Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Sommaroppdatering.

Arkivet:
Ettersom det har gått nokre dager (uker?) sidan sist oppdatering så får vi klaske til med ei lita sommaroppdatering.
Av Steffen H Kvalsund Publisert 12. Juli 2008

Bergsøy sitt A-lag ligg på 4.plass på tabellen i 4.divisjon, men berre tre poeng bak Stranda som ligg på opprykksplassen.



Det var eit lite oppvaskmøte på A-treninga uka før den siste kampen. Spelarane var usikre på seg sjølv etter endel stygge tap (Stranda 1-5, Ørsta 0-4) og det var mumling innad i laget om at Bergsøy ikkje var sterke nok til å klare opprykk dette året heller. Ser en på tabellen, og tenker en litt tilbake på 1-0 seieren borte mot topplaget Herd, så ser en at slike negative tankar ikkje har noko føre seg. Bergsøy har møtt topplaga borte (Herd, Ørsta, Norborg) og har alle muligheter til å ta mange viktige poeng på heimebane etter ferien som kan føre Bergsøy opp på ein av dei to opprykksplassane.

Torsdag 7.august startar alvoret igjen for Bergsøy, heime mot Gursken/Larsnes. Før den tid vil laget ha hatt eit treningsopphold i Danmark, medan dei som ikkje vil kunne være med på den turen har sitt eige treningsopplegg heime. Reisedatoar og opplegg finnast på A-lagets side.

Andre lokale nyheter.

* På Juniorlagets side blir spelarar oppmerksom på at det er trening mandag 14.juli kl 1800.

* Spjelkavik etterlyser 10stk oransje markeringsvestar som er forsvunne.



Vinnere av Sandecup 2008.

Sandecuppen er eit av årets høgdepunkt for dei fotballsparkande troféjegerane på Sunnmøre, og årets cup blei ikkje noko unntak. Det var litt krise kort tid før avspark idet Bergsøy ikkje kunne stille lag, men Toni Sandanger henta spelarar på bygda og endte opp med å vinne heile turneringa. Bergsøy/Moltu slo Kvamsøy med 4-3 i finalen for herrer mens Bergsøy damer tapte si finale 5-1 mot Åram.


(Bildet: Toni Sandanger, flankert av mange gode Bergsøytalent, viser stolt fram pokalen)

Bergsøylag har ikkje så veldig lang tradisjon under Sandecup, men har sidan 2002 vunne turneringa fleire gongar. Vi oppsummerer:

* 2002: Bergsøy vann sandecuppen. Frank Sverre Skorpen var kaptein og heva pokalen til jubel.
* 2003: Bergsøy vann sandecuppen. Stolt webmaster var kaptein og blei båren på gullstol.
* 2004: Bergsøy vann sandecuppen. Kaptein Pål Andre Nerland heva pokalen.
* 2005: Bergsøy var dårlige.
* 2006: Larsnes/Gursken spelte mot Larsnes/Gursken i finalen.
* 2007: Vi huskar ikkje så kort tilbake i tid.
* 2008: Bergsøy vann sandecuppen. Tilbake på trona!


Hai skaper problemer for Hødd.

Dei fleste har no fått med seg at det finnast hai i Ulsteinvik, men dei færraste har fått med seg korleis eller kvifor. Haien var etter våre opplysningar på vei til Høddvoll for å få med seg kampen mellom Hødd og Ålesund, opplysningar vi har fått ifrå ein fugl som sat på ei bilantenne inne i Volda. Opplysningane skaper nok uro i Høddleiren, som frå før er plaga av nedrykksspøkelset.


(Bildet: Kaotiske tilstandar på Høddvoll med haier og nedrykksspøkelse)

Beroligande nok har det blitt opplyst at haien trulig var vegeterianer, men spørsmålet som dukkar opp er om det no vil strøyme til med hai til Ulsteinvik. Våre opplysningar seier at haien sikkert har kome til vårt lokalområde via eit rør inne i Eiksundtunellen, og derifrå haika til Ulsteinvik. Vi oppfordrar alle som kjører inne i Eiksundtunellen om å ikkje ta på ukjende haikere.






kampreferat






Fotball





Ekstern Link fotball.no


Fotball




Ekstern Link fotball.no


handball



Ekstern Link handball.no


handball



Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt