Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Stjerne-Profil
Erik Løfoll

Profil:



Bergsøy IdrettslagErik Løfoll

Kampar
25
Mål
1
Gule kort


EL




Skills-barometer

Teknikk:



Midtbanespelar:


Skudd:


Fakta
Info Fakta
Debut 10.08.1952 -
Bergsøy - Heid 5-4
Alder ved debut Ca 27 år
Antall kampar 25
Antall mål 1
Første mål 24.08.1952 -
Bergsøy - Tennfjord 3-1
Sist spelte kamp 21.09.1958 -
Bergsøy - Stranda 2-1
Tid fra første til siste kamp 6 år



Profil: Erik Løfoll



Erik Løfoll (1925-2013), som var ein av Bergsøy sine aller beste fotballspelarar idet klubben blei danna på 1940-tallet.

Den første playmakeren til Bergsøy ?



Erik Løfoll



I 1936 var det at 11 år gamle Erik Løfoll for første gang skapte overskrifter i Fosnavåg, men den gang ikkje på grunn av fotballferdighetene. Han gikk utfor kanten av ei kai, og heldt på å drukne. Ikkje nok med det, men seinare på dagen klatra han i Igesundfjellet og hoppa ned på ei fjellhylle som løsna - og datt nedover ei 60 meter før han slo seg i svime. Han fekk sår i hovudet, og hadde slått seg mykje - "men beina var heile" sto det i avisa. Heldigvis for den komande tekniske fotballspelaren.

Johs Wike har nemnt at det var to gode fotballspelarar den gangen som peika seg ekstra ut, den eine var Leif Pettersen (spelte back og keeper), den andre var Erik Løfoll - som var teknisk og var spelaren som satte igang angrepa.

Leif Pettersen sa sjølv at han meinte Erik Løfoll var den beste, for han var ein sånn teknisk spelar som stort sett fann målet idet han skaut. At han sjølv var nemnt som ein av dei beste meinte Leif nok var fordi han var så rask, og stort sett rakk tak i angriparane som kom.

I juni 1949 hadde BIL treningskamp mot sildoljefabrikken på Moltu, og BIL hadde best kondisjon og vann 6-0. I vestlandsnytt skreiv Pit (Petter k Pettersen) at "på BIL sitt lag var som vanlig Leif Pettersen den beste, og Erik Løfoll som centerhalf var også god.

I 1950 var Erik Løfoll instruktør for fotballen i Bergsøy idrettslag. Seinare idet Bergsøy starta med seriefotball i 1952, og klubben opplevde sin første heimekamp 10.august mot Heid, så var det skrevet at Erik Løfoll kanskje var banens beste.

Målstatistikk frå 1950-tallet er ganske mangelfull, så einaste målet vi har klart å bekrefte Eirik Løfoll scora var eit flott mål på indirekte frispark mot Tennfjord i 1952/53 sesongen. Han spelte kampar i kvar sesong gjennom heile 1950-tallet, og står i vår liste oppført med bekrefta 25 kampar. Han spelte nok fleire kampar i 1952/53 som vi ikkje har klart å bekrefte, og hadde trulig fleire mål gjennom heile 1950-tallet.

Året 1944 då Bergsøy blei danna - blei det også skipa Fosnavåg Mannskvartett. Det var Erik Løfoll og Frantz K Frantzen som her var hovudpersonane. Dei øvde inn duettar med kristelige songar i sitt reportoar med Oline Frantzen som organist. Løfoll og Frantzen var ein etterspurt duo i åresvis i Herøy. Blant anna hadde dei kirkekonsert for flyktningar i 1959. Frantzen var klokkar i Herøy kirke i 20 år.

Løfoll hadde også fleire roller, blant anna leder for Norsk forbund for psykisk utviklingshemmede sitt lokallag i Herøy, varamann i Bergsøy kristelige ungdomsforening, aktiv i Krf og formann i styret til Fosnavåg bedehus.

Bildet: Første lagbilde av Bergsøy etter dei kom med i serien, bildet tatt 17.08.1952 av laget som slo Vartdal i sesongens tredje kamp, og dermed BIL sin første bortesiger nokongong. Vi har gitt farge til Løfoll. Bak frå venstre: Petter J Pettersen, Jan Vinge, Erik Løfoll, Sigmund Paulsen, Knut Nilsen, Jon Ertesvåg, Peder Worren, Kristian Østensen, Ola Goksøyr, Harald Djupvik, Sverre Botn og Leiv Tronstad. Framme fra venstre: Nils V Pettersen, Nils P Nilsen og Leif K Pettersen.



FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt