Plassen var Color Line Stadion. Været var grisette. Kjendisane florerte. Bruce Grobbelar. Alan Kennedy. Jan Mølby. Ian Rush. Roy Evans. Åge Hareide. Mini Jakobsen. Gøran Sørloth. Lars Bohinen. Og ikkje minst Fred Frantzen.
Fred var ganske aktiv på oppvarminga, og vi starta å sanse at noko stort var på gang. Han virka målbevisst og klar for dagens oppgave.
Kampen skulle vare i to ganger 30 minutt, og Fred måtte være klar for å hoppe innpå bana når som helst. Vi er jo alle klar over potensialet som fortsatt ligg og lurer i kroppen på
den aldrande målkongen. Dette øyeblikket har han tenkt på i lengre tid, og Fred har også trent ilag med A-laget enkelte økter for å få kondisjonen opp og gå.
4900 tillskuarar, kan det stemme? Det var der og der. Mini Jakobsen gav det norske laget en flying start. Ei fin kontring, sjølv om Bruce Grobbelar i pausa hinta fram til at det var 2 yards offside.
Det sto 1-1 til pause, etter ei fin utligning av "man of the match" Mark Walters med drakt nr 11. Walters var sløv i starten av kampen, men stor utover. Det samme kan vi seie om Liverpool som tok meir og meir over kampen.
Men tilbake til det viktige. Fred spelte vel kanskje ei 10 minutt. Fekk desverre lite å jobbe med, og datt lengre og lengre ned på bana før han endte ut på benken igjen.
Det var klart at det norske laget ikkje var så samspelt som dei burde vore. Hadde dei brukt Frantzen meir denne kampen så kunne kanskje resultatet blitt noko anna.
Det var stor forskjell på laga etter pause. Mark Walters førte laget opp til 2-1 med en frekk lobb, og då Ian Rush var kontant og økte til 3-1 så var kampen i realiteten avgjort.
Dommar Davy og en vifteglad linjedommar frårøva trulig ei norsk redusering for feilaktig offside, men resultatet bryr ingen seg om. Underholdninga sto i høgsetet. Vi fekk sjå et brassespark som nesten endte i mål, og vi fekk sjå Mini trenge løftehjelp
for å ta saltoen etter scåringa si. Jan Åge Fjørtovt var ikkje særlig einig i linjedommarens vinkingar, men det som nok prega kampen mest var Liverpool sin presisjon i spelet. Pasningsspelet utspelte og frustrerte nok dei norske legendene, og Liverpool hadde et dusin med trekk innad i laget.
Vi kunne sjå at Liverpool hadde en ekstra gir å bruke, men dei trengte ikkje å ta den fram.