Historikk

sq-sample19

FRAMSIDA
Historikk.com




Velkommen til Historikk.com

Vi har delt heimesida inn i kategorier.

Klubbhistorie (Hovedside)
Fotball spesifikke sider (Røde)
Handball spesifikke sider (Gule)
Friidrett og Øvrig sport (Grønne)

Oversikt: Historikk.com Sideoversikt

Statistikk : EXELFIL 2021 August (4 MB)

Moltu All Stars - Bergsøy All Stars 0-6

Historie:
Av Steffen HK


Det var retrotid på Moltu stadion, noko vi i historikk.com sjølvsagt sett stor pris på. Gamle stjerner som skulle vise at dei ikkje har falma - sjølv om det kanskje for nokre har vore ett tiår eller meir sidan dei spelte på Bergsøy A-lag. Stikkordet er rutine, derfor var det viktig at også dommartrioen måtte være av samme kaliber. Med hoveddommar Davy Wathne og linjemenn i Oddbjørn Aam og Kåre Fjørtoft så skulle det være liten tvil om at kampen var i gode hender. Fjørtoft er inne i sin 46.sesong på rad som dommar no.


-"Ja eg begynde å dømme kampar faktisk i 1973, så da kan du rekne sjøl. Det er ganske mange år. "

(Linjedommar Oddbjørn Aam)
Bergsøy sin stjernespekka tropp til kampen har tilsammen spelt over 2000 A-kampar for Bergsøy fordelt på 1870 A-kampar i fotball og 183 A-kampar for herrelaget i handball (Jan Erik Myrseth). Dei aller fleste har spelt ilag på ett eller anna tidspunkt, og enkelte er fortsatt aktive på Bergsøy sitt Old Boys lag i 7ar fotball. Berre keeper Nerijus Marcinkevicius er aktiv som spelar på A-laget iår.

Dagens Bergsøy-Stall:


Øyvind Paulsen og Kjetil Paulsen var dagens brødreduo. Oppfostra i talentfabrikken Paulsen som har gitt klubben spelarar med fornamn Kjartan, Trond og Nils Roger så fører desse legendestatusen vidare. Øyvind debuterte på A-laget i Huldalen tilbake i 2006, mens Kjetil debuterte ein fredag den trettande i 2004 i en kamp på Aksla Stadion der Bergsøy vann 3-2 etter 3 mål av Steffen Kvalsund. Tenkt at vi klarte å snike den prestasjonen inn her.

Andre som spelte den kampen i 2004 som også spelte mot Moltu var Rune Frantsen, Mats Inge Teige, Jarl Åge Vågsholm, Frank Sverre Skorpen, Karl Bjarte Vike og Gustav Pettersen. Mer eller mindre halve laget mot Moltu, spelte altså ilag på A-laget den gang for 17 år sidan.

Frank Sverre Skorpen er for dagens ungdom kjent som nåtidens A-trenar, men for dei som har sett kampar på Bergsøy Stadion i perioden 1994 til 2019 så har en kanskje lagt merke til at han også har spelt kampar sjølv. 10 gongar har han blitt toppscorar for A-laget. Andre som var i dagens stall som har prestert å bli toppscorar for Bergsøy A-lag er Gustav Pettersen, Ole Magne Rotevatn og Lasse Myrhol.

Legenden Rune Frantsen er inne på Topp10 på Bergsøy sin Adelskalender, tiltross for opphold i Hødd - mens Jarl Åge Wågsholm, Ronny Pål Kvalsvik, Karl bjarte Vike og Lars Conradi Andersen også er høgt oppe på listene. Rett og slett et kvalitetslag. Legg vi til spisskompetansen til Marius Vangen Kvalsvik, fintene til Jan Erik Myrseth og Thomas Sporsheim si råe kraft så har ein totalt sett eit uslåelig lag. Og det skulle denne gjengen vise fram til gagns..

Kampen


Vi har ikkje mykje å fortelle om Moltu, for det er rett og slett for mykje å fortelle om Bergsøy. Med ein kamp som varte 2 ganger 30 minutt på ei lang grasbane skulle en tru det handla mest om kramper og strekk for halvpensjonerte fotballspelarar, men slik blei det slett ikkje. Bergsøy sin toppscorar i 2006, Gustav Pettersen, viste sine gamle kunster etter at årets spelar i 2010 Kjetil Paulsen sende av gårde ein stikkar. Gustav flaut på graset som i "gamle dager", forbi alle som prøvde å stoppe han - og aleine med keeper satte han ballen trygt inn til 1-0 ledelse.
(Gustav Pettersen setter inn 1-0)


Det neste målet skulle bli ennå flottare. Det var som en dans der ballen gikk frå spelar til spelar og snart ut på høgrekant. Inn foran mål var Rune Frantsen klar mottaker for den neste pasninga, og han sendte den flott vidare inn i nettet. Dagens finaste lagmål. Det skulle kome ennå eit fint mål, men det blei såvidt vi forstår annulert for offside av myndige Davy Wathne.
(Rune Frantsen får fin treff på ballen og sender ivei ballen til 2-0)


I pausen var det straffespark-konkurranse der dei fleste hos Bergsøy satte ballen trygt og godt imål, mens Moltu stilte med ein rekke eldre spelarar som hadde store problemer med å overliste Bergsøykeeper Nerijus. Det var rett og slett vanskelig for Bergsøy å la Moltu vinne noko som helst denne dagen.

I den andre omgangen gjorde Gustav Pettersen som han gjorde i den første, scora det første målet. Steffen Kvalsund var kanskje heldig som fekk den lange stikkballen heilt fram til Gustav, men når målmaskina først fekk tak i ballen gjorde ikkje Gustav noko feil. Han blei dagens målkonge, den einaste med 2 mål i kampen.
(Kjekt å sjå fotball igjen etter lengre tids pandemi, her med Marius Vangen Kvalsvik og Frank Sverre Skorpen i kvite skjorter)


Toppscoraren frå 2013, Ole Magne Rotevatn, skulle også vise fram gamle kunstar. Idet ballen spratt hans vei ved 16 meteren så fekk han tak i den og lurte av både ein og to spelarar før han fekk slengt inn den avgjerande avsluttninga. Det var ein spissprestasjon verdig til 4-0.

Litt seinare i omgangen skulle ein annan tidligare storscårar Jarl Åge Vågsholm vise at han har ein presis fot. Avsluttninga fra venstre kant og inn i hjørnet av nota til 5-0 var vakkert å sjå på. Men målfesten var ikkje over der. Ronny Pål Kvalsvik har 4 Bergsøymål i vår statistikk, men idet han halvveis brassesparka inn 6-0 målet skulle ein tru at han var født til å score mål. Det var Marius Vangen som ordna assisten ved å klinisk plassere ballen i tverrleggaren, som Ronny Pål raskt kunne slenge seg etter for å ordne kampens siste spiker i kista.
(Kjetil Paulsen tek hand om ballen på midtbana)


Moltu fekk ikkje mange sjansane til å score, til det var forsvar og keeper for gode. Karl Bjarte Vike er roligheta sjølv, mens spreke Kjetil Paulsen og Lasse Myrhol ikkje er lette å ha med å gjere på midten for Moltuspelarane.

Men viktigast av alt var at ikkje mygg og flått skulle vinne. Det viktigaste var å ha det gøy.


Fotball kampreferat

Kampreferat og statistikk

1415 kampreferat

Serie/Cup/KM

1952-2021









Snarveier