Det er nytt utviklingsmøte tirsdag, og vi har samla litt av dei andre nyhetene vi har funne.
Av Steffen H Kvalsund Publisert 11. Januar 2008
Tirsdag 13. januar vert det oppstart av A3 klubbutviklingsprosjektet att. Det heile tek til på kulturhuset kl. 18.00. På dei 2 fyrste møta før jul var tilsaman om lag 45 personar med på desse møta.
Oppslutninga må såleis seiast å ha vore god men likevel så ynskjer vi at fleire stiller opp og deltek i dette dugnadsarbeidet for fotballgruppa.
A3 er det tyngste utviklingsprosjekt som NFF satser på inn mot klubbane.
Bergsøy er mellom dei klubbane som har vore utplukka i 2008/2009 til å vera med på dette prosjektet.
Til no har mykje meiningar om kva som bør gjerast i klubben kome fram og satt på papiret.
Arbeidet framover må m.a vera å ta tak i det som har kome fram og konkretisere dette meir.
Vi henstiller til foreldre, aktive og klubbtilhengarar om å stille opp på kulturhuset komande tysdag.
Det årlige januar uværet?:
Ifjor på desse tider< var det også endel vind, og kunstgrasbana fekk
gjennomgå idet stolpana blei bøgde. Vi håper januar iår blir litt roligare, men det kan være lurt å feste måla skikkelig
før en forlater bana.

(Bildet: Ifjor på desse tider gjorde været skade på stolpane rundt kunstgrasbana)
Ein stor cup-prestasjon:
Vi har fått streng beskjed om at vi skal hylle ex-Bergsøyspelar Per Ståle Nykrem for sin
strålande cupprestasjon. Som Bergsøyspelar var han med å vinne Romjulsturneringa i 2004 i Herøyhallen,
og året etter var han med på å vinne Castrol-Cup inne i Åheim. Iår kom han også sigrande ut av Grendacuppen på Hareid, og har dermed tre forskjellige cupgull å vise til i distriktet

(Bildet: Per Ståle Nykrem nede til høgre etter seieren i Castrol-cup 2005.)
Per Ståle er trulig den einaste som kan kalle seg gullherre over Romjulscupp, Castrolcup, KRIK-cup og Grendacup. Er det nokon som kan hamle opp med denne statistikken lurer vi på?
Per Ståle sin kommentar til saka er at -"Frank Sverre har iallfall ikkje vunne alle desse turneringane".