Den første dagen der en kan sjå fysisk framgong med kunstgrasarbeidet.
På stivfrossen mark nytta det ikkje med spade då oppstarten av kunstgrasbana skulle markerast onsdag. Men gravmaskina gjorde jobben,
og med ordføraren ved spakane så vart den første torva broten laus.
Det er femti tusen kubikkmeter med fast fjell som Frantzen Maskinstasjon skal sprenge vekk der kulturhuset skal få ny parkeringsplass. Omlag halvparten av dette må nyttast til å fylle opp
myra nedanfor Bergsøy Stadion der kunstgrasbana skal ligge.
Herøy kommune står ikkje berre som utbyggar, men skal også eige anlegget der Bergsøy Idrettslag er ein viktig økonomisk medspelar. Kunstgrasbana vil gi fotballen i Herøy eit kraftig løft, og
Bjørn Otterlei i Bergsøy Fotball understrekar at også andre enn Bergsøy sine egne aktive skal få sleppe til.
-"Her får vi gode treningsforhold året runt. Den ledige kapasiteten skal andre få nyte godt av", seier Otterlei.
Han gler seg til å kunnetilby dei aldersbestemte fotballklassene skikkelige treningsforhold. Entrepenørane reknar med å være ferdige med planeringsarbeidet
om et halvt års tid frå no. Deretter må massene få tid til å sette seg før kunstgrasdekket kan leggast.
Kommunen og idrettslaget må no ei runde til næringslivet for å be om hjelp ti lå dekkje det som manglar på at prosjektet til vel 11 millionar vert finansiert.