Spelarar og leiiarar i Bergsøy Fotball møtte opp i 1900-tida laurdag for å gjære klart til årets konsert.
Mange oppmøtte skulle legge grunnlaget for ein trygg og fin konsertopplevelse.
Det gjekk fint føre seg
Tre rutinerte vakter hjalp til å organisere sikkerheta, og rettleiia dei oppmøtte Bergsøykarane og damene slik at
alt skulle være strukturert og sikkert. Sjølve konserten skulle ikkje starte før klokken 2300. Rundt klokken 2200 starta trykket i døra å bli merkbart,
og litt over 2300 kom bandet på scena til god jubel. Bandet spelte over to økter kun avbrutt av ei pause på 20-30 minutt, og holdt kvelden gåande til 0200.
Gledelig for Bergsøy som arrangør var det at kvelden gjekk fint føre seg. Bandet virka storfornøgde etter konserten, og skrytte av godt trøkk inne i salen.
Folket oppførte seg godt, og dei fåe tilløpa til problem ordna dei innleigde vaktene godt opp i.
Dei innleigde vaktene hadde fått frie tøylar til å gjære jobben sin, og dei hadde ingenting å sette fingeren på etter endt kveld.
Det blei skryt til arrangøren frå fleire hold i tillegg til vaktene.
Det var ein god følelse etter endt konsert at alt gjekk som planlagt. Vi vil ønske å takke alle vaktene som stilte opp og som gjorde ein kjempejobb.
Fleire frivillige var også på plass og fortjener sine bøtter med skryt. Godt spelt var det også av Vassendgutane, som etter det vi forstår var så fornøgde at
dei lurte på om det ikkje kunne arrangerast også til neste år.