I dagens utgaver av Sunnmørsposten og Vestlandsnytt kan en finne diverse lesestoff om Bergsøy, men ikkje alt gir et positivt bilde av klubben. "Bergsøy beklagar grisespel" er tittelen i Sumpen, og dette handlar om håndball.
Bergsøy sitt herrelag i handball fekk 4 røde kort og ei utestengning i kampen mot Ørsta. Ørsta sin trenar er glad for at hans spelarar unngikk skade, samt at spelarane holdt seg for gode til å være med på Bergsøy sitt grisespel.
Kampen blir i Sunnmørsposten betegna som ekkel, og gav en vond følelse. 2 av dei raude korta var direkte rødt, som følge av stygge tacklingar/hektingar bakfrå.
Bergsøytrenar Jørn Petter Remøy beklagar for lagets oppførsel. Bil stillar herrelag for første gang på 8 år, og ifølge Remøy må en håpa at dette var et engangstilfelle. Om ikkje, så må en revurdere om BIL skal ha et herrelag.
Den mykje omtalte juniorkampen
I Vestlandsnytt var det gledelig fokus på Gullik Kjellstadli som hjelpetrenar, men i stykket om "Tap for Bergsøy-juniorane" så er det også fokus på brutt fair-play.
Juniorkampen mellom Bergsøy og Volda har vore mykje omtala, både i aviser og her i vår gjestebok, og diskusjonen ser ikkje ut til å ende. Bergsøy sitt juniorlag fekk to røde kort, men
beskyldar Volda samtidig for dårlig fair-play, ettersom kampen måtte spelast tiltross for at BIL mangla sentrale spelarar. En skuffa og irritert leiar i BIL fotball, Terje Lima, blir i dagens Vestlandsnytt sitert med utsagna "Unfair og dårlig gjort av Volda", samt at Volda må ha en bismak i munnen om dei går til 1.divisjon.
Volda si supporterside var ikkje seine etter kampen om å henge ut Bergsøyleiarar som dårlige taparar.
Så får en da sjå om juniorlaget klarer å riste av seg denne skuffelsen, for deretter å vinne dei to siste kampane i kvalifiseringa til 1.divisjon.
Bergsøy sitt guttelag tapte også sin kamp, meir om dette kan du lese på Guttelaget si side.
Anna omtale av Bergsøy
Sportsweb.as si kåring av den beste heimesida i 2006 fortsetter. Idag var det Eidsvold IF som gav poeng til dei andre heimesidene, og etter vår meining var det mange rare poeng som var ute å gjekk.
Kanskje minst overraskande var det at Eidsvold Turn si heimeside bortimot fekk toppkarakterar under alle kriteriar. Kåringa ser ut til å allereie skyte seg sjølv i foten med slik poenggivning, der Eidsvold IF sine forventa topp-konkurrentar merkelig nok får stryk på designkarakteren. (Merk: Vi reknar ikkje med oss sjølve her).
Bergsoy.com har forøvrig 9 poeng etter den andre runden, og vi vil følge med kåringa vidare. Det er tross alt artig å sjå kva andre meinar om vår heimeside.
Bergsøy blir også omtalt på alltidfotball.no idag, etter at Einar Orten Trovåg la inn stykket "Bergsøy vil tilbake på første forsøk".
Einar Orten har tidligare skreve et godt stykke om Hareid inne på alltidfotball.no, og dette stykket kan du lese her.
Når det gjeld stykket om Bergsøy så blir klubben blant anna omtalt som "Diamanten på Mørekysten".
Diverse andre nyheter
Dei som lurar på kva Preben Hestad driver med på for tida kan gå inn på Tjørvåg si heimeside.
Her skriv Preben idag om litt av kvart, treningsintensitet og oppmøte blant anna.
Den mystiske krabbeteina
Det har pågått lenge no, at spelarane har passert ei mystisk krabbeteine i gangane i Klubbhuset. Enkelte har hatt sine mistankar om at krabbeteina sin funksjon var å fange talent til klubben, mens andre igjen har vore overbevist om
at den har en meir praktisk funksjon med tanke på trening. Svaret var det Marius Kvalsvik som fann tak i, da han fann fram til heimesida Globalgoal.dk.
En brukarmanual i pdf-format kan du sjå her. Merkelig nok så er denne skapningen prisbelønnet, og kan benyttast til over 50 forskjellige øvelsar. Ingen grunn til å gjære narr av garnklumpen lenger!