Bergsøy har ikkje mange dommarar i sin stall, og også iår må klubben ut med en del pengar i "straff". Bergsøy må betale 11250 kroner, og er med det en av dei tre verstingane på denne statistikken ilag med Ha/no og Hødd. På den andre sida av denne tabellen finn en Valder som på si side blir belønna med 20850 kroner.
Vidare er den siste "stor-nyheta" at Volda får spele i innandørs-KM likevel. Kva SFK skriv om dette kan du lese her. "Dette har ingenting med tabba som skjedde inne i Åheim", blir det sagt. Det er sjølvsagt ikkje heilt enkelt å tru på den uttalelsen, noko vi også ser Norborg.com tvilar på. Stranda si heimeside dreg den litt lenger, og kallar dette "heilt på tryne". Volda har alltid hatt sine klare meiningar om rett og urett, og i Sunnmørsposten har vi dei siste åra ofte fått lest kva Volda meinar om både det eine og det andre. Dette er vel egentlig et bra tegn på engasjement inne i Volda. Likevel.. At regelen om at arrangørlaget alltid bør delta kjem no, og gjeld frå og med no, kan knapt kome på anna grunnlag enn at SFK har følt et visst press i det siste?
Kunstgrasbane-nytt.
Mandag 4.desember blir det halde kurs i å vedlikeholde kunstgrasbane i Ålesund. Ja nettopp, også kunstgrasbaner treng vedlikehold. Vi får håpe Bergsøy både får på plass kunstgrasbana, samt at den vil bli tatt vare på. Det siste ryktet vi høyrde var at graslegginga skal skje mandag, men kven veit? Laurdag kl 10 er det varsla dugnad, les meir om det på A-lagets side.
Anna nytt.
* Hareid si heimeside kjem med nyheta om at Ronny Jørgensen har blitt pappa. Sambuaren
Cathrine Horn fødte ei jente. Vi grattulerar!