Det var ingen som hadde trudd det, sjølv om laget overraska positivt i sesongen før. I 2001 sesongen var tross alt Bergsøy tippa som favoritt til å rykke ned, grunna eit stort generasjonsskifte i laget. Spelarane viste seg derimot sterkare enn mange trudde, og endte over midten på tabellen. Men at laget skulle vinne 3.divisjon uten eit einaste tap i den komande 2002 sesongen det var ingen som såg kome. Faktisk var Bergsøy tippa på ein 9.plass av 12 lag av Vikebladet før seriestart.
Laget presterte ei god generalprøve før sesongstart, men tapte likevel cupkampen borte mot VRF på merkelig vis.
Det var nemlig VRF sin keeper som blei matchvinnar 2 minutt før 2.ekstraomgang var ferdig - på eit langt utspel som gikk rett i mål. Også VG måtte skrive om dette i ein notis.
Nær tap i serieåpninga
-"Eg har sett en del fotballkampar opp gjennom tidene, men kan ikkje minnast å ha opplevd en kamp som har endra så fullstendig karakter. Etter en pinlig 1.omgang, bestemte karane seg til å trå til etter pause. Dei tok ansvar,
vann duellane og viste Vigra-spelarane høgt tempo. Dette vitnar om framifrå høg lagmoral som lovar godt vidare."
Medgangsbølge
Bergsøy vann dei første fire kampane og var på tabelltoppen, men etterkvart blei sesongen eit kappløp mellom Volda og Bergsøy.
Bergsøy nekta å tape, og keeper Martin løseth sto som en panter borte mot VRF for å sikre 2-2 resultat. I andre kampar klarte ofte Bergsøy å snu resultata til sin fordel, og det et blei 1-0 siger borte mot Hareid samt 2-0 heime mot Stordal tiltross for at Stordal hadde ballen heime kampen.
3-2 sigeren borte mot Stranda var heller ikkje i boks før overtida.
Frank Sverre Skorpen gav Bergsøy ledelsen 1-0 50 minutt ut i kampen på ei headding, mens Volda utlikna til 1-1 midtveis i den andre omgangen.
Det var ein jamn og god kamp mellom laga, og uavgjort var kanskje eit greitt resultat. Med 1-1 hadde Bergsøy kome halvveis i sesongen uten å tape.
-"Denne kampen ville vi ikkje tape, og eg er imponert over måten karane gjennomførte oppgaven på. Vi har fått et disiplinert og godt samanspleisa lag som jobbar hardt for kvarandre. "
Ny snuoperasjon mot Vigra
Rett før kampstart blei det sagt at en måtte unngå tilbakespel, men det tok liekvel berre 45 sekund før det første tilbakespelet kom. Ballen stoppa sjølvsagt i ei søyle, og Vigra sin spiss snappa balen og tok ledelsen 1-0.
Og som i serieåpniga hadde Vigra ein 2-0 ledelse til pause.
Bergsøy såg ut til å gå mot sitt første tap for sesongen, og Bergsøy blei meir og meir desperate. Så skulle det snu:
Fleire tette kampar
Også mot Ha/No på bortebane måtte Bergsøy slite før Jarl Åge Vågsholm ordna 3-2 sigeren i det 89.speleminutt. Bergsøy spelte faktisk med en mann meir det meste av kampen etter at Ha/No fekk ei utvisning i det 17.minuttet.
Denne 12 sigeren på 15 kampar gjorde at
Bergsøy passerte Volda på tabellen med 1 poeng.
Men ingenting var fortsatt avgjort. Kvar kamp var som ei finale. Det blei 3-2 borte mot Stordal i den 19.serierunda. Og Bergsøy kunne avgjere serien med siger mot Stranda i neste kamp.
Og kanskje starta laget å få nokre nervar, for det var Stranda som gikk opp i både 1-0 og 2-0 før pause på Bergsøy Stadion.
Men som så mange gangar før nekta Bergsøy å tape, men denne gongen fekk laget litt hjelp. Stranda sin keeper trippa ballen framfor beina på Frank Skorpen, som snappa den og reduserte til 2-1 på eit merkelig uvanlig mål. Det var den "gamle storscåraren" Arild Kvalsund som fekk kome inn som innbyttar og redde til 2-2 på ei headding.
Dette skulle vise seg å bli hans siste mål av hans 71 fulltreffarar på A-laget.
Uavgjort 2-2 mot Stranda betydde at Bergsøy hadde to matchballar igjen å avgjere serien på. Borte mot Ålesund, og heime mot serieutfordrar Volda
i siste serierunde. Sjølv om Bergsøy ennå ikkje hadde avgjort serien, og sjølv om det også måtte spelast kvalifiseringskampar om opprykk til 2.divisjon - så starta mange å tenke på kva eit opprykk ville bety for klubben.
Tilogmed Arne Scheie hadde tru på Bergsøy.
Og Bergsøy tok godt vare på matchballane sine og vann begge kampane. Det blei 2-0 mot Ålesund2, og dermed var seriemesterskapet sikra.
Da Volda kom på besøk i siste serierunde var altså serien allereie avgjort, men Bergsøy ville fortsatt vise kven som var best. Samtidig var det viktig å gå igjennom serien uten å tape.
Da Bergsøy fekk straffe like før slutt på stillinga 3-0 var det keeper Martin Løseth som fekk gå fram og ta straffa. Han satte den inn til 4-0 siger, og Bergsøy hadde knust sin største tittelutfordrar.
Bergsøy blei seriemester i 3.divisjon med 18 sigerar og 4 uavgjort på 22 kampar.
-"Bergsøy var det beste laget og vann fullt fortjent. Bergsøy har heile sesongen ridd på ei medgangsbølge, og det er berre å gratulere avdelingsvinnaren og ønske lykke til i dei to kvalifiseringskampane."
Kvalifisering til 2.divisjon