Kortstatistikk på A-laget
Vi har kartlagt 756 gule kort og 56 røde kort gjennom Bergsøyhistoria. Fortsatt håpar vi å finne tak i fleire, men det er ikkje alltid at avisene skreiv kven som fekk kort i kampane.
Vi prøvar å kartlegge så godt vi kan, og her har vi nokre av resultata.
Gule kort
Til fleire kampar en spelar, til større sjanse for å samle fleire kort. Da er det nok ikkje så overraskande at Frank Sverre Skorpen som har flest kampar for Bergsøy også er den spelaren som har samla flest gule kort.
Trykk her for å sjå større tabell.
Røde kort
Når det gjeld røde kort så er det kanskje litt mer overraskande at det er to stjernespissar som toppar med tre røde kort kvar.
Det er ikkje mange Bergsøyspelarar vi hittil har funnet, som har fått fleire enn ett kort. Men vi har foreløbig 24 spelarar som har fått eitt.
Trykk på linken under bildet for å sjå lista.
Trykk her for å sjå større tabell.
Snitt gule kort
Det er artig å sjå kven som har fått flest kort, men det er også artig å sjå kven som hyppigast har samla på seg kort.
Da tek vi antall kort og delar på antall kampar, og får eit snitt gule kort pr kamp.
Stjerner til venstre i rød kolonne = Kampar for Bergsøy.
Gule stjerner = Snitt gule kort pr kamp. Tall ytterst til høgre er antall gule kort.
Da ser vi at spelarane som hyppigast har blitt belønna med gule kort i Bergsøydrakt er desse:
Med berre 2 A-kampar og 1 gult kort, så toppar Morten Reite statistikken med 0,5 gule kort pr kamp.
Trykk her for å sjå større tabell.
Snitt røde kort
Det er andre spelarar som utmerkar seg på toppen av tabellen for hyppigast å få røde kort. Emmanuel Mendy er suveren på denne statistikken med sine 2 røde kort på 4 Bergsøykampar.
Eit snitt på 0,5 røde kort pr Bergsøykamp er ein rekord som blir vanskelig å slå.
Trykk her for å sjå større tabell.
Råtass-tabell - Poengtabell
Så har vi ein tabell der vi kombinerer gule og røde kort i eit poengsystem. På denne måten tydeliggjer vi kven som har fått flest kort i Bergsøy gjennom tidene
Vi har valgt å gi 1 poeng for gule kort og 3 poeng for røde kort.
Da får vi følgande rangering.
Trykk her for å sjå større tabell.
Råtass-tabell Snitt - Poeng pr kamp
Tek ein poengsummen og delar på antall kampar pr spelar, så får vi ein snitt-tabell.
Dette betyr altså hyppighet kort pr kamp, altså kven som hyppigast har blitt straffa av dommarane.
Det vil ikkje være heilt rett, men du kan tenke deg at eit snitt på 1 poeng betyr at spelaren har prestert å få ein poengsum som er tilsvarande omtrent 1 gult kort pr spelte kamp.
Det er dermed ein sterk tabelltopp for Emmanuel Mendy å prestere 1,5 poeng pr kamp i si Bergsøykarriære.
På andre plass har vi Lars Henrik Hasund med 0,6 poeng pr kamp.
Stjerner og antall til venstre er spelte kampar for Bergsøy. Så har vi antall gule og røde kort, og tall til høgre er snittsum poeng pr kamp.
Trykk her for å sjå større tabell.