Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Stjerne-Profil
Johs Nørvåg

Profil:



Bergsøy IdrettslagJohs Nørvåg

Kampar
156
Mål
0
Gule kort


JN




Skills-barometer

Keeper:



Spenst:


Volleyballspelar:


Bergsøylegende:


Fakta
Info Fakta
Debut 05.10.1969 -
Sunndal - Bergsøy 0-1
Alder ved debut 17 år, 7 månader, 25 dager
Antall kampar 156
Antall mål 0
Første mål -
Kort-statistikk
Sist spelte kamp 1989
Tid fra første til siste kamp Ca 20 år
Annen Fakta



Profil: Johannes (Johs) Nørvåg



10.02.1952 - 07.01.2023

Keeperen med flest A-kampar for Bergsøy med 156 kampar i perioden 1969 til 1989. Kåra til 3.divisjon sin beste keeper fleire gongar, og blir av mange rekna for å være Bergsøy sin beste keeper gjennom tidene.



Statistikken
År Kampar Klubb
1969 3 Bergsøy
1970 13 Bergsøy
1971 13+ Bergsøy
1974 20 Bergsøy
1975 19 Bergsøy
1976 21 Bergsøy
1977 14 Bergsøy
1978 - Gursken
1980 20 Bergsøy
1981 21 Bergsøy
1982 1 Bergsøy
1983-1986 - Gursken
1988 1 Bergsøy
1989 5 Bergsøy
Totalt 156 kampar



Fotballkarriæren - Tidlig epoke


I 1965 var Johannes Nørvåg med å vinne Guttecuppen, ein cup med 59 kampar som alle blei dømt av dommerlegende Borchen. I finalen møtte Bergsøy Ørstingen, der Bergsøy vann 4-3 etter straffesparkkonkurranse. Forruten Nørvåg i mål var lagets spelarar Sigurd Teige, Rolf Harsvik, Per Aksel Myklebust, Jon Tellefsen, Agnar Vike, Reidar leine, Jack Pettersen, Fred Frantzen, Ronald Karlsen, Jon Pettersen og Roger Nærø.

-"Eg hadde ikkje noko forbilde når eg starta. Hadde ikkje nåke forhold til fotball i det heile tatt. Eg sto i mål når vi ungane spelte, og det var dei minste og svakaste som sto imål. Så var det vel rundt 1969, kjøpte fotballblad og fekk nokre favorittar etterkvart i United. Alex Stepney og også sjølvsagt Lev Jasjin i VM. I Norge har det våre Lillestrøm. "

(Johs Nørvåg)
Bildet: Bergsøy Gutteklubb 1965. Reidar Leine, Jack Pettersen, Fred Frantzen, Ronald Karlsen, Johannes Pettersen, Roger Nærø. Framme ser vi Per-Alsel Myklebust, Sigurd Teige, John Tellefsen, Johs Nørvåg, Rolf Harsvik og Agnar Vike



-"Eg var alltid keeper, heilt ifrå starten. Aldri spelt nåke anna. Det var kanskje han Jack som var vel den fyrste som gjorde at eg blei med og sparka fotball. Oppå Heid. Laget hass Jack mot Flusund/Berge/Hjelmeseth. Det var fyrste gongen eg spelte utenom nedi våjen. Det var mer som skulelag/klasselag. "

(Johs Nørvåg)



1969: Debut som 17 åring



Johs sat på benken heile sesongen på A-laget i 1969, mens han spelte endel B-kampar. Han blei blant anna banens beste i ein 6-0 siger mot Åheim for Bergsøy B i juli 1969. På A-laget var Jan Karsten Myrhol førstekeeper gjennom heile serien idet laget endte på 1.plass i 4.divisjon foran Rollon. Bergsøy feira dermed 25års jubileum ved å vinne serien, noko som skjedde da laget vann 4-3 på bortebane mot Valder etter mål av Asbjørn Myklebust, Sveinung Frøystad og Oskar Waage.

Bergsøy måtte ut i kvalifisering til opprykk, og skulle møte Sunndal og Bryn. Spenninga var stor da Bergsøy var klar til kampen mot Sunndal, og Jan Karsten i målet hadde holdt nullen fram til han blei skada i eit sammenstøt. Det var duka for debut for 17 åringen Johannes Nørvåg, og han starta litt famlande og usikkert. Etterkvart fekk han derimot den viktige roa, og laget kunne gå til pause med 0-0 tiltross for at Sunndal heilt klart var det førande laget.

