Fotballens tørketid nærmar seg slutten, men når det er sagt så har A-laget vore på treningsleir i Lillehammer mens fleire lag kjempar på Norway Cup. Ifølge rapportane var A-lagets treningsleir vellykka, der laget spelte to kampar og vann 3-1 mot et topp 4.divisjonslag og 6-0 mot et 5.divisjonslag.
(Bildet: Slik ser tabellen ut før haustsesongen starter. Dei to beste laga rykker opp til 3.divisjon)Bergsøyspelarar på Hareid
Hareid A-lag spelte treningskamp mot Hødd A-lag sist laurdag, og enkelte Bergsøyspelarar hjalp til idet Hareid var noko underbemanna. Vegard Sævik starta i midtforsvaret til Hareid mens Martin Molnberg var uaktuell på ferie. På benken var Geir Sandnes, Frantz Frantzen og Steffen Kvalsund, som alle tre kom inn og spelte for Hareid i 2.omgang. Frantz Frantzen spelte også på ein uvant venstreback mot Hødd den siste halvtimen.
(Bildet: Frantz Frantzen hadde drakt nummer 7 i kampen mot Hødd A-lag)Nytt bilde av kunstgraset
Vi fekk tilsend et bilde av Bergsøy Stadion og kunstgrasbana tatt ovanfrå. Bildet blei sendt til vår heimeside av Tommy Remøy. Dette må da være det best oppdaterte fly-bildet frå området?
(Bildet: Bilde av aktivitetsområdet tatt ovanfrå)Andre nyheter
* Grattulerer til Hødd! Idag er klubben 88 år gammal.
* Skarbøvik søker fleire spelarar til sitt A-lag, dette melder klubbens heimeside.
* Volda er godt igang med si kunstgrasbane nummer to. Bilder kan sjåast på deira heimeside.
* Dag Roar Ørsal går frå Aafk til Haugesund, dette melder Ålesund si heimeside idag.