Kunstgrasbana foreksempel. Mange var nok skeptiske til at det var mulig å få til ei kunstgrasbane i myra nedanfor stadion, men om en ser på gårsdagens bilde så ser en at det ikkje nødvendigvis er så lenge til gravmaskinene har gjort sin jobb.
Bergsøy ligg på sisteplass i 3.divisjon etter halvspelt serie, og laget har en tøff klatrejobb foran seg.
Denne uka starta den organiserte treninga igjen, mens laget reiser på treningsleir til Sverige på laurdag. Heller ikkje dette
har gått uproblematisk. Etter dagens opptelling var det no 13 mann som var klare til å reise, et anntall som egentlig er skremande lite.
Enkelte melder avbud ei uke før avreise. Av dei 13 (forhåpentligvis blir det fleire) så er det fleire som ikkje har vore med å spelt for Bergsøy i årets sesong, men som er med for å
fylle opp plassane. Frustrasjonen er sjølvsagt stor, spessielt for Toni Sandanger som har organisert, bestillt og ringt i hytt og pine for å få til en god tur for laget.
Fleire lurer nok på kva lag Bergsøy vil stille etter sommarpausa er over. Vil Bergsøy klare å forsterke laget? Marvin Kopperstad blir forhåpentligvis skadefri ut på hausten en gong,
mens Vegard Sævik blir speleklar. Men vi må nok også forvente at enkelte vil forlate laget. Kjell Alfred Otterlei skal til Tromsø på skule.
Mons Arne Kvalsvik blir trulig borte i fleire kampar i jakt på fisk ute i havgapet. Om fleire kjem inn eller ut det får tida vise, kanskje blir også Anvar Dulic klar etter skade?
Det er no ei stund sidan vi fjerna gjesteboka, men ting har starta å røre på seg igjen. Arbeidet har etter rapporten starta.
Korleis den blir får vi berre vente å sjå. Ansvaret for denne prosessen har blitt overlatt til en meir teknisk dyktig person.
Så fram til han er ferdig så ventar vi faktisk i spenning alle mann. Det kan ta ei uke, det kan ta tre uker, tida får vise.
Den komande ballbingen.
Gravmaskina har jobba endel på området ved sidan av der volleballbana er, der det sjølvsagt skal kome en ballbinge med tide og stunder.
Med ballbinge, volleyballbane, grasbane, kunstgrasbane, skatebane, streetbasketbane, handballbane og badebasseng tett i tett så vil Herøy få et skikkelig idretts-paradis! Vi ser for oss mange topptrente talent med god teknikk dei komande åra.