Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Fotballhelga er over

Arkivet:
Fleire lag imponerte på Førdecup, mens A-laget berre nesten gjekk vidare frå innleiande runde i Senior-KM
Av Steffen H Kvalsund Publisert 13. November 2006

Det blei gull, sølv og bronsje i Førde Cup. Gull for juniorane sitt andrelag i B-sluttspelet, sølv for jentelaget i A-sluttspelet og bronsje for juniorane sitt førstalag i A-sluttspelet.

Vi har fått roa ned litt, og har tatt ei lita puslerunde foran dataskjermen. Dei fleste har fått med seg at meiningsmålinga har blitt forandra. Vi har også fått litt mer orden på reportasjesida og kategorien "Kampreferat". Vidare har det blitt leika litt, og vi har fått laga en quiz. Det var lenge sidan sist no. Vi hadde planlagt å lage en del fleire, men tida strakk desverre ikkje til. Vi får ta det igjen :D

--> Trykk her for quizzen "Aktuelt oktober/november".

Vi har fått oppdatert oversikts-sida til kunstgraset med dei siste bilda. Akkurat kor mange bilder vi har av lagt ut av framgongen til kunstgraset er usikkert, men det er rundt 100 bilder pr idag. Den nærmaste tida må vi være ekstra aktive med kamerabruken, ettersom graset snart skal være på vei til å bli rulla ut. Etter det vi har fått vite så blir det asfaltert rundt bana tirsdag 14.november, mens det er håpa å rulle ut gras på fredag. Deretter går det slag i slag.



(Bildet: Bilde tatt av kunstgrasområdet 9.11.2006.)


Dramatikk i forbindelse A-KM i Olivinhallen.

Hareid og Åram gjekk vidare under A-KM. Men det spørs om ikkje blant anna Volda kjem til å legge inn protest. Det blei en del kluss med utrekninga av målforskjellen, noko som tilsynelatande førte til at både Bergsøy og Volda møtte feil lag i dei avgjerande kampane. Volda har rekna på tala, og meinar dei vann pulja med fleire scora mål enn Bergsøy - noko som skulle bety at Volda burde møtt Åram mens Bergsøy skulle spelt mot Hareid. Bergsøy tapte mot Åram, og Volda tapte mot Hareid.

Bergsøy sto klare til å spele mot Hareid då sjefane rekna over resultata på nytt, og då blei det fastsatt at Volda var laget som skulle møte Hareid. Dermed måtte Volda bli henta inn på parketten, nokså umotiverte, og kampen bar rett nok preg av dette. Bergsøy på si side møtte Åram, og tapte i en kamp som lenge var jamn. Åram tok over føringa i kampen idet scoringa til 5-4 blei et faktum, og Bergsøy makta ikkje å kome tilbake etter dette.

Bergsøylaget gjorde en fin innsats inne i Olivinhallen sjølv om laget berre hadde med seg 3 innbyttarar. Det fører oss over til ei anna dramatikkhistorie; Thomas Voldsund forsov seg på morgonen og skulle kjøyre sjølv for å møte gjengen. Dette endte i utforkjøring og en bil som rulla rundt. Det gjekk heldigvis bra med Thomas, som sjølv ringte og sa at han desverre ikkje kunne møte opp for å spele. Et anna dramatisk høgdepunkt denne søndagen var Anvar Dulic sitt røde kort mot Volda, en situasjon der Anvar tydelig blei provosert. Dommeren gav det røde kortet til spelaren som var mest oppskaka, men burde nok også vist tillsvarande kort til dei som var ansvarlige for oppskakinga.

Når det gjeld spelarane så skal alle ha ros for å ha kjempa hardt, og det kjentest på beina at det blei mykje speletid på kvar enkelt. Sentrallinja med Toni imål, Jonny i forsvar og Preben på topp var nok pådrivarane. 3 spelarar som Bergsøy til neste år desverre kan miste om ikkje BIL kjem meir på bana for å halde på dei. Preben Hestad var i målform og scora nok bortimot ei 15 mål. Dei øvrige spelarane var Harald Haugen, Frantz Frantzen, Daniel Hatløy, Steffen Kvalsund og Anvar Dulic. Ikkje så mange "innfødde" Bergsøyspelarar som gjerne var tilfelle for berre nokre år tilbake, men likevel en svært god gjeng som var innstilte på å kjempe for kvarandre.

NY oppdatert informasjon.

Det blei nokre tilbakemeldingar om at det var ønska meir informasjon om Førde Cup, og ved hjelp av Hallgeir Frøystadvåg så har vi fått litt meir informasjon om kva som skjedde i Førde i helga. Hallgeir var med Jenter16, og dette laget skulle spele seg heilt fram til finala. Laget blei dermed det beste Bergsøylaget som var med i turneringa. Jentene kom på andreplass i si pulje, og gjekk vidare for å møte Florø i kvartfinalen. Bergsøy vann 3-0 den kampen. Bergsøyjentene tok deretter revansje mot Høyang som laget tapte mot i gruppespelet, og tok en ny 3-0 siger i semifinalen. I finalen blei Førde1 for sterke og vann 2-0, men likevel må laget seie seg fornøgde med en topp innsats.


(Bildet: Jentene klare til dyst i en artig cup.)


Meir om jentene sin innsats på Førdecup kan du lese på Jenter16 si lagnyhets-side. Juniorane vann bronsjefinala under årets Førde-cup, og Kjetil Paulsen blei lagets toppscorar med sine 8 mål. Vi må også nemne Bergsøy Junior sitt andrelag som også imponerte med siger i B-sluttspelet.

Til neste helg er det ei ny turnering som ventar juniorlaget, og Bergsøy er arrangør idet KM blir halde i Herøyhallen. Planen er at det vil bli fortøpande resultat og informasjon frå våre KM-sider (Trykk link oppe til høgre på sida). Idag har vi også fått på plass omtalen om Ørsta.

Våre JR-KM sider blei laga på nokre timar, og er ganske enkel. Vi prøvar også å gjere det ganske enkelt under oppdateringa av kampane, slik at det i kommentarfeltet under kvar kamp vil kome målscorerar og eventuell anna info fortløpande. En treng med andre ord ikkje å trykke seg inn på kvar enkelt kamp for å halde seg oppdatert om kva som skjer.




kampreferat






Fotball





Ekstern Link fotball.no


Fotball




Ekstern Link fotball.no


handball



Ekstern Link handball.no


handball



Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt