Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com


















Profil: Eystein Botn


Profilen:
Profil: Eystein Botn



I dei aller fleste klubbar er det mange ildsjeler som gjer ein stor jobb. Eystein Botn var ein slik, som i mange år gjorde ein stor innsats. Ikkje på grunn av resultat på banene, for fordi han meinte idretten betydde noko positivt for barn og unge. Innsatsen til Eystein viste seg igjen i Bergsøy på mange område. Han merka bane, rydda, dreiv dugnad for å få inn pengar, han stillte tilogmed som spelar når laget mangla ein mann.

Frå 1959 og gjennom heile 1960-tallet var han ein viktig mann i styret og dreiv Bergsøyskuta med stødig hånd, mange av åra som formann.


Eystein Botn. Ei ildsjel i Bergsøy-historia.

Intro



Botn. Eit viktig etternamnt i Bergsøy. Sverre Botn var ein god fotballspelar, broren Kåre Botn var lenge ein aktiv bidragsytar, og sonen Per Botn er æresmedlem i klubben. Eystein Botn var bror til både Sverre og Kåre. Søskenflokken var på 9 barn. Foreldra Berthe Igesund (frå Igesund) og Peder Botn (Frå Austefjorden i Volda) busette seg i Kjøpmannsgata i Fosnavåg. Peder var ein aktiv mann med mange tillitsverv, og han var ein snikkar. Noko Eystein også etterkvart dreiv med.

Ungane til Berthe og Peder var: Palma (f.1919), Andrea (f.1920), Harald (f.1922), Kåre (f.1925), John-Arne (f.1926), Bjarne (f.1928), Eystein (F.1930), Liv (f.1933) og Sverre (f.1934).

Eystein blei gift med Kjellaug Garnes Wik og busette seg på Garnes.
-" Eystein Botn var fåmelt og beskjeden. Han prøvde aldri å framheve seg sjølv. Han var prinsippfast og stillte alltid opp for å hjelpe andre. I over 20 år var han ei avgjerande drivkraft i oppbygginga og drifta av Bergsøy Idrettslag. . "

(Egil Leikanger)

Tidlig aktiv



Allereie i 1945 finner vi første spora etter Eystein, idet kronerullinga om idrettsbane på Bergsøya kjem igang. Den gang var det N.H Lied som samla inn pengane. I 1949 deltek han også i kronerullinga igjen idet laget samler inn pengar til idrettsbana i Huldalen. Alle som betalte måtte då betale inn til Elias Hansen.

Idet Huldalen kom igang med kampar så var Eystein allereie første året (1952) igang som billettør. 14.september 1952 hadde Bergsøy kamp mot Hessa, og Jens Gjerde, Bjarne Løfoll, Gunnar Roksvåg, Marton Roksvåg og Eystein Botn var billetørar den kampen. I april 1953 er han billettør idet BIL møter Hødd sitt reservelag.

I 1957 byd Sigvald Hoggen ut Harald Botn, Eystein Botn og Sverre Botn til kronerullinga til inntekt for idrettslaget. Det skulle betalast 5 kroner. Når vi kjem fram til 1959 startar Eystein Botn for alvor å bli aktiv i styret, som styremedlem, i banenemnda (med Petter K Pettersen, Harald Arnesen og Jarle Brekke) og som materialforvalter (ilag med Sigmund Paulsen).

Verv i Bergsøy



Eystein Botn var veldig aktiv i Bergsøy. Ein måte å vise dette på er å vise fram ei lita oversikt over kva varn han tok på seg i klubben over ei periode på 18 år.

-" Det er ofte slik at det går betre å gjere det som skal gjerast sjølv, og ikkje kaste vekk tida på å spørje nokon om hjelp. Det har diverre ikkje alltid vore hjelp å få. Vi er stor takk skyldig til dei som gjorde opptaket til skipinga av laget og bygginga av Huldalen, men vi ser lite att av desse folka. Skulle gjerne hatt dei med på årsmøte og gitt oss råd, og vi skulle gjerne hatt dei som medlemmar igjen."

(Eystein Botn, 1968)
1954/55: Med i i utvalget for bane og klubbhus
1958/59: Med i banenemnda.
1959/60: Medlem i styret og banenemnda
1960/61: Formann
1961/62: Nestformann i styret, formann i banenemnda. Oppmann var Peder Worren. Junioroppmann Arthur Frantzen.
1962/63: Formann i styret
1963/64: Formann i styret. Oppmann var Ingvald Stenersen og junioroppmann Harald Arnesen.
1964/65: Formann i styret. Oppmann var Jon Stenersen.
1965/66: Formann i styret.
1966/67: Formann i styret. Oppmann var Egil Leikanger og gutteoppmann Geirfinn Goksøyr.
1967/68: Formann i styret
1968/69: Medlem i styret
1969/70: Nestformann i styret
1970/71: Nestformann fotball
1971/72: Nestformann fotball


1950-tallet



I 1957 vart det avtalt med grunneigar Petter K Pettersen å kjøpe tomta og plassering av klubbhuset, og fleire erfarne bygningsfolk, deriblant Eystein Botn, fekk ansvaret om å kome igang med bygginga. I 1959 var det kome så langt at ein kunne starte med innreiinga (Ref: Bok Johs Wike)


1960-tallet



Da Finn Voldnes takka for seg som formann i styet etter sju år i 1960, så tok nestformannen Eystein Botn over som formann. Styret hadde no hovedansvaret for både lagdrifta og fotballen, mens det blei valgt ei eiga nemnd for handballen.

Utover på 1960 tallet var klubbhuset i Huldalen starta å bli ganske bra med garderober, men slik var det ikkje alle andre plassar. Til ein bortekamp mot Valder i 1960 var det då reiseledar Eystein Botn som tok ansvaret og samla verdisakene til spelarane ned i draktkofferten, og han blei gåande fram og tilbake med denne på sidelinja underveis i kampen. Han tok med andre ord ansvaret sitt seriøst.

I 1965 hadde Vestlandsnytt eit intervju med Eystein Botn der han som formann gikk ut og sa at det hadde vore lite aktivitet i symjebassenget ved Bergsøy Skule. Det har også vore vanskelig for Bergsøy å få på plass vakthold. Symjinga på kveldstid har vore ei inntektskilde for klubben, men på våren må klubben avvikle opplegget ettersom fotballsesongen startar oppatt.

I 1966 drøfta Bergsøy og formannen Eystein om ein kunne legge gras på banedekket i Huldalen. Det skulle nokså mykje mold til for å få dette gjennomført - noko som blir problemastisk å skaffe. Det blei berekna å bli dyrt. Dei fleste klubbar har no grasbane, og Bergsøy er seint ute med dette.
-" Dei som steller med Bergsøy Idettslag er idag all ære verd innsatsen sin. Men dei er så syrgjelig få, og det kan væere mørkt å gå igang med dei prosjekt som er store. . "

(Vestlandsnytt 1966, om å få gras i Huldalen.)


I 1966 lykkast det Bergsøy og Eystein Botn å få tak i Hødd-trenaren Christoffersen til å ta på seg kveldsykter med trening. .Det blei lova tre kveldar, men ein håpar på noko meir regelmessig.
-" Ja vi spelte oss opp til 4.divisjon, og det er berre å vone at det går bra. Mange av dei eldre spelarane våre vert ikkje med av ymse grunnar. Men vi har ei god juniorstamme som vi vil bygge på. Så vi trur nok laget vil bli presentabelt sjølv på 4.divisjonsnivå. . "

(Eystein Botn, mars 1966)


I 1967 blei det loddtrekning på ei Bergsøy Forundringskasse. Vinnar var lodd A-48, Klaus Vike. Kassen kunne henast hos Eivind Rødal. Rett trekning blei asistert av Geir-Finn Goksøyr, Eivind Rødal og Eystein Botn.




1968: Bergsøy Fotballklubb eller Bergsøy Idrettslag



Innlegg i Vestlandsnytt av Eystein Botn:

Utklipp

Fritt ord 1968 av Eystein Botn

Utklipp

Takk til Eystein Botn



I 1968 melde også BErgsøy på lag i dameserien i handball, og Kjell Andersen sto i avisa var ny fotballtrenar. Han var tilsett i Herøy Likningskontor, og innmeldt i Bergsøy. Dei hadde sine første treningar i tidsperioden mars 1968.

Eivind Rødal var oppmann for damelaget i handball, der gymnastikklærarinne Bjørkås var trenar og hadde treningar i salen på Bergsøy Skule.

Fram mot hausten 1968 var Eystein Botn som oftast formann i styret, og Bergsøy hadde denne perioda eit stabilt og godt styre over fleire år. No kunne Eystein sjå tilbake på 8 aktive år i styret. Endel av arbeidet var blant anna med ferdighetsmerket. Dette var noko som skulle få god betydning for teknikkutviklinga til dei unge fotballspelarane i klubben. Eystein Botn fekk god hjelp her av Egil Leikanger som nok sto i spissen for arbeidet med Gull/sølvballen, og også Sverre Botn og enkelte andre på laget hjelpte til.

Som takk for arbeidet overrekte nestformann Aksel Berge ein sølvpokal til Eystein Botn etter si takketale på årsmøtet. Her takka han for alt arbeidet Eystein hadde utført som idrettsleiar og det han hadde gjort for Bergsøy.

Endel av arbeidet for klubben var som oftast også å samle inn pengar for drifta, og Eystein Botn og Rolleiv Moen tok ekstra ansvar med organisering og administrasjon av tiltaket med vaktlister til blant anna tombola hos N.H.Lied. Det var også skytebane på Høgtun.
-" Eystein Botn som no har vore hovedstyrets formann i mange år og lagt ned eit stort arbeid for laget, har sagt at han ikkje tar imot attvalg som formann. Botn har sagt dette også før, men lagets medlemmar har greidd å overtale han. Men nå er det slutt seier Eystein, og det er det forsåvidt ikkje noko å seie på. Han er både ros og verd og takk skuldig for sin innsats for laget. . "

(Vestlandsnytt oktober 1968)



Årsmøtet 1969



Det var Peder Worren som på årsmøtet i 1969 vart karakterisert som den som hadde gjort mest for laget. Han var i mange år formann og aktiv på mange område. Kåre Botn takka Peder i si tale på årsmøtet. Nemnd blei også Eystein Botn som ein av dei som burde takkast. Han hadde fått si gave på årsmøtet året før. Takk for sin innsats fekk også Andreas Lied og Kåre Velsvik som i startåra la ned stort arbeid for klubben. I handballen var det Eivind Rødal og Ellen Bjerkås som fekk takk for sin innsats.
-" Eystein Botn treng og rosande ord. Ingen har vel hatt lenger formannsperiode enn han, og alle som har hatt litt med BIL å gjere veit kva arbeid Eystein Botn har lagt ned. La oss heller ikkje gløyme brørne Kåre og Sverre Botn som fotballspelar og intressert arbeidande medlem. . "

(Eystein Botn, mars 1969)

1970



Det blei straks litt meir krav når ein kom til 3.divisjon i 1970, og ein måtte utvide bana i Huldalen for å ha løyve til å spele i divisjonen. Eystein Botn og Jostein Myklebust fekk ansvaret med å planlegge og sette igang utvidingsarbeidet slik at bana skulle nå målet på 105x64 meter. I mars 1970 var arbeidet utført og bana godkjent, og Bergsøy fekk då være klare til seriestarten mot Molde .
Feiring av start 3.divisjon 1970 før kampen mot Molde


Eystein var nestformann i styet i 1971 med Knut Reite som formann, og i 1973 var det Olav Brathaug, Mathias Pettersen, Rolleiv Moen og Eystein Botn som sto for leiinga av fotballgruppa.
-" Problema har vore mange (i mi tid som formann), men kampen om pengane har vore verst. Det er dyrt å halde et lag. Det skal betalast renter og avdrag på lån. (..) Det er synd at eit idrettslag skal vere så opptekne med å skaffe pengar til drifta at ein kanskje forsømmer si eigentlige oppgave."

(Eystein Botn, 1968)

1971 og vidare.



Joda, Eystein hadde sagt frå seg attvalg som formann i 1968, men han var svært aktiv vidare. I november 1971 var han igjen formann etter at Knut Reite sa frå seg attvalg. Han tok på seg fleire oppgaver. I 1972 ser vi også at han var fotballdommar i kampen mellom Hareid og Bergsøy, ein treningskamp i april. Bergsøy vann 2-1 etter mål av Per Worren og Rune Vike.
-"Det er faktisk fare for at sentralidrettsbana på BErgsøy ikkje skal bli sådd i haust heller. Når dei i andre og mindre bygder enn vår vert innkalla til dugnad så møter eit hundretalls personer. Onsdag møtte tre vaksne personar: Peder P Worren, Eystein Botn og Kåre Botn. Det er ei skam."

(Byggenemnda i innlegg i Vestlandsnytt august 1971)


Utklipp

Fritt Ord av Eystein Botn- desember 1970.

Utklipp

Eystein på tribunen i Huldalen under ein lilleputtkamp.






Takk til Eystein botn



Følgande sto i Vestlandsnytt i augsut 1972, skrevet av Frantz G Frantzen på vegne av Hovedstyret i BIL:

Da den siste seriekampen i 3.divisjon gjekk av stabelen på grusbana i Huldalen søndag 2.juli, vart ein ting gløymt av visse grunnar. Eystein Botn skulle overrekkast ein vakker bukett roser som takk for så mangt i samband med sin innsats i Bergsøy Idrettslag, men i dette særskilde høvet takk for hans innsats som banemeister for anlegget, vaktmeister og reperatør for klubbhuset og alt i alt mannen som i mange år har sytt for at laget har hatt eit ypperlig grusbaneanlegg og eit presentabelt klubbhus.

-" Vi veit at Eystein ikkje vil ha takk og slett ikkje blomster. Likevel - slik oppofrande innsats for idrettssaka frå ein einskild mann må honorerast."

(Innlegget 1972)
Formann i fotballstyret, ofte oppmann og lagleidar for juniorlag og gutelag, reiseledar og tilogmed dommar på kampar. Takk for innsatsen Eystein, og vi vonar at vi ennå i mange år får nyte godt av din innsats og di interesse for idrettslivet på Bergsøya.

Når det gjeld idrettsanlegget i Huldalen skal det slett ikkje leggast aude, men brukast flittig også i framtida, ikkje minst av den yngre garde, og vi vnoar at du framleis vil ha eit auge md det. Vi veit at vi har alle idrettsintresserte på Bergsøy med oss, dei aktive, store og små når vi ved denne milepælen i BIL si soge takkar og heidrar Eystein Botn for hans innsats.

- For Hovedstyret i BIL
Frantz G Frantzsen.


Eystein Botn



Eystein botn var fødd 11.04.1930. Han døde 12.oktober 2007 i an alder av 77 år. Gravferden var i Ulstein kyrkje.
(Bildet: Kjellaug Wik og Eystein Botn ved eit stabbur ved Garneskrysset. Bilde frå 1999, og Eystein hadde her brukt nokre månadar på å skifte kledning på stabburet som var omtrent 120 år gammalt.)


Egil Leikanger skreiv følgande i Vestlandsnytt:

Eystein Botn var fåmelt og beskjeden. Han prøvde aldri å framheve seg sjølv. Han var prinsippfast og stilte alltid opp for å hjelpe andre. Med sitt behagelige vesen fekk han lett tillit og respekt hos andre.

I over 20 år var Eystein ei avgjerande drivkraft i oppbygginga og drifta av Bergsøy Idrettslag.

Skulle laget spele handball eller fotballkampar måtte ein ha bane. Ungdomen Eystein var ivrig med i grøftinga og utbygginga av Huldalsbana. Det meste måtte gjerast for hand. Seinare, når bana ved fleire høve vart utvida hadde maskinene kome til, men Eystein var anleggsleiar.

Organiserte handball og fotballkampar sette nye krav til laget. På vel 15 år fekk Bergsøy Idrettslag ein stadig bedre og større organisasjon tilpassa aukande aktivitet. Eystein var med heile tida. Oftast som formann, men alltid som den avgjerande drivkrafta. Dei første garderobene blei bygde. Eystein var byggeleiar og sto for mykje av bygginga og alt vedlikehaldet.

Eystein tok del i alle aktivitetane i laget. Han såg til at handball og fotballbana var oppmerka til kamp, at garderobene var rydda før og etter kamp, at vassdammane var drenerte bort før både kamp og trening, og ofte gjorde han også arbeidet. Han stilte opp som linjemann og var med på laguttak. Han var ofte reiseledar for alle lag og alltid når nokon melde forfall sto han klar til å ta over. Ja, når B-laget ved fleire høve måtte reise til ein bortekamp med 10 mann stillte Eystein opp som ein hardtspelande back.

Med aukande aktivitet og bygging kunne økonomien bli ein hemsko. Eystein tok ansvar. Det var halde tivoli o.l i den nedlagde Lied-forretninga og på Høgtun. Eystein var initiativtakar og alltid med. Hødd starta med bingo. Eystein reiste opp til Ulsteinvik for å lære og vi fekk i rådhuskjellaren Herøys første bingoarrangement. I fleire år var Eystein alltid med å ordne og rydde lokalet og hjelpe til elles. Dansane på Bergshall var ei anna fast inntektskilde. Eystein var med som vakt.

Det var ikkje dei sportslige resultata som var den største drivkrafta for Eystein si enorme innsats. Han var overtydd om at idretten på positivt vis ville påverke barn og unge. Han ivra for å få dei unge med. Alt i 1950-åra fakk han organisert ei barne og ungdomsgruppe som hadde innetreningar på Høgtun. Nokre barn starta med friidrett. Eystein fekk dei knytt til laget. Det gjekk ikkje lenge før Bergsøy Idrettslag under Eystein si leiing stilte lag i alle dei aldersbestemte klassene i fotball. Eystein tok også ansvar med å reorganisere handballgruppa, og det gledde Eystein mykje at også handballgruppa fekk mange lag for dei yngre.

Idrettslaget var ikkje Eystein sitt einaste livsverk. Han tok over arven etter faren og vart ein svært dyktig og anerkjend snikkar. Han var arbeidssom og sette alltid kvalitet i høgsetet.

FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt