Fredag 26.oktober avslutta Bergsøy sesongen med feiring og fotballens dag.
Ein fantastisk sesong vart igår, fredag, avslutta med fotballens dag, opning av hall og A-lag herre sin siste kamp for sesongen!
Klokka 17:00 vart vår nye fotballhall offisielt opna til stor jubel frå alle som møtte opp. Etter opninga fortsette programmet inne i hallen! Vår Fair Play ansvarleg fekk overrekt ein sjekk på 5000kr frå Norsk Tipping, som skal gå til innkjøp av Fair Play artiklar! Dagen avslutta med sesongens siste kamp for A-lag herre! Vi tok imot Valder og gjekk seirande av bana med 3-1!
Før kampen fekk J13/14 fortent oppmerksomheit frå publikum og trenar Ingrid Beate etter å ha gått ubeseira gjennom heile sesongen. Med 14/16 seiarar og to uavgjort har jentene hatt ein kjempe sesong.