Bildetekst: Trenarar spelarar og lagleiarar var representert på klubbutviklingsmøtet. F.v. Geir Inge Sivertstøl, Daniel Jøsok Kvalsvik, Anders Rønning, Frank Sverre Skorpen, Lise I. Kvalsvik og Kristine J. Kvalsvik.
Av Steffen H Kvalsund Publisert 23. Oktober 2008
Det vart eit svært positivt klubbutviklingsmøte som vart arrangert på kulturhuset onsdag kveld.
Om lag 30 stk. var møtt fram, ei fin samansetning av representantar frå styret, aktive spelarar, trenarar og lagleiarar på ulike nivå.
Svein Ove Haugen som leiar prosjektet arbeidar som klubbutviklar i Sunnmøre Fotballkrets, han er tilsatt i Norges Fotballforbund.
Dette møtet var oppstarten på eit arbeid som skal drivast i klubben i om lag eit år og målet er å gjera klare forbetringar i det verdifulle arbeidet som Bergsøy si fotballgruppe driv med.
”A3” som prosjektet heiter er den tyngste prosessen som NFF køyrer opp mot klubbane på utviklingsområdet og veileiar/NFF skal i denne prosessen vera ein tilretteleggar og hjelpar for klubben.
Klubben bestemmer sjølv kor høge mål ein skal sette seg i denne prosessen, men engasjementet og deltakinga tyder på høg aktivitet og fornuftige mål.
Deltakarane vart inndelt i grupper som skal arbeide vidare med desse emna, Sportsleg utvikling, Kompentanse/Organisering, Haldningar og Identitet. I tillegg kan fleire grupper kome til undervegs. Neste samling er satt til tysdag den 18. november og vi trur at endå fleire då vi ta del i denne verdifulle dugnaden for Bergsøy fotballen.
Referent
Mathias Pettersen