Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Status 2021 og Adelskalender

Historie:
Bildet: Bergsøy A-lag 2021


Av Steffen HK


Sesongen 2021 er ferdig, og vi oppdaterar statistikk.


Sunnmøre Fotballkrets har sin statistikk, men vi har vår eigen iår. Det vil seie at vi ikkje stolar på Sunnmøre Fotballkrets i 2021. Slurv med dommarkort og rapportering gjer at vi veit at kretsen har feil statistikk på enkelte kampar. Foreksempel har dei fortsatt Aleksander Rekdal som målscorer i kampen Bergsøy - Larsnes tidligare denne sesongen, når det var Preben Sætre som scora på straffespark. Noko anna er at kretsen gjerne har dårlig oversikt på kven som har blitt benytta som innbyttar eller ikkje, derfor er det enkelte hos kretsen som faktisk har fleire kampar enn det som faktisk stemmer.

Vi har kamp for kamp hatt dialog med A-trenar Frank Sverre Skorpen for å få følgande tall for A-laget 2021: Franjo Tepuric og Nils Erik Engen blei delt toppscorere med 6 mål kvar, og Nils Erik Engen blei einaste spelar som spelte alle 11 seriekampane sesongen 2021.

28 spelarar blei benytta, men berre 6 presterte å bli målscorarar. 22 mål tilsammen er det minste Bergsøy har scora i ein sesong sidan Bergsøy scora nettopp 22 mål i 2.divisjon i 1981, men så har ein fotballsesong heller ikkje hatt så få kampar sidan Bergsøy spelte 10 serierunder sesongen 1957/58.

Scoringslista er oppdatert.
Franjo Tepuric befestar sin 3.plass på denne lista, og er no oppe i 106 Bergsøymål totalt. Magnus Myklebust passerte blant anna Vegard Fiksdal og Gullik Kjellstadli idet han no er oppe i totalt 14 mål for Bergsøy. Pijus Marcinkevivicius er no oppe i totalt 9 Bergsøymål og passerte blant andre Bjørn Myklebust, Knut Igesund og Karl Bjarte Vike.

Adelskalenderen er også oppdatert med spelarane sine kampar iår. Franjo Tepuric har med årets 8 kampar totalt 119 kampar i Bergsøydrakta. Han passerte iår blant andre Andreas Kurseth og Preben Hestad. Ein annan med mange kampar i årets lag er Daniel Sandvik som med sine 9 kampar i 2021 no er oppe i 126 Bergsøykampar totalt. Han passerte blant andre Ronny Pål Kvalsvik og Vegard Sævik på lista denne sesongen.

Espen Langlo Driveklepp er oppe i 97 kampar, og nærmar seg den "magiske" 100 kampers grensa. Fredrik Muren har no totalt 90 kampar, og er også berre ein normal sesong unna 100-kampers grensa.

Total statistikk 1952-2021


Ser vi på rein seriestatistikk har Bergsøy no spelt 1315 seriekampar sidan oppstarten i 1952/53. Bergsøy står med 605 (46%) sigerar, 241 (18%) uavgjort og 469 (36%) tap. Målforskjellen er 2771-2400.

Totalt har no Bergsøy A-lag spelt 1389 obligatoriske serie og cupkampar. Dette har endt i 637 sigerar, 244 uavgjort og 508 tap. Målforskjellen er på 2911-2573.

På heimebane i serien har Bergsøy spelt 658 kampar, vunnet 368 (56%), uavgjort 127 (19%) og tapt 163 (25%) kampar.
På bortebane i serien har Bergsøy spelt 657 kampar, vunnet 237 (36%), uavgjort 114 (17%) og tapt 306 (47%) kampar.

I seriespel ligger snittet pr Bergsøykamp på 3,93 mål i kampane, derav 2,11 mål til Bergsøy pr kamp og 1,83 mål til motstander i snitt.

I cupkampar er snittet høgare med 4,36 mål pr kamp, deav 1,99 mål i snitt til Bergsøy og 2,37 mål i snitt til motstanderen pr kamp.

Bergsøy scorar i snitt 2,45 mål på heimebane pr seriekamp, og 1,73 mål på bortebane. I snitt slepp ein inn 1,85 mål på heimebane og 2,18 på bortebane.

Adelskalender: Rune Frantsen har passert 200 kampar


Det er ikkje berre årets sesong vi held på å oppdatere, vi ser også igjennom fleire av åra med tanke på å oppdatere Adelskalenderen så godt som mulig. I den forbindelse har vi fått justert kampantall på ein del av spelarane.
Rune Frantsen, Frank Haraldsvik og Steffen kvalsund i 2014


Først av alt må vi gratulere Rune Frantsen som tiltross for at han spelte sin siste A-kamp i 2009 no har passert den "magiske" 200-kampers grensa. Etter opptelling gjennom kampreferat fra 1997 sesongen står han med minimum 18 kampar den sesongen, noko som gjer at kampantallet til Rune i vår opptelling no viser totalt 206 kampar. Han er den niande spelarer på Bergsøy A-lag som passerer denne grensa.

To som har kome seg opp over 100-kampers grensa er Preben Hestad og Mats Inge Teige. Preben spelte minimum 15 kampar i 1997, og er da oppe i 114 kampar. Mats Inge Kom akkurat opp i 100 kampar etter at vi har justert antallet kampar for åra etter 2011, som kretsen har hatt opptelling for.

Ny opptelling av kampar


Endel årstall har ikkje hatt tall å vise til. Det Historikk.com då har gjort er å gå igjennom alle kampane sine kampreferat og avisartiklar (som vi har klart å få tak i) - for å sjå kva namn som blir nemnde.

Dette har vi gjort for sesongane: 1971, 1978, 1980, 1981, 1982, 1985, 1997. Tidligare har vi gjort det samme på år 2011. Vi held også på for årstall 2001, men er ikkje ferdige her ennå.

Denne lista viser litt av våre kilder for oppdatering av Adelskalender:

Opptelling
Årstall Info Status KildeLink
1952/53 Her har vi info om kven som spelte mest, men ikkje kven som spelte kva Dårlig Laget i den aller første kampen: Link
Mest benytta spelarar står på diplomen: Link 1 | Link 2
1953/54 Utrekna kampantall utifra lagoppstillinger fra Fotballboka 1952/53-1968 Bra Link
1954/55 Utrekna kampantall utifra lagoppstillinger fra Fotballboka 1952/53-1968 Bra Link
1955/56 Utrekna kampantall utifra lagoppstillinger fra Fotballboka 1952/53-1968 Bra Link
1956/57 Utrekna kampantall utifra lagoppstillinger fra Fotballboka 1952/53-1968 Bra Link
1957/58 Utrekna kampantall utifra lagoppstillinger fra Fotballboka 1952/53-1968 Bra Link
1958/59 Utrekna kampantall utifra lagoppstillinger fra Fotballboka 1952/53-1968 Bra Link
1960 Store mangler i lagoppstillinger Fotballboka 1952/53-1968 Mangler 4 kampar Link
1961 Store mangler i lagoppstillinger Fotballboka 1952/53-1968 Dårlig Link
1962 Store mangler i lagoppstillinger Fotballboka 1952/53-1968 Mangler 5 kampar Link
1963 Store mangler i lagoppstillinger Fotballboka 1952/53-1968 Dårlig Link
1964 Utrekna kampantall utifra lagoppstillinger fra Fotballboka 1952/53-1968 Bra Link
1965 Kampantall utifra Årsberetning Bra Årsberetning bilde

Link
1966 Kampantall utifra Årsberetning Bra Årsberetning bilde

Link
1967 Kampantall utifra Årsberetning Bra Årsberetning bilde

Link
1968 Kampantall utifra Årsberetning Bra Årsberetning bilde

Link
1969 Kampantall utifra Årsberetning Bra Årsberetning bilde

Link
1970 Kampantall utifra Info i Album Bra Link nr 1 | Link nr 2 | Link nr 3
1971 Utrekna kampantall utifra avisartiklar og Kampreferat Mangelfullt Link
1972 Kampantall utifra Info i Album Bra Link
1973 Kampantall utifra Info i Album Bra Link
1974 Kampantall utifra Info i Album Bra Link
1975 Kampantall utifra Info i Album Bra Link
1976 Kampantall utifra Info i Album Bra Link
1977 Kampantall utifra Info i Album Bra Link
1978 Utrekna kampantall utifra avisartiklar og Kampreferat Mangelfullt Link
1979 Kampantall utifra Info i Album Bra Link 1 | Link 2
1980 Utrekna kampantall utifra avisartiklar og Kampreferat Mangelfullt Link
1981 Utrekna kampantall utifra avisartiklar og Kampreferat Bra.
Mangler nokre i heimekamp mot Mo
Link
1982 Utrekna kampantall + Tall fra avis Bra Link Link2
1983 Utrekna kampantall utifra avisartiklar og Kampreferat Omtrent komplett Link
1984 Utrekna kampantall utifra avisartiklar og Kampreferat Bra
Mangler nokre i cupkamp mot Ålesund
Link
1985 Utrekna kampantall utifra avisartiklar og Kampreferat Mangelfullt Link
1986-1989 Liste som viser total kampantall Bra Link
1990 Liste som viser kampantall Bra Link
1991 Liste som viser kampantall Bra Link
1992 Liste som viser kampantall Bra Kilde 1 | Kilde 2
1993 Liste som viser kampantall Bra Kilde | Kilde 2
1994 Utrekna via informasjon fra album Bra link
1995 Utrekna via kampreferat, lagoppstillinger fra album samt pravda. Bra Link
1996 Liste som viser kampantall Bra Link
1997 Utrekna kampantall utifra avisartiklar og Kampreferat Mangelfullt Link
1998 Utrekna utifra 22 dommerkort Bra Sammendrag

1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12, 13, 14, 15, 16, 17, 18, 19, 20, 21, 22
1999 God oversikt Bra Kampoversikt | Statistikk
2000 Statistikk utifra 21 dommerkort
Bra
* Mangler fra seriekamp Bergsøy - Hødd2 3-2 spelt 08.08.2000.
* Mangler fra cupkamp Bergsøy - Skarbøvik 1-3.

Sjå oversikta her

Dommerkort:
1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12, 13, 14, 15, 16, 17, 18, 19, 20, 21
2001 Tall utifra kampreferat. Kretsen har ikkje dommerkort Mangelfullt
Sjå bilde
Sjå liste
2002 Liste frå eiga bok Bra
Link | Statistikk
2003 Utrekna sjølv som aktiv Bra
Statistikk
2004 Utrekna sjølv som aktiv Bra
Statistikk
2005 Utrekna sjølv som aktiv Bra
Link
2006 Utrekna sjølv som aktiv Bra
Link
2007 Vår vurdering av spelarane i 2007 Bra
Link
2008 Kampantall utrekna i kombinasjon av kampreferat og dommerkort. Bra
1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12, 13, 14, 15, 16, 17, 18, 19, 20, 21, 22

Sjå samla statistikk
2009 Liste som viser kampantall Bra Link

Lagoppstillinger
2010 Kampantall utifra liste Bra
Link
2011 Utrekna kampantall utifra avisartiklar og Kampreferat, Ca 90% komplett Mangelfullt
Link
2012-2019 Kretsen sine tall Bra Link: Sunnmøre Fotballkrets
2021 Utrekna kampantall i kombinasjon sunnmøre fotballkrets og dialog A-trenar. Bra Link


FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt