Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Fyrste lagbildet

Historie:
Info om personane på det første lagbildet

Ein tøff gjeng
Personane er bak fra venstre 1) Peder Worren, 2) Jens Gjerde, 3) Gunnar Roksvåg, 4) Kjell Hånes, 5) Andreas Lied.
Framme frå venstre: 6) Per Pettersen, 7) Oddvar Pettersen, 8 ) Mindor Hestholm, 9) Konrad Gjerde.

Litt om kvar enkelt



Bildet samt namna er noko som ofte dukker opp ved jubileum, og i 2024 er Bergsøy 80 år - og bildet vil nok dukke opp igjen. Men kven var dei, egentlig?

Vi kan driste oss til å gi et forsøk på å gi litt mer utfyllande informasjon. For all del bruk kommentarfeltet og kom med meir informasjon - eller rett oss om det er feil i vår informasjon. (Det kan alltids hende vi har bomma grovt, og det er godt å få vite)

1) Peder Worren (f 13.08.1921-15.10.2000) er den mest kjende. Om nokon kan kallast Mr.Bergsøy, så er det nok han. Initiativtaker frå starten. Fotballspelar. Den første kapteinen. Handballinstruktør. Formann. Sekretær. Kasserer. Revisor. Symjelærar. Engasjert innenfor trim, friidrett og mosjon. Dugnadssjef og pådrivar. Det meste er allereie nemnt om Peder. Æresmedlem i klubben som vi har gitt en lengre presentasjon om på vår nettside før - den kan lesast her: https://historikk.com/nyheterne/pederworren.php

2) Jens Gjerde (f.17/3.1924). Intressert i bridge, og aktiv i Bergsøy sidan 1945. I 1940 hadde han ei ulykke som 16 åring da han datt og traff ei ståande vedskie, og skada eine auget. I 1948 skjedde det på nytt ei ulykke, denne gang på sykkel. På vei mot Eggesbønes til bygningsarbeid brotna framgaffelen og Gjerde fall på hodet og blei liggande i fleire timar før han blei oppdaga.

Blei deretter valgt inn i Bergsøy styret i 1950 og var billettør fleire gangar på Bergsøykampane den første sesongen 1952/53.

3) Gunnar Roksvåg. Han var med i det første skirennet til Bergsøy i 1946, og blei oppmann i handball i 1949. Fekk seg nokre kampar for A-laget i fotball: 3 kampar i 1954/55 og 2 kampar i 1955/56, og var også oppmann i 1956.

Han spelte blant anna idet Bergsøy tok ein klubbrekord som fortsatt står den dag i dag, da Bergsøy slo Heid med 11-1 . Han var vidare med i baneutvalget i fra 1960 til 1962.

4) Kjell Hånes (1918-2000), kjent som ein stor idrettsentusiast i Gjerdsvika. Primus motor for klubben, og fekk overrekt æresmedlem der i 1995 av Nick Sandanger. Kjell hadde to hjertebarn, det eine var fotball og det andre var hornmusikk. Han starta Gjerdsvika skulekorps i 1958 som dirigent og var dette fram til 1972. Han var også ein av dei som tok intiativet til å starte Bergshorn.

Da Gurskøy idrettslag har årsmøte i 1940 blir Haanes ny formann. Han er formann i gjerdsvika i fleire år. Det var også i kjellaren til Anna og Kjell Haanes i Gjerdsvika at ideen om Sandecupen blei lufta og realisert i 1977.

5) Andreas Lied. Ifølge Johs Wike ein av dei harde arbeidarane som gjerne ikkje får den oppmerksomheita han fortjente. Var i lag med Andreas Sævik den som tok initiativ til danningsmøte idet Bergsøy Idrettslag blir grunnlagt i 1944. Lied blei nestformann den gangen, og styremøta blei gjerne utført i hybelen hans.

I 1946 tok han på seg rolle som kasserar, i 1947 blir han sekretær og i 1951 varamann. Han blir omtala som nærmast ein kunstnar, og i 1946 skriv han Fosnavågsangen.

6) Per Pettersen. Han var med i skirenna i oktober 1945, i banenemnda i 1950 og i festnemnda i 1951. Blei deretter svaksynt etter millitæret, og i 1970 åra vart han så å seie heilt blind.

Tiltross for mangel på syn gav han ikkje opp, og blir omtala som alltid optimistisk. I 1967 står det i avisa "Blind mann i Fosnavåg driver egen kiosk". Han var også utdanna sentralbordoperatør og søkte også på sentralbordjobben ved det nye Herøy Rådhuset. I 1969 broderte han ei sofapute til inntekt for Bergsøy Idrettslag, og det kom inn 170 kroner. Det vitnar om god klubbfølelse.

Før han misste synet var han svært aktivt engasjert i lagets arbeid og blei mellom anna ein av dei to første æresmedlemane i laget. Dette er egentlig litt gløymt vekk den dag idag, men bekreftelse på Per Pettersen som æresmedlem står blant anna i Vestlandsnytt 12.12.1969. Det var under et styremøte i Bergsøy 14.10.1953 at det blei skrevet:

-"Det ble så enstemmig vedtatt at Petter Pedersen blir oppført som livsvarig medlem i BIL, og likeså at Per E. Pettersen skal skal gå gratis på alle lagets tilstellinger for ettertiden". I et styremøte 5.april i 1970 gjentok Rolleiv Moen skriftlig at dei to nemnte er æresmedlemmer.

7) Oddvar Pettersen (1930-1992). Eigde båten Aktiv. Tok symjeknappen i 1946.

I 1976 hadde han ei ulykke på hermetikkfabrikken da han drog kasser med en krok ombord på en båt. Taket glapp og kroken traff han i auga og blei sitande fast. Det sto at det var lite trulig at dei kunne berge auga.

8 ) Mindor Hestholm (1920-1968).

9) Konrad Gjerde (f. 1922-2011), gikk under namnet "Konny". Tok symjekurs i 1936 og var blant dei beste ilag med Kristian Nørvåg, Peder Vorren, Osvald Kvalsvik, Leonhard Karlsen, Bjarne Sørdal og Leif Petterse. Var med i baneutvalget i 1947. Han busatte seg seinare på Shetland.

Faren til "Konny" var skomakar og hadde samme namnet, (Konrad Gjerde), og kom frå Nordfjoreid. Ifølge Leiv Pettersen var det Konrad Gjerde som laga den fyrste fotballen han brukte. (Mens trulig faren til "konny").



FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt