Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Dame og jentefotball i Bergsøy

Historie:
Dame og Jentefotball i Bergsøy gjennom snart 40 år


Av Steffen HK


Vi tek eit blikk på dame og jentefotballen i Bergsøy frå starten i 1983 og fram til idag (November 2021). Denne "reportasja" inneheld nesten 100 bilder fra dame og jentefotballen i Bergsøy.




1983: Bergsøy får damefotball


Gudmund hopen dametrenar. Johan Moltu jentetrenar.

1983 er første året med damefotball i Bergsøy. 60 damer og jenter møtte opp og melde si interesse då Bergsøy hadde eit orienteringsmøte, og etter møtet blei det slått fast at Bergsøy ville starte opp med jentelag (under 15 år) og damelag til seriestart. Damefotballen var komen for å bli, sto det i Vestlandsnytt.

Gudmund Hopen var trenar, og det var raskt framgang å spore i løpet av dei første treningskampane. Damelaget vann blant anna 6-1 mot Hjørungavåg, 3-1 mot Langevåg og 5-1 mot Haddal. Troppa var bra, og blei også forsterka idet Kristin Myking melde seg inn i klubben. Det skulle bli tøffe kampar også etterkvart, blant anna eit 11-0 tap mot topplaget Volda som var oppstarta to år tidligare.

--> Bilde: Tabellen 1983

Damelaget mai 1983

Oppstarten. Avisutklipp april 1983

Damelaget mai 1983

Bildet: Damelaget til Bergsøy har spelt sine første seriekampar. Bak frå venstre: Rene Garvik, Eli Myklebust, Sølvi Sævik, Iren Torvik, Monica Kvalsund, June Pettersen, Hanne Kjelstadli og Henny Holmelid.
Framme fra venstre: Karin Flåte, Anett Mari Hodneland, Jill Eggesbø, Helen Frøystad, Marita Higraff, Linda Teige, Åse Erntsen, Nina Berteussen.

Damelaget mai 1983

Gudmund Hopen som trenar



Jentelaget 1983

August 1983

Jentelaget 1983

August 1983

Jentelaget 1983

August 1983

Jentelaget 1983

Foto: Per Moltu. Bergsøy sitt jentelag 1983 som i sin debutsesong kom på 3.plass etter fleire knepne 1-0 tap. Trenar var Johan Moltu. Laget sto for mange utklassingssigre.

Bak frå venstre Janita Arhaug, Eva Kvalsvik, Margaret Berge, Inger Anne Berge, Anette Kvalsund, Sonja Kleiven, Aud Voldsund, Liss Mari Hansen. Framme frå venstre: Ann-Kate Kvalsvik, heidi Vasslag, Lindis Kvalsvik, Nina Flatval, Beate Kvalsvik, Bente Remøy, Hege Sørdal og Ingunn Pettersen.

Jentelaget september 1983

Med Johan Moltu som trenar

Jentelaget Desember 1983

Med Johan Moltu som trenar





1984: Bergsøys Jentelag blei kretsmesterar


Gudmund Hopen fortsatte som trenar. Johan Moltu var ut i sommertid 1984 hjelpetrenar for lilleputter (gutar), med Asbjørn Myklebust som hovedtrenar. Damelaget til Bergsøy vann blant anna 4-2 mot Gurskøy dette året, etter 3 mål av Aud Voldsund og 1 av Monica Kvalsund. borte mot Gurskøy blei det 7-1 siger etter 3 mål av Margareth Berge og mål av Nina Flatval, Lindis Kvalsvik, Aud Voldsund og eitt sjølvmål.

Damelaget 1984

Damelaget 1984. Bakerst frå venstre: Renee Garvik, Karin Flote, Nina Kristin Bertheussen, Anette Kvalsund Lillebø, Lene Sande, Eli Myklebust Bøe, Wenche Moltu, Kristin Myking Midterste rekke frå venstre: Anna Goksøyr, Helen Frøystadvåg Kvalsvik, Margareth Berge, Jill-Mari Eggesbø, Lindis Kvalsvik, Hilde og Sonja Moltumyr. Framme frå venstre: Nina Flatvall, Monica Kvalsund, Aud Ingebrigtsen, Eva Beate Runde, Anne-Ma Solheim?, Heidi Vaslag Løvøy, Bente Voldsund.

Damelaget 1984



Bergsøy sitt jentelag blei kretsmesterar. Etter 0-0 i første finalekamp vann Bergsøy 2-0 mot Ålesund på Nørvebana. Bergsøy har fått eit mesterlag.

Jentelaget 1984

Kretsmesterar 1984: Bak frå venstre Beate Kvalsvik, Sonja Moltumyr, Margareth Berge, Heidi Vasslag, hilde Moltumyr, Aud Voldsund, Inger Anne Berge og Gudmund Hopen (trenar). I midten Anne K Kvalsvik, Lindis Kvalsvik, Siv Anniken Voldsund, Solveig Grønbeck, Nina Flatval, Janita Arhaug, Bente Remøy. Foran frå venstre: Ramona Brandlistuen, Hege Sørdal, Olea Vollen Kvalsvik, Gunn Remøy, Siv Marlin Berge, Ann Katrin Almestad. Med på bildet var ikkje Eva Kvalsvik.

Norway Cup 1984

Norway Cup 1984





1985: Jentelag kretsmesterar 2.år på rad


Bergsøy vann også B-sluttspelet i Norway Cup dette året.

--> Ekstra bilde: Gudmund Hopen og toppscorer Solveig Grønbeck løfter pokalen

Vinnere av B-sluttspel Norway Cup

Bak frå venstre Gudmund Hopen (trenar), Heidi Vaslag, Solveig Grønbeck, Janita Arhaug, Olea Kvalsvik, Hilde Moltumyr, Ragnhild Harila, Sonja Moltumyr, Hege Sørdal. Framme: Bente Remøy, Anne Keth Kvalsvik, Lindis Kvalsvik, Beate Kvalsvik Voldsund og Eva Kvalsvik.

Vinnere av B-sluttspel Norway Cup



I dameserien blei det 5.plass i Avdeling A med trenar Gudmund Hopen og Oppmann Sindre Notøy. Spillerstallen talte 20 jenter. Det var blant anna ein sensasjon da Bergsøy slo Eid med 4-2 på bortebane. Dette var Eid sitt første tap, og Bergsøy fortjente sigeren etter mål av Lindis Kvalsvik (2), Janita Arhaug og eit sjølvmål.

Jentene sikra seg KM-tittelen for andre år på rad. Først tapte dei 1-2 mot VRF men heime vann dei returoppgjøret med 4-0.

--> LES AVISUTKLIPP: Suverene Bergsøyjenter

Jentelaget

Bak frå venstre Gudmund Hopen (trenar), Berit Skinnes, Ramona Brandlistuen, Olea Kvalsvik, Janita Aarhaug, Eva Kvalsvik, Gunn Remøy, Inger Anne Berge, Bente Aarhaug og Jon Sørdal (oppmann). Framme: Anja Pettersen, Gunn Stenersen, Solveig Grønbech, Hege Sørdal, Jorunn Leine, Beate Kvalsvik, Konstance Torgersen, Lena hansen og Anne Keth Kvalsvik.





1986: Første offisielle dameturnering i Herøyhallen


Damene kom på 4.plass i dameserien, mens Ålesund blei serievinnar. I en kamp i dameserien slo Bergsøy Spjelkavik med 4-1 etter mål av nina Flatvald (2), Inger anne Berge og Janita Arhaug. Mot Ålesund blei det tap 2-3 etter to mål av Solveig Grønbeck.

--> SJÅ TABELL DAMELAGET --> LES ÅRSMELDING FOR PIKELAGET 1986

I 1986 arrangerte også Bergsøy den første offisielle dameturneringa i Herøyhallen, Norol-CUp. Bergsøy sitt førstelag gikk til topps i turneringa etter 3-0 siger i finala mot Sunndal. Bergsøy stilte to lag, mens dei andre var Sunndal, Rival, Volda, Hareid, VRF og Spjelkavik. Bergsøykeeper Beate Kvalsvik sto støtt mellom stengrene, og ei flott headding av Inger Anne Berge ordna 1-0 i finalen før samme spelar ordna 2-0. Hilde Moltumyr satte inn den siste spikeren. Hareidspelar Ruth Moldskred blei kåra til turneringens beste spelar, mens toppscorar blei VRF-spelar Britt Sjøholt med 7 mål. Per Worren og Frank Ove Reite dømte kampane.

Annet dette året var at spelaren Inger Anne Berge fekk prøve seg på landslagssamling for jenter i august. 24 pikespelarar frå landet blei nominert som kandidatar som skulle på leir i Oslo. Utifra den samlingen ville det bli tatt ut 16 spelarar som skulle utgjere den norske troppen i historiens første pikelandskamp som 25.september skulle spele mot Sverige på Åråsen. I tillegg til Inger Anne Berge var Kari Berset (Sunndal), og Kjersti Helgetun (Troll) nominert frå Møre og Romsdal. Trener for pikelandslaget het Eva Amble. Berre Kjersti Helgetun kom gjennom nåløyet.

Bergsøy sitt jentelag tok sin tredje KM tittel på rad.

Otta Cup 1986



KM vinnerar

KM vinnarar - Utdeling på Kulturhuset

Busstur

Heim frå Stranda 1986. KM Vinnerar

Lagbilde

KM kamp heme mot Ravn 1986. Bergsøy vann 4-0 etter 3 mål av Solveig og 1 mål av Inger.

Lagbilde

KM kamp heme mot Ravn 1986



1987


I 1987 spelte damelaget i 3.divisjon. Bergsøy slo blant anna Rival 3-2 etter 0-2 til pause. Bergsøy spelte stort etter sidebytte og vann kampen etter mål av inger Anne Berge, Margareth Berge og Janita Arhaug. I heimekampen mot Hareid vann Bergsøy 5-3 på straffekonk for å få eit ekstrapoeng etter at det blei 1-1 ordinærtid etter mål av Inger Anne Berge.

I Otta cup hadde pikelaget desse resultata 13-15 november:

7-0 mot Lesja2, 0-2 mot Grue, 2-0 mot Ringebu, 2-0 mot Otta. Dette gav 2.plass i pulja. Det blei 2-1 tap for Goma i kvartfinalen og delt 5.plass.

Tabell

Slutt-Tabell Dameserien 1987

Inne Fotball

Sunndal 1987

Lagbilde

Pikelag

Lagbilde

Pikelag




1988: Otta Cup og Norway Cup


April 1988: Damelaget måtte trekke seg frå 3.divisjon etter den fine 4.plassen ifjor. Årsaken er mannskapsmangel.
August 1988: Bergsøy sitt damelaget innkasserte sin 7ande strake siger. Igjen var det Lena Hansen som vart matchvinnar. Elles spelte Konstanse Torgersen en flott kamp.
September 1988: Bergsøy sitt damelag tok sin tiande strake siger med 3-1 mot Larsnes etter scoringar av Anne Marie Overå (2) og Gunn REmøy. Bergsøy toppar tabellen med 30 poeng.

September 1988: Bergsøy sitt damelag vann sin 11 kamp på rad da Åheim blei slått 6-2. Målskilnaden er no 46-7. Anne Marie Overå og Lena Hansen scora to, mens Hege Sørdal og Lena Kjelsli scora kvart sitt.

Fem jenter som går ut av jentelaget 1988. Bilde tatt på vei frå Otta Cup

Otta Cup 88



Norway Cup 88



Otta Cup 88





1989 til 1992: Trenarar Helen Frøystadåvg, Sigmund Nymark, Alf Årdal


Småjentalaget 1989

Småjentelaget 1989.

Jentalaget 1990

Jentelaget 1990.

Jentalaget 1991

Jentelaget 1991.

Damelaget 1992

Damelaget 1992.




1995: Det har vore nokre år uten Damelag


På Damesida har Bergsøy no stilt med Damelag, jentelag, Småjentelag og Lillejentelag. Det er første gang Bergsøy stiller med eit lillejentelag. Jentelaget vann kretsmesterskapet etter å ha slått Skarbøvik heime i siste kamp. Jentelagets trenar var Asbjørn Myklebust.

I dameserien var Bergsøy påmeldt ein 7ar serie som besto av 5 lag og det vart spelt 3 kampar mot kvar. Trenar var Ivan Myklebust og oppmann var Susann Frantsen.

Småjentelaget tapte 2-1 i finalen i Dale-Cup mot Dale/Braatt, men dei blei kretsmester i serien. Den avgjernade kampen vann dei 6-2 på bortebane mot Ha/No.

LES INFORMASJON OG SJÅ TABELL

Småjentelag

Småjentelaget tapte finale i dale-Cup i Kristiansund

Fotballdag

Jentene i Bergsøy satte pris på å få møte jan Åge Fjørtoft

Norway Cup

Norway-Cup 1995

Norway Cup

Småjentelaget kretsmester





1996: Kretsmester og Siger i Ivar Aasen Turnering


Bergsøy sitt jentelag er best på Sunnmøre! Dei måtte vinne mot Skarbøvik i Huldalen og dei greidde det etter ein dramatisk 2-1 kamp. Dermed skvatt dei forbi VRF på tabellen og sikra seg eit fortjent KM. SIF tok ledelsen tidlig, men raske Terese Sandvik sprang fra forsvaret og runda keeper for å sette inn utlikninga til 1-1. I den andre omgangen var det Margaret Kvalsvik som fekk fullklaff frå 14 meter og ballen fauk i nettmaskene, og siste halvtimen blei ulidelig spennande.

Kampen om Fylkesmesterskapet blei tapt 4-0, men Bergsøy var virkelig på gang med fleire gode talent. Ein trio frå Herøy og Sande var også med på småjentelaget sitt kretslag: Runa Myklebust, Veronica Erntsen og Guro Torset. Dei var mellom anna med på å slå Nordmøre med 2-0.

Kretsmester 1996

Vinnarlaget: Bak fra venstre Silje Remøy, Susanne Sandvik, Therese Sandvik, Gunn Anett Støylen, Hanne Nørvåg, Mette Remø, Margareth Kvalsvik, Guro Gausemel, Ann Live Leine. I midten: Asbjørn Myklebust, oppmann Svein Arne Leine og assistenttrenar Øystein Sandvik. Framme Ann Elin Myklebust, Anne Karen Kopperstad, Veronica Erntsen, Caroline Sivertstøl, Runa Myklebust, Anniken Kvalsvund og Maria Frantsen.



Fire Bergsøylag var med i Ivar Aasen turneringa i Ørsta, og alle lag gjorde ein flott innsats. Jentelaget vann turneringa etter 1-0 over Ellingsøy.
Jentene etter finalesigeren over Ellingsøy. Bak frå venstre: Silje Remøy, Anne Karen Kopperstad, Mette Hovde, Ann Elin Myklebust, Therese Sandvik, Susanne Sandvik, Ann Live Øye Leine. Framme: Gunn Anett Støylen, Runa Myklebust, Margareth Kvalsvik, Guro Gausemel og Anniken Kvalsund.



