Bergsøy er KM-vinnerar på heimebane, en prestasjon som fortjener den skryten den kan få. Kjetil Paulsen blei av en jury kåra tl finalens beste spelar, en kamp der Bergsøy vann 4-2 over Ålesund. Ålesund slo Hødd i semifinalen, Bergsøy kom på si side til finalen ved å slå Stranda.
Hødd sitt lag var av fleire forhåndsfavorittar, ikkje minst fordi dei spelte bra i dei innleiande kampane. Det skulle vise seg at det var fleire lag som kunne kjempe om pokalen, og Stranda sitt lag imponerte også i sine tidlige kampar. Bergsøy varierte i prestasjonar, men starta dagen med en utklassingssiger mot Herd1. Det blei tøffare mot hard motstand, og berre et klassefrispark av Egzon Abazi gjorde at laget kunne slå Hareid ut av turneringa med stillinga 3-2 i kvartfinalen.
(Bildet: Kjetil Paulsen blei kåra til finalens bestemann.)
(Bildet: Gustav Pettersen blei KM'ets toppscorar.)
(Bildet: Bronsjelaget.)
Spennande finale i Herøyhallen.
Det har brukt å vore vanskelig for Bergsøylaget å kome til ei finale, det har somregel endt i semifinalene. Denne gongen gjekk det imidlertid heilt fram,
og da var det berre å gi alt. Det starta igjen med et baklengsmål, som i dei fleste andre tøffe kampane. Men Bergsøy hadde en flott lagmoral,
og Egzon Abazi sitt fine skudd ordna utligning. Kjetil Paulsen si beregnande skuddplassering i lengste hjørne var like vakkert, og dermed var Bergsøy
oppe i en 2-1 ledelse. Idet Andre Lima ordna 3-1 så kunne vi virkelig lukte pokalfesten, men det skulle bli meir spenning.
Kristoffer Grønmyr var en god spelar for Ålesund denne turneringa, og han reduserte til 3-2 på et praktfullt langskudd.
Likevel, Bergsøy vart det beste laget tilslutt, og Egzon Abazi ordna enda ett av sine viktige mål idet han punkterte kampen til 4-2 via stanga.
Vi skal sjå om vi en dag seinare kan få på plass alt av statistikk, men til då så henviser vi til våre KM-sider der det no ligg over 60 bilder tatt frå turneringa.
Elles kan vi nemne at Bergsøyspelarane gav trenar Odden prisen om overnatting på et Rica Parken Hotel.
(Bildet: Kaptein (finalens beste) og toppscorar.)