Historikk

sq-sample19

FRAMSIDA
Historikk.com




Velkommen til Historikk.com

Vi har delt heimesida inn i kategorier.

Klubbhistorie (Hovedside)
Fotball spesifikke sider (Røde)
Handball spesifikke sider (Gule)
Friidrett og Øvrig sport (Grønne)

Oversikt: Historikk.com Sideoversikt

Statistikk : EXELFIL 2021 August (4 MB)

Bergsøy2 2022

Historie:
Bildet: Lagbilde 2022. Tatt en mørk, kald og skummel kveld før kampstart mot Moltu/Tjørvåg/Gurskøy. Bak frå venstre: Anders Helsem Hoff, Alfred Gjelseth, Håvard Madsen, Daniel Langvatn, Sander Bøe, Tarjei Frøysa, Ivan Sæther, Trygve Nærø, Sondre Steinsvik, Truls Ristesund, Tore Langvatn (lagleiar). Framme frå venstre: Ola Goksøyr, Kristoffer Dalstrøm, David Tonev, Daniel Jøsok, Markus Kvalsvik, Benjamin Kvalsvik, Glenn Are Elveseter, Gustav Sande.

Bergsøy 2 spelar i 6.divisjon og blir styrt av Anders Helsem Hoff. Målet er opprykk.
Av Steffen Kvalsund


To år med korona, lite trening, vanskelig å motivere seg. Men Bergsøy2 er i sving, gjerne fire gongar i veka på trening. Et lag som stort sett består av juniorar krydra med nokre få eldre spelarar og ein trenar som er Tottenham-supporter. Det luktar gull.


Bergsøy 2

Det brenner ikkje under føtene på Bergsøy2 trenaren Anders Hoff, iallfall ikkje når lagleiaren arbeidar i Herøy brannvesen og har det passande namnet Langvatn. Målet er utvikling, prestasjon og opprykk. Så spørs det litt kva stall laget har tilgjengelig utover sesongen, og om nokre av spelarane tek brua over til A-laget. Det går nok bra ettersom Langvatn er kretsansvarlig (Møre og Romsdal Bridgekrets) i bridge. (Dagens tørraste).
Bildet: Men in Black. Anders Helsem Hoff og Tore Langvatn.


Bilde

Generalprøve før seriestart mot MTG

Bilde

Generalprøve før seriestart mot MTG

Utklipp

Generalprøve før seriestart mot MTG



Bildet: Treningskamp mot Moltu/Tjørvåg/Gurskøy.




Volda3 mot Bergsøy2


Første seriekamp i 6.divisjon. Borte mot Volda3. Det starta jamnt.
Bildet: Anders Helsem Hoff klar til kamp mot Volda3.


Men Bergsøy er Bergsøy. Uslåelige. Og straks kom måla rullande til fordel for Herøylaget.
Bildet: Så lobba Kristoffer Dalstrøm over keeper til 1-0.


Bildet: Bergsøy skapte fleire sjansar foran Voldamålet, dette blei ikkje mål.


Så er det noko med rutinerte fotballspelarar. Dei veit kva dei skal gjere. Og da Zahl såg at det var plass mellom beina på keeper, så var det nettopp der han plasserte skotet til 2-0.
Bildet: Stian Zahl skaut ballen gjennom Voldakeeperen til 2-0.


Sander Bøe. Denne karen kan å skyte frispark. Alle med god venstrefot kan jo det. Det var berre å starte å filme. Målet kan en sjå i videoen nederst på sida.
Bildet: Sander Bøe sitt frispark gikk inn oppe ved krysset.


Berre for å understreke at Bergsøy var framme med brystkassene, så slengte Truls Ristesund ballen imål via brystkassa til 4-0.
Bildet: Truls Ristesund til 4-0.


Så kom 5-0, og nok engang var det Truls Ristesund. Han hoppa. Han hang. Han headda. Og ballen gikk i krysset like før pause. 5-0 var et veldig bra resultat.
Bildet: Truls Ristesund slår til igjen.


Etter pause blei det mindre mål. Faktisk vann Volda3 med 2-1 etter pausen. Redusering til 5-1 kom på ei kontring. Så økte Bergsøy til 6-1 etter at innbyttar Frank Sverre Skorpen gav ballen perfekt til Sander Bøe. Bøe gjorde ein flott kjipp i fart over keeper, og dagens siste Bergsøymål var eit faktum. Det var flott.
Bildet: Sander Bøe med nok en fin tøtch.


Volda3 reduserte til 6-2 like før slutt etter ein corner. Det er greit. Dei skal få lov.

Video mot Volda3


I denne videoen ser en stort sett alle mål frå kampen.




Fotball kampreferat

Kampreferat og statistikk

Les
1415 kampreferat
Serie/Cup/KM
1952-2021










Snarveier