1997: Jentelaget suverent best på Sunnmøre


Leiar Sindre Thorseth må desverre meddele at ein dette året ikkje kan stille damelag på grunn av for liten interesse, men det blir jentelag, småjentelag og lillejentelag. Ein håpar at dette kan gi utslag på sikt slik at ein kan etablere eit fast damelag i klubben. Det blei elles arrangert ein "Jentefotballdag" etter initiativ frå Sunnmøre Fotballkrets da ein vil fokusere meir på jentefotballen.

Jentelaget gjorde under leiing av Asbjørn Myklebust ein fantastisk innsats og blei Fylkesmester. Dette hadda aldri før skjedd i Bergsøy si historie. Det måtte ekstraomgangar til i Huldalen før sigeren kunne sikrast og jubelen kunne høyrast. Også i Norway Cup gjorde laget ein strålande innsats, og viste at Bergsøy kanskje har eit av landets beste jentelag. Det blei eit knepent tap mot Bremnes.

Jentelag

Best i fylket. Jentelaget blei fylkesmester etter 1-0 mot Dahle frå Kristiansund. Kaptein Therese Sandvik mottek pokalen av Per Worren fra fotballkretsen.



Jentelag

Jentelag

Jentelag

Jentelag

Bergsøy sitt jentelag kom heilt til 16-dels finalen i Norway Cup

Jentelag

Jentelaget





1998: Finale i Dana-Cup


Damelaget spelte i 2.divisjon. Dei slo blant anna Skodje med 2-1 og Volda med 4-0, mens ein tapte en heimekamp mot Stranda med 3-4. Therese Sandvik scoret målet i ein 1-1 kamp heime mot Herd. Herd vann heimekampen mot bergsøy med 3-1, og igjen var det Therese Sandvik som scoret for Bergsøy. Midtveis i sesongen låg laget trygt plassert midt på tabellen uten sjanse for hverken å vinne eller rykke ned.

Da Bergsøy junior jenter kom heilt til finalen i Danacup var dei det første norske jentelaget som hadde kome til finala på 12 år. Etter dei tre innleiande kampane hadde Bergsøy 21-0 i målforskjell og Ruth Frantzen var av dei som markerte seg tidlig med ti mål. Asbjørn Myklebust har no hatt trenaransvaret siste 5 år og trudde nesten han drøymte da det blei finale. Dei reiste til turneringa med 14 spelarar der mange berre var 16 år, og dei hevda seg stort mot spelarar på snittalder 18. I finalen møtte dei Mepis frå USA som vann kampen 2-0.
Bak fra venstre Svein Arve Leine (oppmann), Silje Remøy, Therese Sandvik, Ruth Frantzen, Linn Kathrin Hjorthaug, Guro Gausemel, Ann Live Øye Leine, Hanne Nørvåg, Asbjørn Myklebust (Trenar), Thomas Myklebust (Hjelpetrenar). Froran frå venstre: Gunn Anette Støylen, Ann Elin Myklebust, Anniken Myking, Susanne Sandvik, Veronica Erntsen (Beste spiller i finalen), Runa Myklebust og Irene Hareide.

Jentelag

Jentelag

Jentelag

Jentelag



1999: Ein sterk sesong i 2.divisjon


Bergsøy hadde ein sterk sesong med 7 sigerar, 1 uavgjort og eitt tap på sine 9 første kampar. Uavgjort og tap var 0-3 borte mot Ørsta, og 2-2 heime mot Ørsta etter mål av Therese Sandvik og Ruth Frantsen. Ein av sigerane var 10-0 borte mot Skodje.

Avisutklipp toppkamp - Avisutklipp Ny siger - Avisutklipp Ruth 4 mål - 18-0 siger

Kampen om førsteplassen skulle avgjerast i eit toppmøte borte mot Stranda. Renate Myklebust scora, men Stranda vann toppkampen i 2.divisjon med 3-1 - og dermed var Stranda klare for kvalikkamp for opprykk.

Bergsøydamene vann Volda CUP etter å ha slått Ørsta 2-1 i finalen. Bergsøy sitt damelag tok sølv under Dana Cup.



2000 - Småjentene vann alt


Arne Klepp var dametrenar og vann første kampen 3-1 mot Langevåg.
Avis første kamp: Siger mot Langevåg - 2-3 for Herd - LAgets tredje strake

Damelaget måtte trekke seg fra serien før sesongen var over.

Bergsøy småjenter snudde 0-1 til 4-1 i innandørsfinalen mot VRF etter scoringar av Pia Erntsen, Ida Rudeolfsen og Ingrid Myklebust (2). Dette var Bergsøy sin fjerde høgthengande trofe for sesongen etter å ha vunnet B-finalen i Norway Cup, Utandørs-KM, fylkesfinale og altså Innandørs-KM.

Norway CUP

Småjentene vann B-sluttspel på Norway cup etter scoring av ingrid Myklebust. Målet kom eit minutt før pause i kampen mot Skeid, der ho dribla seg igjennom forsvaret på eigenhand og lobba ballen i nettmaskene. Trenar Asbjørn Myklebust var som venta blid etter sigeren.

Inne-KM

Siger i Inne-KM





2001 -


2001

2001

Mai 2001

2001

August 2001

2001

August 2001

2001

September 2001

2001

Oktober 2001





2002


Ingrid Myklebust blei tatt ut på landslagssamling, jentelandslaget si samling i Kongsvinger. Ingrid var 16 år, og kjempa stort sett mot jenter som var ett år eldre.

2002

Februar 2002

2002





2003 -Jentelaget vann KM


Bergsøy sitt jentelag vann KM, men tapte fylkesfinalen mot Eide og Omegn. I kampen om KM vann Bergsøy mot eit godt Sykkylvenlag i finalen. I sommer var laget også på DanaCup, og der kom laget til kvartfinalen mot eit amerikansk lag. Eitt minutt før full tid tapte Bergsøy den kampen med 2-1, og amerikanarane gikk seinare til finalen der dei vann lett.
Bak fra venstre Asbjørn Myklebust (trenar), Silje Paulsen, Caroline Skar, Miriam Johannessen, Therese teige, Karete Kvalsund, Rikke Kvaale, Silje Kvalsvik, Catrine Kopperstad, Per Jarle Skar (trenar). Framme: Ann Elin Torvik, Ingrid Sande Leikanger, Andrea Sævik, Heidi Muren, ingrid Myklebust, Solveig Igesund, Gerd Botn, Siri Kvalsvik Frøystad.



2004 og 2005 - Samarbeid Bergsøy/Hødd


Lagbilde mai 2004


Bergsøy/Hødd fekk mange tap i 2.divisjon og gjekk tned til 3.divisjon i 2004 sesongen. Landslagskeeper Erika Skarbø sto blanta anna i mål.
Bilde november 2004


I 2004 gikk Bergsøy og Hødd ilag for å kunne danne damelag i 2.divisjon. Laget Bergsøy/Hødd spelte blant anna KM desember 2004, der dei spelte 0-0 mot Ørsta/Volda men tapte på protest grunna uberettiga bruk av ein spelar. I serien låg Hødd/Bergsøy ganske nederst på tabellen i 2004 sesongen. Etter 16 kampar hadde laget berre 1 siger, 2 uavgjort og 13 tap, med målforskjell på 16-59.

Etter nedrykk i 2004 blei det 3.divisjon i 2005 ilag med laga Ha/no, Volda/Ørsta, Sykkylven/Fortuna og Brattvåg. Igjen blei det ein tung sesong, og etter 16 kampar hadde laget berre 1 siger, 3 uavgjort og 12 tap med målforskjell 19-68. (Sjå tabell)



2006 -






2007 - Avdelingsvinner


Damelaget har vunne si avdeling, og feira med å vinne 5-4 over Åram.


Bergsøydamene har vunne Kvinner 7-er Avd. 1, og skal spele om kretsmesterskapet med to kampar dei neste 14 dagane. Her vil dei møte Brattvåg og Herd Jr. Vi grattulerer.



Damelaget hadde allereie vunne si avdelig før møtet mot Åram, men vann også den kampen. Meir om korleis denne kampen foregikk kan du lese på damelagets side.


Et bilde frå en kamp tidligare iår.


Sunnmøre fotballkrets har sendt ut følgande beskjed:

SLUTTSPILL KVINNER 7-ER

Vi gratulerer lagene Bergsøy, Brattvåg og Herd junior som vinner av hver sin avdeling i klasse kvinner 7-er. Sluttspillkampene om krestmessterskap er berammet slik etter trekning:

Lør. 29.09. kl. 14.00 Herd junior - Brattvåg
Ons. 03.10. kl. 19.00 Brattvåg - Bergsøy
Lør. 06.10. kl. 15.00 Bergsøy - Herd junior.

Kampene psilles som enkel serie.
KAMPRAPPORT skal benyttes i alle kamper. Denne kan lastes ned fra vår nettside under 'Klubbservice' og 'Aktuelle skjemaer'. Dersom kamper skal omberammes må dette skje som i serien forøvrig, etter enighet mellom de involverte lag med tilbakemelding til SFK. Vi jobber nå med å sette opp dommere i kampene.
Vi ønsker lagene lykke til i sluttspillet, og husk 'Fair Play' både på og utenfor bana!

Vennlig hilsen
GEIR RINGSTAD
Sunnmøre Fotballkrets
www.fotball.no/sunnmore



2008 - 2.plass etter uavgjort og tap i KM-kampane


Leiar i BIL fotball Oddmund Voldsund opplyser at ein i det lengste håpa å stable på beina eit 11-arlag, men at spelarstallen desverre var for tynn. Dermed blei det nok ein sesong med 7ar gotball.

For tredje år på rad spelte damene seg fram til KM -sluttspelet i 7ar. I KM-kampane vart det ein uavgjort mot SIF (2-2) og tap mot Brattvåg som avslutta ein strålande sesong for dei 18 spelarane som danna stallen. I tillegg spelte damelaget Inne-KM der dei rauk ut for vinnarene Volda i kvartfinalen. Susanne Sandvik blei årets damespelar i ein sesong der fasiten tilslutt blei 8 sigerar, 1 uavgjort og eitt tap med målforskjell på 74-7.
Bildet: Bak fra venstre: Eirin Nedreberg, Lene Voldsund, Silje Steinsvik Paulsen, Lovise Frøystadvåg, Birthe Zahl Longva, Miriam Johannesen og Lisa Dragnes. Framme fra venstre: Thomas Voldsund (Trenar), Veronica Madsen, Mari Linn Kvalsvik, Mia Kopperstad, Susanne Sandvik, Karina Helde Kvalsund, Hanne Marthe Johannessen og Therese Sandvik. Spelarar som ikkje var med på bildet var Karianne Kopperstad, Siri Frøystad, Anniken Myking og Nathalie Rogne.
Bergsøy sine gulljenter i Førde Cup. 18.11.2008.
Avisutklipp sesongavsluttning



2009 - Ønsker større satsing på damefotballen


Lav prioritering frå både media og publikum gjer damefotball lite attraktiv, seier Silje Paulsen som også er skuffa over at damelaget ikkje har fått på plass ein trenar for sesongen idet vi snakkar mars 2009. Det er no fire år sidan Bergsøy hadde lag i 11ar serien. Ein må få meir støtte frå Herøysamfunnet, seier ho. Bergsøy skulle denne sesongen spele dobbel sjuarserie med sju lag. Thomas Voldsund blei hovedtrenar og fekk med seg Hallgeir Frøystadvåg denne sesongen.
Bildet: Damespelar Silje Paulsen meinar damefotball har for lav prioritet både på nasjonalt og lokalt nivå. Dei siste åra har ein slete med rekruttering. Her ilag med supporter Ludvik "Lulle" Hansen, fotballtrenar for damene over fleire år Børge Hansen, og A-spelar Frank Skorpen.


Serieåpning 5-0 mot Haddal: Mål av Therese Sandvik, Ruth Flø Paulsen og Veronica Madsen. Vann 6-0 mot Larsnes etter to mål av Therese Sandvik og Renate Zahl, ett kvar av Veronica Madsen og Ruth Flø Paulsen.

I August blei det 9-2 mot Haddal, og spelte med sørgeband til minne om Gudmund Hopen. Veronica Muren scora 5 mål, Ruth Flø Paulsen 2 mål, Renate Zahl og Therese Sandvik ett kvar. Bergsøy toppa tabelen suverent etter denne kampen. Ruth Frantsen Flø blei kåra til Årets Damespelar. Juryen la vekt på at veteranen hadde vore ein viktig bidragsytar både på og utanfor bana i sin første heile sesong på lenge. På bana var ho playmaker samt at ho bidro med både ro, rutine, scoringar og assist.
Bildet: Ruth blir gratulert av Gunnar Larsen




2010 - 5ar lag i serien på grunn av liten stall


Damelaget må trene med jentelaget for å ha nok spelarar på trening, men ønsker å spele 7ar fotball dei gangane det er nok spelarar tilgjengelig.

Avisutklipp siger mot Larsnes

Damelaget hadde ei tøff periode med fire tap på rad, men den var imponerande kampen mot Stranda der Bergsøy låg under 5-1 til pause og klarte 6-6 tilslutt. Ein annan kamp mot Stranda blei avgjort på overtid til 2-1 etter scoring av Ruth Flø Paulsen. 1-1 målet blei scora av kapteinen Lovise Frøystad.
Bildet: Bergsøy sitt 1996-lag i 2010 som har imponert og ikkje tapt ein einaste kamp.
Bak frå venstre: Oddbjørn Åkerøy (Trenar), Silje Beddari, Benedicte Pettersen, Åshold Nedreberg, Amalie Valde Berge, Anne Halle, Christine Kleppe, Malin Åkerøy, Rikke Hide, Julia Haddal, Gabrielle Kopperstad, Per Svenning Madsen (trenar)
I midten: Brita Kvalsvik, Henrikke Andersen, Ingelin Kvalsvik, Maria Kvalsvik, Miriam Hansen Tvedt, Renate Remøy, Maria Bendal, Kathrine Tarberg, Anna Lisa Hide.
Framme: malene Bruksås, Ingalill Remøy, Rebekka Kopperstad, Vibeke Eide, Amalie Brekke, Julie Fjørtoft og Sara Berge.



2011 - Større satsing på jente og Damefotball. 11ar fotball.


Damelaget 2011

Satsing 2011

Damelaget 2011

Lagbilde 2011

Damelaget 2011

Damelaget 2011 etter en 9-1 seier mot HaNo/Lepsøy



No skal det satsast meir på jente og Damesida seier Bergsøy i oktober 2010. Det har mangla eit 11ar-lag, men det ønsker klubben å gjere noko med. For første gang på fleire år vil dermed altså Bergsøy igjen stille eit damelag i 11-ar serien. Eli-Anne Vattøy skreiv under kontrakt som hovedtrenar, og Øyvind Paulsen blei hjelpetrenar.

Det ser lovande ut for Bergsøy sitt damelag foran seriestarten til 3.divisjon, idet laget er satt sammen av spelarar frå Bergsøy, Tjørvåg, Gurskøy og Gjerdsvika. Trenar Eli Anne Vattøy har god tru på at laget kan hevde seg i toppen av divisjonen tiltross for ein ung spelarstall. Eli Anne Vattøy trente også Bergsøy tilbake i 2005 sesongen idet laget var eit samarbeidslag Bergsøy/Hødd. Ei av dei største utfordringane til denne sesongen trur ho kanskje vil være for spelarane å omstille seg til 11ar fotball.

Damelaget 2011

Treningshelg for Bergsøydamene i 2011. Trenar Eli Anne Vattøy og assistenttrenar Øyvind Paulsen.



Damelaget 2011

Strålande fornøgde med avsluttninga på sesongen etter 9-1 mot Langevåg





2012 - Frisk satsing vidare


Trenar Eli Anne Vattøy fekk med seg Jørn Magnssen og Børge Hansen i teamet, og Rolf Arne Ramstad takka ja til å være lagleiar. Kjetil Clementsen stiller som spelarutviklar.

I spelarstallen var det blant andre Dagny Beate Vattøy, Helena Jøsok, Marthe Madsen, Hanne Ingebrigtsen, Martine Slettestøl, Emilie Frøystad, Lovise Frøystadvåg, Trude Vattøy, Emilie Rødseth, Malin Vollen, Kristina Ramstad og Elise Romestrand.

Damelaget

Damelaget med treningsopphold i Tunis april 2012

Odden cup

Bergsøy1 og Bergsøy2 i felles lagbilde før finalen i Odden Cup 2012. Bergsøy 2 vann 3-2 på Golden Goal. Anne Halle blei toppscorar med 13 mål og Dagny Beate Vattøy blei turneringens spelar.



Bergsøy J16

Bergsøy sitt 16års-lag i 2012 sikra avansement til åttandedelsfinalen i NM-cupen.





2013


Raymond Rachid var trenar for damelaget og laget spelte i ein tett og jamn divisjon. Det blei blant anna ein sterk 2-1 siger mot Sykkylven etter mål av Ingelin Kvalsvik og Gabrielle Kopperstad.
Fra venstre: Gabrielle Kopperstad, Helena Jøsok, Emilie Rødseth, Ingelin Kvalsvik, Marthe Madsen og Raymond Rachid. Framme: Kristina Ramstad, Renate Remøy, Dagny Vattøy, Maria Bendal og Trude Vattøy.




2014 - 2.plass i 4.divisjon


Bergsøy starta sesongen med 1-8 mot Hødd og 0-16 mot Guard, men det blei snart kjekkare kampar. 5-4 siger borte mot Hareid, 4-1 mot MSIL/Blindheim og 9-2 mot Åheim gjorde at stemninga i laget var bra. Det endte med 2.plass i 4.divisjon med 28 poeng på 14 kampar.

Damelaget 2014

Bak fra venstre Raymond Rachid, Ingelin Kvalsvik, Miriam Johannesson, Emilie Rødset, Eirin Rabben, Maria Kvalsvik, Helena Jøsok, Gabrielle Kopperstad, Runa Frantsen, Nora Skinnes, Peter Lind. Framme: Malin Støylen, Miriam Tvedt, Kamilla Vike, Karina Kvalsvun, Maria Bendal, Ingalill Remøy..

Damelaget 2014

Damelaget avslutta sesongen med å vinne 9-2 over Herd2.

Damelaget 2014

Foto av Kjell Brenne. Bergsøydamene jubler etter sin tredje siger av fem mulige. Fra venstre: Maria Bendal, Maria Kvalsvik, Runa Frantsen, Helena Jøsok, Gabrielle Kopperstad, Ingalill Remøy, Emma Vike, Ariell Longva, hjelpetrenar Peter Lind, Ingrid Beate Hide, Miriam Johannessen, Ingelin Kvalsvik, Kamilla Vike, Karina Kvalsund.



2015


Damelaget 2015

Damelaget 2014

Damelaget til Bergsøy under Oddencup 2015. Bildet tatt av Andre Kragset, Åram/Vankam FK





2016


Damelaget

7ar lagbilde

Damelaget

Lagbilde etter ein 7-5 siger mot Hasundgot. Målscorere Ingelin 3, Ingalill 2 og Amalie 2.

Damelaget

Damelaget etter ein storsiger i september 2016






2017 - 11ar-lag i 4.divisjon


Oppkjøringa til haustsesongen var ikkje optimal med sjukdom og skader og spelarar som reiste vekk på skule, men Bergsøy starta godt med 2-2 borte mot MSIL etter to mål av Kristin Haddal. Til neste kamp fekk Bergsøy større problemer med stallen, og måtte sette ein skadd spelar i mål for å ha nok spelarar på bana. Det blei ikkje skrevet meir om den kampen enn at det var ein kamp "som vi let gå i gløymeboka uten noke meir". Neste kamp mot Sykkylven blei det 4-3 etter mål av søstrene Ingelin Kvalsvik (2), Celine Kvalsvik og Kareema Wiig.

Damelaget

Damelaget 2017

Damelaget

Damelaget 2017



Damelaget

Damelaget 2017: Bak: Emma Vike, Agnere Jacobsen, Synne Olin Arnesen Tjervåg, Malin Halle Støylen, Jake Knight, Ingrid Smådal Hide, Kareema Wiig, Amalie Stenersen. Framme: Inga Targberg, Amanda Ramstad, Celine Kvalsvik, Kamilla Vike, Camliia Skorpen, Siri Vike, Victoria Remøy Løvold, Mathilde Hansen.





2018: Samarbeidslag Bergsøy - Tjørvåg - Gurskøy


I 2018 slo Bergsøy, Gurskøy og Tjørvåg seg sammen og kombinerte Jenter 16 og damelaga. Rekruttering til damefotballen hadde vore for dårlig, men Toni Sandanger håpte at den trenden skulle å snu. Han sa at Bergsøy har som mål å ha eit jentelag for kvart årskull.

Stallen besto denne sesongen av spelarar i alderen 15 til 27 år, og trenar var Synne Dale Ryan med lagleiar Torbjørn Hide.

Damelaget

Damelaget 2018

Damelaget

Damelaget 2018. Bergsøy vann 7-1 mot Emblem.

Damelaget

Damelaget 2018

Damelaget

Damelaget september 2018



Damelaget

Foto av Torbjørn Hide. Bak fra venstre: Toni Sandanger, Lilly Skorpen Berge, Amalie Hestad, Synne Tjervåg, Andrine Ljotebø-Krokå, Sofie SKogen, Amalie Stenersen, Kareema Wiig, Anna Lisa Hide, Synne Dale Ryan, Ingrid Beate Smådal Hide. Framme fra venstre: Hermine Sydhagen Dalsøren, Gøril Ramstad, Stine Indreeide Kvalsvik, Ida Vestnes, Maja Vattøy, Malin Sivertstøl, Agata Drozdzik, Ida Bruksås. Framme er Lisa Sandanger.





2019


Synne Dale Ryan var hovedtrenar, og med seg hadde ho Thomas Spiro som assistenttrenar. 20åringen Ingrid Beate Smådal Hide ledar Bergsøy sitt J15/16 lag i Norway Cup, eit lag ho har vore trenar i sidan ho var 12 år.

Damelaget

Bergsøy Damelag har vunnet 1-0 borte mot MSIL i juni 2019

Damelaget

Damelaget Juni 2019.

Damelaget

Damelaget April 2019.

Damelaget

Damelaget. Bak frå venstre: Ingrid Beate Smådal hide, Ruth Flø Paulsen, Rebecca Herskedal, Amalie Stakkestad Stenersen, Synne Tjervåg, Kareema Wiig, Maling Torset Sivertstøl, Synne Ryan, Maja vattøy, Anna Lise Hide. Framme: Line Flø Paulsen, Amalie Lillenes hestad, Gøril ramstad, Sofie rooney, Hermine Dalsøren, Ida K vestnes.





2020 - Ein spesiell sesong


Ingrid Beate Smådal Hide var hovedtrenar for Bergsøydamene.

I januar hadde spelarstallen 22 spelarar og var godt igang med treningskampar og treningar, men så kom pandemien som satte ein stoppar for den vidare utviklinga og sesongen. Noko spessielt blei det også då dei under 20år etterkvart kunne trene med fysisk kontakt, mens dei over 20 ikkje hadde lov til dette. I august fekk ein tilbod om å melde seg inn i J19 serien, og det blei ein tøff sesong for laget.

2021: Bergsøy - Gjerdsvika - Gursken


Laget har skifta namn, og klubben har også hatt ei samling med 70 spelarar. Håpet er at en kan skape mer entusiasme i jente og damefotballen.

Konstanse Torgersen Nærø og Jørn Magnussen danner trenarteamet til Damelaget sesongen 2021, og målet er å etablere seg på øvre del av tabellen. Det blei ein sesong der det til tider var litt få spelarar på trening, og med eit ungt lag vil det ofte variere. Etter at ein starta med siger i første kamp mot Åheim/Selje/Vanylven så blei det fem strake tap. Men det var fleire jamne kampar, og sesongens siste kamp endte 1-1 mot Hornindal. Trenar Konstanse måtte også ta på seg keeperhanskane denne sesongen, og det var 15 år sidan sist.

Damelaget

Damelaget 2021. Anna Lisa Hide, Ida Kvalsvik Vestnes, Kamilla Leikanger, Kareema Wiig, Line Flø Paulsen, Maja Vattøy, Malin Sivertstøl, Marthe Nerland Madsen, Ragnhild Seppola, Rebecca Herskedal, Sofie Rooney, Synne Ryan, Syne Tjervåg, Tonje Hide, Veronica Madsen. Trenarar Jørn Magnussen og Konstanse Torgersen Nærø.

Damelaget

Bilde av Josefine Spiro. Damelaget 2021. Bak frå venstre: Ragnhild Riise Seppola, Tonje Christin Hide, Maja Vattøy, Kamilla Sætre Leikanger, Kareema Nicole Wiig, Maria Guttelvik, Line Flø Paulsen. Framme: Anna Lisa Hide, Konstanse Torgersen Nærø og Ida Kvalsvik.



Damelaget

Bergsøy Damelag 2021





2022:




2023:






Fleire artige bilder:




FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt