Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Dugnadstid på kunstgraset

Arkivet:
Idag blei det en liten dugnad, og snart startar det alle ventar på..
Av Steffen H Kvalsund Publisert 10. April 2007

Idag skulle gruskanten inn mot asfaltet gjerast klar, slik at kunstgrasdekket ikkje skulle kome over asfaltdekket. Onsdag håpar vi å fjå hollendarar på plass.



Det blei kort varsel for spelarane, men oppmøtet på dugnaden var svært god. Med fin innsats så gjekk det også unna på kort tid, og forhåpentligvis er bana no i såpass god stand at dei hollanske proffane blir begeistra og fornøgde.


(Bildet: Daniel Hatløy var en av dei som gjorde en god jobb idag.)

Det nærmar seg forhåpentligvis slutten på ei lang historie, og mange ventar no spent på å få sjå det endelige resultatet. Det var tilbake i 2003 at kunstgrasplanane blei offentlige, og mykje har skjedd desse siste åra. I august 2004 blei arbeidet stoppa opp på grunn av at arkeologane fann spor av eit gammalt dyrkingsfelt. I Vestlandsnyt 24.februar 2006 blei det offentlig at entrepenør Gustav Frantzen signerte kontrakta om opparbeiinga av Bergsøy KGB, og no nærmar det seg altså snart sjølve kunstgraslegginga.

(Bildet: Glede over å være med på dugnad.)

Mathias Pettersen etterlyser samtidig fleire som kan tenke seg å være med på dugnadsarbeid desse komande dagane. Teksta lyder som følger:

-"I samband med legginga av kunstgraset så treng vi frivillige som kan vera med på dette arbeidet på dagtid, frå imorgon av og nokre få dagar framover. Har du fri på dagtid og kan stille opp ein eller fleire dagar ta kontakt med meg. Tlf. 90 92 33 13".

Nedanfor kan du trykke på bilde for å sjå korleis kunstgrasområdet såg ut før arbeidet med kunstgrasbana starta.



Historikkarbeidet har stoppa opp litt

Det går i rykk og napp med det historiske arbeidet her på heimesida, men det er ikkje på grunn av mangel på arbeid. Blant anna 1990-sesongen står for tur når det gjeld å få på plass kampreferata, men hittil har berre 3 kampreferat kome på plass. Kanskje blir det ett eller to for dag frammover som kjem på plass, slik at også dette årstallet kan bli komplett etterkvart.






kampreferat






Fotball





Ekstern Link fotball.no


Fotball




Ekstern Link fotball.no


handball



Ekstern Link handball.no


handball



Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt