Bergsøy A-lag har som kjent starta oppkjøringa mot årets sesong i 4.divisjon, og januar er som ofte før ein spennande månad.
Spelarar fram og tilbake - overgangsrykter
I vintermånadane skjer det ofte forandringar i spelarstallane rundt om kring, og også i Bergsøy håpar vi å få sjå nye fjes
i BIL-drakta den komande sesongen. Steffen Ulbæk har trena med klubben og kan bli ei god forsterkning med hurtige bein og god venstrefot,
elles trenar også Frank Johnson med BIL - ein spelar som har spelt høgreback på Gursken/Larsnes. På trening har også Marco frå Portugal vore,
ein portugisar som har si styrke i det defansive, samt Oscar Gunnarstein - et anna talent ifrå Gursken/Larsnes som også Hødd snusar på.
Gursken/Larsnes er laget som har flest mannefall virkar det som, med blant anna avgangen Steffen Moltu til Skarbøvik. SIF slo KBK med
3-2 i helga, og hadde fire debutantar i spelarane Finn Alvestad, Jonas Kipperberg, Johnny Vattøy og Steffen Moltu. I ein annan kamp vann Hareid 4-1 over Blindheim
etter at blant anna Ronny Rørgensen scora to mål, noko som betyr at han har 50 mål på 54 kampar. Resultatet gjorde at Hareid kom seg litt til hektene igjen etter at Hødd sine nye brasilianarar
ordna 8-0 siger over Hareid tidligare.
Treningsuka til Bergsøy
Skadesituasjon: Harald haugen slit med lyskestrekk, Terje Teige er tilbake i trening og kjem litt og litt tilbake, Frank Sverre Skorpen
har hatt influensa sidan fredag, Gustav Pettersen er på vei tilbake frå sjukdom, Anders Hoff er fortsatt skada.
Det er noko heilt anna å trene på kunstgras enn å jogge på is rundt vatnet. Kunstgraset gjer at spelarane raskare kjem i
fotballform, og det har vore ei uke med gode intensive fotballøkter. Mandag var det mykje snø, men fortsatt brukbare speleforhold.
Oscar Gunnarstein imponerte mandag, Marco frå Portugal har nok aldri spelt fotball i snøstorm før.
Det er planlagt treningskamp til helga mot Selje på Bergsøy si kunstgrasbane. Kampen vil gå laurdag før Hødd spelar treningskamp
etterpå. Vegard Sævik (reise til England) og Steffen Kvalsund er blant dei som er uaktuelle til denne kampen.
Store panoramabilder
Bildet under er tatt idag, og viser bana frå oversida. Du kan sjå dette bildet i større størrelse ved å trykke her.

Fleire bilder tatt siste uka