-" Han Li-Karl huskar nok alle. Og han Peder worren var jo der så lenge eg spelte fotball om det var i Huldalen eller Stadion. Det går ikkje ann å verte mer engasjert enn det han var. Og så var det Reitekarane, han Pelle, det var engasjerte supporterar. Så var det en vi kalla Kåre-Bakar. Han var bakar med han Røren. Han var skikkelig patriot."

(Johs Nørvåg om supporterar)
Kort tid etter pause var Sunndal nærme, men ballen gikk i fanget på ein liggande Johs Nørvåg. Heimelaget hadde uflaks, mens sjølvtilliten til Nørvåg må ha blitt bedre for kvart minutt. Så skjedde det mot kampbildet at Bergsøy tok ledelsen ved kapteinen Kjartan Fagerlund til stor jubel, og Bergsøy spelte ei stund god fotball. Mot slutten av kampen blei det eit stormløp mot Bergsøymålet idet Sunndal starta sluttspurten. Bergsøyforsvaret var fleire gangar på gyngande grunn, men ballen ville ikkje inn i mål. En god og heldig keeper avverget alle forsøk. En gang passerte ballen han, men stoppet i en vannpytt like foran målstreken. Eldar Eilertsen og Knut Igesund skal også ha mykje av æra for resultatet.

Bilde

Jubel etter 1-0 mot Sunndal

Bilde

Jubel etter 1-0 mot Sunndal

Bilde

Kampen mot Sunndal

Bilde

Kampen mot Sunndal




-"Bergsøy kommer til å stille uendret i kvalifiseringskampen mot Bryn, altså at 17 åringen Nørvåg fortsetter mellom stengrene. Lagets ordinære keeper Myrhol ble såpass skadd i Sunndal at man ikke tar sjansen på å bruke han, - og dessuten spilte unge Nørvåg glimrende da han kom inn. "

(Vestlandsnytt.)



Førstekeeper fra 1970



Etter opprykket til 3.divisjon kom forsterkningane Jack Pettersen og Knut Teige fra Hødd, i tillegg til at Høddkeeper Bjørn Prytz no skulle bli spelande trenar. Men Prytz hadde varsla at han ville gi ungdommen i klubben sjansen, og slik skulle det også gå. Bjørn Prytz sto i mål dei to første kampane mot Molde og Clausenenga, men fra den tredje kampen mot Ørsta var det Johs Nørvåg som vokta buret.


-"Bjørn Prytz spelte Moldekampen, og mot Clausenenga. Etter det trur eg at eg sto imål. Både Jan Karsten og eg såg nok for oss at det var Bjørn Prytz som skulle spele, sida han kom frå Hødd og var trenar. (...) Eg hadde nok lengste strådet omtrent heile tida (etter Bjørn gav seg)."

(Johs Nørvåg)


Bilde

Johannes Nørvåg og Bergsøy i kampen mot Ørsta i 1970. Nørvåg sin første kamp som keeper i 3.divisjon.

Bilde

Bjørn Prytz legg opp som keeper

Bilde

1970, kamp mot Herd

Bilde



Det blei ein rolig start borte mot Ørsta, der Johs ikkje blei testa ein einaste gong i 1.omgang. Bergsøy dominerte og vann 1-0. Neste kamp borte mot SIF vann Bergsøy 2-1, i ein kamp der "Bergsøy-vippen" blei introdusert. På eit frispark vippa Kjartan Fagerlund ballen opp til Jack Pettersen som fyrte ballen over muren og inn til 1-0. Seinare blei dette trekket brukt i Start, og døpt til "Start-vippen".

Bildet: Johannes Nørvåg slenger seg og redder et skudd i kampen mot Langevåg )


I den påfølgande kampen gikk Bergsøy på eit 1-2 tap heime mot Langevåg, som var Bergsøy sitt første heimetap på beimebane på 1 år og 9 månadar (658 dagar). Tapet var fortjent med 750 tillskuarar til vitner i Huldalen, og kun godt spel av Johs Nørvåg hindra at det blei fleire baklengsmål. Oskar Waage fekk også blomster for 100 kampar denne dagen.


-"Hos Bergsøy var det Johs Nørvåg som var den beste hos Bergsøy, og vi kan godt forstå at han nå blir fast keeper på juniorkretslaget. "

(Avis 1970)
Bildet: 1970 (juni), Kretslaget. Bak fra venstre Svein Hide (hødd), Helge Skuseth (SIF), Johs Nørvåg (Bergsøy), Ottar Berlid (ÅFK), Lars Espenakk (Rollon), Jan Ola Ringstad (ÅFK), Kjartan Alnes (Mauseidvåg), Arild Andersen (Langevåg), Gunnar Farstad (rollon), Åge hareide (Hødd). Framme: Gisle Vike (Bergsøy), Svein Slinning(Aksla), Torbjørn Eidskrem (Rollon), Svein Inge Urke (Hødd), Kjell Bakke (ÅFK).


Mai 1970 var Johs Nørvåg og Gisle Vike på samling i Langevåg for uttaking av juniorkretslag, og begge gjorde det bra. I sesongen 1971 er Johs fortsatt fast keeper på Bergsøy sitt A-lag og står mange gode kampar. Mot Verdal i en 2-1 siger var han klart banens beste spiller bak forsvarsspelarane Eldar Eilertsen og Odd Berge. 16 år gamle Rune Vike var også et stort lyspunkt den kampen.

I august 1971 blei Johs skada i en kamp mot Clausenenga, og måtte bli erstatta av Harald Thorseth i mål.


1972-1973: Millitæret og fravær frå Bergsøy



Den lovande keeperen til Bergsøy som sist år vokta buret til juniorkretslaget skulle no gå inn i milliætret. Jan Karsten Myrhol og Harald Thorseth blei no å kjempe om keeperplassen på laget. Men det tek lengre tid før Johs er tilbake i Bergsøy, og det er ikkje før oppkjøringa til 1974 sesongen at han er på plass igjen. Førstekeeper Jan Kasrten Myrhol valgte no å ta eit friår, og det var duka for at Nørvåg og junioren Martin Pettersen skulle kjempe om keeperplassen.

-"Ja ej for i militæret i 1972. Det var då grasbana blei åpna. Eg meinar eg var reserve i fyrste kampen då, for då var eg heime. Å gå frå grus til gras var et himmelrike. Å sleppe å være søndeslegen heile tida, såre og polstra på trening og kamp. Spelestil var det samme om det var grus eller gras. Det var harde grus avogtil. Hadde knebeskyttarar, men det var berre tynne greier. Men vi fekk nokre bukser med innlegg på sidene som dempa nåke, men.. nei- det var for dei tøffaste å stå imål. "

(Johs Nørvåg)
Bildet: Johannes Nørvåg og Martin Pettersen i 1974. Fotograf Harald Thorseth.


I 1973 spelte også Johs Nørvåg handballkampar for Bergsøy sitt handballag. I den første kampen for sesongen mot Volda i Ørstahallen tapte Bergsøy 26-10. Johs scora 2 mål den kampen.

-"Eg spelte ilag med Ottar Frøystad, Haldor Frøystad. Martin Slåttelid meinar eg sto imål. Spelte kampar i Ørstahallen, og treningane var i gymnastikksal og tildels også ute. Men eg var ikkje mykje med, det var sporadisk. Trur Fred også spelte litt. "

(Johs Nørvåg)


1974: Årets keeper i 3.divisjon



Comebacket i Bergsøy blei ein suksess for Nørvåg som blei årets keeper i divisjonen denne sesongen. Mange kamper i løpet av 1974-sesongen får Johs Nørvåg skryt for godt keeperarbeid. Mot Herd var det ypperlig keeperspel, mot KFK var han best, og mot Sykkylven gjorde han den eine praktredninga etter den andre. Ved ett tilfelle plukket han et skudd fra Soursa heilt oppe i vinkelen.

-"Nørvåg var sitt lags klart beste spiller og reddet nok Bergsøy fra et større nederlag. "

(Sunnmøre Arbeideravis, 19.08.1974. Sykkylven 1-0 over Bergsøy.)


Bilde

Årets keeper 1974

Bilde

Årets keeper 1974

Bilde

Årets keeper 1974

Bilde

Keeper Nørvåg hadde mange gode redninger, men her scårer Langevåg og tar alle poeng

Bilde

Bjørn Prytz bak Kjartan fagerlund, Johs Nørvåg og Fred Frantzen




-" Han Knut Igesund og han Moen var jo mykje foran meg. Så var eg så heldige å få oppleve også dei som kom etterpå. Bård Ottesen var en kjempespelar. Og Gullik Kjelstadli. Der var monge gode som spelte i forsvaret. Det var en trivelig gjeng å være ilag med. Kameratskapet var veldig samensveisa, og det var nok fellesskapet som gjorde at vi blei så bra som vi blei. "

(Johs Nørvåg)



1975-1977: På Årets lag igjen.



I april 1975 hadde Johs noko meniskproblemer, men spelte likevel i Måløycupen. Og han fortsatte å imponere utover i sesongen. Faktisk såpass at han forsvarte plassen sin på årets lag i 3.divisjon i Sunnmørsposten. Han delte plassen med Harald Skog (Skarbøvik) med like mange poeng. Spillerne på Årets lag i 3.divisjon 1975 møtte eit kombinasjonslag frå 2.divisjon (Hødd/Ålesund) til kamp.

I ein kamp heime mot Langevåg (0-0) gjennoførte Bergsøy for første gang ei kåring av dagens beste Bergsøyspelar, og det var Johs Nørvåg som stakk av med bestemannsprisen.

Bilde

På Årets lag 1975

Bilde

1975 (april) keeperar, Johs Nørvåg og Jan Karsten Myrhol

Bilde

Bilde

1975 første BILS beste kåring

Bilde

1975 (mai) Mot Sykkylven

Bilde

1975 (september) Knut Igesund og Johs Nørvåg

Bilde

1975 (september) Eldar Zahl, Johs Nørvåg og Bjørn Myklebust

Bilde

1977 (juni) Fingerbrudd for Johs. Foto: Harald Thorseth

Bilde

1976 august, Johs Nørvåg snapper ballen foran hodet til Rune Solvåg (Skarbøvik)




-" Eg var en stille og rolig keeper. Holdt meg i bakgrunnen, og førte ikkje ordet. Dirigerte under kamp, men kor fornuftig det var veit ikkje eg. Men eg var ikkje redd, eg trekte meg ikkje i duellar. Det gikk nokre ribbebein og kragebein. Halvparten av fingrane mine trur eg nok har vore brotne og gipsa. Litt blåveisar avogtil. Eg måtte sminke vekk ein blåveis også idet eg gifta meg. "

(Johs Nørvåg)
I desse åra spelar Johs også Volleyball for Bergsøy VK (Volleyball klubb). Johs var ein god smashar.
Bak frå venstre Karl Bjarte Vike, Knut Berge, Johs Nørvåg, trenar Alf Bjerkvik. Framme Jan Olav Sandnes, Per Botn og Johan Moltu.

I juni 1977 blir det fingerbrudd på Johs i en kamp mot Ørsta, og John Johannessen tok over. Det var venta at Johs ikkje ville være tilbake før haustsesongen. I 1977 kjem Bergsøy på 2.plass i 3.divisjon for tredje år på rad. Bergsøy avslutta sesongen ved å vinne 4-1 mot Ørsta, og Johs Nørvåg var sitt lags beste spelar.


1978: Gursken



I januar 1978 blir det bekrefta at Johs Nørvåg tek seg eit kvileår ifrå 3.divisjon for å spele for 7.divisjonslaget Gursken. "Johs er berre 26 år, og det er å vone at han satsar sterkare seinare", sto det i avisa. Gursken fekk seg dermed ei god forsterkning i kampen om opprykk. Harald Barstad var trenar for Gursken. Johs var ikkje den einaste som la Bergsøyskorna på hylla, det samme gjorde Rune Vike, Paul Kurt Nerland, Sveinung Frøystad og Jack Pettersen til denne sesongen. Ny forsterkning for Bergsøy var oppmann Olaf Brathaug.


-" Det smerteligste tapet var nok av keeperen vår Johs Nørvåg som har trappet ned til 6.divisjon.."

(Ny Bergsøy-oppmann Olaf Brathaug.)



1980: Comeback og opprykk



I november 1979 meldes det at Johs Nørvåg er tilbake i Bergsøy til 1980-sesongen etter 2 sesonger hos Gursken.

Bilde

Bjørn Myklebust og Johs Nørvåg blir viktige spelarar for Bergsøy i 1980-sesongen. Myklebust overraska stort som markeringsstopper i sin første sesong, og Nørvåg har vore god etter at han kom tilbake til gamleklubben

Bilde

1980, Johs Nørvåg spelte en ny stor kamp og rydda opp i fleire situasjonar. På bildet snappar han ballen foran Svein Slinning og Jan Aasen.

Bilde

1980, Johs Nørvåg spelar også volleyball og er her oppe i ein smash.



Bergsøy hadde ein stall av lokale spelarar, og avisene hadde ikkje Bergsøy som ein av favorittane før serien starta, men med knallsterk bortesiger mot Ørsta i første runde så fekk laget eit godt utgangspunkt til å flyte vidare mot gode resultat. Fred Frantzen mottok i den neste kampen (3-3 mot SIF) blomster for 200 spelte kampar for laget, og laget nekta også å tape borte mot Stjørdals/blink i ein vanskelig bortekamp i tredje runde.

-"Hjemmelaget tok raskt initiativet (..). Bergsøys forsvar var tidlig på gyngende grunn, og det gjorde ikkje selvtilliten bedre at keeper Johannes Nørvåg var slipphendt på høye baller og i tillegg presterte livsfarlige utspill. Men Bergsøy slapp med skrekken."

(Sunnmøre Arbeideravis, 12.05.1980. Bergsøy spelte 0-0 mot Stjørdals/Blink.)
Laget opplevde tap mot Henning og Ålesund, men dei siste 13 kampane endte i 11 sigerar, 1 uavgjort og 1 tap for å sikre seg eit historisk opprykk.

-"Vi skulle spele longt. Ballen skulle gå fort fram til han Fred Frantzen og Knut Teige da, der var enkelte vi skulle treffe. Elles prøvde vi å få ballen ofte ut på sidene. Vi spelte kort også, men ikkje som dei gjere idag. Det var en enklare fotball. Når du står i fleire år der bake så ser en etterkvart kva trekk som nærmar seg mål. "

(Johs Nørvåg)
Johs Nørvåg er nærme på å redde straffespark fra Ørstas Stein Aam, april 1980


-"Like etter hadde Neset en god sjanse til å utlikne, men igjen var Bergsøy sin målvakt Johs Nørvåg bortelagets redningsmann. Evnen til å avgjøre slike kamper er nok det som kjennetegner eit topplag."

(Fra kampen Neset - Bergsøy 1-2.)
Det blei opprykk i 1980

I ein kamp mot Sverre spelte Johs i ein og ein halv omgang med brukket pekefinger. Ballen traff forkjært midt på høgre pekefinger i 1.omgang, men Johs fullførte kampen i stor stil. Ein sterk prestasjon av den rutinerte keeperen.

Etter at det blei klart at Bergsøy klarte opprykk var det ei stund spekulasjon om Johs Nørvåg kom til å fortsette, eller om han skulle bli spelande trenar for Gursken. Kjell Sævik kunne kome med den gledelige medlinga at Nørvåg hadde bestemt seg for å fortsette ein sesong til.

-" Johs Nørvåg er årets spelar fordi han er onkelen min og på toppen kjempegod i mål (Børge Berstad).
Han er fylkets beste keeper!. (Solfrid Prytz)
Fordi han er kjempegod og treneren min (Fred Prytz).
Fordi han er heilt fantastisk (Geir Jostein Stenersen)
Fordi han er god (Knut Vegard Prytz)


(Fleire som meinar han er beste keeperen i 3.divisjon i 1980.)



1981: Beste Bergsøyspelar på børsen



Bergsøy var oppe på det nest øverste nivået i norsk divisjonssystem i 1981. Formann var Kjell Sævik, oppmann Per Botn, og trenere Asbjørn Myklebust og Bjørn Prytz. Den faste keeperen på laget var Johannes Nørvåg.

Bilde

Johs ilag med landslagskeeper Abrahamsen. Bilde av Per Moltu

Bilde

Johs reddar eit forsøk fra Molde, Per Arne Aase er frampå.




-"Det var mykje folk mot Bodø/Glimt. Han Abrahamsen hos Glimt var jo landslagskeeper. Sogndal var et godt lag, og vi spelte 0-0 heime mot dei. Molde slo vi, og det var siste kampen til Åge Hareide før han reiste til England. Vi hadde nok ikkje alle marginane, men vi endte nok på den plassen vi fortjente. "

(Johs Nørvåg)
Avisa "Nordlys" hadde spelarbørs for kvar kamp dette året, og Johs blei ikkje berre beste Bergsøyspelar på børsen - men han kom også så høgt opp som nummer 5 på lista over alle spelarane i divisjonen. Samme poengsum som Trond Sollid fra Mo IL.


-"Situasjonene oppsto som perler på en snor foran Johs Nørvåg i Bergsøyburet. Og nettopp Nørvåg var sitt lags og kanskje banens beste speiller med våkent og sikkert spill. Han har nok hovedæren, samtidig med ineffektive Mo-spillere, for at sunnmøringenes nederlag ble såpass begrenset. "

(Nordlys, 5.10.1981.)

Bilde

Topp 5 i 1.divisjon

Bilde

Alle laga spelarbørs 1981

Bilde

Best mot Mo




-"Bergsøys beste var nok eingang målvakten Johannes Nørvåg som spilte en meget god kamp. Ellers merket en seg godt spill av lagkaptein Knut Igesund. "

(Bergens tidene, mandag 6.juli 1981. Bergsøy tapte 1-0 borte mot Sunndal.)
Det blei som kjent nok å gjere for mannen mellom målstengrene sesongen 1981 - ettersom Bergsøy endte nederst på tabellen med 5 sigerar, 4 uavgjort og 13 tap på sine 22 kampar. Bergsøy presterte målforskjellen 22-39. Det blei også nedrykk på Tromsø og Nessegutten, mens Sogndal blei det beste laget på tabellen foran Molde.


1982-1989: Siste periode på A-laget



Johs gir seg i Bergsøy etter 1982 sesongen, og han startar å spele for Gursken. I 1988 melde Kurt Ove Longva overgang frå Gursken til Bergsøy - i alder av 17 år hadde han spelt bra for Gursken i ein sesong. I Bergsøy var no Johs Nørvåg keepertrenar.

-"I 1982 slutta eg, då starta eg å jobbe i nordsjøen. Var litt tidvis i Gursken. Idet Trond og Gudmund Hopen var trenara (1988) så trente eg litt keeper også, og så spelte eg også litt avogtil. "

(Johs Nørvåg)
Det blei 1 kamp i 1988 og 5 kampar i 1989 for Johs. I 1989 spelte Johs cupkampen mot Molde, der Petter Belsvik scora 4 mål og Jostein Flo scora 3. Det blei tilslutt 11-0 til Molde over Bergsøy.

Bilde

Johs Nørvåg prøvar å hindre mål mot Molde i 1989, men det blei mange baklengs denne kampen.

Bilde

Johs Nørvåg spelar godt i kampen etter Molde-kampen




-"Ja då også (mot Molde) hadde eg gjesteopptreden. Eg brukte å kome heim på tirsdaga og på onsdag var det cupkamp oppe i Molde. Jostein Flo spelte den tida, og vi kolliderte. Vi fekk like låkt begge to. (Resultatet) var en grusom opplevelse. Molde hadde et godt lag den tida. "

(Johs Nørvåg)



1990 og vidare



I april 1990 hadde Johs Nørvåg si første økt som keepertrenar på Hødd sitt A-lag, og Hødd ønskte å gjere dette til fast ordning.
Bildet: Johs Nørvåg gjennom mange år i Bergsøy


Vidare ut på 1990 tallet er Johs med som trenar også med 1981-gjengen der også sonen Øystein Nørvåg var keeper. I 1994 var det Perry Nilsen, Jørn Magnussen, Johs Nørvåg, Jan Harald Nerland og Kjartan Fagerlund som var trenarar.

I 1995 var Johs ansvarlig for keepertreningane på A-laget til Bergsøy, og i 1996 vann 1981 gjengen Hydro Cup B-sluttspelet med Johs med i trenarteamet ilag med Perry Nilsen og Jørn Magnussen.

I 2015 tek Jan Åge Fjørtoft ut eit legendelag, der Johs Nørvåg står i mål. Andre spelarar på laget var Kåre Fjørtoft, Frantz Beckenbauer, Rune Bratseth, Juninho, Mario Kempes.
Bildet: Johs Nørvåg var med og hjalp til med 1981-gjengen. Her er også nokre frå 1980-kullet.



-"Elles var det ditta sosiale, med Måløycupar før sesongstart. Det skjedde det mykje artig. Fotball var en fin hobby å ha.

(Johs Nørvåg)




FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt