Mål: Bjørnar Gundersen
Banens beste: Arve Kvalsvik.
Skade: Jørn Kvalsvik (Under oppvarming), Bjørnar Gundersen (kom seg på beina igjen).
Tirsdag den 25.april 2006 på Høddvoll KGB.
Så var det klart for krigen alle hadde venta på, og sjølv fuglane venta spente oppe i tretoppane for å få med seg
"kunstgras-slaget". Spenninga var til å ta og føle på, men for den lyslugga tvillingen Jørn Kvalsvik så blei det ei kort spenning idet han måtte
trekke seg før kampen kom igang. Idet klokka passerte 1834 på den lite pålitelige mobilklokka så blåste dommaren i fløyta. Andre Lima benytta sjansen til å få kampens første offesielle spark på ballen,
og sende ivei ei fin 2 meters pasning til Gustav Pettersen. Så gjekk det litt fram og tilbake slik vi ofte ser på ei fotballbane, med ballar att og fram samt springande fotballspelarar.
2 minutt ut i kampen var det klart for et frispark til Hødd, men vi noterte ingen målsjanse. Minuttet seinare mangla Hødd sin keeper både kart og kompass da han bomma på ballen, men den agressive måljegeren Andre Lima rakk ikkje fram før forsvaret rydda opp.
Så skulle det skje som et olja lyn. Uten å seie ifrå, verken til motstandarane eller til Bergsoy.com sin skribent, så dunka Bjørnar Gundersen ballen imål frå 18 meter.
Han dunka til på en trillar - blei det sagt - som låg klistra oppe i krysset idet klokka tikka rundt spelte 8 minutt og 30 sekunder. Jubelen sat laust dei sekunda den varte, og det var kanskje det som gjorde at regnet snart skulle kome.
Klokka var passert 1846 då vi noterte oss ei regnbyge, og resten av omgangen var det faktisk Hødd som takla forholda best.
(Bildet: 3 spente karar framfor serieopninga mot Hødd junior. Mathias Pettersen, "Odden" Seljeseth og Terje Lima.)
Keeper Arve Kvalsvik er kanskje spelaren som mest av alt fortjener bestemannsprisen denne gangen, med mange fine innvolveringar. 12 minutt ut i kampen snappa han fint et innlegg, og to minutter etter var heimelaget
frammpå med et knallskudd som Arve slo til corner. Slik skjedde det ei periode, at Hødd trykka på. 18 minutter var gått da Hødd på ny prøvde et skudd, men det gikk utanfor denne gangen.
Minuttet etterpå var det en fin diskusjon på benken om matchballen var god eller ikkje, og tre minutter seinare var det på ny ei regnbyge som kom seilande over innbyttarskuret uten forvarsel.
Vi var no komen snart halvveis i den første omgangen, og det var ujamne prestasjonar både på og utanfor bana. Hødd hadde et visst overtak, og tiltross for høglytte rop frå benken så ville dommartrioen heller ikkje annulere et frispark til Hødd etter 26 minutter.
Så skulle Hødd få nok en ny sjanse, og denne gang var det Kjetil Paulsen som skulle sleive i eige forsvarområde etter 31 minutter. Skuddet trilla heldigvis utanfor Arve sin høgre stolpe, og Hødd fekk en av sine mange cornerar.
Det var først etter 34 minutter at Bergsøy skulle få noko som ligna en halvsjanse igjen, idet et flygande hode (med kroppen følgande etter) nesten kom seg opp og traff ballen etter et frispark. Det kan likevel ikkje tillatast å kallast halvsjanse, ettersom linjedommaren
vifta med flagget for offside. Dei neste minutta hadde Hødd nokre frispark, men Bergsøy hadde stort sett god kontroll. Så var det nesten duka for dagens pasning idet Bjørnar Gundersen slo en stikkar i retning Lars Henrik Hasund, men keeperen nådde ballen først.
Sjølv ikkje Bergsøytrenarane såg kva Bjørnar prøvde på ved den anledninga, før Lars Henrik nesten lukta mål. Deretter skulle mål-lukta sige over til den andre banehalvdelen idet Arve Kvalsvik blei bombandert av Hødd sine vikingar. Arve måtte ty til ei dobbeltredning, hvorav det andre målforsøket blei boksa til corner.
Vi tvilar på at sjølv en kengeru hadde klart det samme som Arve klarte i den situasjonen. Det blei ytterligare fleire cornerar til Hødd før pause, men Bergsøy holdt smultringen rein dei første 45 minutta.
(Bildet: Med et kamera som ikkje tåler særlig med hverken regn, dugg, sol eller tåke, så blir det gjerne uklare resultat.
Denne gangen var det Egzon som skulle bli tatt bilde av.)
Bergsøy låg et godt stykke bak i sjansestatistikken etter halvspelt kamp, og starta også dårlig den andre omgangen. Det tok berre tre minutt før vi noterte oss at Hødd hadde starta best, og minuttet etter ropte dei også på straffespark.
Enten hørte dommaren ikkje ropet, eller så såg han det samme som Bergsøyspelarane såg i det tilfelle, uansett var det ei fin dribling av Høddspelaren før han ramla. 8 minutter ut i omgangen fekk Hødd en grei målsjanse idet en spelar fekk stå fritt og headde, men hodestøtet var ikkje bra.
Etter 11 minutt var det Bergsøy sin tur å få en halvsjanse ned på blokka idet et skudd frå 18 meter gikk utanfor. Men så skjedde det som egentlig ikkje var ufortjent, da Hødd fekk straffe 12 minutt ut i den andre omgangen. Dommaren gjorde nok rett, sett ifrå vår vinkel, då han spurta med arma i retning 11-meteren.
Vi tok en video av sjølve straffesparket, men av hensyn til sterke bilder så velger vi å ikkje vise den - det blei altså mål.
15 minutter var spelt idet kampens einaste gule kort blei utdelt, og det var Andre Lima som blei tackla. To minutter seinare var det nok en gang Arve Kvalsvik som måtte bruke kroppen for å hindre at lærballen skulle trille inn imellom stengrene.
Arve var flott nede i en 1 mot 1 situasjon og gjorde nok ei flott redning. Minuttet etter var det en stor sjanse i den andre enden idet Gustav Pettersen sto fri et lite øyeblikk på bakerste stolpe, men ballen klarte å unngå å treffe foten. Likevel, endelig skulle Bergsøy våkne.
Det hadde vår en ujamn kamp med tildels Hødd dominans, men Bergsøy fekk snart ei god periode og skulle snike seg innpå Hødd sitt forsprang på sjansestatistikken.
Lars Henrik hadde to skudd på to minutt. Keeper gav retur på det første skuddet, uten at det kunne bli utnytta. Det andre skuddet såg ut til å ha ganske god retning, men blei blokkert.
Så skulle Bergsøy presse på, og fekk også to cornerar. Den eine corneren blei nesten klarert inn i eige mål.
(Bildet: Bjørnar Gundersen sitt namn blei notert nokre gongar i blokka, og sneik seg også innpå et bilde. Også Jørn Kvalsvik (til høgre i blått) klarte faktisk å snike seg innpå nok et bilde tiltross for at han ikkje spelte.)
Klokka var passert åtte på kvelden då Kjetil Paulsen skulle prøve skuddfoten, men keeperen redda det gode skuddet. I det samme minuttet fekk Bjørnar Gundersen seg en smell og blei liggande, og det tok litt tid før han kom seg til hektene igjen.
Idet Bjørnar var tilbake på bana fekk han seg en ny smell, denne gangen av en uoppmerksom dommer som veiva handa i fleisen på Gundersen. Mot slutten av kampen er det jamnt, og Bergsøytrenarane såg ut til å frykte et seint baklengs. Et Høddskudd gikk
like utanfor stolpen en gang. Vi noterte også en halvsjanse til Hødd etter corner. Bjørnar skulle så få en god sjanse frå 16 meter, men skuddet ente utanfor. Når det nærma seg overtid så var det Hødd som kjørte på for mål, og heimelaget hadde tre cornerar dei siste minutta.
Arve Kvalsvik boksa ballen fint til corner en gang, og større sjansar skulle ikkje kome. Kampen enda med 8-8 i målsjansar, men Hødd vann nok klart om vi også skulle telle cornerstatistikken.
Bergsøy klarte nok aldri å kome opp på sitt beste nivå, og den sterkaste lagdelen var forsvaret. Både Magne Havnen og Terje Teige var gode, mens Egzon Abazi fortsatt var på sugande løp mot slutten av kampen. Arve Kvalsvik hadde likevel dei beste prestasjonane bakover denne gangen, mens det kun var Bjørnar Gundersen som klarte å
finne det eine magiske øyeblikket i den offansive delen av spelet. Enkelte var litt for anonyme denne gangen til at laget kunne kapre med seg dei tre poenga, og 1-1 gir igrunnen et greit bilde av kampen.