Publisert 18.03.2022
A-spelarane 2022
Daniel Pettersen Jøsok
15-åringen frå Leikong spelte 5 A-kampar i sin debutsesong for Bergsøy i fjor. Har også vore fast på kretslaget. Talentfull keeper i fin utvikling.
Pedro Luis Moreno Gonzalez
Keeperen er ny i Bergsøy. Seriemeister for Skala på Færøyane i fjor. 25 år. Vore i dei spanske klubbane Espanyol, Malaga, Cordoba og Melilla, samt to år i Polen. Spelte mot Real Madrid på Santiago Bernabeu i 2019!
Fredrik Muren
Debuterte for Bergsøy tilbake i 2008, og står med 198 kampar for moderklubben. Hardtarbeidande og positiv fyr som kan spele på alle plassar på bana.
Olai Abeltun
17-åringen frå Tjørvåg står oppført med 8 kampar for Bergsøy før denne sesongen. Nok ein unggut i fin utvikling. Kan bekle alle plassar i det bakre leddet.
Fredrik Høili
Ny i Bergsøy. 19-åring frå Oslo kom til Bergsøy frå Follo i vinter. Leiartype som har ein del kampar i Norsk Tipping-ligaen for Follo og Drøbak-Frogn. Opprinnelig stoppar, men kan spele i dei fleste posisjonar.
Markus Andrè Kvalsvik
Hardtarbeidande og lojal spelar frå eiga ungdomsavdeling som står med seks A-kampar for Bergsøy. Har vist fin utviking i vinter. Spelar mest i forsvar.
Sondre Nygård Olsen
Kompromisslaus midtstoppar som trass sin unge alder er oppe i 34 A-kampar for Bergsøy. Eige Bergsøy-produkt som også har divisjonens lengste innkast.
Dani Rønnestad Hansen
Mista heile haustsesongen med skade etter å ha returnert til Bergsøy frå College-fotball i USA. Skadefri no. Kan bekle alle posisjonar i bakre ledd, og står med 30 kampar for moderklubben.
Trym Rekkedal
Endå eit Bergsøy-produkt som har returnert til klubben etter å ha spelt College-fotball i USA. Den 194 cm høge stopparen har 27 kampar for Bergsøy så langt i karriera.
Alfred Oksholen Gjelseth
Ny i Bergsøy. Etter to sesongar i Larsnes/Gursken, er Alfred tilbake i moderklubben. Kan spele både stoppar og back. Spelte tre A-kampar for Bergsøy i 2019.
Markus Kjelsli Ihle
Ungguten gjekk gradene i Bergsøy, og fekk sin A-debut i 2019. Står med 24 kampar for Bergsøy. Kan brukast både i forsvarsleddet og på midtbana.
Nils-Erik Engen
Midtbanespelaren flytta til Fosnavåg i fjor, og fekk 11 kampar (seks scoringar) for klubben etter overgangen frå Fyllingsdalen i Norsk Tipping-ligaen. Slepen teknikar som også har spelt i Hødd, Djerv og Varegg.
Kristoffer Cadua Nerland Dalstrøm
18-åringen debuterte og spelte fast for A-laget til Bergsøy allereie i 2019. Midtbanespelaren har vore veldig skadeplaga sidan då. Står med 26 kampar for klubben.
Daniel Jøsok Kvalsvik
Kompromisslaus klubbkjempe som har vore skada i over eit år, men som vi håpar rekk seriestart. Midtbanespelaren står med 163 Bergsøy-kampar. Har også vore innom Hødd og Varegg.
Aleksander Kostopoulos Rekdal
Ny i Bergsøy. Teknisk og tøff midtbanespelar som signerte for Bergsøy i vinter frå Larsnes/Gursken, der han spelte 79 kampar. 24-åringen har også vore i Hødd tidligare.
Pijus Marcinkevicius
Eige Bergsøy-produkt som står med 39 A-kampar for Bergsøy. Ungguten har vist fin utvikling i vinter, og blir tøff å bryne seg på denne sesongen. Har også ein sesong i Hødd tidligare.
Bendik Frøysa
Nok ein spennande Bergsøy-unggut. 16-åringen står med 10 A-kampar for Bergsøy etter debuten i fjor. Slepen venstrefot og ein spelar med eit stort potensial.
Magnus Waade Myklebust
129 scoringar for Hødd, Lillestrøm, Odd, Konsvinger og Bergsøy på 36-åringen, som også er cup-meister og har 42 landskampar (åtte scoringar) for Noreg på U16-U21. Spissen står med 14 scoringar på 24 kampar for Bergsøy til no.
Roald Andreas Knoph Runde
Gikk gradene i Bergsøy før han havna i Spjelkavika, der han fekk 91 A-kampar (19 scoringar). Den lynraske angriparen kom tilbake til Bergsøy i 2019, og står med 34 kampar for moderklubben.
Franjo Tepuric
Kroaten kom til Bergsøy i 2015 frå Hødd. Sju år seinare er han nr. 3 på adelskalendarenover målscorarar med 106 nettkjenningar på 126 kampar for dei raudkvite. 33 landskampar (8 scoringar) for Kroatia på U16-U21.