Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Profil: Bodil Notøy


Profil:
Profil: Bodil Notøy



29.11.1954 - 05.01.2004

Var i ei årrekke rekna for å være som ei mor for handballungdommen i Herøy. Tok på seg leiaransvar i ei årrekke for handballstyret og hovudstyret, samt at ho var leiar i fritidsklubbar. Ho var også oppmann for herrelaget i handball i mange år, samt at ho var marsarrangør for Rundemarsjen for å nemne noko.

I 2000 fekk ho utdelt Kulturprisen i Herøy Kommune for sitt årelange engasjement for lokalidretten, og spesielt handballen.




Handballformann frå 1987


Handballen hadde stor aktivitet, og det var 10 påmelde lag i serien. Økonomien var så som så, men takka være utlevering av bossekkar samt eit reiselotteri så fekk ein balanse i reknskapen. Jorunn Aasen hadde no sagt frå seg gjenvalg og det var Bodil Notøy som blei ny handballformann.
Bildet: Hovedstyreformann Oddbjørn Vinjevoll i midten. Fra venstre Eimar hagen (fotball), Gerd Nerland (trim), Oddbjørn Vinjevoll, Bodil Notøy (handball) og Hallvard Rusten (Friidrett).


Bodil blei valgt på ny i 1988, og fekk då ansvaret for ei av dei største handballgruppene i kretsen med heile 13 lag i seriespel.

I februar 1989 var det snakk om å etablere ein felles handballklubb på Søre Sunnmøre, men under samtalane mellom Bergsøy og Larsnes kom ein fram til at det ikkje var grunnlag for noko slikt. Hødd hadde også ei lunken stemning til forslaget. -"Men vi må sjølvsagt halde kanalane opne for eit slikt samarbeid seinare", sa formann Bodil Notøy den gang.

Idet vi nærmar oss desember i 1989 blir det klart at Bodil Notøy fortsetter nok eit år som handballformann i Bergsøy.


Satsing i 1990


Året 1990 starta med at Bodil viste sitt engasjement for handballen og alle dei frivillige ved å svare på eit kritisk innlegg i Vestlandsnytt.

-" Publikummet i Herøyhallen er unikt. Vi har ein flott fast gjeng som støttar opp om handballen helg etter helg. Vi treng publikummet vårt, og dei skal vite at vi set pris på den stemninga dei lagar i Herøyhallen. Handball er moro! Dette vil vi framleis halde fast på, trass i iltre kvefsestikk i lesarinnlegg."

(Bodil Notøy, februar i 1990)
I april melde Bodil om at handballen satsar vidare, og at dei siktar på å engasjere den joguslaviske trenaren Marijan Sedjak som trenar.

- "Om dette går i boks er det nesten som ein draum skulle gå i oppfylling", sa handballformannen Bodil til Vestlandsnytt. Den 2.mai blei signeringa klar, og Bodil var då både letta og glad for at sigeringa kom i orden.

-" I tillegg har vi fått tilsagn på lossejobbar som vi vonar kan gi oss 100 000 kroner ekstra i kassa, og i det heile har denne storsatsinga gitt oss ny inspirasjon og ny giv mellom dei tillitsvalgte og spelarane.."

(Bodil Notøy, mai i 1990)
Bodil blei på ny attvalgt som formann mot slutten av 1990, og Darko blei ein suksess og attraksjon for handballaget som trekte meir publikum enn det hadde vore.


1991: Bergsøy Sommercup og Økonomi


-"Sportslig ei flott turnering med mykje fin handball og god underholdning. Men økonomisk vart det ingen suksess, med berre 26 betalande over to dagar", sa leiaren i handballgruppa Bodil Notøy.
Bilde frå Juli 1991: Bodil Notøy ilag med representantar frå Norges handballforbund, Karl Olav Berg og Bjørn Johansen, som var godt fornøgd med handballarrangementet (Bergsøy Sommercup) i Herøy.


I August arbeidde Bodil Notøy intenst for å få på plass innreiseøyvet til Dark til NM-kampen mot Åsane, noko ho fekk til. Darko kom fra Kroatia som blei meir og meir ramma av krig i denne perioda. Handballformann Bodil Notøy tok då i november 1991 meir initiativ ilag med kapteinen på damelaget Janny Krogset, for å stå som ansvarlige for den praktiske gjennomføringa av ein hjelpeaksjon for Kroatia. Det var behov for mat, medisinar og varme vinterkle.
November 1991: Odd Rudolfsen (fotball), Bodil Notøy (Handball mellombels), Hovedstyreleiar Eldbjørg Eggesbø, Astrid Roset (Volleyball), Gunnar Ryan (Friidrett).

I november 1991 sa Bodil fra seg attvalg, og det lykkast ikkje gruppa å finne ein ny leiar. Bodil skulle fungere som leiar fram til mai 1992. Astrid Jensen blei valgt til ny leiar i januar 1992.

I desember var driftsresultatet til fotballgruppa i Bergsøy så dårlig at Bodil og handballgruppa sterkt vurderte å trekke seg ut av Bergsøy IL for å heller starte ein eigen klubb.

-" Vi i handballgruppa har ein gjeng aktive som er utrulig flinke å skaffe midlar til vår drift, og vi klarer akkurat å gå i balanse. Vi skal ikkje lide for fotballens synder. (..) Eg vil ikkje her og no seie at vi vil bryte ut, men vi vurderer det."

(Bodil Notøy, desember 1991)


1992: Sunnmøre Handballkrets


Ho gav seg kanskje som handballformann i Bergsøy i 1992, men det betyr ikkje at ho gav seg. Ho fekk også ein god takk frå handballgruppa i Larsnes for eit flott samarbeid, der Larsnes fekk bruke Herøyhallen som heimebane.
Mars 1992: Bodil Notøy overrekker blomar til Ruth Vestnes for sin kamp nummer 200


I mai 1992 blei det nemlig klart at det var eit nytt styre i Sunnmøre Handballkrets, og der var no Bodil Notøy ein av styremedlemmane.
Styret i Sunnmøre Handballkrets: Fra venstre Bodil Notøy, Helge Søvik (Stranda), Bente Iversen (Mauseidvåg), Ruth Moldskred. Foran sit Berit Haugen (Sif) og Jostein Solvoll (Spjelkavik)



1993: Oppmann for herrelaget


Til sesongen 1993/94 var det Tor Sindre Steinsvik som blei hovudtrenar for både herrelaget og damelaget, og Bodil Notøy tok på seg oppmannsjobben for herrelaget mens Rune Notøy blei oppmann for damelaget. Målsteninga var å bli beste Sunnmørslaget.

I mars 1994 kunne ikkje trenar Tor Sindre være med til kamp mot Skogn, og det var Bodil Notøy som tok leiinga. Bergsøy overraska stort og varta opp med festspel, der gjestane Bergsøy til tider spelte "ball i hatt" med heimelaget og vann 30-22. Viktige spelarar på laget denne tida var blant andre Gard Berge, Håvard Notøy, Roald Johansen, Stig Vestnes og Nils Christian Nørvåg.


1994/95: Leiar i hovedstyret


I desember 1994 vart Bodil Notøy valgt som ny leiar i handballgruppa etter at Paul Lillebø hadde sagt frå seg attval. Med seg i styret fekk ho Stig Vestnes (Nestleiar), Geir Egil Olsen (Sekretær), Peder Worren (Kasserar), Roger Vollan (styremedlem), og varamedlemmar Rolf Sivertsen, Monica Hide og Asbjørn Myklebust.
Kun kvinnelege leiarar i Bergsøy: Marie Strand (fotball), Bodil Notøy (leiar i hovudstyret), Astrid Jensen (handball) og Johanne Waage (friidrett). Den femte leiaren, Annlaug Varhaugvik (trimgruppa) var ikkje med på bildet.


I mai 1995 kom Bodil med eit hjartesukk i lokalavisa.

-" Vi er heilt avhengige av hjelp og støtte av foreldra for å kunne halde oppe den store aktiviteten i Bergsøy Idrettslag. Hvis ikkje blir det ei for stor belastning på dei få eldsjelene som har teke på seg ulike verv.."

(Bodil Notøy, mai 1995)
Bodil fortsatte som oppmann for herrelaget også den neste sesongen, 1995/96. I november 1995 var Bodil med å dele ut ærespris til Olaf Brathaug.

I desember 1996 blir det klart at Bodil fortsetter vidare som leiar for hovudstyret, og ho er også fortsatt oppmann for herrelaget. Bodil var også medlem i baneutvalget i Bergsøy, og kunne i 1998 konstantere at Bergsøy Stadion ikkje holdt mål under ei synfaring på stadion.

I mars 1999 blei Bodil Notøy attvalgt som leiar i hovudstyret for dei neste to åra, denne tida dreiv ho også ein klubb kalla "Onsdagsklubben" i regi av kulturetaten. Klubben var ein fritidsklubb for funksjonshemma, der dei møtte opp til dans og moro på Kulturhuset.

2000: BIL-veteran


Den 45 år gamle hovedstyreleiaren og Bergsøyveteranen Bodil Notøy måtte i januar 2000 kome med eit hjartesukk om manglande leiarar i Bergsøy. Bodil har tatt fatt på sitt sjuande år som leiar for hovudstyret og var i like lang tid leiar for handballgruppa før den tid. Rutine og kontinuitet trengs, derfor tek ho ansvar og held fram som leiar sjølv.

-"Det er stor mangel på leiarar i Bergsøy (..) Fotballgruppa treng 80-90 personar for å drive forsvarlig og har idag 50-60. Handballgruppa slit med det samme problemet. (..) Denne svikten har vore meir og meir merkbar dei siste 4-5 åra. Det vil vere ille om vi må redusere aktiviteten".

-" Hadde alt vore svart hadde eg nok pensjonert meg for lenge sidan. Det har også sine lyse sider å vere med i eit fellesskap som eit idrettslag er. (..) Rundt kjøkenbordet har vi hatt mange styremøter, men også trivelige stunder med handballfrukostar med både dame og herrelaget før søndagskampar i Herøyhallen."

(Bodil Notøy, januar 2000)
Da Bodil fekk spørsmål om å trekke fram nokre positive minner svarte ho at det gledde henne at BIL-dommarar fekk ungdommens kulturpris i 1998. Ho trekker fram Lydia Iren Waage si friidrettskarriere, og stordomstide til handballherrane med Darko som trenar når det var 300-400 tilskodarar på tribunene.


Kulturprisen 2000


I oktober 2000 fekk Bodil Notøy utdelt Kulturprisen i Herøy Kommune, blant anna for sitt årelange engasjement for lokalidretten og spesielt handballen. Det var Gunnar Sævik, leiaren for kultur og oppvekst, som delte ut prisen. Mange meinte at Bodil burde hatt prisen for lenge sidan. Bodil har i tillegg til prisen teke del i støttegruppe for psykisk utviklingshemma og ho har vore natteravn, i tillegg til å være leiar for fritidsklubben på Herøy Kulturhus.

-"Prisvinnaren er den type menneske som verkelig bryr seg om andre. Ho har vist eit stort hjartelag for idretten, kanskje spesielt handballen, og ho har vore nesten som ei mor for handballspelarane."

(Gunnar Sævik som delte ut prisen)
Bodil var mållaus og rørt då ho fekk utdelt prisen, som besto av diplom, blomster og 10 000 kroner som Sparebanken Møre og Herøy Kommune var med på å sponse.


2001: Krise i Bergsøy fotball


Leiarkrisa i Bergsøy hadde blitt større, og hovudstyreleiar Bodil Notøy hadde klar tale:

-"Om ikkje fotballgruppa greier å stable på beina eit fulltallig styre så må aktiviteten reduserast. Det betyr at mange gutar og jenter må stå på sidelinja når fotballen snart tek til å rulle igjen."

(Bodil Notøy, mars 2001)
Det var ei skute utan skipper idet Bergsøy reint praktisk ville få det vanskelig å halde aktiviteten oppe uten at ein kunne få på plass eit eige gruppestyre.


Til minne


I januar 2004 mottok ein den triste beskjeda om at Bodil Notøy hadde gått bort. Gjennom dei siste 20 åra hadde ho vore ein av dei mest sentrale personane for arbeidet med ungdommen i Herøy. Sjeldan hadde det nok vore fleire ungdommar til stades ved ein gravferd.

Bodil var ei ildsjel. Oppmann for herrelaget, ofra frihelger for å kjøre til bortekampar. Klubbformann og primus motor for Bergsøy handballgruppe i mange år. Ein dyktig organisator. Opptatt av å gi ungdommen alkoholfrie tilbud, og stussa ikkje i å ta jobb som leiar i fritidsklubben. Eit ja-menneske, og var raskt frampå for å hjelpe dei som trengte hjelp.




FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt