bingo på Kulturhuset ei inntektskilde der Sigmund var bingo-sjef.

Sigmund var fotballformann eitt år, men har vore trenar for fotballag i åresvis, og for fleire lag enn det vi klarer å kartlegge. I 1982-1985 er han trenar for gutar som vi ser kvart år deltek i Sunnmørscupen.

I 1985 var han i tillegg formann i yngres avdeling i Bergsøy Idrettslag samtidig som han trente eit lilleputtlag som gikk til topps i sin serie. Her var spelarar som Arild Kvalsund, Rune Frantsen, Jon Robert Moen, Gard Berge, Geir Sandnes og Steinar Hagen.

I 1986 trenar han for jentelaget som vann KM, og hadde med seg "Lulle" Hansen som oppmann. Det blei 11 sigrar av 12 mulige, 55-11 i målforskjell og klart mesterskap. Solveig Grønbeck blei toppscorar med 18 mål mens Inger Anne Berge scora 14 og Jorun Helsem Leine netta 11 mål. Inger Anne spelte også kretskampar og blei vidare tatt ut til landslagssamling i Oslo. Sigmund er trenar for jentene også i 1987 og 1988, og dei deltek begge år på Otta-Cup. I 1988 taper laget første sluttspelkamp på loddtrekning etter at kampen endte uavgjort, men dei deltek også på Norway Cup og får nye gode opplevelsar. Eimar Hagen var med Sigmund til Oslo som leiar. I 1987 er han også med eit guttelag til Norway Cup.

I 1989 er Sigmund og Helen Frøystadvåg trenar for småjentelaget. Dei er trenarar for jentelaget i 1990, og då er Sigmund også oppmann for laget i tillegg til å vere trenar. I 1991 var han aleine som både trenar og oppmann for jentelaget. Laget hadde 2-3 treningar i uka i Huldalen, og Sigmund hadde full kontroll på statistikken. Av 54 treningar noterar han seg at Ingunn Kvalsund hadde deltatt flest med sine 46 deltakelsar.

Fra november 1992 tek Sigmund på seg å vere oppmann til A-laget. Det er her ei periode at han dømmer under Romjulsturneringer og kraftblokkcup, er tivolisjef under Herøymesse, og er også sporty og dømmer en smågutekamp idet kretsdommaren ikkje møter opp. Sigmund er oppmann for A-laget iallfall fram til 1997.

Sigmund har nok hatt fleire roller enn vi klarer å snuse oss fram til. På tidlig 2000-tallet er han varamann i fotballstyret til Bergsøy nokre år, og har også denne tida passert 40 år som arbeidstakar hos Voldnes. Han startar å engasjere seg i Herøy LHL (Landsforening for hjerte og lungesyke).

I Herøy og Sande LHL blir han styremedlem, seinare sekretær, så nestleiar og tilslutt leiar i organisasjonen. Enkelte år har han mange av rollene på en gang, både som nestleiar og sekretær. Han blir leiar i LHL i åresvis. Han blir ein trimorganisator som er pådrivar for forskjellige typar trimtilbod, blant anna "Vatnet Rundt". Dei fleste medlemmar er pensjonistar. Det blir dreve med "Hjertetrim" kvar mandag på Stokksund skule, med trim før dei badar i basseng. Stadig er Sigmund ute og reklamerar for at alle som vil kan kome å delta i trimmen som har dyktige instruktørar, blant anna Per Skarstein.

Idag er Sigmund valgt inn som medlem i eit råd for perioden 2023-2027 som er til hjelp for menneske med nedsett funksjonsevne (RFF) . Bildet: Berre eitt av mange lagbilder med Sigmund Nymark. Dette trulig frå 1987. Vi kan legge flere kjekke lagbilder i kommentarfeltet.




Sigmund Paulsen


Storscoreren på 1950 og 60tallet


Målscoraren som var Bergsøy sin faste straffeskytter var eit stort fotballtalent, og blei også kalla "Kongen av Huldalen" i Johs Wike si bok "Idrett i Havgapet". Han hadde ein eminent teknikk, var driblesterk og sendte av gårde smarte pasningar. Desverre manglar vi endel statistikk frå tida han spelte, men det er ikkje tvil om at han er ein av Bergsøy historiens mestscorande fotballspelarar.

Andre spelarar har sagt at det var berre å gi Sigmund ballen, så ordna han resten.




Sigvald Hoggen


Grunnlegger Turn


Sigvald Hoggen (1888-1960) .

Han var en dyktig idrettsmann og instruktør som var med å grunnlegge Volda Idrettslag i 1916, samt Bergsøy Turnforening ca 1927. Litt mindre aktivitet seint på 30-tallet, samt ein viss krig, gjorde at det stoppa opp - før Bergsøy Turn og Atletklubb (dagens Bergsøy) blei danna 04.10.1944. Allereie to dagar etter dannelsen sender klubben et brev som sier:

-"Som det vil vere dem kjent blev Bergsøy Turnforening etter å ha ligget nede i flere år på ny satt i gang av ungdommen på Bergsøy. Denne gang med nytt namn, nemlig Bergsøy Turn og Atletklubb". Med andre ord: At klubben (dagens Bergsøy) som blei danna i 1944 var ein restart av Bergsøy Turnforening som Sigvald Hoggen hadde danna. Med litt andre marginer (og mindre krig) på sin side kunne det våre Hoggen sitt namn Bergsøy IL idag hadde sett tilbake på som sin grunnlegger. Men om ikkje anna så skal vi hjelpe å få namnet hans litt meir fram i lyset slik det kanskje fortjenar;

Mannen som skapte den første aktiviteten/idrettslaget i Herøy - og som hadde lagt ein god del av grunnmuren som Bergsøy kunne ta vidare å bygge på etter krigen. Bergsøy sin start gikk i Hoggen sine fotspor, der starten av tida som klubb var å benytte Høgtun og turnapperata slik Sigvald hadde gjort det tidligare.

Sigvald Hoggen gjekk under namnet Hogga-Siggen ettersom han kom frå Hoggja (Pedergarden) i Volda. Han starta å være bakar i Volda hos Emanuelsen og seinare hos P.M Olsen litt etter konfirmasjonsalderen før han kom til Herøy og baka hos Knut Waage i Straumen. Til slutt kom han til Jens Hansen og overtok bakinga der idet Hansen sjølv starta å få bra med tidkrevjande oppgåver i både kommunestyre, skulestyre, nemnder og anna. Sigvald var eit stort idrettstalent.

I 1911 var han forturnar og materialforvaltar i Volda Turnforening, og han var i ei årrekke ein av dei berande kreftene i foreninga med mange roller. Han deltok i mange stemner, var flink i alle turnapparat, og var ein fest å sjå på. I tillegg var han av dei flinkaste i fotball.

I 1916 er Hoggen avbilda på lagbildet til fotballaget “Brodd” i Volda, og seinare på året er Hoggen med på å skipe Volda Idrettslag.

Hoggen utmerka seg også i skiidrett, og var jamt på premielistene. Han blei eit forbilde for mange idet han var dyktig i det første hopprennet som blei arrangert i Volda, og i 1919 er han vidare med å vinne det første langrennet. Etter eit hopp i Grøndalsbakken i 1922 enda han i ein stein og skada seg stygt, og det måtte lagast ein slede av tre par ski samanbundne av skistavar slik at han kunne fraktast til doktoren. Det viste seg heldigvis ikkje å være så gale som frykta, men skada enda likevel hoppkarriæra hans. I 1928 er Sigvald rundt 40 år, og blir med som deltaker i Oldboysgruppa til Volda i et krinsstemne for enmannsturn i Ålesund. Rundt same tid, kanskje i 1927 etter at Høgtun blei bygd, skipar han i Herøy ei turngruppe som han også instruerer i.

Namnet var Bergsøy Turnforening, og her samla han ei gruppe med ungdommar som utførde øvingar av gymnastikk på Høgtun ein gong i veka.

-”Turnforeninga avholdt sin første og meget vellykkede aftenunderholdning på Høgtun. Der var stappfuldt (..). Under ledelse av baker Hoggen marsjerte så taktfast ein turntropp på 10 medlemmer inn i salen til tonene av en feiende marsj, og så bar det opp på scenen hvor de viste fremragende gymnastikk “, sto det i ei avis frå Ålesund. Ifølge årsmeldingane til Bergsøy Frilynde Ungdomslag var det ikkje dreve turngruppe etter 1935, men Hoggen hadde nok å drive på med og blei valgt som nestformann i Bergsøy skytterlag. Han hadde alltid vore skytterlagsmedlem; han hadde vore styremedlem i Volda Skytterlag og Volda Skyttersamlag – og deltok i landsstemne i Molde i 1919 og i Bergen i 1921.

Tilsamen blir det mange idrettar og mange medaljedryss både som skyttar og turnar, og det er nemnt at han kanskje er ein av dei mest dekorerte personane frå Volda. I 1937 får Sigvald en kjede som utmerkelse for å ha deltatt i 12 kretsstemner i turn. Han tok idrettsmerket i gull, og fekk også fortjenestemedalje fra Søre Sunnmøre Skytterlag - men han var ikkje mannen som skrytte av sine bragder.

-”Skal jeg fortelle hvilken premie som betyr mest for meg, så må det nok bli en pengepremie som jeg kjøpte meg et gevær for, og prisen var den gang 28 kroner. Jeg trur det var i 1911 eller 1912. Jeg har fått ødelagt øyet mitt, og fikk mest trening da jeg gikk over til å skyte links. ”

I 1939 var det brann i sjøpakkhuset til Sunnmøre Fiskeri og Handelsbank, såkalla “Bomba”. Huset blei nytta til lagerplass for mange, og tre motorbåtar strauk blant anna med. Ein av dei som sto mellom dei brennande husa og Tollåshuset med slange i håp om å sløkkje samt hindre spreiing - var bakar Hoggen. Han sto med våte sekkar over seg og styrte brannsprøyta. Brannen var så sterk at malinga på hus et godt stykke unda flakna av. Hoggen hadde då ein våt sekk rundt nakken, men vart likevel nokså steikt i andletet og på hendene.

Idet den andre verdens krigen braut ut var det møte i Fosnavåg byggjekommune for å ha ein plan på tiltak om det skulle bli brann som følge av krigstilstanden. Sigvald Hoggen blei då med i gruppa som måtte være klare på vakt om det skulle oppstå brann. I nokre av krigsåra var han tilbake hos P.M Olsen i Volda, men aller mest av si aktive tid som baker var han hos Jens Hansen. Sjølv etter at han slutta var han å finne i bakeria om vinteren.

I 1957 er Sigvald med på kronerulling til inntekt for Bergsøy idrettslag, og byd ut Harald Botn, Eystein Botn og Sverre Botn, før han i 1958 flyttar tilbake til Volda. 1958 er også året Peter Sperre (gårsdagens bakerhistorie) starta sitt bakeri i Jens Hansen sitt bygg. Idet den eine drar så etablerer den andre seg meir.

Hoggen levde to år i Volda etter at han reiste fra Fosnavåg. Bildet av Hoggen med alle medaljane: Fotograf: A.Berge.




Siv Vestnes


Storspiller på handballbana


Med 400 obligatoriske handballkampar toppar ho lista (pr 2021) over mest spelte kampar. Vi har registrert 894 mål på dei kampane vi har oversikt over. Ho har blitt årets damespelar 6 sesongar, noko ingen andre har klart.




Steffen Helsem Kvalsund


Spelar og historikk-ninja


Steffen spelte 151 kampar og scora 34 mål for Bergsøy sitt A-lag i perioden 1999-2008, i hovedsak som venstreving. Steffen var ein av Sunnmøres raskaste vingar, men likte best å springe frammover. I 2002 laga han nettsida Bergsoy.com, før den gikk i Bergsøy sitt eige i 2009. I 2016 laga han denne nettsida - historikk.com. Steffen har eit gutterom heime der Bergsøydrakter henger på veggane.

Steffen gav seg på Bergsøy under 2008 sesongen, flytta til Hareid og blei pappa for første gang seinare dette året. Han trappa litt ned med fotballen og spelte på Hasundgot i 2009, før han seinare spelte på Tjørvåg i 2010. Han var pensjonert fotballspelar 2011 til 2018 før fotballen igjen frista - og det blei comeback med Bergsøy 7ar fotball 2019-2021. Da Bergsøy ikkje klarte å stille 7ar-lag etter koronapandemien bytta han klubb til Hjørungavåg i 2022.




Stig Vestnes


Spiller og trener handball


Med registrerte 235 kampar toppar han (pr 2021) vår adelskalender for herrenes handballag. Vi har notert oss at Stig har scora 318 mål. Hans handballkarriære strekker seg fra 1981/82 sesongen og til 1996/97 sesongen.

Stig Vestnes har latt si handballglede smitte over sine spelarar, som trenar for Bergsøy United.



Susanne Sandvik


Lang karriære Bergsøy - årets spelar både handball og fotball


Med sine 363 kampar er Susanne Sandvik ein av dei mestspelande handballspelarane i Bergsøy si historie. Ho blei åres damespelar i 2003/04 sesongen, 2005/06 sesongen og seinast i 2016/17 sesongen, som viser at ho har vore ein viktig spelar over mange år. I 2019 hadde ho ein på 45%, derav tre strafferedningar i heimekampen mot Utleira.

Ho nådde 50 kampar sesongen 2003/2004, og passerte 300 kampar i 2016/2017. Ho har også ei fortid som fotballkeeper hos Fortuna, og blei årets damespelar i Bergsøy Fotball i 2008, blant anna på bakgrunn av at ho med si gode ro og rutine bidro med god defansiv trygghet på laget, hadde vore ein matchvinnar, samt bidro til å ta laget eit steg vidare.



Svein Inge Urke


Stortalentet fra Hødd


En av de mest talentfulle fotballspillerne ble født 6.juni 1954 og døde 11.mai 2008. Han var en spiller som spilte på landets øverste nivå for Hødd, og samtidig fikk 6 U-19 landskamper. Deretter gikk han til Bergsøy noen sesonger, og ble toppscårer i 1977. Han dro videre til Start midtveis i 1978. Et Startlag som var Norges beste lag - seriemester 1978. Svein Inge Urke ble i 2012 kåra til å være den 16.beste Hødd spelaren gjennom tidene, i en uoffisiell kåring gjennomført av Arne Flatin.

Les mer

T


Thomas Sporsheim


Engasjert mediemann


Thomas Sporsheim har profilert Bergsøy gjennom mange år via sine artikler og videoer både gjennom Vestlandsnytt og egne portaler. Gjennom hans reportasjer har han gitt klubben ein heilt annen profilering enn det dei fleste av klubbane på Sunnmøre kan vise til.


Tom Beddari


Daglig leder og mangeårig A-trenar


Tom Beddari var lenge aktiv fotballspelar på Bergsøy A-lag og står oppført med ca 100 A-kampar. Etter at han la opp som fotballspelar har han vore A-trenar i 8 forskjellige sesongar. Den første gangen i 1994 da han tok over for Tor Meinseth etter 8 serierunder. Den påfølgande sesongen 1995 endte med opprykk til 3.divisjon med Tom Beddari som trenar.

Tom Beddari har vore mangeårig Daglig leder i Bergsøy IL-Fotball

Han budde sine første år i Sør-Varanger, deretter 4 år i Lillehammer før han som 16 åring kom til Runde. Han spelte snart på juniorlaget ilag med blant andre Hogne Worren, Nils Roger Paulsen, Lars Ove Almestad, og Kenneth Pettersen. Det er omtrent 40 år sidan, og sidan har egentlig Tom Beddari vore ein del av Bergsøy. Som spelar, trenar og ledar. Mr Bergsøy har vi sett han har blitt omtalt.

-"Når du engasjerer deg i fotball sånn som eg har gjort, så er det fordi du er glad i fotball. Så prøvar en på en måte å utvikle det så godt som mulig fordi du brenner for det, og er engasjert i det". (Tom Beddari, mai 2022)

Tom Beddari spelte på A-laget frå 1984 til 1990. Ifølge vår statistikk 78 kampar. Han var sweeper/midtstopper, mange kampar i stopparpar med Gullik Kjelstadli. Beste sesongen var kanskje i 1988 idet Tom spelte fast på laget som tok 2.plassen i 4.divisjon. Gudmund Hopen var då trenar ilag med Trond Paulsen. -"Særlig sweeper Tom Beddari fortjener ros for vakent og kompromisslaust forsvarsspel". (Kamp i 1988)

Tom skadar seg i 1990 og er ute av spel ei lengre periode, men tek ansvar på andre måtar; Han blir snart styremedlem i fotballgruppa. A-lags karriæra legger han på hylla, og snart startar han å trene guttelaget. A-laget sliter i 1992, og tidlig i sesongen blir Beddari avbilda i avisa der han tømmer ei bøtte med vatn over Stian Skogen. Overskrifta var "Nytt tap og ny kalddusj for Bergsøy".

Bergsøy opplevde nedrykk i 1992, akkurat som dei hadde gjort i 1981 og 1984. Tabellmessig hadde det vore over ti år med dårlige resultat for A-laget. Bergsøy var også berre eitt poeng frå å rykke ned til 5.divisjon i 1993, og etter berre 2 sigerar på 8 seriekampar i starten av 1994-sesongen var det krisestemning igjen. Vestlandsnytt la ingenting imellom: “No bør spelarane og trenaren ta ei alvorlig oppgjer med seg sjølve, og drøfte kva som skjer. Er ein så mykje svakare enn motstandarane, eller er det rett og slett giddaløyse?”

Trenar Tor Meinseth trakk seg som A-trenar etter 8 serierunder, og 30 årige Tom Beddari og Rolv Bakke tek over treningane. Ting snur fort. Dei neste 8 kampane gir no 6 sigerar, 2 uavgjorte og ingen tap. Bergsøy endte tilslutt på ein fin 4.plass. Under Tom Beddari sin trenarledelse starter ei ny fotballepoke på A-laget. No startar Bergsøy å sjå oppover, og 1995 sesongen blir ein lang suksess. Det går stort sett frå fest forestilling til fest forestilling med mange store sigerar. Vestlandsnytt har intervju med suksess-trenaren midtveis i sesongen og omtalar han slik:

-”Han er aktiv, engasjert og utadvent. Pratar som en foss, og tek tenkjepause kun når han inhalerar djupt av “prinsen”. Laget styrer mot det første opprykket på 15 år, og klarer det. Bergsøy presterer 17 sigerar på 22 kampar og rykker opp til 3.divisjon. Laget spelte rask offansiv fotball. Arild Kvalsund scorar 23 mål, Jarl Åge Vågsholm 16, Geir Sandnes 7, Lasse Myrhol 5 og Rune Frantsen 4, mens Ronny Pål Kvalsvik blei årets spelar.

Tom Beddari måtte ofre barten sin, slik han hadde lovd om laget skulle ta KM. I 3.divisjon i 1996 er fortsatt laget i medvind og går heilt opp til 3.plass på tabellen. I 1997 endar laget nokså midt på idet Bjørn Prytz er assistenttrenar, men Tom oppnådde ambisjonen sin med å stabilisere laget i 3.divisjon. Tom gir seg som A-lags trenar etter 1997 sesongen.

A-laget redda seg frå nedrykk i siste serierunde av 2003-sesongen, men da Tom tok over som A-lags trenar i 2004 var laget igjen oppe på øvre halvdel. Ved hjelp av offansiv fotball og teknikarane Anders Vaagen og Johnny Moltubakk var A-laget igjen på offansiven. Etter festfotball mot Skarbøvik må Tom no la hockeysveisen falle. Rune Frantsen var ivrig framme med saksa til god jubel fra alle bergsøyspelarane. 2005 sesongen blei imidlertid tøffare. Det blei sju strake tap i starten av sesongen, der den siste var eit knallhardt 0-9 tap for Volda. Ingen såg heilt korleis laget skulle berge plassen i 3.divisjon. Bergsøy måtte snart starte å ta poeng. Det blir såvidt idet Bergsøy bergar plassen med siger i siste kamp.

Etter to sesongar som A-trenar gir Beddari stafettpinnen vidare til Svein Haukås i 2006 sesongen. No blir det nedrykk. Så gjer Tom comeback igjen åra 2007 og 2008. Det var berre målforskjellen som gjorde at laget ikkje klarte opprykk i sistnemnte sesong. På 7,5 sesongar som A-trenar presterte Tom eitt opprykk, fleire gode plasseringar på øvre halvdel, og en sesong å berge laget frå nedrykk. Det er ei god liste.

I 2010 er Tom Beddari kartleggingsansvarlig for dei beste spelarane på Sunnmøre fødde i 1997, og snart får han tilbud om heiltidsjobb i Bergsøy. Han blir tilsett som daglig leiar i 100% stilling frå januar 2011. -"No får eg sjansen til å dyrke hobbyen min gjennom jobben", seier Tom.

I sine 13 år som daglig leiar har Tom sett Bergsøy vekse på alle mulige måtar: - Eit fantastisk nytt stadion-anlegg med overbygd tribune. - Fiskarhallen.
- Nytt klubbhus.
- Årets breiddeklubb i 2013
- Årets fair-play klubb i 2017
- A-laget slo ut Ålesund av NM-cupen i 2018
- Imponerande Havyard-cup i mange år
- Jentefotballen har også blomstra.
- Bergsøy har blitt ein Kvalitetsklubb i NFF.
..og mykje mykje meir. Bergsøy har hatt ei enorm utvikling desse åra.



Toni Sandanger


Keeper og trenar


Toni Sandanger står oppført med 72 kampar mellom stengrene på Bergsøy A-lag. Debuten kom i cupkampen mot Valder i 2005. Etter si spelarkarriære tok slutt har han hatt ulike roller i Bergsøy, blant anna som A-trenar i 2017 og 2018. Han hadde sin lykkeligste dag som A-trenar da sensasjonen var stor i NM kampen mot Ålesund i 2018.


Tonny Pettersen


Veteran på Bergsøy A-lag


Du finner Tonny Pettersen høgt oppe på Bergsøy Fotball A-lag sin adelskalender, og hans merittliste som fotballspelar strekker seg frå ca 1984 til 1996 der vi har notert ned 45 mål på 215 kampar for den faste straffeskytteren. Han fekk også benytte sine kunnskapar om forskaling og betongarbeid da Bergsøy Stadion fekk nye tribuner til 1996 sesongen. Han har også vore delaktig i annleggsutvgalvet til Bergsøy.

Tonny Pettersen blei toppscorar for Bergsøy A-lag i 1985 og 1986.


Tor Sindre Steinsvik


Æresmedlem 2020


Handballspelar, korpsentusiast, herøyspeladministrator, politikar, bonde og daglig ledar for Runde Miljøsenter. Tor Sindre Steinsvik har gjennom fleire år vore engasjert innenfor samfunnsliv og kulturliv i Herøy kommune. Det å bidra på grasrota har vore viktig. Særlig er det arbeid innanfor musikk, idrett og kultur som har engasjert han.

Han var aktiv i handballgruppa gjennom ei årrekke både som trenar, leiar, styremedlem og sportslig leiar var han senrral i handballmiljøet. Sjølv var han aktiv spelar til han var 43 år og står oppførd med over 200 kampar.

Les mer




Trond Paulsen


Solid kjempe på midtbana


Han blei fødd i 1960, og var ein del av eit kull spelarar som skapte mykje god fotball i Bergsøy på 1970 og 80-tallet. Trond Paulsen er på 3.plass på Bergsøy A-lag Fotball sin Adelskalender med 311 kampar. På toppscårerlisten finner vi han på delt 7.plass ilag med Lars Ove Almestad som begge står med 57 offisielle Bergsøymål. Trond var aktiv fotballspiller i perioden 1977 til 1993, og ble delt toppscårer for Bergsøy A-lag i sesongene 1981, 1986 og 1989.

Les mer

V


Vic Halom


Engelsk Bergsøytrenar 1982


Vic Halom var den første Engelske trenaren i Bergsøy. Bergsøy hadde spelt i 2. divisjon i 1982, men rykte ned i 3 divisjon igjen. Fleire profilar gav seg etter 1982 sesongen, men klubben satsa friskt og ein Engelsk trenar var det som skulle til for å ny giv i klubben. Vic var 34 år då han starta trenargjerninga si i Bergsøy. Han hadde debutert som proffspelar i det engelske ligasystemet allereie i 1964.

Vic var typisk engelsk og stilte alltid i kortebukse på treningane - sjølv i snø og sjølv om temperaturen var godt ned på minussida. Som fotballspelar er VIC ein av Sunderlands legender, og vann FA cupen i 1973.




kampreferat






Fotball





Ekstern Link fotball.no


Fotball




Ekstern Link fotball.no


handball



Ekstern Link handball.no


handball



Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt