Publisert 08.10.2021
Adelskalenderen vår blir stadig meir nøyaktig.
Den siste uka har vi finlest igjennom Sunnmøre Fotballkrets sine tall frå 2012-2019 - og oppdaga mange feil og mangler. For å få rettare tall har vi benytta oss mykje av bilder, video og facebook.
Spelarar som Daniel og Fredrik (og mange fleire) har dermed blitt oppdatert med mange fleire kampar no i vår Adelskalender.
Fra 2012 starta Sunnmøre Fotballkrets å notere ned
statistikk på fotballen.no - som vi meir eller mindre har stolt på fram til no. Pr 08.03.2022 stolar vi kun på våre egne tall.
Vi benyttar no SFK sine tall no berre som ei kilde til informasjon, på samme måte som vi benyttar bilder, video og referat som kilde til informasjon.
SISTE ENDRINGAR
Opptelling: Nokre utvalgte dømer
Person |
Info |
1.Frank Sverre Skorpen
 |
Øker avstanden på toppen av Adelskalenderen med sine 483 kampar. Han sto oppført lenge med ca 480, og ei stund med bekrefta 375 kampar. No er dette tallet 483 bekrefta kampar. |
10.Fredrik Muren
 |
Står no med 198 bekrefta A-kampar og klatra seg inn på Topp 10 lista. |
19.Fredrik Muren
 |
På 19.plass på lista finner vi Daniel J Kvalsvik som siste ukene har klatra forbi Bjørn Myklebust, Johannes Nørvåg og fleire andre.
Daniel står no med 163 kampar. I 2015 hadde han 2 meir enn forventa, i 2018 1 meir, i 2017 3 meir. |
Andrius Petreikis
 |
Oppe i 146 kampar. For nokre dagar sidan hadde han 132. Han har dermed klatra forbi Karl Bjarte Vike, Lasse Myrhol og fleire. |
Daniel Sandvik
 |
Oppe i 135 kampar, han hadde 127 for nokre dagar sidan. |
Franjo Tepuric
 |
Oppe i 126 kampar, han hadde 119 for nokre dagar sidan og har passert blant andre Geir Sandnes, Vegard Sævik og Ronny Pål Kvalsvik. |
Espen Langlo Driveklepp
 |
Er no oppe i 110 A-kampar på vår liste. |
Thomas Sætre Hauge
 |
Han hadde ei stund 98 kampar, men har no passert 100 - og står med bekrefta 103 A-kampar. |
Benjamin Leine
 |
Oppe i 55 A-kampar. Sto lenge på vår liste med 46 kampar. |
Petter Meland Aasen
 |
Oppe i 52 A-kampar, og passerte dermed 50 kampers jubileumet. Hadde 46 kampar registrert for nokre dagar sidan. |
--> SJÅ FULL ADELSKALENDER HER
Kan vi stole på kretsen?
Nei, Kretsens tall kan ikkje stolast på 100%, ettersom mange slurvar med utfylling av dommerkort. Historikk.com meinar at en må ha vore fysisk på bana under kampen for å registrerast som ein kamp i Adelskalenderen, og vi kan derfor ikkje basere oss på
SFK sine tidvis "Stall-oppdateringar". Eit døme på dette kan være keeper Jarnes, som i 2019 fekk sin debut mot Blindheim - men på kretsen sine sider har han fått mange kampar også før sin debut fordi han sto oppførd i stallen.
(Bildet: Jarnes fekk sin debut mot Blindheim og vi finner han kun denne kampen i 2019, men hos kretsen står han med 9 kampar i 2019.
Som vi ser på bildet over står han oppført på kretsen (nede til høgre) med fleire kampar både før og etter sin debut. På vår statistikk (Excel til venstre på bildet) er Blindheimkampen hans første.)
Våre tall siste 10 år
Våre tall 2012-2019 er laga til kamp for kamp utifra følgande kilder:
* Laoppstillinger Vestlandsnytt, eller omtaler av spelarar i kampreferata.
* Sunnmøre Fotballkrets sin statistikk/dommerkort
* Bilde og video frå kampane
* Facebook oppdateringar, i hovedsak utført av Ingrid Smådal Hide.
(Bildet: I 2019 fekk familien Smådal pris som årets ildsjeler. Gjennom Facebook hadde Ingrid (i midten) oppdatert supportere med live-oppdateringar frå kampane, deriblant startoppstillinger og utførte bytter - som har hjelpt oss mykje med å verifisere
tall til Adelskalender.)
Adelskalenderen skal ikkje være ei tippekonkurranse. Derfor har vi oversikt år for år - kamp for kamp - på denne siden:
-->
Opptelling til Adelskalender
Derfor er det lett å finne ut ved ei seinare anledning om taller er rett eller ikkje, og kan såleis justerast om en finner feil.