Klubbhusets gule dagar held på å forsvinne. Spelarar har både laurdag og søndag fått kvitfarge på veggane, og det første strøket er bortimot ferdig på den synlige sida av huset.
Klubbhuset i Huldalen har stått i området sidan 1988, og en liten reportasje frå den gong huset nesten sto ferdig kan du lese her.
Vidare har klubbhuset sjølvsagt gått gjennom nokre forandringar, og det er heller ikkje lenge sidan det kom på plass ei ny og fin tribune i dette området. Den siste dugnaden dreier seg om maling.
Ikkje den aller største revolusjonerande forandringa med andre ord, men nok til at det vil bli merka.
Bergsøy JR vann & Jenter 14 har spelt uavgjort.
Bergsøy sine juniorar slo Stranda med 3-1 idag, stillinga til pause var 1-1. Etter rapportane så var Bergsøy klart best,
og Andre Lima, Kjetil Paulsen (str) og Bjørnar Gundersen ordna tilslutt en fortjent seier. Det siste og avgjerande målet som Bjørnar knalla inn på volley
kom etter et flott angrep frå BIL si side.
Den komande kunstgrasbana.
Tidligare blei det sagt at det var håpa på en opning av kunstgrasbana i September. Sjølv dei største optimistane
vil nok sjå at dette ikkje har klaffa heilt optimalt. Arbeidet fortsetter, og det er ikkje lett å fastsette en ny dato på opningsdagen.
Vi gler oss uansett, og håpar inderlig på å sjå bana klar til bruk før vinteren kjem. Lysmastrene ligg i det minste klar til bruk, mastrene som tidligare var på gamle Kråmyra stadion - og som du ser to bilder av under.
Mens lys er et tema kan vi nemne at det stadig blir mørkare på kveldane frammover. Dette sett også fredagens kamp mot Hødd2 i fare, iallfall
med tanke på Bergsøy Stadion. Trulig vil lysforholda gjere det slik at kampen må gå i Huldalen.