Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com


















Årets spelarar 2008

Arkivet:
Daniel Jøsok Kvalsvik og Susann Sandvik blei årets spelarar på A-nivå herrer og damer.
Av Steffen H Kvalsund< Publisert 19. Oktober 2008

Nok engang kunne mange glede seg med å ta lodd, vinne frukt og planter, og sjå oppvisningskampar under Fotballens Dag i Kulturhuset.



Det var full rulle i Kulturhuset, spekka med mange aktive i alle aldre og stolte foreldre samt trenarar. Som vanlig var det oppstilling på parketten der alle lag kom marsjerande på plass og stilte seg på rad og rekke. Det er ikkje tvil om at Bergsøy IL er ein breiddeklubb. Istadenfor å halde oss på pinebenken, så fekk vi då også vite kven som blei kåra til årets spelarar på dame og herresida for klubbens A-lag (fotball).

(Bildet: Årets spelarar fekk blomster, Daniel Kvalsvik og Susann Sandvik.. Her representert ved Daniel Kvalsvik og Thomas Voldsund.)

Vår favoritt til årets spelar kom gledelig øvst på pallen, og Daniel Kvalsvik blei fortjent kåra til Årets Spelar 2008 på herresida. Årets komet, som for A-laget var ukjent før årets treningskampar i vinter, har scora 9 mål i 4.divisjon frå midtbaneposisjon. Herlig stå-på vilje, mange vunne hodeduellar, viktige scoringar, sterke løp, og flott treningsvilje. Det er faktisk mulig å bli god i fotball sjølv om en kjem frå Kvalsvika.

(Bildet: Årets herrespelar, Daniel Jøsok Kvalsvik.)

På damesida var det Susanne Sandvik som stakk av med den gjevaste prisen. Ho blei årets spelar 2008 blant anna på bakgrunn av at ho med si gode ro og rutine har bidratt med god defansiv trygghet på laget. Ho har vore ein matchvinnar for laget, og har bidratt til å ta laget eit steg vidare.

(Bildet: Årets damespelar, Susann Sandvik. Trenar Thomas Voldsund mottok prisen på vegne av henne.)



Andre bilder.



(Bildet: Mange aktive gjekk i barnefella i veggen også dette året. Dei fleste kom seg imidlertid trygt heim.)



(Bildet: Det var lange dokøer på Kulturhuset også iår.)



(Bildet: Når så mange møtast på ein plass var det greitt å slå stort opp litt reglar for oppførsel på veggen..)




FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt