Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Stjerne-Profil
Jon Ertesvåg

Profil:



Bergsøy IdrettslagJon Ertesvåg

Kampar
66
Mål
3
Gule kort


JE




Skills-barometer

Forsvarer:



Duellspel:


Stjernefaktor:


Målscorer:


Fakta
Info Fakta
Debut 03.08.1952 -
Bergsøy - Heid 5-4
Alder ved debut 24
Antall kampar 66
Antall mål 3
Første mål 17.08.1952 -
Vartdal - Bergsøy 1-3
Kort-statistikk
Sist spelte kamp 1961
Tid fra første til siste kamp 9 år
Annen Fakta



Profil: Jon Ertesvåg



Den stødige senterhalfen

HHan blei speleklar for Bergsøy fra 02.08.1952, dagen før Bergsøy hadde sin første seriekamp gjennom tidene. Han kom frå Hødd og gjekk sjølvsagt rett inn på laget. Allereie frå den første kampen markerte han seg og blei nevnt som den dominerande spelaren. Han var høg, og las også spelet veldig godt.



Jon Ertesvåg



Kåre Botn har sagt dette var den første spelaren som laga fotballfeber i Fosnavåg. Kjartan Fagerlund sa at det var noko heilt unikt å få trene ilag med denne spelaren. Og Petter K Pettersen (PIT) sa dette var den beste spelaren gjennom tidene i Bergsøy.

Vi snakkar om Jon Ertesvåg (14.03.1928 - 25.11.2011)

Den stødige senterhalfen

Han blei speleklar for Bergsøy fra 02.08.1952, dagen før Bergsøy hadde sin første seriekamp gjennom tidene. Han kom frå Hødd og gjekk sjølvsagt rett inn på laget. Allereie frå den første kampen markerte han seg og blei nevnt som den dominerande spelaren. Han var høg, og las også spelet veldig godt.

For Ertesvåg var ein god fotballspelar. Året tidligare, I juni 1951, spelte Hødd mot Ålesund, og Ertesvåg var uten tvil banens bestemann.

På 1950-tallet skreiv avisene sjelden om spelarane, men Ertesvåg blir ofte nemnd likevel. Det er et godt tegn på en god spelar.

Han scårar mål i den første bortesigeren til Bergsøy gjennom tidene. Dette var et straffespark idet Bergsøy vann 3-1 borte mot Vartdal. Han scora egentlig eitt til, men det blei annulert for offside.

- «Jon Ertsvåg var som vanlig banens beste»skreiv PIT fleire gangar.

Snart kjem han med på kretslaget, og han utmerkar seg som best der også i enkelte kampar.

I 1954 vann Sunnmøre 5-1 mot Lillestrøm, og overskrifta var «John Ertesvåg banens beste mann»

Etter kampen samlast dei to lags spelarar til møte, og de er sagt at han blei bedt om å reise seg opp slik at dei fekk sjå og studere han en gong til. Han hadde gjort et solidt inntrykk.

- «Eg meinar han var den beste spelaren på Sunnmøre, og han hadde vi her ute», sa Kjartan Fagerlund.

I 1957 spelar Bergsøy vennskapskamp mot Hødd, og Jon var igjen uten tvil den beste på Bergsøy, slik han hadde vore fleire gongar før.

Jon trenar godt foran 1963 sesongen og blir då klar igjen for Hødd. Han blir viktig og god i Hødd nokre sesongar vidare. 1963 er også sesongen som blir omtala som starten på Hødd si storperiode som klubb idet laget vinn 3.divisjon. Den største profilen var Kjetil Hasund. Jon var ikkje berre lagkamerat med Kjetil Hasund, men dei arbeidde også ilag i mange år som bankansatte.

Knut Ertesvåg, son til Jon Ertesvåg, veks opp og blir også ein god fotballspelar på Hødd. I barndommen vaks han opp i Fosnavåg og hadde sine Bergsøyheltar i Huldalen. Han hadde eit av sine største forbilder i Knut Teige.

I 1977 seier pit:

Beste bergsøyspelar gjennom tidene er Jon Ertesvåg, berre så det er sagt..

Bildet: Jon Ertesvåg midterst bak mellom Peter Sperre og Peder Worren. Foran har vi Leif Pettersen med ballen og Edmund Notøy. Oddvar Myklebust; «Kva var det dei kalla oss? Meg og han Edmund Notøy. Var det superbackane? Han var også en god spelar»



FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt