Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Trenarens oppsummering 2006 sesongen

Arkivet:
Ettersom kampen mot Hareid blei avlyst denne helga, så tek vi ei lita runde med diverse andre ting..
Av Steffen H Kvalsund Publisert 25. Februar 2007

Guttelaget har fått spelarprofilar på plass, og har også fått på plass laget i neste års 1.divisjon. Idag kan vi vise fram korleis dette skjedde, ved å legge ut en video av måla guttelaget scora på på sin vei mot 1.divisjon. Videoen er filma og laga av Per-Hallstein Dahle.

Det er nokre veker sidan no, men på denne heimesida er vi ikkje redde for å mimre på ting som har skjedd. På filmen nedanfor kan du sjå kva som gjorde at guttelaget kom seg til 1.divisjon. Videoen visar nokre fine mål filma i Sunnmørshallen.

Fortsett oppussinga av sesongen 1969

Det har blitt lite tid til å oppdatere historikken dei siste to-tre ukene, men idag fekk vi på plass litt meir inn på sesongen 1969. Det er ikkje lenge sidan at vi hadde lite av tekst, og veldig utydelige og små bilder fra sesongen 1969, men dette er vi no underveis med å rette på. Sjølv om der nesten ikkje står noko om seriekampane frå 1969, så har det kome på plass veldig mykje anna informasjon.

(Bildet: Inne på historikkåret 1969 finn du fleire slike bilder..)

Etterkvart vil vi nok prøve å få på plass også kampreferata frå seriekampane i 1969, men dette er foreløbig uvisst når det vil skje. Vi har imidlertid blitt mer obs på at det lønnar seg å oppdatere grundig år for år om en skal få til å lage en god og oversiktlig historikk. Gledelig er det at sesongen 1969 no stadig visar seg å bli meir og meir komplett, slik at en kan gå vidare til andre årstall for å gjære også dei meir komplette.

(Bildet: Inne på historikkåret 1969 finn du fleire slike bilder..)

Trenarens oppsummering 2006 sesongen

Vi har lagt bak oss sesongen 2006, og ser no frammover mot sesongen 2007. Dermed har vi også oppdatert linken "Årets sesong" som finnast i venstremenyen. Idag tenkte vi at vi kunne legge ut en del av trenarens (Svein Haukås) notatar frå fjorårets sesong. Nedanfor er ei lita oppsummering av det Bergsøy sin sportslig leiar Kjetil Goksøyr las opp av Svein Haukås sine notatar etter sesongslutt ifjor.

-"[..] Innsatsen på løpetreninga mandagar var for ujamn, for lite prestasjonsfokusert, spessielt av dei eldste spelararne som normalt var dei som skulle sette standaren. Litt kan skyldast skade og sjukdom. Onsdagane var oppmøte for dårlig på styrketreningane. (Sportslig leder utdyper: Ifjor ville mange starte opp tidligast mulig, i november, og det var ambisjonar på folk, men når en kom til treningane så var det lite oppmøte. Var det fem stykker? Det er ikkje nok at en eller to vil trene 5 gongar i uka, en må gjere det som lag.) Med såpass ungt og ferskt lag så var det vår oppfatning av løpsstyrka ville være avgjærande for å bikke kampane i vår favør. Det såg brukbart ut på treningskampane, men desverre fekk vi en dårlig start da kampen om poenga begynte. Tapa kom i jamne kampar. Og mange trudde nok at resultata ville snu slik som året før, istaden for å brette opp ermane og jobbe for at dette skulle skje. Det burde blitt kjempa som at kvar kamp var ei finale, slik det blei gjort i avsluttningskampane. Etterkvart som resultata kom så var spelarane meir fokuserte på kva forsterkningar som kunne kome istadenfor å fokusere på eigne prestasjonar. Spelarane var for lite sammenspelisa i tankegangen, tenkte for lite på lag, og for mykje på seg sjølve. Vi var for negative i tankegangen, for lite entusiastiske, og fleire jobba for lite med seg sjølve på trening. Det blei oppleva negative kommentarar frå ansvarlige spelarar på trening.

-"[..] Vi merka en klar framgang ut gjennom sesongen, pluss at det kom meir rutinerte spelarar inn i laget. Det var uhyre små marginar som tilslutt gjorde at Bergsøy ikkje klarte å halde seg. Heime mot Valder der laget leia, men rota det vekk, var en nøkkelkamp. Med så mange unge lovande spelarar har jeg stor tru på at Bergsøy kjem sterkt tilbake allereie neste år. Det er viktig at desse fortsett i klubben. Det er også viktig at leiinga, trenarar og spelarar jobbar ilag for et samla mål, som burde være at laget skal bli blant dei 3-5 beste på Sunnmøre. Også leiinga har jobba for lite ilag iår.





kampreferat






Fotball





Ekstern Link fotball.no


Fotball




Ekstern Link fotball.no


handball



Ekstern Link handball.no


handball



Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt